Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om internasjonale valutaforhold og verksemda i Det internasjonale valutafondet (IMF).

Dette dokument

Innhold

Samandrag

       Det er i meldinga gjort greie for utviklinga i hovudvalutaene - amerikanske dollar, tyske mark og japanske yen. Mange land har valt eit fastkurssystem ved å knyte kursen på eigen valuta til ein av hovudvalutaene eller til ei korg av fleire valutaer.

       Handelen i den internasjonale valutamarknaden har auka i takt med veksten i transaksjonar for internasjonale verdipapir. I april 1995 var den daglege valutahandelen 1.230 mrd. dollar. Dette utgjorde 4,2 % av bruttonasjonalproduktet i verda i 1995. Den daglege valutahandelen hadde dermed auka med noko i underkant av 50 % sidan april 1992, vel 100 % frå april 1989 og 8.000 % frå 1973. Valutareservane i sentralbankane har ikkje på langt nær auka like raskt som valutahandelen. Tidleg på syttitalet var valutareservane i industrilanda om lag 8 gonger så store som den daglege valutahandelen. I april 1995 utgjorde valutareservane til industrilanda berre vel halvparten av det beløpet som det dagleg blei handla for i valutamarknaden. I dag har difor sentralbankane mindre høve enn før til å påverke valutamarknaden gjennom intervensjonar. Den daglege valutahandelen er no om lag 100 gonger så stor som den totale, daglege eksporten i verda.

       Den sterke veksten i valutahandelen skuldast i stor grad auke i porteføljeinvesteringar i framand valuta. Samstundes har det vore ein auke i utanlandske direkte investeringar, og verdshandelen har vakse dobbelt så raskt som BNP dei siste 25 åra.

       Det er i meldinga vidare gjort greie for utviklinga i valutasamarbeidet i Europa.

       Det er i dag ei utbreidd oppfatning blant observatørar og dei som vil ta avgjerda i EU at valutaunionen vil bli realisert i 1999 i samsvar med Maastricht-traktaten sine føresetnader. Etter traktaten skal dei EU-landa som fyller visse krav - dei såkalla konvergenskrava eller konvergenskriteria - vere med. Storbritannia og Danmark kan etter traktaten sjølv velje om dei vil vere med om dei fyller krava.

       I Madrid i desember 1995 vart Det europeiske rådet samde om ein plan, som blei kalla eit referansescenario for iverksetjinga av valutaunionen.

       Planen inneber at ein felles pengepolitikk utøvd av den europeiske sentralbanken, og dermed eit felles rentenivå, blir etablert frå 1. januar 1999 blant landa i valutaunionen. Dei nasjonale valutaene vil i ein overgangsperiode eksistere parallelt med euro i desse landa, men med fastlåste vekslingskursar slik at intern valutakursuvisse opphøyrer 1. januar 1999.

       På Det europeiske rådet sitt møte i Dublin i desember 1996 kom det til politisk semje om følgjande hovudelement for valutakurssamarbeidet mellom landa innanfor og utanfor valutaunionen: Det blir etablert ei ny fastkursordning med euro som ankervaluta. Land som ikkje tar del i valutaunionen kan ta del i ordninga på frivillig basis. Kursane blir fastsette av finansministrane, aktuelle sentralbankar i EU-landa utanfor valutaunionen og Den europeiske sentralbanken i fellesskap. Europakommisjonen skal vere med i førebuingane av kursendringar. Vidare skal dei sentralbankane som er med ta på seg gjensidige forpliktingar til å støttekjøpe ein svak valuta, men ikkje i ein situasjon der slike intervensjonar kjem i konflikt med målet om prisstabilitet. Det vil vere vide svingingsmarginar som under dagens ERM, men det blir opna for ein innsnevring av svingingsmarginen etter avtale mellom ECB og den aktuelle nasjonale sentralbanken, avhengig av landet sine økonomiske resultat.

       Det kom òg til semje om ein såkalla stabilitets- og vekstpakt på møtet i Dublin. Pakten går mellom anna ut på at offentleg sektor sitt underskott maksimalt kan utgjere 1 % av BNP under normale forhold og maksimalt 3 % under ekstraordinære forhold. Dersom eit land bryt desse reglane, kan Det europeiske rådet ileggje bøter.

       Dei viktigaste spørsmåla som gjenstår til handsaming fram mot 1999 er:

- Kva for land som er kvalifiserte til å delta. Avgjerda skal takast så tidleg som mogleg i 1998. Traktaten forutset at konvergenskrava skal være einaste vurderingsgrunnlag, men det er ein utbreidd oppfatning at politiske vurderingar òg vil spele ei viss rolle.
- I kva grad rommet for tolking av traktaten sine konvergenskrav skal bli utnytta. Generelt er det grunn til å tru at medlemslanda utset å ta stilling til tolkingsspørsmåla inntil avgjerda om deltakarkrinsen blir teken i 1998. Ein må òg rekne med at konvergenskrava i nokon grad vil bli sett i samanheng, slik at sterke resultat på eit område kan kompensere for svake resultat på andre område.
- Fastsetjing av dei endelege paritetane ved overgangen til euro. Dette er eit vanskeleg spørsmål, og prosessen rundt denne avgjerda kan komme til å utløyse uro i valutamarknaden.
- Oppretting av eit stabilitetsråd. For å skape ein politisk motvekt til ECB har Frankrike teke til orde for oppretting av eit såkalla stabilitetsråd av finansministrane i eurolanda. Dette er eit kontroversielt forslag som har skapt debatt. Det ser ut som det kan bli semje om eit uformelt råd som kan drøfte spørsmål som er felles for eurolanda, men ikkje kva slag pengepolitikk som ECB skal føre.

       Det er i meldinga vidare gjort greie for valutasystemet i Russland, valutaforholda i Afrika og for ei spesiell ordning for administrasjon av eit fastkurssystem (Currency Board).

Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Erik Dalheim, Kjell Engebretsen, Laila Kaland, Berit Brørby Larsen, Tore Nordtun, Bjørnar Olsen og Signe Øye, fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, Per Olaf Lundteigen og Gudmund Restad, fra Høyre, Harald Ellefsen, Per-Kristian Foss og Erna Solberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Kristin Halvorsen og Eilef A Meland, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Einar Steensnæs, fra Venstre, Lars Sponheim, fra Rød Valgallianse, Mai Gythfeldt, og representanten Stephen Bråthen, viser til at meldingen gjelder utviklingen av internasjonale valutaforhold og virksomheten i det internasjonale valutafondet IMF siden forrige melding om de samme forhold, St.meld. nr. 26 (1994-1995), jf. Innst.S.nr.155 (1994-1995).

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til at redegjørelsen om utviklingen av internasjonale valutaforhold er meget mangelfull. Den belyser f.eks. ikke de samfunnsmessige virkninger som prinsippet om fri flyt av valuta og det stadig økende omfang av valutaspekulasjoner fører til. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader og forslag til vedtak som ble fremmet i forbindelse med behandlingen av forrige redegjørelse for internasjonale valutaforhold og virksomheten i Det internasjonale valutafondet (IMF), jf. Innst.S.nr.155 (1994-1995).

       Disse medlemmer vil i tillegg vise til at andelen i det internasjonale valutamarked har økt i takt med veksten i transaksjonene på verdipapirmarkedet. Siden 1992 har den daglig omsetning av valuta steget med 50 %. Sammenlignet med tilsvarende tall fra 1989, har den daglige omsetning økt med hele 100 %. Som det framgår av St.meld. nr. 45 (1996-1997) er status i 1997 at den daglige valutahandel er 100 ganger større enn den totale eksportverdien i verden. Denne akselerende utvikling har aktualisert politiske initiativ for styringsreformer. Disse medlemmer viser i denne forbindelse til omtale og forslag inntatt i Innst.S.nr.196 (1996-1997) ( St.prp. nr. 50 (1996-1997)).

       Disse medlemmer vil peke på at det for Norge ikke er riktig å knytte kronen til Eurovalutaen. Disse medlemmer er sterke motstandere av felles valuta og innføring av en uavhengig sentralbank frikoplet fra folkevalgt innflytelse. På samme måte er det uheldig med felles økonomiske virkemidler for land med ulike behov og økonomisk struktur. Situasjonen i norsk økonomi illustrerer dette problemet, med en olje/gassektor som er dollarbetinget. Distansen mellom realøkonomi og papirøkonomi øker. Den kraftige veksten i den internasjonale derivathandel illustrerer dette. Eventuell norsk tilknytning til Euro vil være et demokratisk tilbakeskritt som bare tjener de interesser som ønsker å tilpasse norsk økonomi til den europeiske union. Disse medlemmer viser for øvrig til sine merknader i revidert nasjonalbudsjett.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse tar redegjørelsen i meldingen til orientering.

Samandrag

       IMF er primært ein økonomisk « overvakingsinstitusjon. » Dei to andre hovudfunksjonane, finansiering og teknisk assistanse, er nært knytte til overvakingsfunksjonen.

       IMF nyttar fleire verkemiddel i overvakinga. Desse kan delast i to hovudgrupper, den multilaterale overvakinga og den bilaterale.

       Basis for den multilaterale overvakinga er analysar av utsiktene for verdsøkonomien i« « World Economic Outlook » (WEO) som blir lagt fram to gonger i året.

       Den bilaterale økonomiske overvakinga utgjer kjernen i verksemda til IMF og blir utført gjennom årlege konsultasjonar med kvart medlemsland i samsvar med artikkel IV i IMF sine vedtekter.

       Tendensen til meir globale og integrerte kapitalmarknader har gjort det viktigare enn nokon gong å ha ein vedvarande god økonomisk politikk. Dette har ført til eit omfattande arbeid i IMF for å forsterke innsatsen med å følgje opp den økonomiske utviklinga i medlemslanda. Mexico-krisa i 1994/1995 representerte eit konkret døme på behovet for å intensivere dette arbeidet. Mexico stod brått overfor ein sviktande tillit på dei internasjonale kapitalmarknadene som førte til omfattande kapitalutgang. Dette gjorde det naudsynt å setje i verk programtiltak frå IMF snarast mogleg, kombinert med finansiell støtte langt ut over dei vanlege lånerammene.

       Ut frå røynslene frå Mexico-krisa har IMF sett i verk ei rekkje tiltak som skal verke førebyggjande og som skal setje IMF raskare og betre i stand til å møte tilsvarande situasjonar i framtida. Kontinuiteten og fokus i den økonomiske overvakinga skal betrast.

       Den nordisk-baltiske valkrinsen, som har felles styrerepresentant i IMF, har slutta seg til forslag som skal medverke til ei forsterka oppfølging av dei økonomiske utfordringane verdsøkonomien og enkeltland står overfor.

       Etter røynslene frå krisa i Mexico har IMF teke ulike initiativ for å gjere tilgangen på data frå medlemslanda betre. Initiativa kan delast i to kategoriar:

a) Tiltak for å styrkje datarapporteringa frå medlemslanda til IMF, og
b) tiltak for å oppmuntre medlemslanda til å publisere data av høg kvalitet til publikum

       IMF har lagt opp til to statistikkstandardar: Ein minimumsstandard (The General Data Dissemination Standard, GDDS) som er tenkt å omfatte alle medlemsland og ein standard (The Special Data Dissemination Standard, SDDS) som i særleg grad er tenkt for land som ønskjer tilgang til dei internasjonale kapitalmarknadene. Førebels er det berre SDDS som er gjennomført. Den generelle standarden blir klar i 1997. I samsvar med vedtektene kan ikkje IMF påleggje medlemmene å publisere data til publikum. Det er derfor frivillig om ein vil slutte seg til standardane eller ikkje.

