4. Avgiftsfritt sal ved innkomst til flyplassar frå utlandet – alkohollova Kapittel 3
I samband med budsjettframlegget for 2005 og handsaminga av dette blei det vedteke å opna for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet. I budsjettdokumenta varsla Regjeringa at det stod att naudsynte avklaringar knytt til lovverket før ordninga kunne bli sett i kraft.
Kapittel 3 i alkohollova inneheld reglar om at sal av alkoholhaldig drikk i Noreg krev løyve. Avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar er omfatta av dette kravet. Vedtaket om å opna for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved innkomst til norske flyplassar krev derfor, viss ordninga skal gjelda på dei same premissane som det avgiftsfrie salet som i dag fins for personar som skal reisa ut frå Noreg frå norske flyplassar, at det blir gjort endringar i alkohollova.
Det blir foreslått å endra alkohollova slik at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet blir unntatt plikta til løyve etter alkohollova, og at retten til slikt sal i staden blir knytt til tillating frå toll- og avgiftsetaten. Dette tilsvarer det unntaket og den ordninga som gjeld for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise frå norske flyplassar til utlandet. Departementet legg til grunn at slike tillatingar berre skal gi rett til å selja den avgiftsfrie kvota.
Departementet foreslår å presisera i lova at ordninga skal avgrensast mot reisande som kjem frå og skal til Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.
Av pedagogiske grunnar foreslår departementet derfor at dagens unntak for avgiftsfritt sal av alkoholhaldig drikk ved utreise blir lovfesta på tilsvarande måte som det nye unntaket for avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar. Forslaget inneber ikkje realitetsendringar.
Departementet foreslår at lova skal gjelda frå den tid Kongen fastset, og at Kongen kan setja i kraft dei enkelte delane av lova til ulik tid. Departementet vil arbeida for at lova skal kunna setjast i kraft 1. juli 2005. Departementet foreslår vidare at Kongen kan fastsetja nærare overgangsreglar.
Forslaget kan medverka til ein auka import av avgiftsfrie kvoter og dermed ein lågare innanlandsk omsetnad av alkoholhaldig drikk og tobakk, som det er lagt avgifter på i Noreg. Det blir uttala at denne verknaden truleg vil vere liten, slik at dei samla provenyverknadene av forslaget er små.
For toll- og avgiftsetaten vil ordninga kunne føra til auke i ressursbehovet knytt til kontroll. Det blir uttala at det er sannsynleg at dei økonomiske og administrative konsekvensane for toll- og avgiftsetaten vil bli minimale, og at dei kan dekkjast innafor den eksisterande budsjettramma.
Komiteen har merka seg at Arbeids- og sosialdepartementet foreslår å endre alkohollova slik at avgiftsfritt sal ved innkomst til norske flyplassar frå utlandet blir unntatt plikta til løyve etter alkohollova, og at retten til slikt sal i staden blir knytt til tillating frå toll- og avgiftsetaten. Vidare har komiteen merka seg at den nye ordninga med avgiftsfritt sal ved innkomst er meint å spegla ordninga for avgiftsfritt sal ved utreise, og at det i samband med dette vert gjort visse presiseringar. Komiteen registrerer også at sjølv om det vert gjort eit slikt unntak, så vil dei andre generelle reglane i alkohollova gjelde for dette salet. Komiteen stiller seg bak desse endringane.
Komiteen viser til brev dagsett 2. juni 2005 frå arbeids- og sosialministeren der det går fram at framlegget må plasserast i ny § 3-1a og ikkje i § 3-3 slik det står i proposisjonen. Komiteen fremjar på bakgrunn av dette følgjande forslag:
"Lov 2. juni 1989 om omsetning av alkoholholdig drikk mv. blir endra slik:
§ 3-1 første og andre ledd skal lyde:
Salg av alkoholholdig drikk med høyere alkoholinnhold enn 4,7 volumprosent kan bare foretas av AS Vinmonopolet på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a.
Salg av annen alkoholholdig drikk enn nevnt i første ledd kan bare foretas på grunnlag av kommunal bevilling, eller på grunnlag av tillatelse som nevnt i § 3-1a. Det gjelder også der salget skal drives av et selskap som helt eller delvis eies av kommunen. Bevillingen gjelder for et bestemt lokale og en bestemt type virksomhet. Salgsbevilling kan ikke utøves sammen med skjenkebevilling i samme lokale.
Ny § 3-1a skal lyde:
§ 3-1a Salg av alkoholholdig drikk på flyplasser
Avgiftsfritt salg av alkoholholdig drikk kan skje etter tillatelse fra toll- og avgiftsetaten. Tillatelse kan kun gis for salg til reisende på vei til utland fra norske flyplasser eller til reisende som ankommer norske flyplasser fra utland. Tillatelse kan ikke gis for reisende på vei til eller fra Svalbard, Jan Mayen og kontinentalsokkelen.
For slikt salg gjelder § 3-1 sjette ledd tilsvarende."
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til Innst. S. nr. 62 (2004-2005) og vedtaket der om å utrede taxfreesalg på internasjonale jernbanestrekninger. Flertallet avventer slik utredning og ber om at den fremlegges på egnet måte i 2005.