Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen om forslag fra stortingsrepresentantene Sigurd Manneråk, Jon Lilletun og Lars Sponheim om å oppnevne et utvalg med mandat til å vurdere forskningens åpenhet, frihet og uavhengighet.

Innhold

       Dokumentet inneheld dette forslaget:

       « Stortinget ber Regjeringen oppnevne et utvalg som skal vurdere norsk forskningsvirksomhet og organisering ut fra begreper som åpenhet, frihet og uavhengighet.

       Til grunn for vurderingen legges:

1. Den virksomhet som har skjedd gjennom Norsk forskningsråd i inneværende stortingsperiode.
2. De forskningsoppdrag som er gitt fra de forskjellige departementer i inneværende stortingsperiode.
3. Vurderingen legges fram for Stortinget.»

       Forslagsstillarane peikar på at alt større delar av forskinga finn stad etter oppdrag. Samstundes tek samfunnet alt fleire avgjerder på grunnlag av forskingsresultat. Det er trong for debatt om forskinga sin fridom og uavhengnad. I Danmark har ein gjort breie utgreiingar om dette, som mellom anna har ført til endra lovgjeving. Slik debatt trengst òg i Noreg.

       Komiteen viser til at forskinga sin fridom og uavhengnad har lange tradisjonar, og at forskingsfridom er ei av berebjelkene i eit demokrati. Når alt meir penger kjem til forskningsinstitusjonane gjennom oppdrag, reiser dette viktige prinsipielle etiske spørsmål om forskinga sin fridom og institusjonane si uavhengigheit.

       Komiteen er samd med forslagsstillarane i at det bør vera stor grad av openheit om forskinga i vårt samfunn, m.a. om kven som utfører oppdraga, kva prosessar som fører fram til avgjerd, og kva sambandsliner det er mellom oppdragsgjevar og utøvar av forskinga. Komiteen deler forslagsstillarane sin otte for overtramp, men meiner at denne otten bør omfatta meir enn tilhøvet mellom offentleg oppdragsgjevar og forskingsinstitusjon. Det kan, etter komiteen si vurdering, dreie seg om fylgjande problemområde:

1. Tilfelle der oppdragsgjevar, medvite eller ikkje medvite, pressar forskingsinstitusjonen til å leggja fram bestemte resultat gjennom eigarskap, oppgåveformulering eller på annan måte, eller held tilbake forskingsresultat som oppdragsgjevar ikkje liker.
2. Tilfelle der forskararane av økonomiske og/eller personlege omsyn let seg påvirka til å presentera forskingsresultata på ein tendensiøs måte.
3. Tilfelle der forskarane på eige initiativ tolkar data feil for å få fram resultat som er tilpassa eigne og/eller oppdragsgjevar sine haldningar.

       Komiteen ser det som svært viktig at etiske spørsmål som dette vert vurderte løpande i forskingsinstitusjonane, i forskingspolitiske miljø, hjå brukarar og i institusjonane som utdannar forskarar. Komiteen syner til Innst.S.nr.228 (1988-1989), jf. St.meld. nr. 28 (1988-1989), der det vart oppretta 3 forskingsetiske komitear. Komiteen syner til at ein av desse, Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), i sine forskingsetiske retningsliner for samfunnsvitskap, jus og humaniora tek opp desse spørsmåla eksplisitt.

       Komiteen ser på forslaget i Dok.nr.8:58 (1996-1997) som interessant, men vil foreslå at dei etiske problemstillingane vert utvida til å gjelda problemområde som nemde i pkt. 1 - 3 over.

       Komiteen ser det som naturleg å sjå denne saka i samanheng med forskingsmeldinga som Regjeringa har planlagt å leggja fram i 1998. Komiteen vil difor gjere framlegg om å be Regjeringa ta opp problemstillingar knytta til tilhøvet mellom oppdragsgjevar og forskingsinstitusjon/forskar i denne forskingsmeldinga. Komiteen meiner vidare at det i den samanheng må verte lagt fram forslag om korleis ein har tenkt å handsama desse problemstillingane vidare.

       Komiteen vil gjere framlegg til vedtak i samsvar med dette.

       Komiteen syner til dokumentet og til det som står over, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I.

       Regjeringa vert oppmoda om å ta opp etiske problemstillingar knytta til tilhøvet mellom oppdragsgjevar og forskingsinstitusjon/forskar i den komande forskingsmeldinga.

II.

       Dok.nr.8:58 (1996-1997) - forslag fra stortingsrepresentantene Sigurd Manneråk, Jon Lilletun og Lars Sponheim om å oppnevne et utvalg med mandat til å vudere forskningens åpenhet, frihet og uavhengighet - vert å oversende Regjeringa til utgreiing og handsaming.

Oslo, i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen, den 29. mai 1997.

Jon Lilletun, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Siri Frost Sterri,
leiar. ordførar. sekretær.