4. Omtale av problemstillinger der det ikke blirforeslått lovendringer
- 4.1 Sammendrag
- 4.2 Komiteens merknader
Departementet gjer i proposisjonen greie for forhold der lovendringar er vurderte, men der departementet ikkje fremjar noko lovendringsforslag. Alle problemstillingane har vore i fokus ved evalueringa av valet i 2007 og vart tekne opp i høyringsnotatet.
Det følgjer av vallova §§ 8-4 (3) og 9-5 (2) at ein veljar som er ukjent for røystemottakaren, skal legitimere seg.
Desse føresegnene vart innførte før valet i 2007. Det er ein grunnleggjande regel i eit demokratisk samfunn at kvar veljar berre får godkjent éi røyst. Eit effektivt verkemiddel for å sikre dette er krav om at alle veljarar skal legitimere seg for å få røyste. Eit slikt krav vil òg hindre at det oppstår tvil om det har vore juksa. Mistanke om juks på grunn av manglande krav til å vise legitimasjon kan svekkje tilliten veljarane har til valsystemet.
Tidlegare inneheldt vallova føresegner om at røystemottakaren kunne krevje at veljaren legitimerte seg. Reglane vart praktiserte ulikt i kommunane. Ved valet i 2005 var det enkelte oppslag i media om at veljarar fekk røyste utan at dei måtte legitimere seg. Det vart vist til at ein ikkje kunne sjå bort frå at ein før eller seinare ville kunne oppleve freistnader på valfusk på dette grunnlaget. Internasjonale valobservatørar rådde til at det vart innført krav om obligatorisk veljarlegitimasjon for å få røyste.
Kravet til legitimasjon er ikkje absolutt. Dersom den som tek imot røysta, kjenner veljaren, treng ikkje veljaren å vise legitimasjon. Ved røysting på institusjonar, til dømes sjukeheimar, aldersheimar og fengsel, kan identiteten til veljaren stadfestast av ein tilsett ved institusjonen. Dette unntaket vart innført fordi desse veljarane er i ein situasjon der dei ikkje lett kan hente eller skaffe legitimasjon.
Det vart frå departementet sett i gang ein omfattande informasjonskampanje før valet for å informere om det nye kravet. Departementet bad kommunane melde tilbake dersom veljarar vart avviste på grunn av manglande legitimasjon. Departementet har motteke svar frå om lag 200 kommunar. I desse kommunane ser det ut til at til saman 63 veljarar har vorte avviste fordi dei ikkje hadde legitimasjon (her har ein ikkje rekna med veljarar som hadde gløymt legitimasjon). Om lag halvparten av desse veljarane høyrde heime i Oslo og Bergen. Ein har ikkje tal på kor mange som eventuelt ikkje møtte opp fordi dei ikkje hadde legitimasjon. I lys av dei mange krava til legitimasjon ein har i samfunnet elles, meiner departementet det likevel ikkje er grunn til å tru at dette talet var særleg høgt. Departementet har vidare ikkje grunnlag for å tru at særleg mange har vorte avviste i dei kommunane som ikkje har sendt tilbakemelding til departementet. Tilbakemeldingar i evalueringsrunden våren 2008 støttar dette.
I evalueringsrunden våren 2008 vart kommunane spurde om det nye kravet til legitimasjon førte til spesielle problem, og om det var sett i gang særskilde tiltak. Dei fleste kommunane melde tilbake at det ikkje har vore særlege problem i samband med kravet om legitimasjon for å få røyste. I mange kommunar er det små forhold, og "alle kjenner alle".
Departementet held i proposisjonen fast på synspunktet frå høyringsnotatet og vil ikkje føreslå endringar i legitimasjonskravet eller ei ordning med gratis legitimasjon. Det har i høyringsrunden ikkje komme fram opplysningar eller innspel som endrar den prinsipielle vurderinga til departementet.
Når det gjeld bruk av reisebevis for flyktningar og utlendingspass som legitimasjon ved val, viser departementet til at dette er avhengig av om desse dokumenta tilfredsstiller krava til legitimasjon ved val.
