Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

DEL 1 A) Lov om meldeplikt ved nedlegging av næringsverksemd (omstillingslova)

Regjeringa driv ein aktiv næringspolitikk, og arbeider mellom anna med konkrete forslag til korleis ein kan førebyggje og hindre nedlegging av bedrifter.

Punktet i Soria Moria-erklæringa om "en ny og forsterket ervervslov innenfor EØS-avtalens rammer" inneber ikkje at den gamle ervervslova som vart oppheva i 2002, skulle innførast på ny. Å innføre ei ny ervervslov kan ikkje sameinast med Noregs forpliktingar etter EØS-avtalen.

Regjeringa fremjar i staden forslag om ei lov som, gjennom meldeplikta, vil fremje omstilling og dialog. Lova vil omfatte alle nedleggingstrua bedrifter med meir enn 30 tilsette, og ikkje berre dei bedriftene som har vore gjenstand for eit erverv.

Eit notat vart sendt på høyring 8. desember 2006 med frist 8. mars 2007.

Omstilling og innovasjon skjer kontinuerleg i norske bedrifter. Då må det leggjast til rette for at ledig arbeidskraft og kapital kan brukast i nye og meir lønnsame bedrifter. Omstilling er positivt når resultatet gir meir framtidsretta arbeidsplassar med høgare verdiskaping. Departementet vil understreke at det først og fremst er bedrifta sitt eige ansvar både å initiere og handtere omstillingar. Dei tiltaka som blir føreslått i proposisjonen, inneber såleis ingen endringar i bedrifta sitt ansvar.

Når bedrifter blir nedlagde, er det viktig å sikre at dei tilsette blir tekne vare på gjennom gode og inkluderande prosessar. For dei lokalsamfunna det gjeld, kan bedriftsnedlegging få betydelege negative konsekvensar. Det er derfor viktig å leggje til rette for at bedrifter som vil leggje ned verksemda si, i større grad enn i dag bidreg til lokalsamfunnet for å sikre vellykka omstillingar. Regjeringa føreslår derfor tiltak som skal sikre at slike prosessar blir gjennomførte på ein meir systematisk måte, enn kva som er tilfellet i dag.

Det er primært lokale og regionale styresmakter sitt ansvar å arbeide med omstilling for å motverke og møte akutte krisesituasjonar lokalt. Sjansen for å få til ei vellykka omstilling er størst dersom det alt er etablert eit langsiktig utviklings- og nyskapingsarbeid på lokalt og regionalt nivå før situasjonen kring bedriftsnedlegginga oppstår. Ein viktig del av ein nasjonal omstillingsstrategi er å skape brei lokal og regional forankring av gode utviklingsprosessar i dei aktuelle områda.

For sårbare lokalmiljø kan det vere spesielt viktig å etablere ein møteplass som inkluderer bedrift, tilsette og styresmaktene, mellom anna verkemiddelapparatet. Med dette blir det lagt til rette for at partane på ein god måte kan "snu alle steinar" og finne alternativ dersom bedrifter som er svært viktige for lokalsamfunnet, er trua av nedlegging. Meldeplikta og drøftingsmøtene er likevel ikkje meint å hindre nedlegging eller omstilling når framtidsutsiktene til bedrifta tilseier at det ikkje er grunnlag for vidare drift i noværande form. Regjeringa meiner samla sett at forslaget vil bidra til å oppretthalde og sikre ei god omstillingsevne i norsk økonomi, samtidig som interessene til dei det vedkjem, blir sikra på ein betre måte enn i dag.

Staten gir i dag økonomisk støtte til lokalt omstillingsarbeid gjennom dei ordinære distrikts- og regionalpolitiske verkemidla frå Kommunal- og regionaldepartementet til fylkeskommunane. Fylkeskommunane har ansvaret for å fordele midlane vidare til kommunar med omstillingsbehov, og å samarbeide med kommunar og Innovasjon Noreg om innretninga av omstillingsarbeidet.

Det kan oppstå problemstillingar i samband med bedriftsnedleggingar som gjer at lokale styresmakter ikkje åleine kan handtere den ekstraordinære situasjonen. I slike situasjonar kan det vere nødvendig med ein ekstrainnsats frå statens side. Kriteria som Regjeringa vil leggje til grunn for når det kan vere aktuelt at staten går inn med ekstraordinære midlar, går fram av St.meld. nr. 21 (2005-2006) Hjarte for heile landet - om distrikts- og regionalpolitikken.

Den nordiske modellen er prega av at partane i arbeidslivet i samarbeid med styresmaktene inngår ein samfunnskontrakt om felles langsiktige interesser. Modellen er kjenneteikna av eit nært samarbeid mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar.

