Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 1

Brev fra Kommunal- og arbeidsdepartementet, statsråden, til Stortingets kommunalkomité, datert 12. desember 1996.

Svar til kommunalfraksjonen i KrF i samband med handsaminga av St.prp. nr. 19 (1996-1997) samordning av Kommunal- og arbeidsdepartementets bostøtteordning og Sosial- og helsedepartementets botilskuddsordning

       Eg viser til brev av 4. desember 1996 med spørsmål i samband med behandlinga av St.prp. nr. 19 (1996-1997).

Spørsmål 1.

Kan departementet gi en oversikt som viser de reelle boutgiftene som tidligere mottakere av bostøtte og tilskudd til reduksjon av boutgifter har? Vi tenker da bl. a på følgende grupper:

- beboere i kommunale trygdeboliger
- beboere i omsorgsboliger
- beboere som har kjøpt boliger på de åpne markedet (eierleiligheter/ borettslagsleiligheter)?
- barnefamilier

       Med reelle boutgifter menes faktiske utgifter til renter og avdrag, husleie, eigendomsskatt og festeavgift.

Svar 1

       Buutgiftene som er rapporterte under er summen av renter og avdrag på lån knytte til bustaden, både lån i private kredittinstitusjonar og husbanklån, husleige, utgifter til indre vedlikehald (sjablon), driftsutgifter (forsikringar og ytre vedlikehald), kommunale avgifter, eigedomsskatt og festeavgift.

       For Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning er opplysningane baserte på heile mottakarmassen. For Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning er opplysningane baserte på eit utval på 40 % av mottakarmassen. Opplysningane om buutgifter i butilskotsordningen er baserte på dei buutgifter husstanden faktisk har. Kommunane har høve til å setje øvre grenser for buutgifter. Om dette blir gjort går ikkje fram av dei opplysningane vi har fått frå kommunane. Dette inneber at utrekningar av butilskot på dette grunnlaget, gir det butilskotet som husstanden maksimalt kan få. Dette inneber at butilskotsreduksjonen. som følgje av samordninga. blir lavere enn det ein får når ein legg desse opplysningane til grunn.

       I det statistikkgrunnlaget vi har direkte tilgang til, er buutgiftene fordelte på buformene eige, leige- og burettslagsleiligheiter. Ei slik fordeling fordelt på målgruppene, vil etter departementets vurdering, gi ei dekkande skildring av dei gruppene som er refererte til i brev av 4. desember. I all hovudsak er leigebustader til gruppene alders-, uføre- og etterlattepensjonistar, kommunale leigebustader, det vil seie trygdebustader eller omsorgsbustader.

Tabell 1 Fordeling i % av butilskotsmottakarane etter eigeform, trygdetype, husstandsstorleik og buutgift. Alders- og etterlattepensjonistar

  Under 10.000 kr 20.000 kr 30.000 kr 40.000 kr Over Talet på
  10.000 - 20.000 - 30.000 - 40.000 - 50.000 50.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr kr
Leige:                     
1 person 3 47 33 12 3 2 6.771
2 person
eller
fleire 1 18 32 18 13 16 66
Burett:                     
1 person 1 26 35 26 10 2 5.311
2 person
eller
fleire 1 8 27 36 23 5 395
Eige:                     
1 person 43 38 11 5 2 1 3.440
2 person
eller
fleire 18 38 21 10 8 5 325


       Vi kan sjå av tabellen at det er særs få husstanaer i gruppa alders- og etterlattepensjonistar som har høge buutgifter. Om lag 95 prosent i gruppa som leiger ein bustad har buutgifter under 40.000 kroner. Tilsvarande tal for dei som eig er om lag 96 prosent og for dei som bur i burettslagsleilegheiter om lag 86 prosent. Av tabellen kan ein også sjå at om lag 95 prosent av mottakarane er einpersonshushald.