       Ved utgangen av 1996 hadde i alt 41 land slutta seg til standarden. Noreg slutta seg til SDDS den 18. juni 1996 og var med ved opninga av databasen 19. september 1996. I den nordisk-baltiske valkrinsen har to av dei baltiske landa førebels ikkje slutta seg til standarden. Krava i standarden er så pass strenge at Noreg ved utgangen av 1996 berre oppfylte 13 av 18 statistikk-kategoriar fullt ut. For Noreg er det særleg krava til datakategoriane for offentleg sektor som byr på vanskar. I løpet av overgangsperioden må ein avgjere om Noreg skal bruke retten til unntak frå krava til frekvens og aktualitet som standarden gir rom for.

       Ein må vente at det i tida framover internasjonalt vil bli stilt større krav til informasjon om den økonomiske og finansielle utviklinga i medlemslanda. Dette har i første rekkje samanheng med globaliseringa og effektiviseringa av den internasjonale kapitalmarknaden.

       Den nordisk-baltiske valkrinsen meiner at det framleis er rom for å forsterke innsatsen på desse områda. Det bør mellom anna leggjast større vekt på å formidle motiva for verksemda til IMF og for politikktilrådingane. Eit velinformert publikum er viktig for å få diskusjonen på det nasjonale og internasjonale planet opp på eit høgt fagleg nivå og for å få størst mogleg oppslutning om hovudlinjene i tilrådingane frå IMF. Med dette som bakgrunn har valkrinsen generelt gått inn for ei meir open haldning når det gjeld verksemda til IMF.

       Årleg har IMF ein fortruleg gjennomgang av den økonomiske politikken i medlemslanda utan at vurderingar og tilrådingar frå IMF blir publisert. Det er ulike oppfatningar i den nordisk-baltiske valkrinsen om korleis eit breiare innsyn bør praktiserast ved dei årlege gjennomgangane. I prinsippet kan ein offentleggjere tilrådingane på tre stadium:

- Ein kan publisere dei konkluderande politikk-vurderingane og tilrådingane som IMF-delegasjonen presenterer for styresmaktene i det enkelte landet like etter konsultasjonen. Det er opp til landa sjølve å avgjere dette. Norske styresmakter gjorde vurderingane og tilrådingane til IMF-delegasjonen offentleg tilgjengelege etter besøket i Noreg hausten 1996 og vil halde fram med det.
- Ein kan publisere stabspapiret som er sjølve grunnlaget for behandlinga i styret. Dette krev i så fall vedtak i styret for IMF.
- Ein kan publisere oppsummeringa som administrerande direktør i IMF gjer etter at styret har diskutert eit land. Dette krev òg i så fall eit vedtak i styret for IMF.

       Landa i den nordisk-baltiske valkrinsen ønskjer å gå vidare i retning av auka offentlegheit frå IMF om resultatet av gjennomgangen av økonomien i medlemslanda. Ein bør her truleg gå varsamt fram slik at ein oppnår ein rimeleg balanse mellom omsynet til å ta vare på eit ope forhold i diskusjonane i styret og mellom IMF-staben og medlemslanda på den eine sida og omsynet til eit velinformert publikum på den andre. Saka er framleis til behandling i IMFs styre.

       Finansieringsfunksjonen til IMF er nært knytt til overvakingsfunksjonen. IMF gir mellombels finansiering til land som har problem med betalingsbalansen på vilkår av at landet samtidig går inn i eit økonomisk tilpassings- og reformprogram for å leggje forholda til rette for ei gunstigare økonomisk utvikling og auke tilliten hos kreditorane. Eit slikt program inneheld krav til utforming av den makroøkonomiske politikken (kondisjonalitet) med sikte på å fjerne grunnlaget for dei problema ein har fått. Formålet med kondisjonalitet er å sikre ei berekraftig økonomisk utvikling og at bruken av IMF sine ressursar blir mellombels.

       IMF kan yte kort- og mellomlangsiktig finansiering til medlemslanda under føresetnad av at det blir utarbeidd eit forpliktande økonomisk tilpassingsprogram for å fjerne eller redusere ubalansen i økonomien. Land kan komme opp i vanskar når det gjeld betalingsbalansen som følgje av intern og ekstern uro. Formålet med finansieringa er å lette ei naudsynt omlegging av den økonomiske politikken og hindre at problema blir førde over til andre land. Vilkåra i det økonomiske tilpassings- og reformprogrammet kallast kondisjonalitet. Kravet om kondisjonalitet for å få tilgang til finansiering gjennom IMF er først og fremst motivert av at problema i landet skal løysast innan ei rimeleg tid og at lånet frå IMF blir tilbakebetalt for å skape grunnlag for nye lån. Dessutan er kondisjonaliteten meint å skape tiltru til den økonomiske politikken i landet, slik at det blir lettare å få tilgang på kapital frå andre kjelder.

       Dei vilkåra som IMF sett, byggjer på institusjonen sine røynsler og innsikt i kva slag politikk som kan leggje grunnlaget for berekraftig vekst. I eit økonomisk tilpassingsprogram vil som oftast ei tilstramming av finans- og pengepolitikken stå sentralt. Saman med strukturtiltak kan dei få marknaden til å fungere betre og gi stabile rammevilkår for privat næringsliv. Eit program for tilpassing vil normalt innebere omlegging på fleire politikkområde samstundes.

       Eit program med IMF blir forma i nært samarbeid mellom IMF-staben og styresmaktene. Medan landet sjølv bestemmer den konkrete og sosiale innrettinga av programmet, har IMF plikt til å sjå etter at dei totale makroøkonomiske omsyna blir tekne vare på i kvart enkelt tilfelle.