Bedrifter kan leggjast ned med reduserte negative konsekvensar for dei tilsette fordi offentlege velferdsordningar sikrar dei som mistar jobben økonomisk tryggleik. Dermed tek staten på seg noko av risikoen knytt til tilsetjingar. Dette gjer det samtidig meir attraktivt og mindre risikoprega for bedriftene å sysselsetje fleire personar i oppgangstider, noko som igjen fører til lågare arbeidsløyse og betre utnytting av ressursane. Regjeringa sitt forslag til omstillingslov er eit bidrag til å styrkje og vidareutvikle den nordiske modellen.

Det er ein føresetnad at forslag til nye tiltak skal liggje innanfor rammene for EØS-avtalen. Forslaget til ny omstillingslov er utforma i samsvar med dette.

Det skal vere likt høve for alle EØS-borgarar til å kjøpe og selje varer og tenester innanfor heile EØS-området, til å ta arbeid og til å etablere og drive verksemd og gjere investeringar over landegrensene. I tillegg er det felles reglar for statsstøtte og konkurranse. Tiltak som nasjonale styresmakter vil setje i verk mot nedlegging av bedrifter, må etablerast innanfor desse rammene.

Innføring av ei meldeplikt ved bedriftsnedleggingar er innanfor rammene av EØS-avtalen. Meldeplikta er grunngitt i allmenne legitime omsyn og er ikkje diskriminerande. Den gjeld nedleggingar i Noreg uavhengig av kva nasjonalitet eigaren har. Reguleringa går heller ikkje lenger enn det som er nødvendig for å oppnå formålet: å få i stand drøftingar mellom impliserte partar for å søkje andre løysingar enn nedlegging.

Ein kan ta regionale omsyn utan å vere i konflikt med EØS-retten. Regelverk som også har som grunngiving å verne utsette område for fråflytting, er dermed legitime. Med forslaget til omstillingslov oppnår vi to ting: Arbeidstakarane sine rettar blir sikra ved bedriftsnedlegging, og samtidig blir det teke regionale omsyn når ei bedrift legg ned verksemd med den følgja at fråflytting kan skje.

Økonomiske omsyn blir normalt vurderte som ulovlege etter EØS-retten.

Det eksisterer ulike meldeplikter for bedrifter i andre regelverk. I arbeidet med dette lovforslaget er det vurdert om det er formålstenleg og mogleg å koordinere den nye meldeplikta ved nedlegging med desse andre meldepliktene, for å avgrense omfanget av nye administrative byrder for næringslivet.

Ei samanlikning mellom konkurranselova og den føreslåtte meldepliktsordninga ved nedlegging av bedrifter viser at dei situasjonane som utløyser meldeplikta og formåla bak ordningane, er klart forskjellige. Det blir derfor ikkje føreslått endringar i konkurranseregelverket.

Ifølgje arbeidsmiljølova § 15-2 skal arbeidsgivar som vurderer å gå til masseoppseiingar, tidlegast mogleg sende melding til Arbeids- og velferdsetaten. Ved å koordinere den nye meldepliktsordninga med prosedyren etter arbeidsmiljølova § 15-2 om masseoppseiing, kan dei administrative byrdene overfor næringslivet ved innføring av den nye ordninga reduserast. Departementet føreslår å koordinere tidspunktet for når bedrifta skal sende meldinga til høvesvis fylkeskommunen og Arbeids- og velferdsetaten, slik at det berre er behov for éi melding. Ein formålstenleg og ressurssparande måte å koordinere meldeplikta på er å opne for elektronisk rapportering. Ein føresetnad for dette er at det blir lagt til rette for at elektronisk kommunikasjon kan takast i bruk i full skala.

Ingen andre land har ein generell myndigheitskontroll med eigarskifte tilsvarande den oppheva ervervslova. Nokre land, inkludert Noreg, har oppkjøpsreguleringar innanfor enkeltsektorar, som for eksempel energi- og finansverksemd.

I EU er det gitt ei rekkje direktiv om regulering av arbeidstakarrettar. Desse er implementerte i norsk rett. Regelverket regulerer forholdet mellom private partar (arbeidstakar og -givar). Det er mellom anna krav om informasjon og drøftingar med dei tilsette i samband med verksemdsoverdraging. For selskap med verksemd over landegrensene er det vidare krav om etablering av European Works Council der dei tilsette skal vere representerte. Det er også krav om at dei tilsette skal vere representerte i dei styrande organa i selskapet i dei nye EU-selskapsformene (europeiske selskap og europeiske samvirkeføretak).

Den norske ordninga med meldeplikt til Arbeids- og velferdsetaten (NAV) ved masseoppseiingar er basert på eit EU-direktiv. Tilsvarande meldeplikt finst derfor i ei rekkje andre land. Den nærmare utforminga kan likevel variere landa imellom, og det er mellom anna forskjellar i kva for rolle styresmaktene har i prosessane med oppseiingar av dei tilsette i ei bedrift.