Vallova § 8-3 og valforskrifta § 26 fastset at førehandsrøystinga skal gå føre seg i eigna og lett tilgjengelege lokale, der alle veljarar kan ta seg inn utan at dei må be om hjelp. Det er valstyret som peiker ut røystemottakarar og kvar ein skal ta imot førehandsrøyster. Valstyret er forplikta til å ta imot røyster på helse- og sosialinstitusjonar. Lokala som blir nytta til førehandsrøysting, skal vere lagde til rette på ein slik måte at veljarar kan ta seg inn utan at dei må be om hjelp. Dersom eitt eller fleire lokale i kommunen ikkje oppfyller dette kravet, må valstyret i utgangspunktet setje i verk tiltak som gjer lokala tilgjengelege for veljarane, som til dømes å setje opp ein rullestolrampe.
Valstyret kan ta imot førehandsrøyster heime hos personar som bur i trygde- og omsorgsbustader når desse har tilknyting til helse- og sosialinstitusjonar (valforskrifta § 25).
Kommunane skal kunngjere tid og stad for førehandsrøystinga (valforskrifta § 24). Kommunane sjølve fastset opningstider. Lova byggjer likevel på ein føresetnad om at det kvar dag (måndag–fredag) i heile perioden skal vere mogleg å røyste på førehand på minst éin stad.
Vallova fastset i § 8-3 sjette ledd at veljarar som held til innanriks, bortsett frå på Svalbard og Jan Mayen, og som på grunn av sjukdom eller uførleik ikkje kan røyste i eit vallokale, etter søknad til valstyret kan be om å få røyste på førehand der dei held til. Valstyret skal sjølv fastsetje ein frist for når søknaden må ha komme inn til kommunen. Fristen skal fastsetjast til eit tidspunkt innanfor perioden mellom tysdag og fredag siste veka før valet, og fristen skal vere kunngjort.
For å hindre utilbørleg påverknad og sikre integritet ved valhandlinga skal det ved ambulerande røystemottak vere minst to røystemottakarar til stades, jf. vallova § 8-4 fjerde leddet.
Departementet vil ikkje rå til at det blir lovfest bestemte stader for førehandsrøysting utover dei som alt ligg i vallova. Evalueringa viser at lokale tilhøve må vere utslagsgivande for kva lokale som blir nytta. Dersom ein krev at det skal vere røystegiving på bestemte stader, kan dette ha uheldige konsekvensar.
Høyringsinstansane er stort sett samde med departementet i at reglane slik dei er i dag, bør førast vidare. Kommunane peiker på at lokala må vere godt tilgjengelege på alle måtar, det vil seie både når det gjeld offentleg kommunikasjon, haldeplassar, parkeringsplassar, trinnfri inngang, gode lystilhøve osv.
Slik departementet vurderer det, viser evalueringa etter valet i 2007 at kommunane har god tilrettelegging for førehandsrøysting, noko også det stigande talet på førehandsrøyster kan vere med og stadfeste. Departementet vil etter valet i 2009 vurdere på nytt om førehandsrøysting ved vidaregåande og høgare utdanningsinstitusjonar bør fastsetjast i lov.
Kommunane sluttar seg stort sett til vurderingane frå departementet når det gjeld opningstider ved førehandsrøystemottak.
Departementet finn ikkje grunnlag for å lovfeste bestemte opningstider. Opningstidene bør vere tilpassa dei lokale tilhøva, mellom anna ut frå kor mange røysteføre det er, og geografiske tilhøve.
Departementet understreker at det er viktig at veljarane får høve til å røyste på tidspunkt som passar dei, og at det blir lagt godt til rette for røysting. I ein travel kvardag kan det vere vanskeleg å finne tid til å røyste. Særleg kan det vere problematisk dersom vallokalet ikkje er tilgjengeleg etter arbeidstid. Kommunane bør derfor vurdere opningstidene nøye.