       I tabell 2 er det vist tilsvarande tal for uførepensjonistane

Tabell 2 Vekta fordeling i % av butilskotsmottakarane etter eigeform, trygdetype, husstandsstorleik og buutgift. Uførepensjonistar

  Under 10.000 kr 20.000 kr 30.000 kr 40.000 kr Over Talet på
  10.000 - 20.000 - 30.000 - 40.000 - 50.000 50.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr kr
Leige:                     
1 person 2 27 29 31 8 3 2.921
2 person
eller
fleire 0 13 29 18 14 25 169
Burett:                     
1 person 1 11 24 32 23 8 4.181
2 person
eller
fleire 0 4 11 33 33 17 213
Eige:                     
1 person 15 20 25 20 10 11 1.591
2 person
eller
fleire 4 9 13 19 21 35 142


       Tabell 2 viser at fordelinga av buutgiftene til uførepensjonistar viser ei anna fordeling enn buutgiftene til alders- og uførepensjonistane. Jamt over er buutgiftene til denne gruppa høgare. På den bakgrunn gir ein unge uføre dispensasjon for buutgiftstaket ved at buutgiftstaket for hushald med fleire medlemmer blir lagt til grunn. Det vil seie at ein einsleg ufør kan få lagt til grunn buutgifter opp til 55.000 kroner.

       Tabell 3 viser buutgiftene til alders- og etterlattepensjonistar i Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning.

Tabell 3 Fordeling av bustøttemottakarane i pst etter eigeform, hushaldstype og buutgift. Alders- og etterlattepensjonistar.

  10.000 kr 20.000 kr 30.000 kr 40.000 kr Over Talet på
  - 20.000 - 30.000 - 40.000 - 50.000 50.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr
Leige:                  
1 person 7 31 38 17 7 22.214
2 person
eller fleire 0 4 31 46 19 169
Burett:                  
1 person 3 23 33 21 20 1.025
2 person
eller
fleire 0 4 13 33 50 56
Eige:                  
1 person 14 46 30 7 3 3.589
2 person
eller
fleire 1 11 31 29 27 135


       Av tabell 3 ser ein at alders- og etterlattepensjonistar som leiger sin bustad utgjer om lag 83 prosent av mottakarane i gruppa. Vidare ser ein at tyngdepunktet av mottakarane har buutgifter i intervallet 20-40.000 kroner.

       Tabell 4 viser buutgiftsfordelinga for uførepensjonistane.

Tabell 4 Fordeling av bustøttemottakere i pst etter eigeform, hushaldstype og buutgift. Uførepensjonistar

  10.000 kr 20.000 kr 30.000 kr 40.000 kr Over Talet på
  - 20.000 - 30.000 - 40.000 - 50.000 50.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr
Leige:                  
1 person 5 18 40 28 9 9.505
2 person
eller fleire 1 10 27 34 28 2.939
Burett:                  
1 person 1 14 30 29 26 2.379
2 person
eller fleire 0 4 13 25 58 1.918
Eige:                  
1 person 3 24 34 20 19 3.589
2 person
eller fleire 1 6 20 24 49 135


       Vi ser her det same biletet som for butilskotsmottakarane. Gjennomgåande har denne gruppa høgare buutgifter (slik de kjem fram i bustøtteregisteret) enn alders- og etterlattepensjonistane. Eit annet interessant moment er, at det i denne gruppa er eit langt større innslag av fleirpersonshushald.

       Nedenfor følgjer tabell for buutgifter til barnefamiliar fordelte på einslege barneforsørgjarar og andre barnefamiliar

Tabell 5 Fordeling av bustøttemottakarar i pst etter eigeform, hushaldstype og buutgift. Barnefamiliar

  10.000 kr 20.000 kr 30.000 kr 40.000 kr Over Talet på
  - 20.000 - 30.000 - 40.000 - 50.000 50.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr
Leige:                  
Einslege
forsørgjarar:                  
2 person
eller fleire 1 12 30 37 20 5.664
Andre barnefam.                  
2 person
eller fleire 1 8 22 34 36 3.242
Burett:                  
Einslege
forsørgjarar:                  
2 person
eller fleire 0 4 16 27 53 4.534
Andre barnefam.                  
2 person
eller fleire 0 3 10 24 63 900
Eige:                  
Einslege
forsørgjarar:                  
2 person
eller fleire 0 3 17 28 51 2.718
Andre barnefam.                  
2 person
eller fleire 0 4 16 22 58 707


       Det er ikkje foreslått endringar i bustøtten til barnefamiliar. Hovudformålet med samordninga er få til ei ordning retta mot brukergruppane alders-, uføre- og etterlattepensjonistar.

