Sammendrag
- Matrikkelen
- Organisering av oppmåling og matrikkelføring
- Oppmålingsforretning. Betaling. Kompetansekrav
- Nærare om system, enkelte sakstypar, o.a.
Miljøverndepartementet foreslår i proposisjonen ny lov om eigedomsregistrering, som skal avløyse lov 23. juni 1978 nr. 70 om kartlegging, deling og registrering av grunneiendom (delingsloven) og lov 9. juli 1923 nr. 1 om anbringelse av signaler og merker for målearbeider. Det foreslås i tillegg tilpassingar i ei rekkje andre lovar.
Lovforslaget følgjer i hovudsak forslag frå NOU 1999:1 Lov om eiendomsregistrering. Behovet for relevante og riktige eigedomsopplysningar aukar innanfor fleire samfunnssektorar. Lov om eigedomsregistrering skal, saman med anna lovverk, i første rekkje lov om tinglysing, gi eit påliteleg og effektivt grunnlag for transaksjonar i fast eigedom, for offentleg administrasjon og for bruk og vern av det fysiske miljøet i det heile.
Det blir i proposisjonen drøfta om lova burde innarbeidast i plan- og bygningslova, men departementet konkluderar med å foreslå ei eiga lov om eigedomsregistrering.
Internasjonale trendar innan eigedomsregistrering er omtala, og det gis i proposisjonen eit oversyn over bruken av terminologi i lovforslaget.
Departementet foreslår at signallova i revidert form blir ført vidare i eit eige kapittel i lov om eigedomsregistrering. Strukturen i lova er omarbeidd i tråd med forslag frå Justisdepartementet. Departementet meiner som Justisdepartementet at ei lov om oppmålingsarbeid som vert foreslått, ikkje bør givast som ei eiga lov, men takast inn i forslaget til lov om eigedomsregistrering. Ein meiner at "lov om eigedomsregistrering" er eit dekkjande namn, sjølv om føresegner om oppmålingsarbeid blir teke inn. Departementet foreslår "matrikkellova" som kortform.
Departementet foreslår i proposisjonen å etablere eit moderne eigedomsregister for heile landet, kalla matrikkelen. Registeret skal byggje på det gjeldande grunneigedoms-, adresse- og bygningsregisteret (GAB-registeret), men skal også omfatte kart som viser plassering, storleik og form på den enkelte eigedommen. Kartdata vil bli henta frå digitale eigedomskart (DEK) hos kommunane og Statens kartverk.
Det som i dag blir registrert som eigne einingar i GAB skal framleis kunne opprettast som eigne einingar i matrikkelen. Einingar som er tildelte matrikkelnummer etter tidlegare regelverk, skal bli rekna som matrikkeleining og kan stå oppførte i matrikkelen, sjølv om krava i lovforslaget ikkje er oppfylte.
Kjernen i matrikkelen vil vere sjølve matrikkeleininga med offisiell identifikasjon av denne. Til kjernen skal det vere knytt opplysningar om den enkelte matrikkeleininga som er nødvendige for planlegging, utbygging, bruk og vern av fast eigedom. Departementet understrekar at matrikkelen skal stå fram som ein heilskap, der kartdata er å sjå på som eitt av fleire tema knytte til den enkelte matrikkeleininga.
Departementet legg til grunn at nummerering og identifikasjon skal vere einsarta for landet, lett å forstå, og byggje på gjeldande system for nummerering med gardsnummer, bruksnummer, festenummer og seksjonsnummer. Det skal tydeleg gå fram av matrikkelen om eininga er grunneigedom, anleggseigedom, eigarseksjon, jordsameige eller festegrunn. Nærare reglar om nummerering og omnummerering vil bli fastsette i forskrift.
Departementet meiner vidare at omgrepet festegrunn også bør omfatte allereie etablerte bruksrettar med tilsvarande karakter som festerett, sjølv om retten ikkje er regulert i festekontrakt. Definisjon av matrikkeleining og matrikkeleininga "festegrunn" er nærare omtala i proposisjonen.