Departementet føreslo i høyringsnotatet at det blir innført ei ny meldeplikt ved nedlegging av verksemder. Det vart føreslått at meldeplikta blir gjord lovbasert og obligatorisk for dei selskapa som er omfatta av kravet, og at eigar pliktar å sende ei melding om planlagd nedlegging så tidleg som mogleg og seinast 30 dagar før nedlegginga blir gjennomført. Departementet føreslo at meldinga skal sendast til fylkeskommunen der den aktuelle bedrifta ligg.

Formålet med meldepliktsordninga er å redusere dei negative konsekvensane av ei nedlegging, med sikte på å leggje til rette for at bedrifta kan drive heile eller delar av verksemda vidare der det er forretningsmessig grunnlag for det. Samtidig er det viktig at det kjem tydeleg fram i eit nytt lovverk kva samfunnsansvar eigarane har ved nedlegging av bedrifta. Departementet uttala i høyringsnotatet at det er behov for nye "kjørereglar" for å ansvarleggjere dei bedriftene som ikkje på eige initiativ tek ansvar for dei tilsette og lokalsamfunnet i ein vanskeleg fase. Kontakten mellom bedrift og styresmakter bør styrkjast i nedleggingssaker, og denne kontakten bør knytast på eit tidleg stadium i prosessen. Målet er at dialogen omkring ei planlagd nedlegging mellom dei berørte skal synleggjere alternativ til nedlegging.

Høyringsrunden viste at arbeidstakarorganisasjonane er positive til innføring av meldeplikt. Også eit fleirtal av fylkeskommunane som har uttala seg, støttar forslaget. Bedriftene sine interesseorganisasjonar er imot forslaget. Med den støtta forslaget har fått i høyringsrunden, er det departementet si vurdering at det likevel er riktig å innføre ei meldeplikt ved nedlegging av bedrifter. Det er viktig for Regjeringa å få etablert ei obligatorisk ordning som sikrar at det blir sett i gang ein prosess med sikte på å finne andre løysingar enn nedlegging.

Meldepliktsordninga skal ikkje gjere inngrep i styringsretten eller den faste drifta til eigaren/føretaket. Men eit samspel i form av styrkt dialog mellom det offentlege og private kan etter departementet si vurdering bidra positivt til å sikre både interessene til kvar enkelt tilsett, men også viktige og breiare samfunnsinteresser.

Departementet er innforstått med at formalisering av prosessen kan føre til auka ressursbruk hos bedrifter og styresmakter. Formålet med meldepliktsordninga om å skape dialog med aktørane for om mogleg å sikre arbeidsplassar, er likevel såpass viktig at departementet meiner noko auka tidsbruk kan forsvarast.

Den føreslåtte lova har eit formål som ikkje naturleg passar inn i anna eksisterande lovgiving. Departementet har difor konkludert med at det mest formålstenlege er at meldepliktsordninga blir fastsett i ei eiga lov.

Fylkeskommunen har alt i dag ansvar mellom anna for omstillingsarbeidet i regionen som regionalt ansvarleg for nærings- og distriktspolitikken. Fylkeskommunen kjenner utfordringane i regionen og har ei brei kontaktflate mot andre styresmakter, verkemiddelapparat, næringsliv, fagforeiningar osv. Departementet føreslo ut frå dette at fylkeskommunane skulle vere mottakarar av meldingane, og i samarbeid med dei andre aktørane ha det overordna ansvaret for å koordinere arbeidet med å vurdere alternative løysingar til ei nedlegging. Ved å la fylkeskommunane vere mottakarar av melding om nedlegging av verksemd får dei òg høve til å førebu seg på eit eventuelt omstillingsarbeid på eit tidlegare tidspunkt enn i dag.

Departementet vurderte om ein kunne slå den nye meldeplikta saman med den eksisterande meldepliktsordninga om masseoppseiingar etter arbeidsmiljølova. Dette vart ikkje tilrådd i høyringsnotatet. Arbeids- og velferdsetaten skal vere ein nøytral part i si rolle med å utføre arbeidsformidling.

Dei fleste av høyringsinstansane har ikkje innvendingar mot departementet sitt forslag om å la fylkeskommunen vere mottakar av meldinga. Nokre få høyringsinstansar meiner likevel at meldinga må sendast til bedrifta sin heimkommune, og enkelte meiner at meldinga må sendast både til kommunen og fylkeskommunen.

Det er viktig å sjå innføringa av ei ny meldeplikt i eit breitt perspektiv og i samanheng med omstillingsarbeidet i regionene. Arbeidet som er knytt til det å følgje opp den nye meldeplikta, og dei eksisterande oppgåvene til fylkeskommunane, vil utfylle kvarandre. Departementet meiner dermed at alt etablerte arenaer på fylkeskommunalt nivå kan utviklast vidare for å behandle saker om nedlegging av bedrifter. Ved å velje fylkeskommunane som meldingsmottakar blir det heller ikkje behov for å etablere eit nytt apparat for å handtere meldingane og oppfølginga av dei. Departementet føreslår derfor at meldinga om bedriftsnedlegging skal sendast til fylkeskommunen.

