Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Evalueringen av valget i 2007

I etterkant av kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 har departementet evaluert måten valet vart gjennomført på i kommunane. Evalueringa etter det førre valet var noko meir omfattande enn ved tidlegare val. Fleire tema har vore undersøkte nærmare i denne evalueringa. Departementet har i tillegg halde eit eige valseminar der ulike tilhøve rundt valet vart tekne opp.

Departementet viser til at krava i vallova om å leggje til rette for hemmelege val og å sikre at veljarane ikkje blir utsette for utilbørleg påverknad når dei skal røyste, er overordna demokratiske prinsipp i vallovgivinga. Ei sentral problemstilling er derfor om lovgivinga inneheld tilstrekkelege og gode nok rutinar og mekanismar for å sikre desse krava. Ved valet hausten 2007 vart det somme stader sett fram påstandar om valfusk ved at nokre prøvde å kjøpe og selje røyster. Det vart påstått at valfunksjonærar freista å påverke veljarar inne i vallokalet, og det vart sett spørsmålsteikn ved ulike former for retteaksjonar. Det var ingen som vart funnen skuldig verken i å selje eller å kjøpe røyster. Det er elles ikkje noko som tyder på at valgjennomføringa ikkje har gått rett føre seg. Men slike påstandar eller mistankar kan utfordre tilliten til valsystemet. Evalueringa i kommunane har vore gjennomført ved ei spørjeundersøking. I tillegg har departementet fått tilbakemeldingar frå mange kommunar på særskilde tema og problemstillingar.

Departementet meiner at det er viktig ikkje å innføre endringar i systemet utan at det er klare behov og gode grunnar for dette. Eit viktig utgangspunkt for den nye vallova da ho kom i 2002, var å få eit robust og smidig regelverk utan store behov for stadige endringar. Gjennomføring av val krev at det blir etablert eit omfattande apparat i kvar enkelt kommune med mange detaljerte rutinar som alle valfunksjonærar må setje seg inn i. Valet blir gjennomført berre annakvart år og er dermed ikkje ei rutineoppgåve. All røynsle tilseier at alle endringar fører til ein del feil ved avvikling av val. Desse kan føre til at veljarar ikkje får røysta, eller at røystene blir forkasta. Departementet viser til at ferske endringar bør få verke ei tid før ein eventuelt gjer større endringar. Det er ikkje minst klokt å vere varsam med endringar som gjeld sjølve røystinga. Både radikale og hyppige endringar av valreglane bør ifølgje departementet vere sjeldne og bør ikkje setjast ut i livet med mindre openberre og gode grunnar for endring gjer seg gjeldande.

Slik departementet ser det, fordrar dette at ein er tilbakehalden når det gjeld endringar. Det bør vere eit mål at regelverket ikkje skal endrast med mindre dette er heilt nødvendig.

Valdeltakinga ved både kommunestyre- og fylkestingsvalet auka i 2007. Den offisielle statistikken frå Statistisk sentralbyrå viser at valdeltakinga ved kommunestyrevalet i 2007 var på 61,2 prosent, det vil seie ein auke på 2,2 prosentpoeng frå valet i 2003. Ved fylkestingsvalet gjekk deltakinga opp frå 55,6 prosent i 2003 til 57,5 prosent i 2007.

Gjennomsnittleg valdeltaking i 2007 blant norske statsborgarar med innvandrarbakgrunn var 40 prosent og blant utanlandske statsborgarar med innvandrarbakgrunn 36 prosent.

I gruppa utanlandske statsborgarar auka den generelle deltakinga med 2 prosent i forhold til 2003.

Valdeltakinga blant unge er generelt lågare enn blant eldre. Ettersom talet på unge er større blant røysteføre med innvandrarbakgrunn enn i befolkninga elles, gir dette ei relativt sett lågare valdeltaking blant personar med innvandrarbakgrunn.

Ved kommunestyre- og fylkestingsvalet i 2007 var det om lag 374 000 personar som røysta på førehand. Dette utgjorde 16,7 prosent av dei som røysta. Dette er ein klar auke i høve til talet på førehandsrøyster ved det førre lokalvalet i 2003.