Departementet meiner kommunane skal registrere pålegg som gjeld grunn og bygningar i matrikkelen. Det foreslås imidlertid at opplysningar om offentlege pålegg berre blir registrerte med ein referanse til saka, slik at den som saka vedkjem kan undersøkje forholdet nærare. Nærare reglar om utforming av slike referansar blir å fastsetje i forskrift.
Departementet meiner at ein i første omgang må utforme matrikkelen slik at både nye og gamle (men framleis gjeldande) pålegg som vedkjem bruk av grunn eller bygningar vedtekne av kommunane skal registrerast. Det må i tillegg lagast rutinar som sikrar at gjennomførte pålegg (som ikkje lenger er relevante), blir sletta frå matrikkelen.
Opplysningar om alle kjente freda kulturminne og kulturmiljø skal bli oppteikna og vere tilgjengelege via matrikkelen. Dette bør gjelde både automatisk freda kulturminne, så vel som bygningar, anlegg o.a. som er freda ved særskilt vedtak, m.a. freda område rundt eit freda kulturminne. GAB-registeret inneheld allereie i dag særskilde opplysningar om eldre bygningar frå før 1900 (før 1945 i Nord-Troms og Finnmark). Det er føresetnaden at dette blir ført vidare i matrikkelen.
Kommunane skal oppleve matrikkelen som eit formålstenleg forvaltningsverktøy og ei nyttig informasjonskjelde, og sjå seg tente med å setje av ressursar til arbeidet med føringa. Dei opplysningane som skal førast inn i matrikkelen etter at det er halde oppmålingsforretning, skal gå fram av sjølve kravet om matrikkelføring, og kunne leggjast inn utan vesentleg kontroll av kommunen.
Ordningane for rapportering til GAB skal førast vidare i matrikkelen, og kommunane kan etter avtale oversende registreringsgrunnlaget til Statens kartverk for innlegging i matrikkelen i staden for sjølve å oppdatere. Føresegnene omkring ajourhald av og rapportering til matrikkelen skal samordnast med anna regelverk, spesielt føresegnene om saksbehandling og kontroll i byggjesaker. Samordninga inneber ikkje nye registreringsplikter.
Departementet fremjar forslag til regel om komplettering av opplysningane i matrikkelen, og det blir foreslått at pålegget om å skaffe fram opplysningar kan rettast mot eigar, rettshavar eller leigar av eigedom, bygning eller bygningsdel, eller mot offentlege organ. Føresegna vil gjelde både for opplysningar som manglar heilt i matrikkelen og for betring av kvaliteten på eksisterande data. Departementet føreset at det i ordinære saker vil vere den sentrale matrikkelstyresmakta som avgjer og organiserer regionale eller landsomfattande arbeid. Matrikkelkartet skal kunne førast à jour med eksisterande grenser via datafangst frå eksisterande kjelder som kartverk og andre beskrivingar og via ny kartlegging og nye utrekningar. Det skal óg i slike høve gå fram av matrikkelen kvar dei nye opplysningane kjem frå.
Den sentrale matrikkelstyresmakta kan ikkje føre opplysningar i matrikkelen som kommunen har føringsansvaret for og der kommunen sit på datagrunnlaget, utan etter avtale med den enkelte kommunen. Lovforslaget opnar for at matrikkelen kan innehalde opplysningar frå andre styresmakter enn kommunane, når det er bestemt i lov eller etter avtale med den sentrale matrikkelstyresmakta. I tillegg må matrikkelen regelmessig kontrollerast og oppdaterast mot andre administrative register for å vere à jour, til dømes for opplysningar om namn, personnummer og adresse til heimelshavarane.
Matrikkelen skal ikkje innehalde informasjon som i seg sjølv er gradert. Departementet meiner at Forsvaret sitt eigarskap (grunnboksheimel) framleis skal gå fram opent av grunnbok og matrikkel.
Matrikkelen og tinglysingsregisteret (grunnboka) skal fylle ut kvarandre. Medan grunnboka primært inneheld opplysningar som får rettsvern gjennom tinglysing, skal matrikkelen gi informasjon om fysiske forhold og andre viktige opplysningar som det ikkje er nødvendig eller mogleg å tinglyse. Matrikkel og grunnbok vil få ein felles administrativ overbygning ved at Statens kartverk i framtida også skal føre grunnboka, jf. vedtak i 2002 om å overføre tinglysinga frå domstolane til Statens kartverk.