I høyringsnotatet vart det gjort greie for behovet for å avgrense meldeplikta i forhold til kor stor bedrifta var. Ei slik vurdering må ta utgangspunkt i kva behov dei tilsette har, involverte lokalsamfunn og til at ei meldepliktsordning ikkje skal vere unødvendig omfattande. Samtidig skal den kunne reknast som proporsjonal etter EØS-retten, det vil seie at ein ikkje går lenger enn det som er nødvendig for å oppnå formålet.

I høyringsnotatet la departementet fram to alternative grenser, 30 og 50 tilsette, og bad høyringsinstansane vurdere dette. Ut frå bedriftsstrukturen i Noreg er det få bedrifter med fleire enn 50 tilsette, og dei er normalt lokaliserte i sentrale strøk. Ei bedrift på 30 tilsette vil i mange tilfelle måtte reknast som ei hjørnesteinsbedrift. Ved eit innslagspunkt på 30 tilsette vil belastninga for bedrifter i sentrale strøk vere marginal, mens gevinsten i distrikta vil vere positiv. Departementet meiner etter ei totalvurdering at innslagspunktet bør setjast til 30 tilsette. Dette sikrar både lokalsamfunnet og kvar enkelt tilsette best, samtidig som ein opprettheld bedriftene sin sjanse til å omstille seg. Innslagspunkt på 30 tilsette er òg i tråd med fråsegner frå dei fleste høyringsinstansane.

LO meiner at innslagspunktet bør vere ti tilsette. Dette vil etter departementet si oppfatning føre til auka administrativ og økonomisk ressursbruk både for bedriftene og det offentlege, i ein grad som ikkje kan forsvarast i forhold til behovet og formålet med meldepliktsordninga. Enkelte av høyringsinstansane har òg teke til orde for ei differensiering av innslagspunktet, avhengig av om bedrifta er lokalisert innanfor eller utanfor det distriktspolitiske verkemiddelområdet. Generelt er det etter departementet si oppfatning uheldig med ulike (plikt-)reglar avhengig av lokalisering. Eit ensarta og konsistent system for heile landet inneber at alle blir behandla likt, og vil vere ei løysing som totalt sett best sikrar formålet med lova.

I ein nedbemanningssituasjon har eigaren ikkje "gitt opp" verksemda. I desse tilfella er det derfor ikkje på same måte formålstenleg å vurdere alternativ drift i tråd med verkemidla det blir lagt opp til i meldepliktsordninga. Etter departementet si vurdering bør nedbemanning generelt ikkje takast med, fordi det vanskeleg kan sameinast med formålet bak lovforslaget. Målsetjinga med arbeidet er at det skal leggjast til rette for omstilling, og at ein skal finne alternative løysingar for bedrifta, noko som ofte er vanskeleg å sameine med at (delar av) verksemda skal drivast vidare etter ei nedbemanning. Dei verkemidla som det blir lagt opp til ved nedlegging, er dermed ikkje aktuelle ved nedbemanning.

Nedbemanning blir dekt av arbeidsmiljølova gjennom eit alt etablert regelverk for å sikre at ein tek omsyn til dei tilsette som blir oppsagde. Ei nedbemanning med over 90 prosent av arbeidstakarane bør likevel reknast som nedlegging. Ei nedbemanning av dette omfanget vil i realiteten ha like store konsekvensar for lokalmiljø og arbeidstakarar som ei nedlegging. Lovforslaget § 2 første ledd presiserer denne grensa.

Spørsmålet om avgrensing mot flytting vart òg teke opp i høyringsrunden.

Departementet er einig med høyringsinstansane i at flytting innanfor same by, tettstad, kommune og fylke ikkje bør utløyse meldeplikt.

Meldeplikt kan vere uheldig i forhold til drøftingane for å finne moglege alternative løysingar når både staden der verksemda vert flytta frå og staden ho vert flytta til, ligg innanfor same fylke. Då vil det vere vanskeleg for fylkeskommunen å prioritere det eine området framfor det andre. Departementet ønskjer ikkje å setje fylkeskommunen i en slik vanskeleg situasjon.

Når det gjeld tilfelle der bedrifta blir nedlagd, og der dei tilsette blir tilbydde ny stilling i føretaket eller anna føretak i same konsern, er det departementet si vurdering at meldeplikta skal gjelde i desse tilfella når det "nye" føretaket er lokalisert utanfor fylkeskommunen. Omsynet til dei tilsette og verknadene for lokalsamfunnet, som fråflytting og høve til å halde oppe busetjingsmønsteret, gjer seg gjeldande i like stor grad i desse tilfella som ved ei planlagd nedlegging der dei tilsette ikkje får tilbod om ny stilling.