       IMFs kondisjonalitet har ofte vore kontroversiell, mellom anna fordi det kan vere ulike syn på kva for økonomisk politikk som verkar best. Kritikarane har rg hevda at IMF sine program serleg rammar dei fattigaste.

       Dei seinare åra har IMF sine program i aukande grad vore forma med tanke på dei mest utsette gruppene i samfunnet. Alle program skal sikte på å oppnå berekraftig vekst og gi rom for eit målretta sosialt tryggingsnett. Tilgjengelege data for helse og utdanning i fattige land som har hatt program med IMF, viser ein vesentleg framgang på desse områda. I IMF pågår det interne faglege drøftingar om desse spørsmåla. Ofte har IMF nytta høvet til å få styresmaktene til å avgrense utgiftene til forsvarssektoren til eit nivå som er meir i samsvar med det objektive omsynet til tryggleiken.

       Det tredje hovudområdet for IMF si verksemd er teknisk assistanse til medlemslanda. Mange land har utilstrekkelege institusjonar og manglar fagleg kompetanse til å kunne forme og sette i verk ein berekraftig økonomisk politikk. Teknisk assistanse har auka i omfang dei siste åra. Generelt har dette skjedd for å betre det institusjonelle grunnlaget for gjennomføring av dei økonomiske tilrådingane. Spesielt har det vore naudsynt å byggje opp frå grunnen eit institusjonelt apparat (sentralbankar, budsjettsystem, skattesystem etc.) i dei tidlegare sentralstyrte landa som ledd i overgangen til ein marknadsøkonomi.

       Det er i kap. 4 i meldinga gjort greie for organiseringa av IMF.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, viser til at IMFs primære oppgave er økonomisk overvåking. IMF skal også bidra med finansiering og teknisk assistanse. IMFs vedtekter gir medlemslandene rett til selv å avgjøre i hvilken grad de vil følge rådene fra IMF. Dette gjelder også valg av valutakursregime. Flertallet viser til at de restriksjoner IMF legger på sine medlemsland er begrensede. Dette gjelder krav til å velge valutakurssystem som ikke virker diskriminerende. Videre skal medlemslandene unngå bruk av virkemidler som gir medlemslandet en urimelig konkurransefordel, eller som utsetter gjennomføring av nødvendige omstillinger i økonomien med sikte på å oppnå balanse i utenriksøkonomien som f.eks. konkurrerende devalueringer eller innføring av nye handelsrestriksjoner.

       Flertallet viser til at IMF på bakgrunn av erfaringene med den økonomiske krisen i Mexico har tatt ulike initiativ for å bedre sin overvåkingsfunksjon. Dette går bl.a. ut på tiltak for å styrke datarapporteringen fra medlemslandene samt tiltak for å oppmuntre medlemslandene til å publisere data av høy kvalitet til publikum. Flertallet viser til at bedre og raskere analyser kunne ha motvirket problemene i Mexico ved at tiltakene kunne blitt iverksatt tidligere og mer målrettet. Flertallet vil peke på at behovet for gode analyser øker som følge av mer globale og integrerte kapitalmarkeder. Det er derfor etter flertallets mening positivt at IMF nå prioriterer arbeidet med å forbedre sine analyser samt at det nå legges til rette for økt informasjon til publikum om IMFs analyser og anbefalinger.

       Flertallet viser til at IMF kan yte kort- og mellomlangsiktig finansiering av medlemslandene under forutsetning av at det blir utarbeidet forpliktende økonomiske tilpasningsprogram for å fjerne eller redusere ubalansen i økonomien. De vilkår som IMF setter er basert på institusjonens erfaringer og innsikt i hvilke typer politikk som kan bidra til en bærekraftig vekst i det aktuelle landet. Erfaringene viser at land som har valgt å følge et slikt program har hatt en gunstigere økonomisk utvikling enn land uten slike program. Flertallet viser til at IMF de siste årene i større grad er utformet med tanke på de mest utsatte gruppene i samfunnet blant annet gjennom sosiale sikkerhetsnett. IMF har også ved flere anledninger fått myndighetene til å redusere utgiftene til forsvar framfor andre mindre sosiale utgiftsreduksjoner. Flertallet ser positivt på denne utviklingen.

       Flertallet tar ellers redegjørelsen i meldingen til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til redegjørelsen om IMF sin overvåkningsfunksjon. Den grunnleggende ideologi som IMF bygger på er frie kapitalbevegelser. Det er en illusjon å tro at videreutvikling av IMFs overvåkningsfunksjon kan rette på den samfunnsøkonomiske sårbarhet som et slikt økonomisk regime vil innebære. Krisen i Mexico er i denne sammenheng et relevant eksempel. Mexico som på krisetidspunktet oppfylte alle IMFs standardkrav; ble framstilt som et mønsterland i så måte også med fullt innsyn i den offentlige økonomi. Likevel forhindret dette ikke en nasjonal finansiell krise som følge av strukturelle endringer og samfunnsmessige konflikter. Disse medlemmer mener at IMF kunne ha fylt en funksjon som et internasjonalt verktøy for å bidra til stabile valutaforhold i verden. Verken dagens IMF-målsetting og/eller den gjennomslagskraft liberalismen har som ideologi internasjonalt tillater dette.

       Disse medlemmer vil likevel påpeke at det er positive utviklingstrekk. Dette knytter seg til større åpenhet i IMFs behandling av landene og tilgangen på informasjon om vilkår for lån og forholdene til låntakerlandene for øvrig. IMF legger oftere vekt på at militære utgifter må reduseres, noe som er positivt. Krav til innføring av omfordelingsmekanismer ved innføring av skattesystem kan også trekke i riktig retning.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse går slett ikke god for redegjørelsen i meldingen.