Etter gjeldande delingslov står kommunen for alle sider ved eigedomsregistreringa som pliktig styresmaktoppgåve, både oppmålinga i marka og registerføringa. Departementet foreslår i proposisjonen å dele dette i to, ein tenestedel og ein styresmaktdel. Tenestedelen (oppmålingsforretninga) omfattar merking og oppmåling av grenser og anna arbeid fram til krav om matrikkelføring. Tenestedelen vil ikkje innehalde noko element av offentleg avgjerdsmakt. Alle element av avgjerdsmakt blir lagt til den andre delen, føring av matrikkelen, som framleis skal vere ei oppgåve for kommunen som offentleg styresmakt.
Departementet meiner at skiljet mellom teneste og styresmakt legg grunnlaget for eit nytt og betre opplegg for kvalitetssikring, ved at kommunen som matrikkelførar får som separat oppgåve å kontrollere at oppmålingsforretningane blir utførte i samsvar med lov og forskrift. Departementet trur at krav om kompetanse i tenesteleddet vil heve kvaliteten på kartverk og register på sikt. Vidare kjem fordelane ved det klart definerte grensesnittet i lovforslaget mellom styresmakt og tenesteleverandør.
Skiljet mellom styresmaktoppgåver og tenesteproduksjon legg til rette for at kommunane kan velje organisering tilpassa dei lokale forholda. Departementet vil tru at dei fleste kommunane ønskjer å opne for privat tenesteyting og fritt landmålarval, og foreslår dette som lovteknisk hovudløysing. Kommunen kan vedta å oppretthalde oppmålingstenesta som eit kommunalt eineansvar.
Departementet viser til at sjølv om det i mange kommunar er lang tradisjon for å utføre eigedomsoppmåling, er det få prinsipielle omsyn som tilseier at dette skal vere ei oppgåve pålagt alle kommunar i kraft av lov. Det ligg godt til rette for å organisere oppmåling som eit eigna arbeidsfelt for private føretak.
Departementet meiner at forholda varierer rundt om i landet, og at den enkelte kommune sjølv bør kunne avgjere korleis arbeidet skal organiserast. Departementet foreslår derfor at kommunen skal kunne velje om den vil opne for fritt landmålarval eller vidareføre oppmålingsarbeidet som eit kommunalt eineansvar. I nokre kommunar kan dette sikre at kommunen kan ha tilsett eigen landmålar som dei elles treng til andre oppgåver.
Kommunar kan etablere eige landmålarføretak, som leverer tenester i konkurranse med private føretak. For å få like konkurransevilkår, må kommunen i så fall organisere og bemanne verksemda etter dei same godkjenningskrava som gjeld for private landmålarføretak. Det same gjeld statlege etatar som har behov for å vidareføre eigne landmålarverksemder.
Departementet finn det ikkje nødvendig å krevje at kommunen organiserer landmålarføretaket som eige selskap eller juridisk føretak. Det vil vere tilstrekkeleg at kommunen registrerer den eininga som skal fungere som landmålarføretak, i Einingsregisteret.
Kommunar som ønskjer å opne for privat tenesteyting og innføre fritt landmålarval, kan ha behov for ei overgangsordning når lova blir sett i verk, og det foreslås at kommunane skal kunne halde fram med å utføre oppmålingsforretningar som kommunal oppgåve utan godkjenning i inntil fem år. Kommunar som utfører oppmålingsforretningar som kommunalt eineansvar vil vere landmålarføretak i kraft av kommunalt vedtak etter lova. Departementet foreslår derfor ingen særskilde krav til korleis desse organiserer verksemda si.
Departementet legg til grunn at den sentrale matrikkelstyresmakta ikkje skal drive eller ha interesser i landmålarføretak, men har ikkje funne det nødvendig å lovfeste dette.
