Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

3. Iverksetjing av delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden – lov 17. desember 2004 nr. 85 om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover IV nr. 2

Det blir vist til at Regjeringa ved framlegging av budsjettet for 2005 m.a. foreslo at arbeidsgivarane skulle få eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden, og at dei skulle få delvis kompensasjon for dette ved at arbeidsgivarperioden blei redusert frå 16 til 14 kalenderdagar. Som ein del av budsjettforliket i Stortinget blei lova vedtatt med iverksetjing frå 1. juli 2005.

Det blir vist til at det samla sjukefråværet blei redusert frå 8,5 til 6,4 prosent frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004. Det er nedgang i sjukefråværet i alle næringar og i alle fylke. Som ein konsekvens av det reduserte sjukefråværet blir det nå lagt til grunn ein reduksjon i folketrygdas utgifter til sjukepengar på nærare 3 mrd. kroner i 2005.

På bakgrunn av utviklinga i sjukefråværet i den seinare tida vil Regjeringa ikkje setje i verk dette lovvedtaket, men avvente mellom anna resultata av evalueringa av IA-avtalen. I etterkant av evalueringa vil Regjeringa i samråd med partane i avtalen drøfte grunnlaget for det vidare samarbeid om eit meir inkluderande arbeidsliv.

Departementet foreslår å oppheve iverksetjingstidspunkt 1. juli 2005 og gjer framlegg om at iverksetjingstidspunktet for lovvedtaket om delansvar for arbeidsgivar for sjukepengar i trygdeperioden skal fastsetjast ved særskilt lov.

Fleirtaler i komiteen, medlemene frå Høgre, Framstegspartiet og Kristeleg Folkeparti, viser til at Regjeringa i St.prp. nr. 1 (2004-2005) og Ot.prp. nr. 9 (2004-2005) fremma forslag om endringar i regelverket for sjukepengar, m.a. at arbeidsgivaren skulle få eit delansvar for sjukepengar på 10 prosent i heile sjukepengeperioden. Som følgje av budsjettavtalen mellom regjeringspartia og Framstegspartiet vart lova vedtatt med iverksetjing frå 1. juli 2005, men forslaget skulle vurderast på nytt dersom det viste seg at fråværet gjekk ned meir enn forventa.

Fleirtalet viser til at endringa i regelverket for sjukepengar som vart innført frå 1. juli 2004, truleg har ført til den sjukefråværsreduksjonen vi har sett frå 4. kvartal 2003 til 4. kvartal 2004. Utgiftene til sjukepengar og omfanget av sjukefråværet er no monaleg mindre enn det som var venta i samband med budsjettvedtaka for 2005. Fleirtalet er difor einig i at den seinaste utviklinga i sjukefråværet gjer det opphavelege forslaget lite føremålstenleg.

Fleirtalet har merka seg at sjukefraværet i Noreg nå endeleg ser ut til å bli kraftig redusert. Dette har det vore heilt naudsynt å få til, slik at vi i Noreg blir meir konkurransedyktige overfor utlandet. Denne nedgangen har fått som verknad at det delansvaret for arbeidsgjevarar som blei vedtatt innført frå 1. juli 2005, no ikkje blir naudsynt å gjennomføre. Dette er fleirtalet særs godt nøgd med all den tid at det i samband med budsjettforliket for 2005 mellom regjeringspartia og Framstegspartiet blei tatt inn følgjande formulering i avtalen:

"Ikrafttredelse utsettes til 1. juli 2005. Partene vil be Regjeringen foreta en ny vurdering av forslaget, dersom det viser seg at fraværet går ned mer enn forventet."

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet registrerer den gledelige nedgangen i sykefraværet og legger til grunn at dette viser at IA-avtalen og fokus på oppfølging av sykmeldte fungerer ut fra målet om et mer inkluderende arbeidsliv.

Disse medlemmer kan imidlertid ikke akseptere at staten ensidig endrer IA-avtalen, og at Regjeringen ensidig fastsetter om eller når arbeidsgiver skal dekke en større del av utgiftene i forbindelse med langtidssykefraværet. Disse medlemmer understreker at en slik praksis er urimelig og ikke i tråd med avtaleforutsetningene. Disse medlemmer er redde for at slik ensidighet rokker ved de premissene som ligger til grunn for fordeling av ansvar for avtalen partene imellom, og at det i sin ytterste konsekvens kan sette avtalen i fare. Disse medlemmer registrerer at Regjeringen nå i alle fall vil avvente evaluering og samråd med partene i avtalen. Disse medlemmer understreker at det ikke er aktuelt å endre sykepengereglene verken for arbeidstaker eller arbeidsgiver.

Komiteen vil berømme partene i arbeidslivet for at de har klart å snu trenden med et stadig økende sykefravær, men det er viktig at en ikke nå hviler på sine bra resultater, men har fokus på en fortsatt nedgang.

Komiteen fremmer følgende forslag til endring av II:

"Lov 17. desember 2004 nr. 85 om lov om endringar i folketrygdlova og i enkelte andre lover blir endra slik:

I IV nr. 2 skal formuleringa "trer i kraft 1. juli 2005" endrast til "vert oppheva".