Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1.Samandrag

       Dokumentet inneheld dette framlegget:

       « Stortinget ber Regjeringen oppnevne et bredt sammensatt utvalg som skal vurdere spørsmålet om et skille mellom stat og kirke, samt hvordan et slikt skille i så fall mest hensiktsmessig kan gjennomføres. »

       Forslagsstillarane meiner at staten i eit moderne samfunn ikkje bør setje eit bestemt trudomssamfunn i ei særstilling og slik diskriminere andre livssyn. Staten bør syne nøytralitet i trudomsspørsmål.

       Skild frå staten vil kyrkja kunne utvikle seg fritt, utan innblanding eller pålegg frå skiftande politiske fleirtal.

       Forslagsstillarane meiner prinsipielt at kyrkje og stat bør skiljast. Men i første omgang ønskjer dei ein reell debatt om spørsmålet, der alle partar har mogelegheit til å delta. Eit breitt samansett utval bør vurdere eit slikt skilje og korleis det bør gjennomførast, jf. SOU 1994:42, som konkluderer med at Svenska kyrkan blir skild frå staten frå 1. januar år 2000.

       Forslagsstillarane meiner ei slik grundig utgreiing bør avklare kven som reelt er medlemer av Den norske kyrkja. Eit skilje bør gjerast slik at det einskilde statskyrkjemedlemet må ta stilling til medlemskap. Økonomispørsmål bør vere avklara på førehand m.o.t. finansieringa av kyrkja og hennar fondsverdiar på over 600 mill. kroner. Drøftast bør òg naudsynt endring av Grunnlova og anna lovgjeving. Ei lov for alle trudoms- og livssynssamfunn vil vere naudsynt. Utvalet bør leggje fram ein gjennomføringsplan og evt. økonomiske konsekvensar.