1. Internasjonale valutaforhold
Samandrag
Det er i meldinga gjort greie for utviklinga i hovudvalutaene - amerikanske dollar, tyske mark og japanske yen. Mange land har valt eit fastkurssystem ved å knyte kursen på eigen valuta til ein av hovudvalutaene eller til ei korg av fleire valutaer.
Handelen i den internasjonale valutamarknaden har auka i takt med veksten i transaksjonar for internasjonale verdipapir. I april 1995 var den daglege valutahandelen 1.230 mrd. dollar. Dette utgjorde 4,2 % av bruttonasjonalproduktet i verda i 1995. Den daglege valutahandelen hadde dermed auka med noko i underkant av 50 % sidan april 1992, vel 100 % frå april 1989 og 8.000 % frå 1973. Valutareservane i sentralbankane har ikkje på langt nær auka like raskt som valutahandelen. Tidleg på syttitalet var valutareservane i industrilanda om lag 8 gonger så store som den daglege valutahandelen. I april 1995 utgjorde valutareservane til industrilanda berre vel halvparten av det beløpet som det dagleg blei handla for i valutamarknaden. I dag har difor sentralbankane mindre høve enn før til å påverke valutamarknaden gjennom intervensjonar. Den daglege valutahandelen er no om lag 100 gonger så stor som den totale, daglege eksporten i verda.
Den sterke veksten i valutahandelen skuldast i stor grad auke i porteføljeinvesteringar i framand valuta. Samstundes har det vore ein auke i utanlandske direkte investeringar, og verdshandelen har vakse dobbelt så raskt som BNP dei siste 25 åra.
Det er i meldinga vidare gjort greie for utviklinga i valutasamarbeidet i Europa.
Det er i dag ei utbreidd oppfatning blant observatørar og dei som vil ta avgjerda i EU at valutaunionen vil bli realisert i 1999 i samsvar med Maastricht-traktaten sine føresetnader. Etter traktaten skal dei EU-landa som fyller visse krav - dei såkalla konvergenskrava eller konvergenskriteria - vere med. Storbritannia og Danmark kan etter traktaten sjølv velje om dei vil vere med om dei fyller krava.
I Madrid i desember 1995 vart Det europeiske rådet samde om ein plan, som blei kalla eit referansescenario for iverksetjinga av valutaunionen.
Planen inneber at ein felles pengepolitikk utøvd av den europeiske sentralbanken, og dermed eit felles rentenivå, blir etablert frå 1. januar 1999 blant landa i valutaunionen. Dei nasjonale valutaene vil i ein overgangsperiode eksistere parallelt med euro i desse landa, men med fastlåste vekslingskursar slik at intern valutakursuvisse opphøyrer 1. januar 1999.
På Det europeiske rådet sitt møte i Dublin i desember 1996 kom det til politisk semje om følgjande hovudelement for valutakurssamarbeidet mellom landa innanfor og utanfor valutaunionen: Det blir etablert ei ny fastkursordning med euro som ankervaluta. Land som ikkje tar del i valutaunionen kan ta del i ordninga på frivillig basis. Kursane blir fastsette av finansministrane, aktuelle sentralbankar i EU-landa utanfor valutaunionen og Den europeiske sentralbanken i fellesskap. Europakommisjonen skal vere med i førebuingane av kursendringar. Vidare skal dei sentralbankane som er med ta på seg gjensidige forpliktingar til å støttekjøpe ein svak valuta, men ikkje i ein situasjon der slike intervensjonar kjem i konflikt med målet om prisstabilitet. Det vil vere vide svingingsmarginar som under dagens ERM, men det blir opna for ein innsnevring av svingingsmarginen etter avtale mellom ECB og den aktuelle nasjonale sentralbanken, avhengig av landet sine økonomiske resultat.
Det kom òg til semje om ein såkalla stabilitets- og vekstpakt på møtet i Dublin. Pakten går mellom anna ut på at offentleg sektor sitt underskott maksimalt kan utgjere 1 % av BNP under normale forhold og maksimalt 3 % under ekstraordinære forhold. Dersom eit land bryt desse reglane, kan Det europeiske rådet ileggje bøter.
