2. Komiteens merknader
Fleirtalet i komiteen, alle utanom Framstegspartiet, konstaterer at det nordiske samarbeidet står framfor nye utfordringar etter utfallet av folkerøystingane om medlemskap i Europaunionen. Med Danmark, Finland og Sverige som medlemmer av EU, medan Norge og Island har basert sitt tilhøve til unionen på ein omfattande samarbeidsavtale (EØS), vil det vera nødvendig å drøfte grundig igjennom kva fylgjer den nye situasjonen kan få for tilhøvet mellom landa og arbeidet i dei nordiske samarbeidsorgana. Fleirtalet har merka seg at det framtidige samarbeidet skal drøftast på Nordisk Råds sesjon i Reykjavik på basis av ein rapport som vert utarbeidd av parlamentarikarane og regjeringane i fellesskap. Med utgangspunkt i behovet for å forbedre og fornye det nordiske samarbeidet, vil drøftingane omhandle så vel samarbeidsstrukturar, politisk innhald og bruk av ressursar. Utgangspunktet er at samarbeidet skal utviklast vidare i tråd med den breie folkelege støtte det har i alle nordiske land.
Fleirtalet har merka seg at drøftinga av samarbeidsperspektiv no blir forankra i tre overordna samarbeidsområde: nordisk identitet og samfunn, europeiske og andre internasjonale spørsmål, og tilhøvet til nordiske nærområde. Meldinga dokumenterer at det første området, ofte omtala som det tradisjonelle samarbeidet, stadig spenner over eit vidt felt. Kultur, utdanning og forsking, miljø, arbeidsmarknad og arbeidsmiljø, samt kommunikasjonar og juridiske spørsmål utgjer kjernepunkt i samarbeidet. Fleirtalet meiner denne breie kontaktflata for samhandling må førast vidare, men at ikkje alle område kan ha like stor vekt til ei kvar tid. Jamvel om mange saker framover vil vera knytt til EU eller avtaleverket i EØS, tilseier geografisk nærleik, språkfellesskap og felles verdiar at det spesifikt nordiske på naturleg måte blir ei viktig drivkraft i arbeidet framover. Serleg vil kultursamarbeidet stå sentralt. I den samanhengen vil fleirtalet understreke kor viktig det er at dei offisielle nordiske samarbeidsorgana utvidar og utdjupar kontakten med det frivillige organisasjonsarbeidet i Norden.
Fleirtalet sluttar seg til det meldinga seier om at landa i fellesskap bør sikre at Norden framleis blir verande eit område med open ferdsel, vidtgåande samarbeid og nære medmenneskelege kontaktar.
I ein situasjon der Danmark, Finland og Sverige er med i EU, medan Island og Norge står utanfor, meiner fleirtalet at det er viktig at dei nordiske landa aktivt tek del i eit nært samråd om spørsmål som er oppe til drøfting og avgjerd i EU/EØS-organ.
Fleirtalet meiner at også eit nært samråd om utanrikspolitikken vil vera av stor verdi i denne situasjonen. Dette kan gjera det mogeleg å oppretthalde ein nordisk profil i det internasjonale samfunn, dels ved eigne nordiske haldningar og initiativ der dette er naturleg, dels ved at slikt samråd kan gje større gjennomslagskraft til nordiske standpunkt når EU skal utforme sine haldningar.
Fleirtalet har merka seg at dei nordiske nærområda er blinka ut som eitt av dei tre overordna tyngdepunkta i det framtidige samarbeidet. Aktivitetane i nærområda går no inn som ein integrert del av samtlege satsingsområde innanfor den tradisjonelle delen av samarbeidet. Dette er med på å sikre at nordiske institusjonar og samnordisk kompetanse får koma til sin rett. Arktis, Barentsregionen og Baltikum er i dag dei viktigaste nærområda. Arbeidsprogrammet for 1994 opna også for aktivitetar i det nordvestlege Russland. Fleirtalet seier seg nøgd med denne utviklinga og vil på line med Regjeringa understreke at satsing i det nye området ikkje må føre til at samarbeidet med dei baltiske statane vert redusert.
Fleirtalet meiner at EU/EØS-spørsmål vil spela ei viktig rolle i det nordiske samarbeidet, særleg med tanke på behovet for samråd på regjeringssida. Arbeid med desse spørsmåla må skje utan at det genuine nordiske samarbeidet vert nedprioritert. Såvel parlamentarikarforsamlinga som regjeringssida har eit særleg ansvar for å forvalte verdiar og saker som har sitt opphav i det nordiske området ved å setja viktige spørsmål på dagsordenen. Vidareføring av den nordiske velferdsmodellen må stå sentralt i dette perspektivet. Fleirtalet meiner at fråsegna frå statsministarane datert 29. januar 1995 og innstillinga frå arbeidsgruppa med representantar frå parlamentarikarane og regjeringssida vil vera eit viktig grunnlag for debatten om det vidare reformarbeidet.
Fleirtalet er merksam på det reformarbeidet som er sett igang, med sikte på å kunne føre vidare samarbeidet mellom dei nordiske landa. Fleirtalet vil understreke at dette må liggje innfor dei prinsipielle rammene som i dag gjeld for den nordiske samarbeidsmodellen, spesielt med tanke på det naturlege skiljet som går mellom parlamentarikarsida og regjeringssida. Eit slikt prinsipielt standpunkt tilseier at det ikkje bør skje ei samanslåing av Nordisk Råds presidiesekretariat og ministerrådssekretariatet.
Komiteens medlem fra Fremskrittspartiet, Gundersen, henviser til at etter at Finland og Sverige er blitt medlemmer av EU, og alle andre nordiske land er EØS-medlemmer, vil det meste av det statlige samarbeide mellom de nordiske land naturlig finne sted innenfor EØS-systemet. Det vesentligste behov for et Nordisk Råd og et Nordisk Ministerråd er dermed bortfalt.
Samarbeidet på de områder som ikke er dekket av EØSs saksområde kan med fordel organiseres innenfor en normal samarbeidsramme, altså mellom de nordiske lands regjeringer og statsapparat. Eventuelt kan det etableres et Nordisk Kulturråd for det nordiske kulturelle samarbeide og en eventuell videreføring av de kulturelle institusjoner.