Departementet meiner at det er grunn for kommunane til å vurdere å ha langope fleire dagar, særleg mot slutten av perioden med førehandsrøysting, og å opne tidlegare om morgonen enn det som har vore praksis til no. Kommunane bør òg vurdere om dei skal ha langope minst ein dag i veka i heile perioden og dessutan kvar dag den siste veka. Siste fredag før valdagen kan det likevel, av omsyn til å få røystene fram i tide, vere grunn til å stengje tidlegare. Dette må vurderast lokalt. Kommunane bør òg vurdere å halde laurdagsope heile perioden.
Departementet vil etter valet i 2009 sjå nærmare på korleis kommunane praktiserar laurdagsopne og langopne opningstider. På dette grunnlaget vil departementet igjen vurdere om det er nødvendig med sterkare føringar på når det skal vere mogleg å røyste på førehand.
Eit fåtal har kommentert omtalen av ambulerande røystemottak i høyringsnotatet. Departementet held fast ved vurderinga si i høyringsnotatet om at det ikkje bør etablerast ei særskild ordning for ambulerande røystemottak på valdagen/valdagane.
Valmyndigheitene (fylkesvalstyra ved stortingsval og fylkestingsval, valstyra ved kommunestyreval) har ansvaret for å trykkje røystesetlar, jf. vallova § 7-1. Med heimel i lova § 7-3 har departementet fastsett føresegner om utføring og trykking av røystesetlar (valforskrifta §§ 19-20). I forskrifta § 21 er det fastsett at den tillitsvalde for kvar enkelt valliste har rett til å få den mengda røystesetlar vedkommande ønskjer.
Det er ikkje påbode å bruke dei røystesetlane valmyndigheitene let trykkje. Ein veljar kan til dømes bruke ein setel som er skriven for hand, ta kopi av ei godkjend valliste eller skrive ut den offisielle vallista frå Internett. Dersom veljaren har levert ein røystesetel med endringar, er det ikkje noko krav om at vedkommande har gjort endringane sjølv. Ein kan bruke ein røystesetel som er ferdig endra av andre. Det avgjerande er at veljaren i "enerom og usett" har gjort seg opp den meininga at han eller ho skal bruke den røystesetelen.
Ut frå det som er sagt i høyringsnotatet og tilbakemeldingane frå høyringsinstansane, finn departementet at det ikkje er grunnlag for å gjere framlegg om føresegner i lova som pålegg veljarane å bruke berre dei røystesetlane som er tilgjengelege i røystelokala. Heller ikkje finn departementet at det er grunn til å gjere framlegg om innskrenkingar i retten til å dele ut ferdig retta røystesetlar til veljarane med oppmoding om å bruke desse, ut over det som følgjer av gjeldande reglar.
Vallova § 4-2 fastset at eit røystestyre på minst tre medlemmer skal administrere røystinga i kvart vallokale dersom røystinga går føre seg på fleire stader. Kommunestyret – eller valstyret etter delegering – vel røystestyra.
I merknadene til paragrafen seier departementet at det er opp til kvart kommunestyre å avgjere korleis røystestyra skal oppnemnast og setjast saman (Ot.prp. nr. 45 (2001–2002), side 256).
Det er ikkje gitt nærmare reglar om valførleik til røystestyra. Dei vanlege reglane om val til kommunale nemnder i kommunelova § 14 vil da gjelde. Hovudregelen er at alle som har røysterett til kommunestyreval og fylkestingsval, er valføre. Unntak gjeld for visse grupper, til dømes tilsette i visse kommunale og fylkeskommunale stillingar. Personar som ikkje har nådd røysterettsalderen, kan veljast, men har ikkje plikt til å ta imot val, jf. kommunelova § 14 nr. 1 bokstav a siste punktum.
Det er ikkje noko forbod i lova mot å velje kandidatar som stiller til val, eller andre aktive politikarar til røystestyra.
Vallova har ikkje føresegner om valfunksjonærar. Det er likevel nokså vanleg at ein i tillegg til røystestyra peiker ut valfunksjonærar til å ta seg av dei praktiske oppgåvene, som rettleiing til veljarane, avkryssing i manntalet, kontroll av røystesetelbunkane i røysteavlukka, førebels oppteljing osv. I tillegg hjelper funksjonærane ved oppteljing og valoppgjer sentralt i kommunen. Desse funksjonærane er gjerne kommunalt tilsette eller pensjonistar, men det kan òg vere aktive politikarar.