Meldeplikta skal berre gjelde for føretak som er registreringspliktige i Føretaksregisteret. Store offentlege verksemder fell dermed utanfor. Ved eventuell flytting av denne typen verksemder er styresmaktene uansett involverte gjennom ein langvarig prosess i forkant, og meldeplikt blir dermed rekna som unødvendig.

Talet på tilsette er knytt opp til tilsetjing i bedrifta, ikkje i føretaket. Departementet har valt å bruke same definisjon av bedrift som Statistisk sentralbyrå (SSB): "ei lokal avgrensa eining som hovudsakleg driv verksemd i ei bestemt næringsgruppe". Meldeplikta kan derfor gjelde sjølv om det ikkje blir planlagt å leggje ned heile føretaket og den juridiske personen si verksemd. Det er tilstrekkeleg at planane omfatter ei "bedrift".

Når det gjeld konkurs- og akkordtilfelle, er høyringsinstansane samstemde og einige med departementet i at dei ikkje bør omfattast av meldeplikta.

I høyringsnotatet vart det føreslått at bedriftseigar har plikt på seg til å sende melding om planlagd nedlegging så tidleg som mogleg, og seinast 30 dagar før nedlegginga blir gjennomført. Når tidspunkt for innsending av meldinga blir fastsett, må også anna relevant regelverk vurderast. Det kan vere ei motsetning mellom desse reglane og kravet om at meldinga skal sendast så tidleg som mogleg. Sjølv om det blir innført ei ny ordning om melding til fylkeskommunen ved nedlegging, er det ikkje meininga å endre dei krava som ligg på føretak etter andre føresegner.

Kravet om at melding ved planlagd nedlegging skal sendast så tidleg som mogleg, inneber at meldinga uansett aldri skal sendast seinare enn når melding om masseoppseiing blir sendt til Arbeids- og velferdsetaten.

I dei tilfella der verksemda eller bedrifta er pliktig til å sende melding i samsvar med reglar som følgjer av særlov, som for eksempel børs- og verdipapirhandellova, meiner departementet på same måte som høyringsinstansane at meldeplikt ikkje bør gjelde før plikta til å sende melding etter den aktuelle særlova har inntrådd. Det kan eventuelt føre til at melding etter omstillingslova vil innebere brot på plikta etter vedkomande særlov, og derfor gjeld prinsippet om at spesiallov går framfor ei generell lov.

Departementet føreslår at meldinga må sendast seinast på det tidspunktet det skal sendast melding om masseoppseiing etter arbeidsmiljølova § 15-2. Desse meldingane tek sikte på same situasjon, og det vil dermed vere ein naturleg sistefrist for å sende inn meldinga.

Departementet uttala i høyringsnotatet at innhaldet i meldinga må gi tilstrekkeleg informasjon til at ein kan vurdere om det er grunn til å gå vidare med saka. Eventuelle opplysningar utover dette skal bedrifta gi dersom fylkeskommunen ber om det, og opplysningane må avgrensast til relevant og nødvendig tilleggsinformasjon. Styresmaktene si nytte av den informasjonen som blir gitt, bør vegast opp mot den belastninga det er for verksemdene å gi frå seg informasjonen.

Berre eit fåtal av høyringsinstansane har uttala seg om dette spørsmålet.

NHO peikar spesielt på at det må givast klare føringar i lova eller forarbeida om kva detaljgrad som skal krevjast. I tillegg skriv NHO at lovteksten klart bør seie kva som skal til for at bedrifta blir pålagd informasjonsplikt utover minimumskrava, og kva for konkret informasjon som då skal givast. NHO tek òg opp spørsmålet om kva for konsekvensar det får for saksbehandlingstida på 30 dagar om ein må gi tilleggsinformasjon.

Departementet deler synspunkta frå NHO, og føreslår at meldinga skal innehalde bedrifta/verksemda sitt namn, organisasjonsnummer, talet på årsverk, talet på tilsette, næringskode og ei kort beskriving av kva verksemda driv med. I tillegg må meldinga innehalde ei kort beskriving av kva som er bakgrunnen for planane om nedlegging, og ei kort utgreiing/beskriving av den interne prosessen. Meldinga bør òg innehalde eigars vurderingar når det gjeld moglegheitene for vidare drift. Det må vere tilstrekkeleg substansielt innhald i meldinga til at fylkeskommunen har eit reelt grunnlag for sine vurderingar, og til å leggje grunnlaget for drøftingane.

Når det gjeld teieplikta, bør deltakarane kunne påleggjast teieplikt i meldepliktsperioden. På den andre sida bør det normalt vere offentleg informasjon at det er sendt melding til fylkeskommunen.