Spørsmål 2

Kan departementet gi en oversikt over hvilke kostnader den samme gruppen har til strøm, varme og kommunale avgifter?

Svar 2.

       Kommunale avgifter er irekna i buutgiftene som er skildrra i svaret over. Utgifter til lys og varme inngår ikkje i Kommunal- og arbeidsdepartementets bustøtteordning. For desse mottakarane har vi derfor ingen opplysningar om utgifter til lys og varme. Opplysningane om utgifter til lys og varme i Sosial- og helsedepartementets butilskotsordning er baserte på dei opplysningane departementet har fått inn frå kommunane og dekkjer om lag 40 prosent av butilskotsmottakarane. Det er vanskeleg å seie kor mykje av dette som er reelle utgifter og kor mykje som er sjablonar. Kommunane har i dag høve til å nytte sjablonar når dei fastset utgifter til lys og varme. Om lag 10 prosent av mottakarane av butilskot i utvalet har ikkje oppgitt verdi for lys og varme.

       Nedanfor følgjer ei fordeling av utgifter til lys og varme fordelte på same måte som under svar på spørsmål 1.

Tabell 6 Vekta fordeling av butilskotsmottakarane i pst fordelt på eigerform, hushaldstype, og utgifter til lys og varme. Alders- og etterlattepensjonistar

  0 kr 4.000 kr 6.000 kr 8.000 kr Over Talet på
  - 4.000 - 6.000 - 8.000 - 12.000 12.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr
Leige:                  
1 person 36 31 21 11 1 6.546
2 person
eller fleire 37 18 15 16 14 66
Burett:                  
1 person 25 39 24 11 1 5.311
2 person
eller fleire 13 32 28 24 4 395
Eige:                  
1 person 1 6 19 55 19 3.439
2 person
eller fleire 0 3 10 52 36 325


       Vi ser av tabell 6 at det er til dels mange som har særs høge utgifter til lys og varme. Spesielt gjeld dette for dei som bur i eigebustader. For gruppene som bur i leigebustader og burettslagsleiligheiter har om lag 90 prosent utgifter til lys og brensel på under 8.000 kroner.

       Nedanfor følgjer same tabell for uførepensjonistane.

Tabell 7 Veket fordeling av butilskotsmottakarane i pst fordelt på eigeform, hushaldstype, og utgifter til lys og varme.

  0 kr 4.000 kr 6.000 kr 8.000 kr Over Talet på
  - 4.000 - 6.000 - 8.000 - 12.000 12.000 mottakarar
  kr kr kr kr kr
Leige:                  
1 person 25 28 25 17 4 2.835
2 person
eller fleire 44 25 18 11 2 169
Burett:                  
1 person 17 33 28 20 2 4.180
2 person
eller fleire 15 19 27 30 9 213
Eige:                  
1 person 1 7 18 51 23 1.590
2 person
eller fleire 0 3 11 47 40 142


       Utgiftene til lys og varme for denne grupa viser same fordeling som for alders- og etterlattepensjonistar. Hovudvekta av mottakarane har utgifter under 8.000 kroner. Det er likevel mange som har særs høge utgifter til lys og brensel.

       Vi vil understreke at det er usikkert om desse utgiftene faktisk blir lagte til grunn ved utrekning av butilskot, slik at utrekningar baserte på desse utgiftene vil gi det husstanden maksimalt kan få i butilskot, og dermed maksimalt kva husstanden vil få i endring av støtte som følgje av samordninga.