Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Sammendrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg til lov om endringar i lov om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover. Framlegget svarer til framlegget i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) Om lov om endringar i lov 8. juni 1984 nr. 58 om gjeldsforhandling og konkurs og andre lover (elektronisk kommunikasjon mv.), som blei satt fram for Odelstinget i den førre sesjonen. Framlegget i Ot.prp. nr. 108 (2004-2005) blei ikkje handsama i den sesjonen. Etter forretningsordenen for Stortinget § 33 tredje ledd må Regjeringa setje framlegget fram att i den nye valperioden.

Konkursrådet utarbeidde i 2002 eit høyringsnotat med ulike framlegg om rasjonalisering av konkurshandsaminga ved auka bruk av elektronisk kommunikasjon og redusert bruk av brev og aviskunngjeringar. Konkursrådets høyringsnotat blei sendt på høyring av Justisdepartementet i november 2002. Departementet tok ikkje sjølv stilling til realitetane i framlegget før det blei sendt på høyring. Fleirtalet av høyringsinstansane stilte seg positive til hovudtanken om rasjonalisering av konkurshandsaminga ved bruk av elektronisk kommunikasjon. Men somme sider ved framlegga møtte kritikk. Nokre høyringsinstansar meinte at forslaget i høyringsnotatet ikkje tok nok omsyn til personvernet. Fleire høyringsinstansar gjekk òg imot at det ikkje lenger var foreslått nokon ufråvikeleg plikt til å rykkje kunngjeringsannonsar inn i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Departementet har etter høyringa drøfta med Brønnøysundregistra, Datatilsynet, Domstoladministrasjonen og Konkursrådet kva for løysingar ein kan finne på desse spørsmåla.

På denne bakgrunn gjer Justisdepartementet i proposisjonen framlegg om endringar i konkurslova og andre lover med sikte på å leggje til rette for auka bruk av elektronisk kommunikasjon ved gjeldsforhandling og konkurs. Bruken av elektronisk kommunikasjon vil spare tid og kostnader, slik at midlane i bua kan bli utnytta meir effektivt.

Departementet foreslår at kunngjeringar til allmenta i samband med konkurs og gjeldsforhandling skal skje elektronisk i Brønnøysundregistra sin elektroniske kunngjeringspublikasjon. Plikten til å kunngjere i Norsk lysingsblad blir samstundes foreslått oppheva. Det blir foreslått at kunngjering framleis skal skje i ei avis som er alminneleg lesen på staden. Kunngjeringsannonsane i avisene skal etter framlegget vere kortare enn i dag, slik at kostnadene ved avis­kunngjeringane blir reduserte. I tillegg skal dei kjende fordringshavarane framleis bli varsla personleg om opning av konkurs eller akkordforhandling etter konkurslova.

Det blir foreslått ein forskriftsheimel for å gi reg­lar om abonnementsordningar, slik at fordringshavarar og offentlege organ kan abonnere på kunngjeringsinformasjon om konkurs og gjeldsforhandlingar frå Brønnøysundregistra. Slike abonnementsordningar kan vere utforma både slik at abonnentane får opplysningane via elektronisk post og ved at informasjon blir inkorporert i abonnentens eige datasystem.

Departementet foreslår å klårgjere som hovudregel at føresegnene i konkurslova om sending av meldingar og andre føresegner om kommunikasjon er teknologinøytrale i den forstand at elektronisk kommunikasjon kan nyttast om sendaren og mottakaren har lagt til rette for det og mottakaren har akseptert det.

Departementet gjer framlegg om eit system for elektroniske busider til bruk under handsaminga av eit konkursbu. Å leggje dokument og opplysningar ut på busida kan langt på veg erstatte utsending av dokument ved frankerte brev. Etter framlegget skal det vere avgrensa tilgang til busidene, slik at det er dei same som i dag har rett til å få tilsendt informasjon om buet, som vil få tilgang til opplysningane på busida. Dette er naudsynt av personvernomsyn. Det vil vere ein føremon for fordringshavarane og offentlege instansar at dei får ein plass der informasjon om buet er samla. Varsel som skal gis fordringshavarane under buhandsaminga, og som er avgjerande for kva tid ein frist tar til å løpe, skal likevel bli gitt direkte til fordringshavarane. Det blir foreslått at Brønnøysundregistra skal stå for drifta av elektroniske busider, og at informasjon frå Konkursregisteret om buet skal overførast automatisk til busida.

Det blir foreslått ein forskriftsheimel for å gi næra­re reglar om dei tekniske krava for bruk av elektronisk kommunikasjon. Det blir òg foreslått ein forskriftsheimel for å gi reglar om abonnement på opplysningar frå busidene.

Det blir foreslått at nokre av pliktene bustyraren har etter konkurslova skal gå over til føraren av Konkursregisteret. Dette gjeld mellom anna plikta til å sørgje for registrering av konkursopning i grunnboka og Meirverdiavgiftsmantalet.

Det er gjort framlegg om endringar i einingsregisterlova for å gjere Konkursregisteret til eit tilknytt register til Einingsregisteret. Endringa inneber også at konkursbuet skal vere ei eiga registereining i Konkursregisteret.

Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane, viser departementet til at forslaget om endringar i kunngjeringsreglane er venta å føre til ei innsparing for det offentlege på 8 mill. kroner årleg ved avviklinga av annonseringa i Norsk lysingsblad og ved aviskunngjering i forkorta form.Vidare ventar ein ein samla utviklingskostnad på 5,16 mill. kroner ved Brønnøysundregistra. Brønnøysundregistra har berekna at dei årlege driftskostnadene vil bli på 1,5 mill. kroner. Endringane vil gje innsparingar for konkursbua. I tillegg til reduksjon av portoutgifter vil framlegget venteleg føre til at bustyrarane får færre og enklare administrative oppgåver i buhandsaminga samanlikna med i dag. Næringslivet eller private aktørar får elles ikkje nye kostnader eller administrative byrder som følgje av framlegget.