2. Forvalting av bilateral stønad til Sri Lanka
Riksrevisjonen har utarbeidd ein eigen rapport om ettersyn ved den stadlege representasjonen i Colombo, Sri Lanka. Denne er tilfredsstillande svara på av NORAD, og denne delen av undersøkinga reknar ein for avslutta.
Ein rammeavtale mellom Noreg og Sri Lanka vart inngått 3. desember 1986, og hovudinnsatsområda for norsk stønad er distriktsutvikling, miljøvern og velferdstiltak i plantasjesektoren, samt at det også vert ytt stønad utover det som er løyvd over landkapitlet, m.a. særskilte stønadsordningar, stønad via private organisasjonar, samarbeid med næringslivet og faglege organisasjonar. Total stønad i 1993 var på 83 mill. kroner.
I rapporten fra undersøkinga i 1992 i samband med den bilaterale stønaden til Sri Lanka er det gjort ein del generelle merknader. Somme av desse generelle tilhøva er dei same som for forvalting av bilateral stønad til Pakistan. Dette gjeld m.a. at tiltaka er i tråd med Stortinget sitt vedtak om mål for norsk stønad, og at NORAD synest å yte ein god innsats for at tiltaka skal bli vellukka. Også i Sri Lanka inneber dette at NORAD tek over oppgåver som etter avtalen er mottakarlandet sitt ansvar, m.a. at NORAD tek over ansvaret for utarbeiding av budsjett, innkjøp og betaling av løpande utgifter i staden for at desse vert dekte etter halvårlege refusjonsoppmodingar. Vidare gjeld det mangelfull dokumentasjon av kontroll med igangverande tiltak og at framdriftsdelen i prosjektstyringssystemet PLAN II er mangelfullt utfylt for dei tiltaka som vart gjennomgått trass i at det ligg føre instruks i NORAD om at dette skal gjerast.
Elles vart det understreka at:
- | Land til land-avtalane er ofte mangelfulle med omsyn til kva dei einskilde rapportane (budsjett, rekneskap osb.) skal innehalde, kva prinsipp rekneskapane skal førast etter, detaljeringsgrad, krav til avviksrapportering og kva samanheng det skal vere mellom dei einskilde rapportane. |
- | Det synest ikkje å vere nokon planmessig evaluering eller gjennomgåing av tiltaka. I distriktsutviklingsprogramma vert det i årlege møte avgjort om ein skal gå gjennom dei einskilde prosjekta. For andre tiltak er det ikkje vurdert om det skal gjerast ei nærare evaluering. Når det gjeld distriktsutviklingsprogramma, bør dei einskilde prosjektgjennomgåingane planleggast med eit lengre tidsperspektiv, og ved avtaleinngåing/forlenging bør det fastsetjast tid for større totalevalueringar. For mindre tiltak bør det avtalast at det skal gjerast ei sluttgjennomgåing med tanke på læring og vurdering av måloppnåing. |
NORAD har med å vise til ulike punkt i rapporten gjeve dei same generelle kommentarene som er refererte ovanfor i samband med rapporten om bilateral stønad til Pakistan.
Etter at NORAD hadde gjeve sine kommentarar, vart rapportane oversent Utanriksdepartementet til uttale ved brev 1. og 3. juni 1993.
Utanriksdepartementet har i brev 25. juni og 2. juli 1993 sagt seg i det store og heile samd i dei tilhøve som det er gjeve uttale om, og departementet har vidare uttalt m.a.:
« Av stor viktighet er arbeidet med å forbedre avtalene slik at disse i større grad blir forvaltningsmessige styringsverktøy. Gjennom utarbeidelse av standardmaler for avtaler og kontrakter forventer departementet at kravene til en klarere rollefordeling, rapportering, dokumentasjon og prosedyrer for konfliktløsning og reaksjonsmuligheter ved manglende oppfyllelse av forpliktelser vil bli ivaretatt. Av stor betydning for å bedre de forvaltningsmessige rutinene er også NORADs pågående arbeid med å utvikle en tiltakssyklus med vekt på å etablere rutiner som sikrer kontroll og dokumentasjon av at avtalemessige forhold ivaretas, samt arbeidet med å videreutvikle NORADs samlede system for økonomistyring (Plan II). Forbedringer i ovennevnte styringsverktøy sammen med den kompetanseoppbygging i tilknytning til disse spørsmål som foregår i NORADs organisasjon, gir departementet grunn til å forvente resultater i forvaltningen av norsk bilateral bistand generelt. » |
Riksrevisjonen konkluderer med at dei sakene som er nemde ovanfor strekar under behovet for klårare reglar og retningsliner for NORAD si forvalting av tilskott til bilateral stønad. Det synest frå NORAD si side å vere manglande oppfølging av dei inngåtte avtalar/plikter med utviklingslanda. Eit gjennomgåande trekk synest også å vere for ambisiøse mål, mangel på kvalifisert personell og for mange aktivitetar. Utanriksdepartementet har ikkje kommentarar til merknaden.
Riksrevisjonen gjer framlegg om at merknaden vert desidert « Til observasjon ».