5. Konsernbidrag for særskattepliktige selskaper
Etter skatteloven § 10-3 første ledd andre punktum har mottakaren ikkje skatteplikt for den delen av konsernbidraget som givaren ikkje kan trekkje frå avdi det overstig den elles skattepliktige alminnelege inntekta. Dette gjeld ikkje konsernbidrag til eller frå særskattepliktige selskap der givar ikkje kan krevje frådrag etter reglane i skatteloven § 10-2. Slikt konsernbidrag blir dobbelt skattlagt, ved at det er skattepliktig for mottakaren sjølv om det ikkje gir rett til frådrag for givaren.
Omsyna bak reglane om konsernbidrag kan tale for at også konsernbidrag som ikkje gir rett til frådrag på grunn av særreglane for særskattepliktige selskap, burde vere skattefri hos mottakar. Skilnaden som er oppstått mellom særskattepliktige og andre selskap på dette området synest ugrunna og er neppe tilsikta.
I motsetning til utbytte, er konsernbidrag ikkje omfatta av regelen i skatteloven § 2-38 sjette ledd om inntektsføring av tre prosent av inntekt som er skattefri etter fritaksmetoden (treprosentregelen). Konsernbidrag kan til ein viss grad nyttast som alternativ til utdeling av utbytte, og konsern kan dermed bruke konsernbidrag til å redusere verknadene av treprosentregelen. Konsern med særskattepliktige selskap, som i praksis ikkje kan gi eller få konsernbidrag, blir dermed hardare ramma av treprosentregelen enn andre konsern.
Departementet foreslår derfor at også konsernbidrag som givaren ikkje får frådrag for på grunn av reglane i skatteloven § 10-2 andre ledd, blir skattefrie for mottakaren. Særskattepliktige selskap vil då kunne gi konsernbidrag i staden for utbytte. Ein viser til utkast til endring i skatteloven § 10-3 første ledd.
Ein foreslår at endringa gis verknad for konsernbidrag som vedtas frå og med 2009.
Sidan overskotet fram til innføringa av treprosentregelen har blitt overført som skattefritt utbytte, vil endringa ikkje ha verknader for provenyet. Etter departementet sine vurderingar vil endringa heller ikkje ha monalege administrative verknader.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.