Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Vedlegg 1

Forslaget til ny formålsparagraf som vart fremma i Ot.prp. nr. 47 (2007-2008) Om lov om endringer i barnehageloven (Om formålet med barnehagen) inneheld ikkje ei vidareføring av gjeldande barnehagelov § 1 tredje og fjerde ledd. Dette grunnar i at Bostadutvalet i NOU 2007:6 Formål for framtida ikkje tok stilling til om tredje og fjerde ledd skulle vidareførast.

Departementet varsla i Ot. prp. nr. 47 (2007-2008) at vi vil kome tilbake til endringar som følgje av ny formålsparagraf.

Eg meiner at ein bør leggje til rette for at den enkelte barnehage skal ha moglegheit til å fastsette eigne reglar om tros- og livssyn i vedtektene som eit i tillegg til formålsparagrafen. Det er ei målsetting å oppretthalde og vidareutvikle mangfaldet i barnehagesektoren, jf. Ot. prp. nr. 72 (2004-2005). Rettstilstanden innafor skolesektoren der privatskoleloven opnar for drift av skoler oppretta på religiøst grunnlag er eit moment i retning av å legge til rette for dette også i barnehagesektoren.

Eg planlegger å sende forslag til følgjeendringar på høyring hausten 2008 med behandling i Stortinget vårsesjonen 2009.

Forslaget til formålsparagraf som vert fremma i ot.prp. nr. 47. vert ikkje satt i kraft før følgjeendringane av ny formålsparagraf for barnehagen er på plass. Det tas sikte på samla ikraftsetjing. Gjeldande barnehagelov § 1 vil såleis gjelde i si noverande form fram dette tidspunkt.