Departementet meiner at både evalueringa etter valet og høyringa viser at det ikkje er noko sterkt ønske om lovreglar som avgrensar valførleiken til røystestyre for listekandidatar og andre politikarar. Departementet fremjar derfor ikkje noko forslag om slike reglar.
Departementet presiserer likevel at det er viktig at kommunane organiserer valavviklinga slik at det ikkje kan reisast tvil om alt går føre seg i samsvar med regelverket. Departementet vil oppmode kommunane til å vurdere særskilt om listekandidatar skal gjere teneste som medlemmer i røystestyra eller som valfunksjonærar. Det er viktig at listekandidatar og andre politikarar ikkje får slike roller at det kan stillast spørsmål om det skjer utilbørleg påverknad av veljarane.
Etter departementets meining bør kommunane òg leggje vekt på det omsynet IMDI er oppteke av. Det er viktig at røystestyra og gruppa av valfunksjonærar får ei slik samansetjing at innvandrarar er med på valavviklinga. Særleg gjeld dette i samband med lokalvala der utanlandske statsborgarar har røysterett. Dette kan gjere sitt til å styrkje kjensla i denne gruppa av at dei er ein likeverdig del av veljarkorpset, noko som igjen kan føre til auka valdeltaking.
Vallova § 9-5 (3) fastset dette når det gjeld framgangsmåten ved røystinga på valtinget:
"Velgeren skal i enerom og usett brette sammen stemmeseddelen slik at det ikke er synlig hvilken valgliste velgeren stemmer på. Velgeren leverer stemmeseddelen til stemmestyret, som stempler den med et offisielt stempel. Velgeren legger selv stemmeseddelen ned i en urne."
Av omsyn til veljarane er det i vallova § 9-5 (5) gjort unntak frå kravet. Her heiter det:
"Velger som har behov for det, kan selv be stemmestyret om å få nødvendig hjelp ved stemmegivningen."
Valforskrifta § 19 fastset at røystesetlane som skal brukast på valtinget,
"skal produseres på en slik måte at det ikke er mulig å se hva velgerne har stemt etter at stemmeseddelen er brettet sammen" og "… være i størrelse A5 eller være falset, eventuelt klargjort til falsing, til A5".
Dersom prosedyrane i lova og forskrifta blir følgde fullt ut, vil ingen andre enn veljaren vite kva for ei valliste han eller ho røystar på. Denne framgangsmåten ved røystinga vart innført med vallova frå 2002.
Tidlegare fastsette vallova at veljaren i "enerom og usett" skulle leggje røystesetelen ned i ein offisiell røystesetelkonvolutt, som han eller ho deretter la i ei urne på bordet til røystestyret.
Vallovutvalet gjorde i NOU 2001:3 framlegg om at ein burde gå bort frå å bruke konvolutt ved røystinga på valtinget.
I Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) slutta departementet seg til forslaget frå utvalet, og det fekk samrøystes tilslutning ved handsaminga i Stortinget.
Lova set krav til korleis røystesetlar som vert trykte av valmyndigheitene skal utformast, og har krav om at røystinga og bretting av røystesetelen skal skje i "enerom og usett". Slik departementet vurderer det, sikrar dette kravet til hemmeleg val. Det er likevel grunn til å peike på at det føreset at lova blir følgd.
Prinsippet om hemmeleg val er eit grunnleggjande prinsipp i ei demokratisk valordning. Dette prinsippet kjem til uttrykk i formålsparagrafen i vallova § 1-1. Den europeiske menneskerettskonvensjonen forpliktar medlemsstatane til å halde frie val "by secret ballot, under conditions which will ensure the free expression of the opinion of the people…"(norsk omsetjing: "ved hemmeleg røysting under tilhøve som sikrar at folket fritt får uttrykkje meininga si …"). Dette inneber at valmyndigheitene er forplikta til å leggje tilhøva til rette på ein slik måte at røystegivinga blir hemmeleg.
