4. Komiteens merknader
Kontroll- og konstitusjonskomiteen handsamar med dette det fyrste dokumentet etter at det frå Stortingets side er gjeve uttrykk for at det ville vere tenleg å presentere større saker som ikkje har direkte tilknytning til tidlegare års statsrekneskap, etter kvart som dei blir ferdighandsama i Riksrevisjonen. Komiteen er tilfreds med at det no blir utøvd slik praksis.
Komiteen viser til rapporten som Riksrevisjonen har utarbeidd i samband med ein gjennomgang av sider ved den økonomiske verksemda ved Norges landbrukshøgskole (NLH).
Komiteen har merka seg at det er føreteke ein kritisk gjennomgang og at ein på fire område - forsking, innkjøp, løn og avtaleinngåing - har påpeika manglande styring og oversikt. Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonens konklusjonar når det gjeld dei kritikkverdige tilhøva i samband med desse områda. Komiteen konstaterer samstundes at NLH, i samarbeid med Landbruksdepartementet, er i ferd med å rette opp dei kritikkverdige tilhøva og at Riksrevisjonen i sin rapport uttalar at « - man ser positivt på at det er iverksatt tiltak med tanke på forbedring av høgskolens styring ». Komiteen sluttar seg til Riksrevisjonens vurdering av det igangsette arbeidet.
Komiteen viser og til at komiteen i samband med handsaming av Riksrevisjonens konstitusjonelle antegnelsar til statsrekneskapet for 1992 (Dok.nr.1 (1993-1994)) sluttar seg til Riksrevisjonens kritikk av manglande oppfylgjing av Riksrevisjonens føresetnader når det gjeld innføring av nytt rekneskapssystem, jf Innst.S.nr.90 (1993-1994).
Komiteen viser til Riksrevisjonens merknader om forskingsverksemda og spørsmålet om høgskolen ville vere betre tent med ein utvida sentral styring av forskingsverksemda og om det bør etablerast felles nasjonale retningslinjer for forskinga. Riksrevisjonen reiser og spørsmålet om eigedomsrett til forskingsresultata. Komiteen viser til at det i dag ikkje fins felles nasjonale retningslinjer for forskingsverksemda ved universitet og høgskolar og til at komiteen ikkje har fagleg grunnlag for å ha sikre meiningar om fornuften av slike retningslinjer. Komiteen viser elles til vedlagte svarbrev frå Landbruksdepartementet og Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet. Sidan spørsmålet er reist av Riksrevisjonen, vil komiteen sjå det som ynskjeleg at spørsmålet blir vurdert nærare og ser det som mest naturleg at Regjeringa tek initiativ til ein slik vurdering, evt. i regi av Norsk Forskningsråd, og kjem attende ved eit seinare høve.