10. Konsekvensar
Framlegget til ny havressurslov samsvarar i hovudtrekk med forslaget frå havressurslovutvalet. Både saltvassfiskelova og havressurslova er typiske fullmaktslover der styresmaktene får heimel til å innføre ulike reguleringar, forbod eller påbod gjennom forskrift. Korleis og i kva grad styresmaktene skal nytte heimlane, vil mellom anna vere avhengig av kva som er nødvendig for ei forsvarleg forvaltning av og kontroll med uttaket av ressursane. Det kan såleis vere vanskeleg å gjere greie for dei økonomiske og administrative konsekvensane no. Utvikling av nye system, pålegg og reguleringar kan medføre kostnader både for næringa og forvaltninga. Kor store desse kostnadane er, og kva andre konsekvensar innføring av nye reglar vil få, er naturleg å utgreie og sende på høyring når nye forskrifter skal utformast og fastsetjast.
Det er viktig å ha med seg i vurderinga av dei administrative og økonomiske konsekvensane av lovframlegget at innanfor dei rammene lova gjev, kan politiske og administrative prioriteringar få vesentlege konsekvensar for forvaltninga. Desse konsekvensane er det vanskeleg å seie noko om her.
Departementet følgjer ikkje opp utvalet sitt forslag om å opprette eit havressursfond. Her vil gjeldande rett såleis verte ført vidare.
Departementet meiner at utvidinga av området for lova ikkje vil ha administrative eller økonomiske konsekvensar av noko omfang.
Innføringa av forvaltningsprinsippet kan ha som konsekvens for næringa at stadig fleire ressursar vert regulerte. På kort sikt kan det redusere fortenesta for nokre næringsaktørar. Poenget med å innføre forvaltningsprinsippet er at ressursane vert forvalta slik at dei gjev høgast mogleg langsiktig avkastning. Slik sett vil ei mogleg redusert forteneste på kort sikt likevel gje klart betre forteneste og meir stabile rammer for næringa på lang sikt. På den bakgrunn meiner departementet det ikkje vil vere negative økonomiske konsekvensar for næringa ved innføringa av forvaltningsprinsippet.
Når det gjeld konsekvensane for forvaltninga og forskingsinstitusjonane byggjer forvaltningsprinsippet opp under ei utvikling som allereie har starta, mot meir heilskapleg forvaltning. Det har dei seinare åra vorte lagt stadig sterkare vekt på å nytte den kunnskapen styresmaktene har om dei ulike haustingsverksemdene, til å forvalte ressursane betre. Gjennom havressurslova og forvaltningsprinsippet vil denne utviklinga halde fram og få konsekvensar for organisering og prioriteringar i forvaltninga.
Departementet foreslår at det skal innførast krav til løyve for marin bioprospektering og heimel til å krevje fordelar ved utnytting av norsk marint genetisk materiale, jf. §§ 9 og 10. For forvaltninga inneber det administrative konsekvensar, både gjennom utvikling av eit nærare regelverk for marin bioprospektering og gjennom handtering av søknader og andre enkeltsaker.
Som ein konsekvens av at det saklege område for lova er utvida, gjev lova heimel for å regulere verksemder som ikkje fell inn under deltakarlova. Dersom det vert aktuelt å regulere slike verksemder i noko omfang vil det kunne få konsekvensar for forvaltninga. Departementet legg likevel til grunn at vi då vil kunne nytte eksisterande system og modellar for tildeling av kvotar og kontroll av haustingsverksemdene.
Ilandføringsplikta er skjerpa samanlikna med gjeldande rett. Departementet legg til grunn at dei nye reglane om ilandføringsplikt for fisk kombinert med ei forskrift som gjer unntak frå dei, vil gjere det enklare for Kystvakta og Fiskeridirektoratet å kontrollere og handheve reglane. For fiskarane kan reglane føre til at dei må føre i land fleire ressursar enn tidligare, noko som kan innebere auka kostnader.
Departementet foreslår at fiske frå fartøy som ikkje er merkeregistrerte eller fiske frå land vert regulert gjennom reiskapsavgrensingar kombinert med ei omsetningsgrense, jf. §§ 22 og 23. Reiskapsavgrensingane i § 22 er i hovudtrekk ei vidareføring av gjeldande rett, medan innføring av ei omsetningsgrense i § 23 er nytt. Det var mellom 50 og 70 fritidsfiskarar av totalt om lag 3 000 som omsette fangst for meir enn den grensa som går fram av meirverdiavgiftslova, og dei vert råka av omsetningsgrensa. Det kan krevje noko ressursar for forvaltninga å følgje opp denne regelen gjennom tilpassing av ulike system for kontroll. Departementet legg til grunn at ein del av oppfølginga av reglane om fritidsfiske kan delegerast til fiskesalslaga.
Dei styrka kontrollheimlane i havressurslova vil ikkje i seg sjølve ha administrative eller andre konsekvensar for forvaltninga. Kor store ressursar som skal brukast på ressurskontrollen er eit politisk spørsmål. Formelt sett vert Fiskeridirektoratet og Kystvakta sitt kontrollansvar utvida, fordi havressurslova omfattar alle viltlevande marine ressursar. I praksis meiner likevel departementet at dette ikkje vil ha nokon særlege konsekvensar.
Lova gjev heimel til å påleggje næringsaktørane ulike former for kontrollplikter, og å påleggje dei korleis desse pliktene skal følgjast. Slike kontrollplikter vil innebere kostnader for næringsaktørane. Kva for kostnader det vert tale om må greiast ut i samband med forskrifter som innfører nye plikter.
Departementet gjer framlegg om at havressurslova skal ha heimlar til å påleggje tvangsmulkt og lovbrotsgebyr. Det er grunn til å tru at bruk av lovbrotsgebyr samla sett vil gje mindre kostnader ved handsaming av slike saker for det offentlege, men auka kostnader for fiskeristyresmaktene. Departementet legg til grunn at dette i alle fall i byrjinga kan handterast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Lova gjer det tydeleg at distrikts- og regionalpolitiske konsekvensar er lovlege omsyn forvaltninga kan leggje vekt på i praktiseringa av lova. Kva for vekt ein legg på desse omsyna, til dømes ved fordeling av nasjonal kvote på ulike grupper eller ved fordeling av distriktskvote, vil gje ulike distrikts- og regionalpolitiske konsekvensar.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, merker seg at innføring av forvaltningsprinsippet innebærer en videreføring og en forsterkning av den påbegynte utviklingen mot en mer helhetlig forvaltning. Flertallet ser at forvaltningsprinsippet vil medføre økt behov for kunnskapsoppbygging og systematisering av ny og eksisterende kunnskap, og forutsetter at dette vil bli ivaretatt gjennom fremtidig satsing på forskning.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det skal være en nasjonal forvaltning av fiskeriressursene og at ressursene skal komme hele landet til gode. Disse medlemmer mener derfor at offentlige myndigheter ikke skal ta diskriminerende distrikts- og regionalpolitiske særhensyn i forvaltningen av lovverket.