Dersom fylkeskommunen, etter å ha motteke meldinga, ser behov for å vurdere den aktuelle nedlegginga nærmare, er den normale prosedyren å kalle inn til eit møte med sikte på å finne alternative løysingar. Dersom det ikkje kan synleggjerast at det finst andre alternativ enn den planlagde nedlegginga, skal fylkeskommunen så tidleg som mogleg gi føretaket beskjed om at behandlinga av meldinga er avslutta. Det er heller ikkje nødvendig å kalle inn til møte dersom det ut ifrå meldinga synest klart for fylkeskommunen at det ikkje er aktuelt med vidare drift. Behandling av saka kan i så fall avsluttast. Departementet si vurdering er at ein, for å kunne tilpasse prosessen best mogleg til kvar enkelt konkret sak, må vere varsam med å føreslå detaljerte obligatoriske prosedyrar for behandling av meldinga.

Departementet har ikkje fått nokre reaksjonar på dei obligatoriske deltakarane på møteplassen som vart føreslått. Ein held dermed fast ved at desse bør vere bedriftsleiinga/eigarane, lokale styresmakter (kommunen), tilsetterepresentantar, Innovasjon Noreg og NAV. I konkrete saker kan det vere formålstenleg å trekkje inn andre fagmiljø.

Regjeringa legg til grunn at bedriftseigarar som legg ned verksemda, skal ta ansvar for tilsette det vedkjem, og lokalsamfunnet, slik at negative konsekvensar blir reduserte. Derfor føreslår departementet at det i drøftingane med fylkeskommunen og andre involverte på møteplassen blir innført ei plikt for bedrifta til å drøfte kompensasjons- og omstillingsmoglegheiter overfor dei tilsette og moglege næringspolitiske tiltak som bedrifta kan bidra med overfor lokalsamfunnet. Slike drøftingar skal vere obligatoriske under fylkeskommunens behandling av nedleggingsmeldinga.

Departementet viser vidare til LO sitt innspel om arbeidstakarplan. Sentrale element i ein arbeidstakarplan vil etter forslaget falle inn under § 5, og det er departementet si vurdering at det ikkje er formålstenleg å lovfeste eit krav om arbeidstakarplanar.

Det blir vurdert som lite formålstenleg å setje i verk eigne finansielle støtteordningar for bedrifter som blir trua av nedlegging. Derimot bør moglegheitene innanfor dei eksisterande finansieringsordningane vurderast i kvart enkelt tilfelle, også for bedrifter som kan bli lagde ned, men som har potensial for vidare drift.

I høyringsnotatet føreslo departementet at ein meldepliktsperiode på inntil 30 dagar må vere tilstrekkeleg. I dei fleste situasjonar er dette tilstrekkeleg til å få i stand reelle prosessar slik at partane har høve til å vurdere og bestemme eventuelle alternative løysingar til nedlegging. Ein periode på 30 dagar bør heller ikkje medføre betydelege negative konsekvensar i forhold til interne prosessar i føretaket.

Ut frå høyringsfråsegnene legg departementet til grunn at ein meldepliktsperiode på 30 dagar er akseptabel, og at det gjer det mogleg å få ei rask avklaring i kvart enkelt tilfelle, samtidig som det kan gi ein realistisk sjanse til å vurdere om det ligg føre reelle alternativ til vidare drift, eller andre omstillingsmoglegheiter. Dette krev at meldinga er fullstendig med omsyn til informasjon som skal sendast inn. Fylkeskommunen må derfor så raskt som mogleg kontrollere at innhaldet i meldinga dekkjer informasjonskravet etter lova, og gi tilbakemelding til innsendar om eventuelle manglar. Innhenting av slik tilleggsinformasjon inneber ikkje at 30-dagarsperioden kan forlengjast.

Departementet registrerer NHO og NAVO sine fråsegn om at fylkeskommunane ikkje bør ha høve til å forlengje meldepliktsperioden. Departementet er ueinig i dette, og meiner at det bør vere ei opning for at fylkeskommunen kan utvide perioden med inntil ytterlegare 30 dagar når det ligg føre særlege grunnar. Høvet til eventuelt å forlengje perioden skal berre brukast reint unntaksvis, og dersom det kjem fram informasjon som gjer det sannsynleg at det finst reelle alternativ til nedlegging.

Dersom det er grunnlag for å bruke høvet til å forlengje perioden, må fylkeskommunen konkret oppgje kva som er grunnen til det. Departementet finn ikkje grunnlag for å innføre ei aktivitetsplikt. Passivitet frå møtedeltakarane kan etter departementet sitt syn ikkje grunngi eller vere grunnlag for å forlengje perioden.

Departementet føreslår på denne bakgrunnen at meldepliktsperioden blir sett til 30 dagar, med høve til forlenging i ytterlegare 30 dagar.