Samandrag

       Interimkomitéen vedtok i oktober 1994 ein strategi for å styrkje den globale økonomiske veksten, den såkalla « Madrid-erklæringa. » Erklæringa strekar mellom anna under kor viktig det er med ein god makroøkonomisk politikk og strukturelle reformer. For å møte utfordringane frå ein meir globalisert verdsøkonomi, både med omsyn til handel og kapitaltransaksjonar, gjekk Interimkomiteen på haustmøtet i Washington D.C. i 1996 inn for å oppdatere og utvide Madrid-erklæringa. « Partnarskap for varig global vekst » vart utforma.

       Erklæringa inneheld i alt elleve retningslinjer for kva som blir rekna som ein god økonomisk politikk. Nytt er at strategien strekar under ein gjensidig samanheng mellom makroøkonomiske og strukturelle reformar. Tiltak på begge områda samstundes kan forsterke den positive effekten av tiltaka kvar for seg. Dessutan blir det streka under kor viktig det er å betre kvaliteten og samansetjinga av offentlege utgifter. Auka effektivitet og betre målretting av sosiale utgifter, pluss avgrensing av militære utgifter, er viktig i denne samanhengen. Vidare er det viktig å hindre korrupsjon for å oppnå varig vekst. I den nye erklæringa er det dessutan lagt auka vekt på verdien av å sikre eit solid banksystem.

       Det er i meldinga gjort greie for den økonomiske utviklinga i dei tidlegare sentralstyrte landa.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til Madriderklæringen som inneholder retningslinjer for hva som ble betraktet som god økonomisk politikk. Disse medlemmer viser til at erklæringen stiller krav til makroøkonomiske og strukturelle reformer. Erfaringene viser at disse reformene ikke tar nødvendig hensyn til en likeverdig utvikling for alle grupper i landet. Reformer fører derfor ofte til økte materielle forskjeller, bl.a. gjennom deregulering og privatisering.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse tar redegjørelsen i meldingen til orientering.

Samandrag

       Stor gjeld seinkar den økonomiske utviklinga i mange fattige land. Det er brei semje om at røynslene syner at det har vore naudsynt å leggje om den økonomiske politikken for å komme ut av desse vanskane og sikre ei berekraftig utvikling.

       Analysar som IMF og Verdsbanken har gjort indikerte at eit ikkje uvesentleg tal land hadde ein gjeldssituasjon som ikkje kunne handterast. Dette resulterte i at Interimkomitéen og Utviklingskomiteen oppmoda Bretton Woods-institusjonane om å sjå nærare på problemstillinga med sikte på å forme eit felles, konkret forslag. Bretton Woods-institusjonane la i byrjinga av mars 1996 fram ei skisse til forsterking av gjeldsstrategien. Denne skissa blei akseptert av Interimkomiteen og av Utviklingskomiteen hausten 1996.

       Hovudformålet med det nye gjeldsinitiativet frå Bretton Woods-institusjonane er å tilby land som fører ein fornuftig økonomisk politikk over tid, tryggleik for at den totale gjelda dei har vil komme ned på eit akseptabelt nivå innan ei rimeleg tid.

Hovudprinsipp
- Nye tiltak er aktuelle berre for land som kan dokumentere evne og vilje til å arbeide seg over i ein meir haldbar situasjon ved ein fornuftig økonomisk reformpolitikk. Dette elementet byggjer på tidlegare røynsler om at vanskelege problem ikkje kan løysast utan at det blir ført ein fast økonomisk politikk over ein lengre periode. Debitorlanda må sjølve ta hovudansvaret for å få gjeldssituasjonen over på eit berekraftig grunnlag. Kreditorane bør gi ny finansiering til gunstige vilkår som stør opp om arbeidet landet gjer for å føre ein fornuftig reformpolitikk og økonomisk politikk.
- Særlege tiltak for problemtilfella bør vere koordinerte mellom dei aktuelle kreditorane, inklusiv Parisklubben, som handsamar spørsmål om å ettergi og forlenge løpetida på offentleg gjeld. Alle kreditorgruppene bør bere ein rimeleg del av finansieringa. Men tiltak for å redusere multilateral gjeld bør samstundes ta vare på dei multilaterale institusjonane sin finansielle integritet og deira prioriterte kreditorstatus og vere konsistent med statuttane for institusjonane. Slik sikrar ein institusjonane si evne til å halde fram med finansiering på gunstige vilkår. Ettergiving av gjeld frå multilaterale institusjonar er ikkje aktuelt, m.a. fordi dette vil verke demoraliserande for andre land som har makta å komme seg ut av ein vanskeleg situasjon gjennom hardt arbeid. Ettergiving av gjeld ville dessutan gjort Bretton Woods-institusjonane mindre kredittverdige på den internasjonale kredittmarknaden. Eit slikt tiltak ville òg krevje endringar i statuttane for IMF. Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har likevel akseptert eit avgrensa sal av IMFs gull for å sikre at naudsynt finansiering kjem på plass (jf. omtale nedanfor).