Det at det ikkje blir nytta røystesetel på valtinget, kan slik departementet vurderer det, ikkje i seg sjølv vere det same som at kravet til hemmeleg val ikkje er oppfylt. Det avgjerande må vere om valmyndigheitene har lagt tilhøva til rette på ein slik måte ("under conditions which will ensure") at veljarane røystar hemmeleg ("by secret ballot"). I desse prinsippa ligg det at kommunane har ei plikt til å leggje tilhøva til rette slik at veljarane kan røyste utan utilbørleg påverknad, og utan at andre kan kontrollere kva for ei valliste dei bruker. Styresmaktene må såleis leggje tilhøva til rette slik at ein ikkje kan hevde at denne plikta blir broten.
Hemmeleg val vil for det første seie at veljaren må kunne røyste usedd, uforstyrra og fortruleg. Kva den einskilde røystar, er personleg og privat i motsetning til open eller offentleg. For det andre skal alle spor slettast når ein veljar har røysta, slik at det ikkje vil vere mogleg å knyte røysta til ein person. Røystene som blir talde opp av valstyret, er med andre ord anonyme.
Slik departementet vurderer det, vil det ikkje vere mogleg å hindre at valfunksjonærar i visse tilfelle ser kva somme veljarar røystar. Det vil alltid vere veljarar som treng hjelp med røystinga, jf. vallova § 9-5 (5). Dette vil likevel ikkje seie at kravet til hemmeleg val er brote. Valfunksjonærane er underlagde teieplikt.
Slik departementet vurderer det, kan det sjå ut til at logistikken og gjennomføringa i vallokala på enkelte område ikkje har vore heilt i samsvar med krava til god tilrettelegging for hemmeleg røysting i alle kommunar. Dette gjeld særleg korleis manglande bretting av røystesetelen blir handtert, og rutinar for stempling av setelen. Tilbakemeldingane frå kommunane er tydelege på at talet på brettefeil har gått vesentleg ned. Innvendingane mot den ordninga vi har i dag, kan ein møte med praktiske tiltak. Det er grunn til å tru at ordninga etter kvart vil bli innarbeidd blant veljarane som ein naturleg del av valhandlinga.
Departementet meiner at det er røystestyret som har ansvaret for å sikre og sjå til at veljarane kjem ut frå avlukka med røystesetelen bretta korrekt. Dersom ein veljar ikkje har bretta setelen korrekt, må vedkommande visast inn i avlukket att. Veljaren skal velje ut røystesetelen sin og brette han utan at andre ser kva valliste han eller ho har nytta. Denne framgangsmåten skal hindre kjøp og sal av røyster. Ingen i vallokalet skal ha høve til å kontrollere at veljaren har røysta på ei bestemt valliste. Likeins skal veljaren ikkje ha høve til å kunne "bevise" at han eller ho har røysta som "avtalt". For å kunne sikre dette må setelen vere bretta korrekt når veljaren kjem ut av avlukket. I tillegg krev det gode rutinar rundt stempling av røystesetelen før han blir lagt ned i urna.
I 2002 vart det utarbeidd ein internasjonal standard om gjennomføring av val. Artikkel 35 i standarden fastset dette:
"The voter should collect his or her ballot paper and no one else should touch it from that point on."
Dersom veljaren leverer frå seg røystesetelen til den som skal stemple setelen, kan det hevdast at dette er i strid med ordlyden i den siterte føresegna, sjølv om setelen er bretta saman slik at ingen kan sjå kva valliste han gjeld. Departementet meiner at det er mogleg å støtte kravet i standarden utan at ein endrar lova, dersom ein går fram slik at veljaren legg den samanbretta setelen på bordet til røystestyret og held fast i han mens setelen blir stempla, utan at den som bruker stempelet, er i direkte fysisk kontakt med setelen. Kommunane må òg kunne velje ei løysing der veljaren stemplar setelen sin sjølv før han eller ho legg han ned i urna. Det er i alle tilfelle viktig at ein valfunksjonær kontrollerer handlinga.