Dei viktigaste spørsmåla som gjenstår til handsaming fram mot 1999 er:
- | Kva for land som er kvalifiserte til å delta. Avgjerda skal takast så tidleg som mogleg i 1998. Traktaten forutset at konvergenskrava skal være einaste vurderingsgrunnlag, men det er ein utbreidd oppfatning at politiske vurderingar òg vil spele ei viss rolle. |
- | I kva grad rommet for tolking av traktaten sine konvergenskrav skal bli utnytta. Generelt er det grunn til å tru at medlemslanda utset å ta stilling til tolkingsspørsmåla inntil avgjerda om deltakarkrinsen blir teken i 1998. Ein må òg rekne med at konvergenskrava i nokon grad vil bli sett i samanheng, slik at sterke resultat på eit område kan kompensere for svake resultat på andre område. |
- | Fastsetjing av dei endelege paritetane ved overgangen til euro. Dette er eit vanskeleg spørsmål, og prosessen rundt denne avgjerda kan komme til å utløyse uro i valutamarknaden. |
- | Oppretting av eit stabilitetsråd. For å skape ein politisk motvekt til ECB har Frankrike teke til orde for oppretting av eit såkalla stabilitetsråd av finansministrane i eurolanda. Dette er eit kontroversielt forslag som har skapt debatt. Det ser ut som det kan bli semje om eit uformelt råd som kan drøfte spørsmål som er felles for eurolanda, men ikkje kva slag pengepolitikk som ECB skal føre. |
Det er i meldinga vidare gjort greie for valutasystemet i Russland, valutaforholda i Afrika og for ei spesiell ordning for administrasjon av eit fastkurssystem (Currency Board).
Merknader frå komiteen
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Signe Øye, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Mai Gythfeldt, og representanten Stephen Bråthen, viser til at meldingen gjelder utviklingen av internasjonale valutaforhold og virksomheten i det internasjonale valutafondet IMF siden forrige melding om de samme forhold, St.meld. nr. 26 (1994-1995), jf. Innst.S.nr.155 (1994-1995).
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.
Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at redegjørelsen om utviklingen av internasjonale valutaforhold er meget mangelfull. Den belyser f.eks. ikke de samfunnsmessige virkninger som prinsippet om fri flyt av valuta og det stadig økende omfang av valutaspekulasjoner fører til. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader og forslag til vedtak som ble fremmet i forbindelse med behandlingen av forrige redegjørelse for internasjonale valutaforhold og virksomheten i Det internasjonale valutafondet (IMF), jf. Innst.S.nr.155 (1994-1995).
Disse medlemmer vil i tillegg vise til at andelen i det internasjonale valutamarked har økt i takt med veksten i transaksjonene på verdipapirmarkedet. Siden 1992 har den daglig omsetning av valuta steget med 50 %. Sammenlignet med tilsvarende tall fra 1989, har den daglige omsetning økt med hele 100 %. Som det framgår av St.meld. nr. 45 (1996-1997) er status i 1997 at den daglige valutahandel er 100 ganger større enn den totale eksportverdien i verden. Denne akselerende utvikling har aktualisert politiske initiativ for styringsreformer. Disse medlemmer viser i denne forbindelse til omtale og forslag inntatt i Innst.S.nr.196 (1996-1997) ( St.prp. nr. 50 (1996-1997)).
Disse medlemmer vil peke på at det for Norge ikke er riktig å knytte kronen til Eurovalutaen. Disse medlemmer er sterke motstandere av felles valuta og innføring av en uavhengig sentralbank frikoplet fra folkevalgt innflytelse. På samme måte er det uheldig med felles økonomiske virkemidler for land med ulike behov og økonomisk struktur. Situasjonen i norsk økonomi illustrerer dette problemet, med en olje/gassektor som er dollarbetinget. Distansen mellom realøkonomi og papirøkonomi øker. Den kraftige veksten i den internasjonale derivathandel illustrerer dette. Eventuell norsk tilknytning til Euro vil være et demokratisk tilbakeskritt som bare tjener de interesser som ønsker å tilpasse norsk økonomi til den europeiske union. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader i revidert nasjonalbudsjett.
Komiteens medlem fra Rød Valgallianse tar redegjørelsen i meldingen til orientering.