Forslaga til prosedyrar
- Ein tenkjer seg at første fase for land som vil gjere bruk av gjeldsinitiativet er ein prøveperiode på 3 år, der landa må demonstrere vilje og evne til å følgje ein økonomisk politikk som kan gi grunnlag for ei berekraftig utvikling. I denne perioden får ikkje landa lette i gjeldsbetalinga ut over ordningane dei alt har. Land som alt fører ein slik fornuftig politikk og som fullt ut har utnytta dei gjeldsletteordningane som gjeld i dag, kan gå direkte over i neste fase.
- Etter første fase gjennomfører IMF og Verdsbanken i fellesskap ei omfattande evaluering av gjeldssituasjonen i landet i eit 20-års perspektiv. Dersom omlegging av den økonomiske politikken og full utnytting av eksisterande ordningar etter den første fasen viser seg å vere utilstrekkeleg for å få kontroll over gjeldssituasjonen, går landet over til andre fase. Ein vil følgje ei land-for-land-tilnærming, og praktisere noko fleksibilitet.
- I andre fase skal landet gjennomføre tilpassingstiltak for 3 nye år. Under denne fasen skal kreditorane gi tilbod om gunstigare vilkår enn dei som gjeld i dag. IMF eller Verdsbanken har som føresetnad at Parisklubben gir opptil 90 % lette i løpande betalingsplikter. Ein reknar òg med at andre kreditorar gir tilsvarande vilkår. Parisklubben har på si side så langt berre vedteke å gi slik lette på maksimum 80 %
- Dersom ein etter ei samla vurdering finn at landet ved avslutninga av den andre fasen ikkje har fått gjeldsbøra ned på eit akseptabelt nivå, kjem multilaterale institusjonar inn med supplerande finansieringstiltak. IMF vil kunne gi eit spesielt ESAF-lån, eller ei gåve vil bli innbetalt til ein spesiell konto som i nokon mon kan dekkje gjeldsbetalinga til IMF. Parallelt vil det på Verdsbanksida bli etablert eit Trust Fund for å ettergi gjeld til Banken. Dette vil bli supplert med bruk av delar av Verdsbanken sitt nettooverskott. For Verdsbanken er det tale om bruk av delar av løpande overskott til dette formålet. Finansieringstiltaka frå Bretton Woods-institusjonane skjer likevel først etter at ein meiner at ein har oppnådd tilstrekkelege tilsegn frå andre kreditorar/donorar.

       På årsmøtet i IMF og Verdsbanken hausten 1996 blei gjeldsinitiativet endeleg godkjent. Nokre få land kan allereie no oppfylle krava til gjeldslette. Uganda er det landet som har kome lengst, og landet vil venteleg nå andre fase våren 1998.

       Det har vore omfattande drøftingar om institusjonane sine bidrag frå eigne ressursar. Verdsbanken vil bruke midlar frå eige nettooverskott (500 mill. dollar frå siste års overskott). Intensjonen er at bidraget frå Verdsbanken etter kvart skal komme opp i 2 mrd. dollar.

       For IMF sin del er drøftingane om korleis organisasjonen skal finansiere sitt bidrag til gjeldsinitiativet enno ikkje avslutta. Leiaren i IMF, Michel Camdessus, har gjort framlegg om at bilaterale givarar bør stå for ei vesentleg påfylling av kapital og subsidiar til ESAF-ordninga. Han har òg reist spørsmålet om medlemslanda kan gi avkall på midlar som tidlegare er sette av som reservar, slik at dei kan brukast til å avvikle restansar til IMF. Spørsmål om gullgarantiar og sal av ein del av IMF si gullbehaldning har vore reist. Dei frigjorde midlane skulle investerast og avkastninga var tenkt til bruk for å sikre fullfinansiering av ei utviding av ESAF. Finansieringa er så langt ikkje klarlagt ut over at medlemslanda generelt har garantert for at heile finansieringa skal falle på plass.

       Innstramming i budsjetta i mange land reduserer utsiktene for store nasjonale bidrag til ESAF. Institusjonelle og legale forhold i fleire land, legg hindringar i vegen for å frigi noko av dei reservemidlane som er sette av for å gardere seg mot tap under ordninga for å avvikle restansar til IMF. Eit forslag om sal av delar av IMFs gullbehaldning vil bli gjennomført dersom ein kan samle 85 % fleirtal bak forslaget. Tyskland, Italia og Sveits har så langt sagt nei til dette. Eit førebels resultat av drøftingane er ein uttrykt intensjon om å « optimalisere avkastninga på IMFs reservar ». Om dette ein gong vil innebere gullsal eller om IMF vil gi utvida gullgarantiar til innskytarar av kapital til ei vidareføring av ESAF, er førebels uklart. Gullgarantiar møter innvendingar i lys av at dette vil binde ein del av gullbehaldninga til IMF.

       Noreg stør det nye gjeldsinitiativet fordi det grip tak i gjeldsproblema på ein heilskapleg måte, samstundes som opplegget byggjer på føresetnader om at debitorlanda skal gjere ein vesentleg eigeninnsats for å arbeide seg ut av gjeldsuføret gjennom ein vedvarande fornuftig økonomisk politikk. Når det gjeld finansieringa har Noreg gitt uttrykk for vilje til å yte sin del av kostnadene. Hovuddelen av finansieringa når det gjeld vidareføring av ESAF bør etter Noregs syn skje gjennom bilaterale bidrag. Saman med fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har Noreg likevel akseptert eit avgrensa gullsal for å sikre at naudsynt finansiering kjem på plass.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, viser til at utenlandsgjelden er en stor byrde for en del fattige land. En løsning på gjeldsproblemet er en forutsetning for at disse landene skal komme seg ut av fattigdommen og starte utviklingsprosessen. Slike tiltak bør imidlertid inngå i en helhetlig utviklingsstrategi for landene som kan legge grunnlaget for langsiktig økonomisk vekst.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti, Rød Valgallianse og representanten Stephen Bråthen, viser til det arbeid bl.a. IMF har startet for å redusere eller slette gjelden for de fattigste landene og legger til grunn at Norge vil være en pådriver i slike spørsmål.

       Flertallet viser til at Norge sammen med flertallet i den nordisk-baltiske valgkretsen har akseptert et avgrenset gullsalg for å sikre at nødvendig finansiering kommer på plass.