Når det galdt deltaking, vart røystinga på Posten ein suksess da ordninga vart innført i 1997. På det tidspunktet hadde Posten eit omfattande ekspedisjonsnett. Men på bakgrunn av reduksjon i talet på postkontor vart førehandsrøystinga på Posten avvikla da den nye vallova vart vedteken før valet i 2003. I 1999, som var det siste lokalvalet der Posten hadde ansvar for førehandsrøystinga, var talet på førehandsrøyster 332 000. Ved lokalvalet i 2007 hadde talet altså auka til 374 000. Den store auken frå 2003 til 2007 tyder på at kommunane generelt har greidd å leggje til rette for førehandsrøysting på ein god måte.

Heile regelverket for godkjenning og forkasting av røystegivingar og røystesetlar vart endra før valet i 2003. Utgangspunktet for endringane var at færrast moglege forhold skulle føre til forkastingar. Derfor vart svært mange av dei tidlegare forkastingsreglane i lova oppheva. Regelverket vart mykje forenkla og lettare å praktisere. Lova inneheld saman med valforskrifta mange prosedyrereglar som skal følgjast ved røystinga. Tidlegare var brot på prosedyrar i dei fleste tilfella grunn for forkasting, noko som ofte førte til urimelege resultat. I den nye vallova er mange slike grunnlag for forkastingar tekne bort.

Ei samanlikning med 2003-valet viser at talet på forkasta røystesetlar har gått ned i 2007 – frå 4 213 til 2 818.

Samstundes har talet på forkasta setlar på grunn av manglande stempel på valtinget gått ned frå 2 790 i 2003 til 1 292 i 2007. Dette er svært bra slik departementet ser det, og kan tyde på at problema ein hadde i førstninga, med at veljarane brukte blanke setlar som omslag, er betydeleg reduserte. Statistikken viser òg at det etter måten blir forkasta fleire røystesetlar ved førehandsrøystinga enn ved valtingsrøystinga. Talet på blanke setlar har auka noko, frå 12 869 til 14 326.

Ved fylkestingsvalet vart det ut frå tal frå SSB forkasta 3 285 røystesetlar. I tillegg var det 16 805 blanke røyster.

Det er val berre annakvart år. Valet vil for dei fleste vere ei oppgåve ved sida av svært mange andre oppgåver i kommunen. Stadige endringar i regelverket er òg ei utfordring når det gjeld opplæring og det å hindre at det skjer feil. Departementet meiner at det er eit hovudmål å sikre ei rasjonell og effektiv valavvikling i alle kommunane i landet utan for mange feil.

Departementet skriv i proposisjonen at dei føre valet i 2009 vil setje i gang særskilde tiltak for å sikre god opplæring av valfunksjonærar. Dette skal skje gjennom samarbeid med Valgforum. Valgforum har ein del år eksistert som ein uformell organisasjon med dei 20 største kommunane i landet. I juni 2008 vart det vedteke at Valgforum skulle etablerast som ein medlemskapsorganisasjon for valmedarbeidarane i landet.

Departementet har etablert eit formelt samarbeid med forumet og støttar forumet når det arrangerer dei regionale opplæringskonferansane for alle kommunane i landet. I tillegg blir det utarbeidd opplæringsmateriell til valgjennomføringa.

Vallova og valforskrifta krev at røystinga skal leggjast til eigna lokale. Dette skal mellom anna gjere det mogleg for funksjonshemma å delta i val på lik linje med andre veljarar. Forskrifta § 26 (1) fastset for det første at røystinga som hovudregel skal gå føre seg i lokale som skal vere lett tilgjengelege, og der alle veljarar kan ta seg inn utan at dei må be om hjelp. For det andre inneheld valforskrifta § 26 (2) krav til utforminga inne i sjølve vallokala. Her skal ein leggje vekt på at alle veljarar skal kunne finne lett fram. Blinde og svaksynte veljarar skal kunne røyste utan at dei må be om hjelp.