For å hindre at bedrifta gjer disposisjonar som inneber ei reell nedlegging, føreslo departementet i høyringsnotatet å fastsetje reglar om råderettsband i perioden mens meldinga er til behandling i fylkeskommunen. Ein føreslo vidare at råderettsbanda må utformast slik at dei ikkje går på tvers av eigars rett til å omstrukturere verksemda si. Proporsjonalitet mellom mål og middel må vere ei rettesnor for utforminga av ei slik føresegn, slik at ho òg er innanfor EØS-rettens rammer.

Berre to av høyringsinstansane har konkrete merknader til dette spørsmålet. Både NAVO og NHO meiner som departementet at eventuelle råderettsband må avgrensast til det som er heilt nødvendig.

Det er viktig at stoda er mest mogleg føreseieleg for verksemder dette vedkjem, og derfor bør det gå fram av lova kva for typar disposisjonar som skal kunne gjerast i meldepliktsperioden. Departementet føreslår derfor at bedrifta skal kunne gjere faktiske og rettslege disposisjonar knytte til fast drift. Andre disposisjonar blir omfatta av råderettsbanda. Råderettsbanda skal likevel ikkje frita eller hindre eigar og styret i å følgje krav etter anna regelverk. Departementet føreslår vidare at råderettsbanda skal gjelde heile meldepliktsperioden. Tilsvarande inngrepsfristar med avgrensingar i bedriftene sitt høve til å seie opp tilsette gjeld alt i arbeidsmiljølova § 15-2.

Omsynet til fleksibilitet tilseier at det blir lovfesta høve til å dispensere frå råderettsbanda. Myndigheita til å gi dispensasjon bør etter departementet si vurdering liggje hos fylkeskommunen. Fylkeskommunen skal òg ha høve til å gi dispensasjon frå råderettsbanda sjølv om det framleis er ein dialog om alternative løysingar til ei nedlegging.

Departementet la til grunn i høyringsnotatet at straffesanksjonar ikkje er formålstenleg som sanksjonsmiddel ved brot på dei føreslåtte reglane om meldeplikt og råderettsband i omstillingslova. Administrative sanksjonar som lovbrotsgebyr og tvangsmulkt vart føreslått som ein meir formålstenleg reaksjon. Departementet føreslo i høyringsnotatet å gi fylkeskommunen ansvaret for å fastsetje administrative sanksjonar.

NHO legg i sitt høringssvar vekt på at eventuelle sanksjonar knytte til brot på meldeplikta må stå i forhold til kor alvorleg lovbrotet er, og ikkje kan knytast til anna enn klare og føreseielege føresegner. NHO er skeptisk til at det er fylkeskommunen som skal sanksjonere, særleg på grunn av manglande sanksjonserfaring/kompetanse elles.

For å sikre at lova blir etterlevd og effektivisere måten ho blir handheva på, er det etter departementet si meining nødvendig å gi reglar om sanksjonar. Administrative sanksjonar som tvangsmulkt og lovbrotsgebyr er eit vanleg brukt verkemiddel i denne typen regelverk, og blir ikkje unikt for omstillingslova. Departementet føreslår derfor at det i loven blir innført heimel til å gjere vedtak om lovbrotsgebyr og/eller tvangsmulkt. Høve til ein viss fleksibilitet gjer det mogleg å tilpasse reaksjonen betre til kva type lovbrot det er snakk om, og kor alvorleg det er.

Departementet føreslår vidare i lovutkastet at departementet får høve til å fastsetje nærmare reglar om berekning av lovbrotsgebyret og tvangsmulkta i forskrift, og at fylkeskommunen får myndigheit til å fastsetje lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. Fylkeskommunen har ansvaret for meldepliktsordninga og er dermed den nærmaste til å oppdage eventuelle brot på lovverket. Forskriftene vil sette rammer for fylkeskommunane sitt skjønn. Det er berre ved alvorlege hendingar det skal vere mogleg å ileggje gebyr/mulkt. Departementet føreslår at det skal vere opp til forvaltninga å vurdere om det skal føre til sanksjonar eller ikkje når ei bedrift ikkje oppfyller meldeplikta. Fylkeskommunen kan òg velje å fastsetje i pålegget at den som ikkje har etterlevd meldepliktsordninga, får lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt utan nærmare vedtak.

Omfanget av handhevinga av tvangsmulkt eller lovbrotsgebyr eller storleiken på mulkta/gebyret bør ikkje påverkast av inntektsnivået til fylkeskommunen. Departementet føreslår derfor at gebyra og mulkta går til statskassen. Vedtak om tvangsmulkt og vedtak om lovbrotsgebyr skal vere tvangsgrunnlag for utlegg, i tråd med andre lovreguleringar om lovbrotsgebyr og tvangsmulkt. Departementet føreslår òg at fylkeskommunen bør kunne gi avkall på eller redusere ei pålagd tvangmulkt eller lovbrotsgebyr.

Pålegg om lovbrotsgebyr eller tvangsmulkt er enkeltvedtak som kan påklagast etter klagereglane i forvaltningslova.