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar ellers redegjørelsen i meldingen til orientering.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil understreke betydningen av å håndtere enkelte lands gjeldsbyrde på en solidarisk måte. Disse medlemmer går inn for gjeldslette som en viktig del av norsk bidrag til internasjonal solidaritet. Verdensbanken bør ha et eget ansvar her for å bruke deler av sitt årlige overskudd til å finansiere gjeldsforhandlinger. Disse medlemmer er enig i at IMF omsetter deler av sin gullbeholdning for å finansiere gjeldsletteprogrammer. Dessuten er det viktig å høste erfaringer for å unngå at land på ny kommer i en bunnløs gjeldssituasjon.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse mener at IMFs politikk har ført til at mange u-land har blitt gjeldsslaver. De såkalte gjeldsordninger som er omtalt i dette kapittelet vil ikke lette situasjonen vesentlig for disse landene. Dette medlem går derfor inn for å slette gjelden til u-landene. Norge bør derfor påvirke IMF og Verdensbanken til å føre en politikk som gir reell bistand til u-land og ikke gjøre dem til gjeldsslaver.

5.1 IMF sin tilgang på finansielle ressursar

Samandrag

       I samsvar med statuttane i IMF går ein gjennom behovet for justeringar av kvotane kvart femte år. Det krevst 85 % fleirtal i styret og samtykke frå minst 60 % av medlemslanda for all endring av kvotar. Arbeidet med den ellevte revisjonen av kvotar tok til i 1995 og skal etter planen avsluttast i 1998. Ved den ellevte revisjonen skal det nyttast data opp til 1993. Det er no drøftingar om kor mykje medlemslanda sine kvotar i alt skal aukast og korleis fordelinga skal vere. Saman med den nordisk-baltiske valkrinsen har Noreg gått inn for ein snarleg og vesentleg auke av kvotane for å sikre at IMF har tilstrekkelege finansielle ressursar til å møte finansielle behov hos medlemslanda. Valkrinsen har meint at det på grunn av rask vekst i verdsøkonomien er behov for opptil ei dobling av ressursane til IMF.

       Noreg og valkrinsen har akseptert at hovudtyngda i den ellevte kvoteauken skjer ved ei forholdsmessig fordeling på medlemslanda. Frå valkrinsen, og særleg frå norsk side, har ein likevel meint at ein ikkje uvesentleg del av den totale auken skal setjast av for selektiv auke i kvotar. Fleire land har framleis kvotar som samsvarar dårleg med det den økonomiske situasjonen skulle tilseie. Dette gjeld særleg for land som har hatt stor økonomisk vekst dei seinare åra.

       I 1969 fekk IMF fullmakt til å skrive ut spesielle trekkrettar, SDR, for å hjelpe til å dekkje eit pårekna behov for internasjonal likviditet og internasjonale reservar.

       SDR er IMF sitt instrument for å tilføre internasjonal likviditet dersom ein skulle få ein langsiktig, global mangel på likviditet. I dei seinare åra har det vore delte oppfatningar i styret om kva som skulle forståast med langsiktig global mangel på likviditet. Somme har meint at globalt behov ikkje treng innebere at ein stor majoritet av medlemslanda på samme tid har mangel på likviditet. Dei har meint at regionale problem kan tolkast inn i dette. Andre meiner derimot at dagens effektive kapitalmarknad vil forsyne verdssamfunnet med naudsynt likviditet så lenge medlemslanda fører ein fornuftig økonomisk politikk. Slike motsetningar har gjort det vanskeleg å få oppslutning om nye tildelingar av SDR. Det har òg vore delte oppfatningar innan den nordisk-baltiske valkrinsen om behovet for ei generell tildeling. Frå norsk side har ein gått inn for ei moderat generell tildeling.

       Styret i IMF har vore av den oppfatning at det er urettferdig at nye medlemsland, inkludert transformasjonsøkonomiane, ikkje har fått tildelt SDR, og då heller ikkje får same tilgangen som andre til dette reservesystemet. På bakgrunn av dette er det gjort framlegg om at det skjer ei målretta tildeling av SDR, i første rekkje bestemt for nye medlemsland. Tildeling på denne måten blir ein eingongsoperasjon, som har som føresetnad at det blir gjort ei endring i statuttane for IMF. For dette formålet har leiinga i IMF gjort framlegg om ei tildeling på 26,6 mrd. SDR (om lag 250 mrd. norske kroner). Fleirtalet i den nordisk-baltiske valkrinsen har slutta seg til ei slik målretta tildeling.

       Den økonomiske krisa i Mexico i 1994/1995 viste at det kan komme situasjonar der det er behov for store utlån frå IMF. Røynslene frå handteringa av krisa i Mexico indikerte at det var behov for å auke dei ekstraordinære midlane som blei stilte til rådvelde for IMF. Med dette som bakgrunn er det etablert ei utvida ordning som aukar IMFs tilgang på ekstraordinære midlar til eit samla beløp på opp til 34 mrd. SDR (om lag 320 mrd. norske kroner). Styret i IMF har godkjend NAB-ordninga (New Arrangements to Borrow). I alt er 25 land med ordna økonomi inviterte til å ta del i NAB-ordninga, jf. vedlegg 2. Før NAB kan komme i funksjon, må ordninga godkjennast av desse kreditorlanda.

       Noreg er anmoda om å vere med på den utvida ordninga NAB. Noregs del er sett til 383 mill. SDR eller vel 3,5 mrd. kroner. I St.prp. nr. 50 (1996-1997) har Regjeringa gjort framlegg om at Stortinget samtykker i at Noreg sluttar seg til NAB-avtalen.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Senterpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Flertallet viser for øvrig til komiteens innstilling til St.prp. nr. 50 (1996-1997) som er avgitt samtidig med denne innstilling.

       Komiteens medlemmer fra Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti viser til merknader i Innst.S.nr.196 (1996-1997) (jf. St.prp. nr. 50 (1996-1997)) hvor disse medlemmer gikk mot at Norge bevilger 3,5 mrd. kroner til NAB-avtalen.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse tar redegjørelsen i meldingen til orientering.