Det foreslås ei organisering rundt matrikkelen med ei sentral, statleg styresmakt og lokale, kommunale matrikkelstyresmakter. Matrikkelen skal vere einsarta i heile landet, både når det gjeld datainnhald og tilgjenge, og dette kan berre sikrast gjennom at staten har ansvaret for drift av matrikkelen, og fører tilsyn med at matrikkelen blir ført korrekt i alle kommunar. Den sentrale matrikkelstyresmakta, som vil vere Statens kartverk, skal syte for ordning, drift og forvaltning av matrikkelen, under dette utvikling, vedlikehald, betra tilgjenge, tilsyn, generell informasjon og rådgiving. Statens kartverk og fylkesmannen skal ha oversikt over ordninga i den einskilde kommunen, og fylkesmannen skal vere orientert som klageorgan.
Kommunen skal som lokal matrikkelstyresmakt ha ansvaret for å føre opplysningar inn i matrikkelen. Den viktigaste grunnen til å velje kommunal matrikkelføring framfor statleg sentral føring, er at det meste av data for ajourføring av matrikkelen oppstår i tilknyting til saksbehandling i kommunane. Kommunane bør kunne føre matrikkelen anten åleine eller ved interkommunalt samarbeid, eventuelt med nødvendig hjelp frå Statens kartverk.
Departementet viser til at etablering av private landmålarføretak kan gi ein nyttig konsulentbransje som gir partane effektiv hjelp i mange spørsmål i samband med eigedomsdeling og andre forhold rundt fast eigedom.
Utføring av oppmålingsforretninga er basert på dokumentasjon og eigenkontroll og blir avslutta med krav om matrikkelføring. Omgrepet "oppmålingsforretning" skal erstatte omgrepet "kart- og delingsforretning" i delingslova. Oppmålingsforretning kan vere oppretting av matrikkeleining, grensejustering, arealoverføring så vel som klarlegging av eksisterande grenser. Oppmålingsforretning omfattar, i tillegg til dokumentasjon, normalt eit arbeid i marka.
Landmålarføretaket skal avklare rettsforhold og kunne hjelpe partane med å utforme nødvendige avtaler og dokument for tinglysing. Det blir poengtert at landmålarføretaket ikkje har noka form for styresmaktfunksjon, og føretaket må innhente godkjenning frå kommunen dersom løyvet til å opprette ny matrikkeleining eller arealoverføring må fråvikast, og for å kunne unnlate fullstendig merking og innmåling av grensene. Dei elementa av styresmakt som ligg i styrarfunksjonen i gjeldande lov, er fullt ut lagt til kommunen som matrikkelførar.
Departementet foreslår at dei same reglane for utføring og dokumentasjon av oppmålingsforretninga skal gjelde når kommunen utfører oppmålingsforretninga. Det gjeld når kommunen opptrer som godkjent landmålarføretak på linje med private utøverar, men også så langt det passar, når kommunen har vedteke kommunalt eineansvar, eller når kommunen følgjer overgangsreglane. Også for kommunen vil oppmålingsforretninga og matrikkelføringa vere to skilde oppgåver, der "kravet" om matrikkelføring markerer grensesnittet mellom dei.
Det er i proposisjonen gjort nærare rede for dokumentasjonskravet, kven som er partar i oppmålingsforretning, plikt til å halde oppmålingsforretning, grensemerking og måling og om klarlegging av rettsforhold mv.
Departementet viser til at betaling for tenestedelen i forbindelse med oppmålingsforretning vil bli fastsett gjennom fri prisdanning i ein marknad basert på konkurranse, og at det skjer ei rask utvikling med omsyn til målemetodar, måleinstrument, utrekningsprogram osv. Det er ønskjeleg å få rammevilkår som stimulerer til å utnytte optimale arbeidsmetodar, målemetodar o.a., tilpassa krav til presisjon og forholda elles på staden. Fri prisfastsetjing og konkurranse vil i større grad medverke til at det blir fokusert på optimale løysingar.
Departementet legg til grunn at prisar på oppmålingsforretningane som speglar dei faktiske kostnadane, gir ein meir effektiv samfunnsøkonomisk ressursbruk, jamvel om fri prisdanning skulle gi noko høgare priser. Forslaget om å definere oppmålingsforretningane som teneste, medfører at oppgåva kjem inn under meirverdiavgiftsplikta, og vil i seg sjølv føre til ei prisauke.