Det er etter departementet sitt syn viktig at kommunane er bevisste på ansvaret for å sikre at vallokala er lett tilgjengelege for alle veljarar og legg til rette så godt det let seg gjere. Departementet er samd i at kostnadane ved universell utforming generelt ikkje skal dekkjast over valløyvinga. Samstundes pliktar kommunane å finne lokale og leggje til rette på ein slik måte at alle kan røyste utan at dei må be om hjelp.

Vallova seier kva kommunane (ev. fylkeskommunane) er pålagde å kunngjere lokalt om:

  • Overskriftene på godkjende vallister og opplysningar om kvar dei er lagde ut til offentleg ettersyn, jf. vallova § 6-7.

  • Tid og stad for utlegging av manntalet til offentleg ettersyn og opplysningar om tilgjenge til og framgangsmåten for å krevje at feil blir retta, jf. vallova § 2-6 (2).

  • Tid og stad for førehandsrøysting, jf. valforskrifta § 24.

  • Fristen for at sjuke og uføre kan søkje om å få røyste heime (ambulerande røystemottak), jf. vallova § 8-3 (6).

  • Tid og stad for røysting på valdagen, jf. vallova § 9-3 (3).

Kvar kommune er også pålagd av valforskrifta § 22 (2) å sende ut valkort til veljarane i kommunen. Valkortet skal mellom anna innehalde informasjon om kva vallokale veljaren skal røyste i på valdagen, og kor lenge vallokala er opne.

Utover den lovpålagde informasjonsplikta kommunane har, er det opp til kommunane sjølve å bestemme graden av informasjonsinnsats i samband med valet. Dei aller fleste av kommunane har lagt til rette informasjon om valet på heimesidene sine på Internett. Fleire kommunar set i verk eigne informasjonskampanjar før valet.

Departementet viser til at informasjonsinnsatsen skal aukaust føre kommande val. Spesielt er førstegangsveljarane ei prioritert målgruppe. Det skal gjennomførast ein landsomfattande informasjonskampanje, og ulike tiltak for å informere og engasjere målgruppene vil bli sette i verk. Departementet samarbeider med IMDI om å informere veljarar med innvandrarbakgrunn. Målgrupper som blinde, svaksynte og høyrslehemma vil få informasjon særskilt lagt til rette. Departementet opplyser at ramma for tilskotsordninga er auka slik at det er mogleg å støtte fleire tiltak som kan medverke til å informere om valet og auke valdeltakinga.

Folkeregistermyndigheita er etter vallova § 2-5 ansvarleg for på ein tenleg måte å stille til disposisjon for valmyndigheitene opplysningar om kven som skal førast inn i manntalet. Dette inneber at folkeregistreringsmyndigheita, så snart som råd etter skjeringsdatoen, det vil seie den datoen som bestemmer i kva for ein kommune ein veljar har røysterett, skal stille til disposisjon for kommunane opplysningar om kven som skal førast inn i manntalet i kommunen. Folkeregistermyndigheita skal vidare frå skjeringsdatoen og fram til valdagen stille til disposisjon for kommunane opplysningar om dei endringane i folkeregisteret som har noko å seie for inn- og utskrivingar i manntalet.

For valet i 2009 har departementet inngått samarbeid med Skattedirektoratet med sikte på å sikre statleg oppdatering av manntalet etter skjeringsdatoen per 30. juni og etablere ei statleg distribusjonsløysing.

Formålet med arbeidet er mellom anna å sikre at departementet får betre kontroll rundt manntalsproduksjonen. Dette vil òg vere viktig ved eit eventuelt framtidig statleg valdatasystem og ved elektronisk røysting.

Departementet viser til at det også med tanke på framtidige val skal arbeidast vidare med spørsmål knytt til manntalet for å sikre ei god ordning for etablering, oppdatering og distribusjon. Departementet vil saman med ei arbeidsgruppe med representantar frå kommunane sjå på korleis dette bør gjerast. Mellom anna meiner departementet at ein bør vurdere om det bør etablerast eit manntal som fullt ut er styrt på statleg nivå.