Departementet understrekar elles at det ikkje ligg til røystestyret å kontrollere at ein veljar berre har éin røystesetel i handa. Røystestyret eller valfunksjonæren skal heller ikkje spørje veljaren om han eller ho eventuelt har eller skal røyste til begge vala. Er det openbert at veljaren har nytta ein annan setel som omslag, bør valfunksjonæren gjere veljaren merksam på dette. Det viktige er at ein har rutinar for stempling som sikrar kravet til at røysta til veljaren skal vere hemmeleg.
Det er eit ansvar for styresmaktene gjennom trygge prosedyrar og rutinar å leggje til rette for hemmeleg røysting. Departementet presiserer likevel at prinsippet om hemmeleg val ikkje berre inneber ei plikt for kommunane. Veljarane har òg eit ansvar når det gjeld å sørgje for at røystinga deira ikkje blir offentleg kjend. Dersom styresmaktene har gjort det ein rimelegvis kan krevje for at valet skal vere hemmeleg, kan dei ikkje lastast dersom veljarane går fram slik at det blir kjent korleis dei røystar. Heller ikkje eit system med røystesetelkonvolutt kan sikre hemmeleg val dersom veljarane ikkje følgjer opp ved at dei legg setelen i røystesetelkonvolutten inne i avlukket.
Departementet vil vurdere om det bør gjerast endringar i reglane i valforskrifta om røystesetlar. Utforminga og utsjånaden på røystesetelen er også viktige faktorar når ein skal leggje til rette for hemmeleg røysting. Fram til valet i 2009 vil departementet vurdere mellom anna om røystesetelen kan formast på ein annan måte som meir naturleg vil innby til bretting. Ein bør òg sjå på tiltak som kan betre utforminga av røystesetlane, som papirkvalitet og trykkjeteknisk utforming.
I alle vallokale bør det finnast informasjon om korleis setelen skal brettast. Den same informasjonen bør ein ha i avlukka, i tillegg til at det bør skrivast på sjølve røystesetelen. Departementet vil sjå nærmare på korleis slik informasjon best kan utformast og leggjast til rette.
Etter ei samla vurdering kan departementet ikkje sjå at vi med dei krava til hemmeleg røysting som er nedfelt i lov, føresegner og rutinar, bryt med nasjonale og internasjonale krav, sjølv om det ikkje blir nytta røystesetelkonvoluttar på valtinget. Den noverande ordninga inneber eit raskare og enklare valoppgjer enn det som var tilfellet under ordninga med å bruke røystesetelkonvoluttar. Ein slepp òg problemet med røystesetlar som må forkastast fordi dei ligg lause i urna. Dette er likevel ikkje avgjerande for vurderingane til departementet. Slik departementet vurderer det, er det fullt mogleg å innfri kravet til hemmeleg val dersom ein sikrar at føresegner og rutinar som er gitt i lovverket, blir følgde.
Departementet vil elles peike på at hyppige endringar av regelverket ikkje vil vere gunstig i seg sjølv, sidan det kan forvirre og gjere både veljarane og dei som skal praktisere reglane, usikre. Departementet er samd med Faglig Forum for Formannskapssekretærer i at det er viktig at reglar får verke ei stund. Evalueringa har dokumentert at veljarane er meir fortrulege med rutinane for korleis den praktiske gjennomføringa av røystinga går føre seg.
Komiteen viser til at det følger av valgloven §§ 8-4 (3) og 9-5 (2) at en velger som er ukjent for stemmemottakeren, skal legitimere seg. Denne forutsetningen ble innført i 2007. Komiteen har merket seg at det var svært få velgere som ble avvist ved valget i 2007. De fleste kommunene meldte tilbake til departementet at legitimasjonskravet førte til få problemer. Komiteen sier seg enig med departementet i at det ikke innføres endringer i legitimasjonskravet eller en ordning med gratis legitimasjon. Komiteen viser til at krav til bruk av reisebevis og utlendingspass som legitimasjon ved valg for flyktninger, er omtalt i Ot.prp. nr. 24 (2006–2007).
