Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

6. Arealbruk og arealplanlegging i byar og tettstader

       Departementet syner til at det i byar og tettbygde område skal leggjast større vekt på å utvikle eit miljøvenleg utbyggingsmønster og transportsystem, med sikring av grøne område. Byutviklinga skal leggje til rette for at kollektivtransporten kan ta ein større del av transportarbeidet, og bysentra og tettstadene i bygdene skal styrkast. Det skal vidareutviklast gode planmodellar og planleggingsverkty både for byregionar, byar og små og mellomstore tettstader. Vidare vil det bli lagt auka vekt på å utvikle gode butilhøve og levande lokalsamfunn i byområde og tettstader. Bustadbygging skal i større grad finne stad innanfor allereie utbygde område og kulturmiljø. Kvalitet i busetnad, utemiljø og stadsforming skal sikrast og saman med lokale tenester og aktivitetar danne rammene for eit godt kvardagsliv og oppvekstmiljø.

       Det vert i meldinga synt til arbeidet med miljøbyprogrammet, som skal vidareførast fram mot avslutninga i år 2000. Målet er å få fram modellar for ei miljøvenleg byutvikling, og det vert i vidareføringa lagt vekt på betre samordning av verkemiddelbruken i høve til byane slik Stortinget har bede om ved handsaminga av St.meld. nr. 14 (1994-1995) Om levekår og boforhold i storbyer.

Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at miljøbyprogrammet no er kome halvveges, og byane har utforma handlingsplanar for arbeidet fram mot år 2000. Her vert det mellom anna lagt vekt på ein miljøvennleg bystruktur med god kollektivtrafikkdekning, sikring av grøntareal og kulturmiljø og med lokal deltaking i prosessen i samsvar med Lokal Agenda 21. Komiteen viser vidare til at løkker og skogholt i nærmiljøa for ein stor del er blitt nedbygde i byområde, noko som har ført til at færre born har høve til fri uteleik i naturprega område. Komiteen meiner difor at det er naudsynleg å setje fokus på trongen for uteareal ved barnehagar, skolar og nærfriluftsområde til bustadfelt og vurdere arealnormer for denne typen areal. Komiteen er merksam på at miljøomsyn kan tilseie fortetting i byar og tettstader, men vil peike på at desse omsyna bør avvegast mot andre omsyn. Einsidig fokusering på fortetting kan føre til nedbygging av vitale leikeområde.

       Komiteen vil streke under den verdien bymarkområda i tilknyting til byar og tettstader og strandsoneområde har som friluftsressurs for store delar av folket. Noko av det som skil norske byar frå dei fleste byane andre stader i Europa er nærleiken til friluftsområde og den aktive bruken av friluftsområda ein finn her i landet. Komiteen vil åtvare mot at ein byggjer ned slike område, og vil be om at Regjeringa i den vidare oppfølginga av denne meldinga legg særleg vekt på tiltak som kan verne friluftsområda mot ulike inngrep.

       Komiteen har merka seg at i arbeidet med ein handlingsplan for storbyutvikling vert det fokusert på problemstillingane i dei fire største byane og miljøbyane, men utfordringane, verkemidla og løysingane vil også kunne gjelde andre byar. Komiteen ser det som viktig at areal- og energisparande planleggingsprinsipp vert tekne meir aktivt i bruk. Dermed kan ein også leggje til rette for å avgrense bilbruken i byområda samstundes som kollektiv-, gang- og sykkeltransporten kan ta ein større del av persontransporten. Komiteen har merka seg at Reisevaneundersøkinga frå 1992 har vist at 28 % av alle bilturar er under 2  km og 16 % 1  km eller kortare. Komiteen ser det som viktig at det vert sett nærare på tiltak som kan redusere biltrafikken og auke gang- og sykkeltransporten. Auka satsing på eit godt, samanhengande gang- og sykkelvegnett er eksempel på slike tiltak.

       Komiteen sitt fleirtal, alle unnateke medlemene frå Høgre, ber om at Regjeringa vurderer tiltak som kan redusere biltransporten, tiltak som vegprising, prioriterte kollektivtrasear, parkeringsregulering m.m.

       Komiteen meiner det er viktig å føre ein lokaliseringspolitikk innafor byar og tettstader som legg til rette for tenesteyting og anna verksemd i bysentra. Det vil motverke utflytande byar og auka transportbehov.

       Komiteen vil peike på at det i byområda er ei hovudutfordring å planleggja slik at bustadsområde, arbeidsplassar og ulike typar tenestetilbod finst i same geografiske område. Eit variert utbyggingsmønster der ein unngår reine « sovebyar » vil bidra til å redusere behovet for transport og dermed redusere behovet for å byggje stadig breiare vegar.

       Komiteen sitt fleirtal, medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, er samd med Regjeringa i at det er behov for ei sterkare regional samordning og styring av etablering og utviding av større kjøpesenter.

       Fleirtalet konstaterer at gjeldande plan- og bygningslov har verkemiddel som gjev statlege, fylkeskommunale og kommunale styresmakter høve til å styre denne utviklinga. Fleirtalet meiner at i dei høve det viser seg vanskeleg å få til eit betre regionalt samspel på dette området, bør Regjeringa ta i bruk plan- og bygningslova (§ 17-1) og setje forbod mot særskilt definerte byggje- og anleggstiltak i nærare avgrensa geografiske område.

       Fleirtalet meiner det er behov for ei sterkare styring av etablering og utviding av kjøpesentra. I dag opplever vi at bykjernar vert tappa for tradisjonell handelsverksemd, medan transportbehovet aukar. Ved å byggje nye kjøpesenter utanfor byar og tettstader, vert handelen meir avhengig av bilbruk, og det blir vanskelegare å finne gode kollektivløysingar.

       På denne bakgrunnen ber fleirtalet Regjeringa vurdere om det bør innførast etableringsstopp for nye kjøpesenter i 3-5 år. Denne perioden vil bli brukt til å vurdere regelverket, her medrekna bruken av føresegner til § 17-1, og utarbeide naudsynte regionale planar med sikte på å gje sterkare styring med etableringa av kjøpesenter. Det vert forutsett at departementet skal kunne dispensere når lokale tilhøve tilseier det og ovannemnde problemstillingar ikkje er relevante. Fleirtalet fremjer forslag i samsvar med dette.

       Komiteens medlemmer fra Høyre og medlemmet Hillgaar mener at lokalisering av nye kjøpesentra på vanlig måte må være et lokalt ansvar.

       Komiteens medlem fra Sosialistisk Venstreparti vil peke på at kjøpesentre utenfor bykjernene som genererer ny biltrafikk i dag har et konkurransemessig fortrinn framfor butikker i sentrumsområder fordi de kan tilby gratis parkeringsmuligheter. Dette medlem vil be Regjeringen se på muligheten for å innføre parkeringsrestriksjoner eller gebyr også ved parkering ved bilbaserte kjøpesentre slik at en kan unngå denne konkurransevridningen.