I kommunar som førar vidare ordninga med oppmålingsforretningar som kommunalt eineansvar, vil det ikkje vere konkurranse om tenesta, og departementet meiner betaling i desse kommunane må skje på grunnlag av gebyrregulativ fastsett av kommunestyret. Departementet kan gi nærare reglar om dette i forskrift. For å få meir like vilkår med ordninga i resten av landet, foreslår departementet at det blir lagt meirverdiavgift på denne typen gebyr.
Departementet foreslår ingen detaljerte reglar om betaling for oppmålingsarbeid som kommunane utfører etter overgangsreglane, og i ytste konsekvens kan såleis desse kommunane setje prisar som går ut over sjølvkost.
Det skal betalast gebyr til kommunane for matrikkelføring, og kommunen bør kunne dekkje andre oppgåver etter lova med gebyr, f.eks. utferding av matrikkelbrev som eiga sak. Kommunen fastset gebyrregulativ avgrensa oppover til sjølvkost, men innanfor eit øvre tak som blir fastsett av departementet ved forskrift. Departementet foreslår at gebyret blir fastsett som eit visst tal rettsgebyr. Det bør vere ulike satsar avhengig av kor mykje arbeid den enkelte sakstypen krev i gjennomsnitt. Det er føresett like maksimalsatsar for heile landet.
Departementet meiner det bør betalast gebyr for registrering av data frå jordskifteretten, og slik at dette inngår i dei sakskostnadene som partane må dekkje i saka for jordskifteretten.
Departementet foreslår å vidareføre gebyrheimelen for eigarseksjonering i lov om eigarseksjonar, og det skal såleis ikkje betalast gebyr for matrikkelføring av eigarseksjonar. Brukarane skal vidare normalt betale for opplysningar frå matrikkelen og eventuell rett til å vidaredistribuere desse.
Når det gjeld krav til verksemd som skal utføre oppmålingsforretning foreslår departementet at kompetansekrava blir sikra gjennom ei ordning med godkjende landmålarføretak etter mønster av den sentrale godkjenningsordninga i plan- og bygningslova. Det er ikkje ønskjeleg å opprette ei ordning for å autorisere fagpersonar på allment grunnlag, utan at dette skjer i direkte samanheng med utøving av verksemd. I tillegg vil det truleg vere aktuelt for mange landmålarføretak å søkje godkjenning innanfor plan- og bygningslova sitt fagområde.
Departementet har vurdert om godkjenningsordninga skulle vere heimla i plan- og bygningslova, men har funne dette lite formålstenleg. Det ligg godt til rette for at Kartverket får ansvaret for godkjenning av landmålarføretaka. Departementet har vurdert om det kunne vere formålstenleg å differensiere kompetansekravet basert på lette og vanskelege typar oppmålingsforretning, ikkje minst for å kunne gjere det lettare å etablere seg i distrikta.
Kompetansekrava skal gjelde fullt ut frå lova trer i kraft. Departementet legg til grunn at Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) vil opprette eit komplett studieopplegg for landmålarar. Opplegget vil vere ei justering og mindre påbygging i forhold til eksisterande linjer og utdanningsretningar. Departementet er kjent med at det er sett i gang eit arbeid for å utvikle eit tilbod som dekkjer behovet for utdanning og spesielt etterutdanning.
Departementet legg vekt på at kompetansekravet til føretaket i sum skal vere basert på høgskule- og universitetsnivå. I prinsippet opnast det for at ein som ønskjer å etablere landmålarføretak, og ikkje åleine har all den kompetansen som fagområdet krev, kan etablere eit føretak basert på eit kompaniskap som til saman oppfyller krava.
Departementet foreslår nemninga "ansvarleg landmålar" på den faglege leiaren. Med dette blir det sikta til den funksjonen vedkommande har internt i landmålarføretaket. Vedkommande skal underteikne kravet om matrikkelføring og slik representere landmålarføretaket i den enkelte forretning.
