Vedlegg 2
Framlegg til plandel og byggjesaksdel av ny plan- og bygningslov er lagt fram i kvar sin proposisjon; Ot.prp. nr. 32 (2007-2008) og Ot.prp. nr. 45 (2007-2008). Plandelen er vedtatt av Stortinget, jf. lov 27. juni 2008 nr. 71.
Vedtatt § 1-9 i plandelen bør endrast. Paragrafen strammar inn retten til innsyn i planforslag ved at alle unntaka frå rett til innsyn i offentleglova gjeld. Dette stemmer ikkje med Ot.prp. nr. 32 (2007-2008), som på side 177 seier at framlegget "viderefører regelen i gjeldende plan- og bygningslov § 16-1 siste ledd om retten til å gjøre seg kjent med alternative planutkast". § 1-9 stemmer heller ikkje med den nye offentleglova som skal tre i kraft hausten 2008.
§ 1-9 bør endrast slik at ordlyden stemmer med nr. 9 i § 34 Endringar i andre lovar i offentleglova. Følgjande endring bør gjerast når byggjesaksdelen i ny plan- og bygningslov i Ot.prp. nr. 45 (2007-2008) vert lagt fram:
§ 1-9 tredje ledd vert endra til:
Enhver har rett til dokumentinnsyn etter offentleglova og miljøinformasjonsloven og har hos vedkommende myndighet krav på å gjøre seg kjent med alternative utkast til planer etter denne lov, herunder dokumenter som ligger til grunn for planutkastene med de unntak som følger av § 13 eller §§ 20 til 26 i offentleglova.
Brevet blir sendt etter samråd med Miljøvernministeren.