I høyringsnotatet føreslår departementet å lovfeste i arbeidsmiljølova ei tilsvarande føresegn som § 9-5 tredje ledd i Hovudavtalen mellom LO og NHO.

Departementet viser til at arbeidsmiljølova alt har fleire føresegner som generelt pålegg plikt til informasjon og drøfting om verksemdsnedlegging. Men føresegnene gir ikkje nokon uttrykkjeleg rett og plikt til å drøfte overtaking av verksemda, slik mellom anna føresegna i Hovudavtalen mellom LO og NHO gjer. Føresegna sikrar at spørsmålet om vidare drift generelt, og spørsmålet om dei tilsette kan overta spesielt, blir sett på dagsordenen i ein nedleggingssituasjon. Departementet meiner på denne bakgrunnen at det er formålstenleg å lovfeste ei slik føresegn om drøftingsplikt i arbeidsmiljølova.

Høyringsinstansane har i all hovudsak stilt seg positive til å lovfeste drøftingsplikta i Hovudavtalen, og då slik at ei lovfesting bør knytast til eksisterande drøftingsreglar i arbeidsmiljølova. Departementet meiner at ei lovfesting bør knytast opp mot føresegna om drøfting i samband med masseoppseiing i arbeidsmiljølova § 15-2 og ikkje i tilknyting til kap. 8, som først gjeld i verksemder med meir enn 50 tilsette. Ei eventuell overtaking kan vere meir realistisk i mindre verksemder fordi det ofte er ein samanheng mellom storleiken på verksemda og dei ressursane som er nødvendige for å kunne overta verksemda.

Departementet ser at manglande statlege støtte- og lånegarantiar ved eit eventuelt oppkjøp frå dei tilsette si side i mange tilfelle vil avgrense sjansen for at dei tilsette faktisk kan overta verksemda. Ei lovfesting kan likevel bidra positivt ved at det forpliktar arbeidsgivar til å gjennomføre ein reell dialog med dei tillitsvalde for dei tilsette, noko som kan føre til at alle alternativ for vidare drift blir grundig vurderte.

På denne bakgrunnen føreslår departementet at drøftingsplikta i Hovudavtalen blir lovfesta i arbeidsmiljølova § 15-2. Den føreslåtte drøftingsplikta, der det opnast for at dei tilsette kan overta drifta, vil vere særleg praktisk i dei tilfella det f.eks. er ein filial som vurderast nedlagd. For å sikre at drøftingane også vert gjennomførte i desse tilfella, føreslår departementet at drøftingsplikta knyttast til nedlegging av "virksomhet eller selvstendig del av denne".

Det var 368 bedrifter med meir enn 30 tilsette som hadde 100 prosent nedgang i sysselsette frå 2003 til 2004. Truleg er dei representative også for dagens situasjon. Nedlegging på grunn av konkurs er ikkje omfatta av meldeplikta. Fråtrekt desse ville 328 av SSBs identifiserte bedrifter vere omfatta av meldeplikta. Dette estimatet er brukt for å anslå dei økonomiske konsekvensane av å innføre meldepliktsordninga med ei grense på 30 tilsette.

Departementet har gjort nærmare berekningar og kome til at det kan ta tre til fem dagsverk å utforme ei melding. Ein legg til grunn at om lag 70 pst. av meldepliktige nedleggingar vil bli gjenstand for ein "enkel" behandlingsprosess ved ei grense på 30 tilsette. Forventa årlege kostnader for bedriftene er ca. 12 mill. kroner ved ei grense på 30 tilsette.

Det blir vidare lagt til grunn at to dagsverk vil vere fylkeskommunens ressursbruk ved ein slik prosess. På denne bakgrunnen reknar ein at kostnaden for fylkeskommunen ved behandling av ei melding i ein enkel prosess er 12 800 kroner. Når dei ulike føresetnadene nemnd i proposisjonen blir lagde til grunn, reknar ein med at forventa årlege kostnader for fylkeskommunane blir dryge 4 mill. kroner ved ei grense på 30 tilsette.

Dei samfunnsøkonomiske gevinstane av å innføre den føreslåtte meldeplikta knyter seg primært til at det blir større openheit i omstillingsprosessar.

Ved at planlagde bedriftsnedleggingar må meldast til styresmaktene, vil ei rekkje aktørar få tidlegare og betre informasjon om omstillingsutfordringar.

Offentlege meldingar etter den føreslåtte omstillingslova kan bidra til å forenkle informasjonstilgang for potensielle investorar.

Ei utviding av dagens drøftingsplikt kan få visse økonomiske konsekvensar ved at ein nedleggingsprosess kan bli noko forseinka. Men departementet viser til at det alt i dag er eit krav om at arbeidsgivar som vurderer å gå til masseoppseiing, så tidleg som mogleg skal innleie drøftingar med dei tilsette.