Det kan liggje til rette for at bransjen etablerer frivillige ordningar som skriv ut sertifikat eller "landmålarbrev" til dei som har ei særskilt utdanning eller på anna grunnlag oppfyller bestemte kompetansekrav. Alternativt kan det i forskrift til universitetslova fastsetjast titlar i tilknyting til bestemte utdanningsretningar.
Dei samla godkjenningskrava skal sikre at landmålarføretaket har evne til å gjennomføre alle typar oppmålingsforretningar og fremje krav om matrikkelføring på vegne av oppdragsgivar. I tillegg til dei reine kompetansekrava kan dette m.a. gjelde krav om registrering og organisering av føretaket, krav til økonomisk tryggleik og rutinar for kvalitetssikring og arkivering.
Kommunar som utfører oppmålingsforretninga som kommunalt eineansvar treng ikkje godkjenning, men må peike ut ein eller fleire ansvarlege landmålarar.
I proposisjonen går ein nærare inn på:
reglane for det geodetiske grunnlaget, og korleis signallova er ført vidare i lov om eigedomsregistrering
oppbygginga av matrikkelsystemet og rettane til datagrunnlaget
særskilde tiltak for å få betre oversikt over eigedomsforholda
tildeling av offisiell adresse og bruksnamn
dei enkelte sakstypane, under dette oppretting av anleggseigedom, matrikulering av festegrunn, saker som gjeld areal til offentleg veg- og jernbanegrunn, matrikulering av umatrikulert grunn, registrering av jordsameige, grensejustering og arealoverføring og referanse til private avtaler om eksisterande grenser
merking, måling og matrikkelføring av grenser som blir fastsette av domstolane
klage og retting.
Når det gjeld forholdet til andre lover er det i proposisjonen særleg drøfta forholdet til jordskiftelova, plan- og bygningslova, eigarseksjonslova, tinglysingslova, personopplysningslova, forureiningslova og kulturminnelova.
Vidare vises det til at eksisterande eigedom som ikkje tidlegare er kartlagt, på sikt bør bli målt og merkt på lik linje med annan eigedom, og departementet har formulert ei føresegn om at grenser skal vere klarlagt ved heimelsovergang. Departementet foreslår likevel at dette først blir sett i verk når det har vakse fram eit tilfredsstillande tenestetilbod.
Tildeling og endring av offisiell adresse er regulert i lovforslaget, og departementet meiner det er viktig at offentleg administrasjon nyttar offisielle adresser frå matrikkelen, så vel som dei andre offisielle nemningane i matrikkelen. Departementet vil arbeide for nødvendig harmonisering av reglane for å oppnå dette.
Departementet meiner det er viktig å få på plass eit eintydig adressesystem basert på gateadresseforma for alle adresseverdige eigedommar og bygg, og ein ønskjer ei intensivering av arbeidet med tildeling av offisielle adresser i form av gateadresser. Tildeling av adresser må utførast av den enkelte kommunen, og involverer gjerne politiske utval (namnesaker) i tillegg til arbeidet i administrasjonen.
Departementet føreset at matrikkelnummer etter kvart går ut og at gateadresseforma blir innført som felles adresseform for heile landet. Statens kartverk må som sentral matrikkelstyresmakt aktivt rettleie kommunane om prosedyrar og metodar for slik adressetildeling, og på ein positiv måte fungere som pådrivar i arbeidet. Det kan bli aktuelt med ein samla overgang på eit seinare tidspunkt. Om lag 9 00 000 eigedommar manglar framleis ei fullverdig adresse i form av gateadresse eller tilsvarande.
Departementet meiner at dei som er involverte skal få høve til å uttale seg før kommunen fattar endeleg vedtak om tildeling av offisiell adresse, og har teke dette inn i lovforslaget.
Departementet foreslår at eigar skal ha rett til å få registrert bruksnamn som språkleg og geografisk fell saman med nedarva stadnamn som del av den offisielle adressa. Det foreslås vidare at kommunen etter oppmoding frå eigaren også kan tildele slikt adressenamn til spesielle institusjonsbygningar eller andre særskilt kjende bygningar, når det etter kommunen si vurdering vil vere spesielt nyttig for omverda at adressa omfattar eit slikt namn.
Departementet foreslår at nærare reglar om adressetildeling blir fastsette i forskrift slik som i dag.