Komiteen viser til at valgloven § 8-3 og valgforskriften § 26 fastsetter at forhåndstemmegivningen skal foregå i egnede og lett tilgjengelige lokaler, der alle velgerne kan ta seg inn uten at de må be om hjelp. Om et lokale er egnet for å ta imot forhåndsstemmer, er avhengig av hva slags type aktivitet som ellers foregår der og om lokalet er universelt utformet. Komiteen har merket seg at evalueringen av det å ha et regelverk som åpner for lokale variasjoner, viser at dette fungerer svært godt. Komiteen er enig i at man bør fortsette med at lokale forhold bør være utslagsgivende for lokal tilrettelegging for forhåndstemning og at det ikke innføres en særskilt ordning for ambulerende stemmemottak på valgdagen/valgdagene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti mener at det er i demokratiets interesse at valgdeltagelsen blir så høy som mulig. Antall norske statsborgere bosatt i utlandet er, slik disse medlemmer har fått opplyst, anslått til 40 000 til 50 000 personer. Ved tidligere valg har de norske utenlandsstasjoner lagt ut departementets valginformasjon og retningslinjer på sine hjemmesider, men oppslutningen synes ikke å være god nok. Disse medlemmer ser gjerne at andre kanaler for informasjonsstrømmer blir tatt i bruk for denne velgermasse.
Disse medlemmer har fått opplyst at Sjømannskirken – Norsk kirke i utlandet – (de enkelte sjømannkirker) har bygget opp et informasjonsnettverk/e‑mail adresser til norske borgere innenfor deres geografiske område. På grunnlag av de sonderinger disse medlemmer har gjort overfor generalsekretæren for Sjømannskirken, er organisasjonen villig til å stille organisasjonens adresse- og e-mailsystem til rådighet forutsatt at departementet samtykker.
Disse medlemmer vil derfor be departementet om at det legges til rette for at Norsk kirke i utlandet (Sjømannskirken) på frivillig basis skal kunne medvirke til utsendelse av departementets valginformasjon og retningslinjer, samt fungere som stemmelokale – i første omgang for stortingsvalget 2009 – med det mål å kunne øke valgdeltagelsen innenfor gruppen norske statsborgere i utlandet.
Komiteen har merket seg at ingen av høringsinstansene gir uttrykk for at det skal være regler i loven som setter grenser for hva slags stemmesedler som skal benyttes, utover det som følger av gjeldende lov og forskrift. Det er heller ingen krav om at man skal regulere anledningen til å dele ut stemmesedler. Komiteen støtter derfor departementet i at det ikke er grunnlag for endringer i kravet til stemmesedler.
Komiteen er enig med departementet i at det ikke utarbeides regler som avgrenser valgbarheten til stemmestyre for listekandidater og andre politikere. Komiteen vil likevel understreke at det er viktig at kommunene organiserer valgavviklingen slik at det ikke kan reises tvil om at alt foregår i samsvar med lover og regler. Komiteen viser i denne sammenheng til valgloven § 4-2 og til Ot.prp. nr 45 (2001–2002) side 256.
Komiteen viser til valgloven § 9-5 (3) som fastsetter framgangsmåten ved stemmegivning på valgtinget. Valglovutvalget foreslo i NOU 2001:3 at en burde gå bort fra å bruke konvolutt ved stemmegivning på valgting. I Ot.prp. nr. 45 (2001–2002) sluttet departementet seg til forslaget, og det ble enstemmig vedtatt i Stortinget.
Komiteen har merket seg at det er svært få av kommunene som melder om at det oppstod feil ved bretting av stemmesedlene. Komiteen viser til at prinsippet om hemmelig valg er et grunnleggende prinsipp i en demokratisk valgordning. Komiteen sier seg enig i at det ikke blir benyttet valgkonvolutt på valgtinget, og mener at ordningen med bretting av stemmesedler sikrer at kravet til hemmelig valg er oppfylt. Det avgjørende må være om valgmyndighetene legger forholdene til rette slik at stemmegivningen blir hemmelig. Komiteen støtter derfor departementet i at det er fullt mulig å innfri kravet til hemmelig valg, uten stemmekonvolutt, dersom man sikrer at forutsetninger og rutiner som er gitt i lovverket, blir fulgt.