7. Økonomiske og administrative konsekvenser
- 7.1 Sammendrag
- 7.1.1 Følger av at tidspunktet for innløsningsretten for bolighus blir endret
- 7.1.2 Følger av unntaket fra innløsningsretten for fritidshus i statsallmenninger mv.
- 7.1.3 Følgjer av at unntaket frå innløysingsretten for fritidshus som høyrer til landbrukseigedomar, blir endra
- 7.1.4 Følgjer av endringar i reglane om tvisteløysing
- 7.1.5 Følgjer av angrerett for festaren etter at innløysingssummen er endeleg
- 7.2 Komiteens merknader
Lovforslaget går ut på at festarar til tomt til bustadhus skal kunne krevje innløysing kvart anna år, mot kvart tiande i dag.
I høvet mellom bortfestaren og festaren får lov- og forskriftsendringar som gjeld tidspunktet for og retten til innløysing, dei økonomiske verknadene som følgjer direkte av lova.
Justisdepartementet legg samla sett til grunn at lovendringa ikkje medfører budsjettmessige konsekvensar for domstolane, andre skjønnsstyremakter, tinglysingsstyremaktene og kommunane. Verknadene i form av meirarbeid og auka gebyrinntekter er uvisse. Om det viser seg større konsekvensar etter at lovendringa er sett i verk og har fått full effekt etter overgangsføresegnene, vil ein eventuelt kunne komme attende til dette i det årlege budsjettarbeidet.
Innskrenkingane i innløysingsretten vil gjere at fjellstyra og eigaren av statsallmenningane vil oppehalde festeavgifta som ei varig og laupande inntektskjelde. Det same gjeld for Finnmarkseigedomen.
Organ med ansvar for forvaltningsoppgåver og tvisteløysing i samband med innløysing kan få mindre å gjere enn om endringane ikkje blir gjort. Dette får ikkje budsjettmessige verknader.
Forslaget i proposisjonen gjeld endring av ein forskriftsheimel i lova, og dette har ikkje i seg sjølv økonomiske og administrative verknader.
Den føresette innskrenkinga i innløysingsretten i forskrift om tomtefeste m.m. § 4 vil gjere at fleire av dei som driv landbruk, vil oppehalde festeavgifta som ei varig og laupande inntektskjelde. Organ med ansvar for forvaltningsoppgåver og tvisteløysing i samband med innløysing kan få mindre å gjere enn om dei føresette forskriftsendringane ikkje blir gjort. Dette får ikkje budsjettmessige verknader.
Tvisteløysinga skal halde god kvalitet og vere tilpassa det tvisten gjeld. Forslaga som gjeld tvisteløysing har innanfor denne ramma som formål å leggje til rette for mest mogleg rasjonell, effektiv og ressursinnsparande tvisteløysing for partane. Dette gjeld dei einskilde forslaga både kvar for seg og sett samla.
Framlegget om at tvist om retten til innløysing skal høyre under skjønnsstyremakta sin kompetanse, jf. punkt 6.2 foran, har som formål å gi administrativ og økonomisk innsparing for partane og tvisteløysingsorgana. Det same gjeld framlegget om eit høve til å dele saka, jf. punkt 6.3.
Fleire tilbakemeldingar frå høyringsinstansane når det gjeld framlegget om å ta bort fristen for å reise krav om skjønn ved innløysing, jf. punkt 6.4 foran, taler for at forslaget gjer at færre skjønnssaker vil bli reist. Departementet vil tru at forslaget overvegande vil gi ressursinnsparing for partane og skjønnsstyremaktene.
Under punkt 6.5 foran foreslår departementet at det ikkje skal følgje av lova at skjønn etter lov om tomtefeste §§ 15 og 37 skal styrast av lensmannen, namsfuten eller politistasjonssjef, men av tingretten, dersom ikkje partane er samde om anna. Valfridomen for partane når det gjeld om eit skjønn skal vere rettsleg skjønn eller blir styrt av lensmannen mv., legg til rette for at partane kan velje når dei er samde om kva som er mest rasjonell tvisteløysing. For lensmannen mv. vil forslaget føre til færre skjønnssaker. For tingretten vil fleire saker kome inn til førsteinstanshandsaming, men færre til overskjønn. For lagmannsretten vil forslaget gi saker om overskjønn som elles ville gått til tingretten. For dei organa det gjeld vil dette likevel berre røre ved noko av det totale - og langt meir omfattande - ansvarsområdet dei har. Forslaga får i seg sjølv ikkje budsjettmessige verknader. Forslaget gjer at tingrettane og lagmannsrettane får attende dei sakskategoriane som dei var tillagde inntil endringane i lov om tomtefeste § 43 i 2004 og 2005, som heller ikkje i seg sjølv fekk budsjettmessige verknader for domstolane.
Forslaget seier at festaren kan seie frå seg kravet om innløysing seinast fire veker etter at innløysingssummen er endeleg fastsett ved skjønn, voldgift eller rettsleg avgjerd. For festaren kan dette ha mykje å seie økonomisk der innløysingssummen blei uventa høg. Dersom festaren vel å seie frå seg kravet, må bortfestaren sine naudsynte kostnader som følgje av kravet dekkjast. Dette skadebotansvaret gjer at bortfestaren ikkje får ein økonomisk risiko på grunn av regelen. Kvar av partane kan be om ein orskurd frå avgjerdsinstansen som avgjer beløpet. Avgjerdsinstansen kan derfor få noko meirarbeid. Men departementet reknar med at det objektive og absolutte ansvaret for å dekkje kostnadane, gjer at regelen truleg ikkje vil bli meir enn ei utveg for festaren i tilhøve der det er god grunn til å bruke regelen. Regelen vil venteleg ikkje ha større økonomisk eller administrativ verknad for avgjerdsinstansane, mellom dette domstolane.
Komiteens medlemmer fra Høyre viser til merknader gitt ovenfor under pkt. 3.2, og har for øvrig ingen merknader.