5.2 Bruken av ressursane til IMF

Samandrag

       Ved utgangen av finansåret 1996 (30. april) var IMF sine uteståande lån på 42,04 mrd. SDR (om lag 395 mrd. norske kroner).

       Lån til Mexico og Russland har lagt særleg belastning på dei finansielle ressursane til IMF dei siste to åra.

       Det er i meldinga gjort nærare greie for dette.

       Uteståande restansar på medlemslanda sine lån frå IMF utgjorde ved utgangen av september 1996 2,2 mrd. SDR. Nivået på uteståande restansar er redusert over dei siste åra. Dette er eit resultat av ein eigen strategi som blei utforma i 1990. Strategien inneheld tre nøkkelelement: førebygging, intensivert samarbeid og tiltak gjennom sanksjonar.

       Avhengig av kor lenge restansane er blitt ståande, kan ulike sanksjonstiltak setjast i verk. Røysteretten landet har i IMF kan bli suspendert, og i siste omgang startar IMF ein prosedyre som kan føre til at landet blir tvinga til å trekkje seg som medlem. Sudan er døme på eit land der denne prosedyren tok til, fordi restansane til IMF hadde vore uteståande i mange år, samtidig som landet ikkje gjorde teikn til at det ville ta opp att samarbeidet med IMF. Periodevis har Sudan seinare vist vilje til å samarbeide med IMF for å løyse problema. Men samarbeidsviljen har svinga så sterkt over tid at spørsmålet om avslutning av medlemskapen på nytt kan komme opp til behandling i styret for IMF. Tvungen tilbaketrekkjing av medlemskap i IMF krev vedtak med 85 % fleirtal i Guvernørrådet.

       Noreg og dei andre landa i den nordisk-baltiske valkrinsen har sett det som sers viktig at problem i samband med restansar må taklast på ein effektiv måte ettersom restansar elles kan undergrave det finansielle grunnlaget til organisasjonen og viljen til medlemslanda til å gjennomføre avtalte program med Fondet.

       I samband med klarering av Zambia sine restansar til IMF blei Noregs Bank saman med styresmakter i andre land oppmoda av IMF om å yte eit kortsiktig SDR-lån til Zambia. Det galdt eit såkalla « brubyggingslån. » Arrangementet gjekk ut på at Zambia lånte til saman 830 mill. SDR (ca 7,8 mrd. norske kroner) frå fleire land, inklusive Noreg. Pengane blei deretter overført til IMF som oppgjer for betalingsrestansar. Dermed fekk Zambia på nytt status som medlem med rett til lån og betalte med ein gong tilbake brubyggingslånet ved å trekkje på SAF/ESAF-lån i IMF. Alle transaksjonane skjedde såleis ved interne overføringar mellom konti i IMF og ved ein operasjon innanfor same dagen. På bakgrunn av at Noreg har ein sterk utanriksøkonomi, fekk Noregs Bank spørsmålet om å bistå i operasjonen med eit lån på 50 mill. SDR (ca 470 mill. norske kroner). Lånet frå Noregs Bank blei gitt og innfridd 6. desember 1995 etter tidlegare godkjenning frå Finansdepartementet. Transaksjonen førte ikkje til kostnader for Noregs Bank i form av gebyr eller rentetap.

       Denne typen lån er gjennomført fleire gonger tidlegare med andre deltakarland og med norsk deltaking. At Noregs Bank er med her, må ein sjå i lys av interessa frå norsk side for å yte bidrag til at operasjonar i regi av IMF kan gjennomførast på ein smidig måte.

       Operasjonar som denne blir styrte direkte frå IMF og inneber ein minimal risiko for Noreg. På bakgrunn av dette har Finansdepartementet gitt Noregs Bank fullmakt til å yte denne typen av mellombels lån.

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til orientering.

Samandrag

       Ein konsolideringsprosess når det gjeld det administrative budsjettet til IMF tok til med verknad frå budsjettåret 1996 (april 1995 - april 1996) og blei vidareført inn i budsjettåret 1997. Administrative utgifter er reelt sett blitt noko lågare gjennom desse finansåra. Ein tek òg sikte på at utgiftsnivået skal haldast på konstant nivå nominelt sett i finansåret 1998.

       På slutten av 1960-talet forma IMF ein langsiktig strategi for å samle staben i eitt bygg. Hovudkvarteret blei innretta slik at ein kunne ekspandere noko over tid dersom behovet for dette skulle oppstå. Trass i dette viste det seg på slutten av 1980-talet og starten av 1990-åra at det no var eit varig behov for meir plass. På bakgrunn av dette blei det vedteke å kjøpe ein bygning i nabolaget. Dette gjorde det mogleg å utvide hovudkvarteret, som samanlikna med andre alternativ gav lågare kostnader. Figur 8.1 i meldinga illustrerer kapitalbudsjettplanen for 1996-2001. Planen omfattar utgiftene til å fullføre byggjeprosjektet og kapitalutgifter til å skifte ut gammalt datautstyr.

       Samla administrative utgifter til drifta av IMF i finansåret 1997 utgjorde 490 mill. SDR (ca 4,6 mrd. norske kroner).

Merknader frå komiteen

       Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til etterretning.

       Komiteens medlem fra Rød Valgallianse, tar redegjørelsen i meldingen til orientering.


       Komiteen viser til meldinga og til det som står foran og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       St.meld. nr. 45 (1996-1997) - om internasjonale valutaforhold og verksemda i Det internasjonale valutafondet (IMF) - vert lagt ved protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 15. mai 1997.

Bjørnar Olsen, Kjell Engebretsen, Per-Kristian Foss,
leiar. ordførar. sekretær.