Valstyret i kvar enkelt kommune/fylkeskommune er ansvarleg for oppteljing av røystesetlar ved val og dermed for å sikre korrekt oppteljingsresultat. Valstyret avgjer om oppteljinga skal gå føre seg manuelt og/eller elektronisk. Det er ikkje eit vilkår at elektroniske system som blir nytta ved oppteljinga, skal vere sertifiserte eller på annan måte godkjende av statlege organ. Kommunane og fylkeskommunane har sjølve ansvaret for å sørgje for at systema som blir kjøpte inn, er korrekte.

Departementet viser i proposisjonen til at bruk av IKT ved val er eit omfattande problemkompleks. Vallovgivinga i dag er i liten grad retta inn mot bruk av IKT. Slik departementet vurderer det, er det nødvendig å setje i gang eit utviklingsarbeid på valområdet nettopp rundt bruk av IKT ved val.

Departementet vurderer no om og på kva måte det eventuelt bør innførast ei godkjenningsordning for maskinelle teljesystem (skannarar) og programvare knytt til slike system. Ei eventuell godkjenningsordning må vurderast uavhengig av spørsmålet om innføring av eit eventuelt statleg valdatasystem.

Departementet varslar at det i løpet av 2009 vil bli sett ned ei arbeidsgruppe som skal sjå nærmare på korleis ein eventuelt kan etablere ei godkjenningsordning. Det er ikkje mogleg å ha på plass ei eventuell godkjenningsordning til stortingsvalet 2009. Departementet har gjennom rettleiing orientert kommunane og fylkeskommunane om på kva måte dei kan sikre kvaliteten på teljesystema føre valet i 2009.

Departementet viser òg til at dei vil setje i gang eit arbeid med sikte på å vurdere innføringa av eit sentralt valdatasystem som kan nyttast av alle kommunar også ved val der papirrøystesetlar vert nytta. I samband med dette er det òg naturleg å vurdere integrering og samhandling med eit elektronisk røystingssystem.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Berit Brørby, Svein Roald Hansen og Ivar Skulstad, fra Fremskrittspartiet, Carl I. Hagen og lederen Lodve Solholm, fra Høyre, Per-Kristian Foss, fra Sosialistisk Venstreparti, Ingvild Vaggen Malvik, fra Kristelig Folkeparti, Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Rune J. Skjælaaen, viser til at ny lov for valg til kommunestyrer og fylkesting trådte i kraft 28. juni 2002 og at ny lov for valg til Stortinget trådte i kraft 20. juni 2003. Etter evaluering av kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2003 vedtok Stortinget noen mindre endringer i regelverket, som trådte i kraft 15. april 2005. Nærværende sak gjelder forslag om en del mindre justeringer basert på erfaringene fra kommunestyre- og fylkestingsvalget i 2007 og konsentrerer seg om gjennomføringen av valget i den enkelte kommune.

Komiteen vil peke på at det er viktig å ikke innføre endringer i valgloven uten at det er klart behov for det. Komiteen viser til at det kan være et problem for valggjennomføringen hvis det gjøres hyppige endringer i regelverket. Ferske endringer bør få virke en tid før man eventuelt gjør større endringer. Formidling av endringer til offentligheten som berører velgerne direkte, er en av utfordringene ved hyppige endringer.

Komiteen har merket seg at endringsforslagene baserer seg på en spørreundersøkelse til kommunene og på henvendelser om ulike problemstillinger fra enkeltkommuner. 260 kommuner, tilsvarende 60 prosent, har besvart spørreundersøkelsen.

Komiteen tar videre til etterretning departementets redegjørelse for planer om utviklingsarbeid med sikte på eventuell bruk av IKT ved valg. Stortinget har tidligere behandlet spørsmål om bruk av IKT ved valg, og komiteen viser til merknader til henholdsvis Dokument nr. 8:76 (2003–2004), jf. Innst. S. nr. 35 (2003–2004), og Dokument nr. 8:50 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 241 (2007–2008).