Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Alkohollova sitt verkeområde – presisering – alkohollova § 1-2

Departementet tar sikte på å senda på høyring forslag om revisjon av føresegn 11. desember 1998 nr. 1300 om alkoholordninga for Svalbard. Tilsvarande gjeld føresegn 11. desember 2000 nr. 1543 om alkoholordninga for Jan Mayen.

I samband med førebuingane til revisjonen av føresegnene ser departementet at heimelen i alkohollova § 1-2 til å gi føresegner om omsetning av alkoholhaldig drikk o.a. på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen er uheldig utforma. Etter andre ledd kan det gis føresegner om "lovens anvendelse" på Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen. For å sikra ein klar heimel foreslår departementet at heimelen blir presisert.

Forslaget vil ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Departementet foreslår at endringa skal gjelda frå den tid Kongen fastset. Departementet reknar med at endringa vil kunna setjast i kraft 1. juli 2005.