Framlegg til plandel og byggjesaksdel av ny plan- og bygningslov
er lagt fram i kvar sin proposisjon; Ot.prp. nr. 32 (2007-2008)
og Ot.prp. nr. 45 (2007-2008). Plandelen er vedtatt av Stortinget,
jf. lov 27. juni 2008 nr. 71.
Vedtatt § 1-9 i plandelen bør endrast. Paragrafen strammar inn
retten til innsyn i planforslag ved at alle unntaka frå rett til
innsyn i offentleglova gjeld. Dette stemmer ikkje med Ot.prp. nr.
32 (2007-2008), som på side 177 seier at framlegget "viderefører
regelen i gjeldende plan- og bygningslov § 16-1 siste ledd om retten
til å gjøre seg kjent med alternative planutkast". § 1-9 stemmer
heller ikkje med den nye offentleglova som skal tre i kraft hausten
2008.
§ 1-9 bør endrast slik at ordlyden stemmer med nr. 9 i § 34 Endringar
i andre lovar i offentleglova. Følgjande endring bør gjerast når
byggjesaksdelen i ny plan- og bygningslov i Ot.prp. nr. 45 (2007-2008) vert
lagt fram:
§ 1-9 tredje ledd vert endra til:
Enhver har rett til dokumentinnsyn etter offentleglova og miljøinformasjonsloven
og har hos vedkommende myndighet krav på å gjøre seg kjent med alternative
utkast til planer etter denne lov, herunder dokumenter som ligger
til grunn for planutkastene med de unntak som følger av § 13 eller §§ 20 til 26 i offentleglova.
Brevet blir sendt etter samråd med Miljøvernministeren.