Innstilling fra kommunalkomiteen om lov om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)
Dette dokument
- Innst. O. nr. 107 (2004-2005)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 62 (2004-2005)
- Dato: 31.05.2005
- Utgiver: Kommunalkomiteen
- Sidetall: 7
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Bakgrunn for forslagene
- 1.2 Forslag om materielle endringer
- 1.2.1 Fleire lønnssubstitutt reknast med i dagpengegrunnlaget - folketrygdlova § 4-11
- 1.2.2 Oppheving av avrundingsregelen ved berekning av dagpengegrunnlaget - folketrygdlova § 4-11
- 1.2.3 Endring av berekningsmåten for arbeidstidsreduksjon - § 4-13
- 1.2.4 Graderte dagpengar under arbeidsløyse i samband med arbeidsinntekt frå utøving av tillitsverv, omsorgsarbeid o.l. - Ny forskriftsheimel i folketrygdlova § 4-13 sjette ledd
- 1.2.5 Utvida rett til gjenopptak av stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom - folketrygdlova § 4-16
- 1.2.6 Tidsavgrensa bortfall av dagpengar i dei tilfella kor medlemene lar vere å møte opp ved Aetat lokal - folketrygdlova § 4-20
- 1.2.7 Samordning av dagpengar og svangerskapspengar - folketrygdlova §§ 4-24 og 4-25
- 1.2.8 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og redusert uførepensjon - folketrygdlova §§ 4-25 og 4-26
- 1.3 Endringsforslag som i hovedsak innebærer lovfesting
av gjeldende praksis
- 1.3.1 Presisering av kravet til arbeidstidsreduksjon - folketrygdlova § 4-3
- 1.3.2 Heimel for å fastsetje vanleg arbeidstid - folketrygdlova § 4-3
- 1.3.3 Klårgjere heimel for dagpengar for medlemer i arbeidsmarknadstiltak- folketrygdlova § 4-6
- 1.3.4 Samordning mellom dagpengar under arbeidsløyse og avtalefesta pensjon - §§ 4-24 og 4-25
- 1.4 Endringsforslag av teknisk karakter
- 1.5 Ikraftsetting. Økonomiske og administrative konsekvenser
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
I proposisjonen fremjar Regjeringa nokre mindre endringar i dagpengekapittelet i folketrygdlova. Forslaga har dels bakgrunn i ønske om endringar som følgje av endringar på andre område, som det er naturleg at dagpengeregelverket tar omsyn til. Dels er forslaga følgje av ønske om endringar for å fremje ein meir effektiv arbeidsmarknadspolitikk. Enkelte forslag er av teknisk karakter og skal mellom anna sikre ein klar heimel for gjeldande praksis i Aetat.
Høyringsnotat om forslaga om endringar i dagpengeregelverket blei sendt på høyring 15. mai 2003, til 30 høyringsinstansar. Gjennomgåande er høyringsinstansane positive til endringsforslaga, men er noko skeptiske til endringar som kan føre til at nokon kjem dårlegare ut økonomisk enn etter gjeldande reglar. Forslaga er likevel ikkje endra etter høyringa. Unntak gjeld forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget, som er noko justert i forhold til høyringsforslaget.
Forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdlova § 4-16 er ei oppfølging av endringa i likestillingsloven 1. juli 2002, og medverkar til å styrkje vernet om gravide. Nye er også forslaga om terminologiske endringar i folketrygdlova kapittel 4.
Departementet foreslår at omsorgspengar, pleiepengar og opplæringspengar jf. folketrygdlova kapittel 9 og svangerskapspengar jf. folketrygdlova kapittel 14 blir tekne med i det inntektsgrunnlaget dagpengane blir berekna på grunnlag av (dagpengegrunnlaget). Dagpengane bør i størst mulig grad gjenspeile den normale årsinntekta ein medlem har hatt før han eller ho blei arbeidslaus.
Departementet finn ikkje noko grunnlag for å behandle nokon av desse ytingane annleis enn dei ytingane som etter gjeldande rett reknast med i dagpengegrunnlaget.
Departementet foreslår at reglane om avrunding av dagpengegrunnlaget blir oppheva. Sidan all berekning no skjer maskinelt, treng ein ikkje særskilte avrundingsreglar.
Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir berekna i forhold til arbeidstida i ein 14-dagarsperiode (meldeperiode) i staden for ei veke. Bakgrunnen er først og fremst at kravet om arbeidstidsreduksjon på 50 pst. av arbeidstida pr. veke fører til at mange delvis sysselsette ikkje fyller vilkåra for rett til dagpengar sjølv om arbeidstida faktisk er tilstrekkeleg redusert. Den praksisen Aetat legg til grunn for å hindre denne verknaden for personar med nøyaktig 50 pst. arbeidstidsreduksjon har ikkje tilstrekkeleg støtte i lovens ordlyd. Sjølv om løysninga er rimeleg, er ordninga ikkje tilfredsstillande over tid. Ved å nytte ein 14-dagars periode unngår ein også problemet med registrering i forhold til dei som har ei arbeidstid pr. uke som ikkje endar på heile eller halve timar.
Etter departementet si oppfatning vil ei gjennomsnittleg berekning, der meldeperioden på to veker sjåast under eitt, gi eit meir riktig inntrykk av sysselsetjingssituasjonen og eit betre bilde av den faktiske arbeidstidsreduksjonen, enn når ein ser på ei enkelt veke isolert. Berekning i forhold til meldeperioden inneber dermed ei meir korrekt tolking av kravet om minst 50 pst. arbeidstidsreduksjon.
Dagpengane blir dessutan utbetalte for to veker av gangen, og ei berekning som gjenspeiler dette er etter departementets oppfatning mest føremålstenleg. Ei slik endring vil også innebere ei harmonisering med regelverket for berekning av attføringspengar etter folketrygdlova kapittel 11.
Departementet foreslår ein ny heimel til å gi forskrift i medhald av folketrygdlova § 4-13. Ein slik forskriftsheimel vil m.a. opne for høve til å fråvike gjeldande regelverk for graderte dagpengar dersom arbeidsinntekt frå utøving av politiske tillitsverv, utøving av tillitsverv i visse typar allmennyttige organisasjonar eller omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengane blir reduserte med eit større beløp enn denne inntekta.
Departementet foreslår å utvide retten til å ta opp att stønadsforhold i tilfelle kor ei gravid kvinne har hatt avbrot i stønadsperioden dersom årsaka er sjukdom som heng saman med at ho er gravid.
Som grunngjeving viser departementet til at Likestillingsombodet meiner regelen om maksimal avbrotsperiode i folketrygdlova § 4-16 verkar diskriminerande for kvinner som får avbrot i dagpengeperioden på meir enn 52 veker som følgje av sjukdom som skuldast graviditeten, fordi desse ikkje frivillig har vald eit forlenga avbrot. Ombodet meiner at å ikkje ta omsyn til graviditetsrelatert sjukdom i samband med avbrotsperioden etter § 4-16, vil innebere direkte diskriminering av kvinner etter likestillingsloven.
Departementet foreslår at tidsavgrensa bortfall av retten til dagpengar når ein medlem lar vere å møte ved Aetat etter innkalling, blir sett til fire veker, men kan aukast til seks eller tolv veker ved gjentaking.
Forslaget til endring av reaksjon ved manglande frammøte må sjåast i samanheng med avgjerdene i dei såkalla "postsakene" i Trygderetten. Dette er avgjerder kor Trygderetten oppheva Aetat sine vedtak om tidsavgrensa bortfall ved manglande oppmøte fordi ein ikkje kunne vere sikker på at innkallinga faktisk var komne fram til den arbeidssøkjande. Departementet meiner at ein treng å revurdere reaksjonane etter § 4-20, m.a. fordi ein for streng reaksjon kan føre til at ein lar vere å bruke han. Sett i samanheng med auka aktivitetskrav og krav om betre oppfølging av arbeidssøkjarane frå Aetat, kan ein slik ikkje-bruk også vere uheldig.
Departementet foreslår å presisere heimelen i § 4-24 om samordning av dagpengar med fulle svangerskapspengar. Vidare foreslår departementet å gi heimel for å samordne dagpengar med reduserte svangerskapspengar.
Det følgjer av folketrygdlova § 14-13 at ei kvinne har rett til svangerskapspengar dersom ho etter reglar i lov eller forskrift blir pålagd å slutte i arbeidet fordi ho er gravid, og det ikkje er mogleg å omplassere henne til eit anna høveleg arbeid i verksemda.
Det følgjer av § 4-24 første ledd at dagpengane vil falle bort dersom kvinna vel å få svangerskapspengar. Av informasjonsomsyn finn departementet det likevel føremålstenleg å ta svangerskapspengar med i opplistinga i § 4-24 andre ledd bokstav e. Det er etter gjeldande rett heimel for å samordne fulle svangerskapspengar med dagpengar, og departementet kan ikkje sjå at det er nokon grunn for at reduserte svangerskapspengar ikkje skal samordnast med dagpengar på same måte som t.d. reduserte sjukepengar og fødselspengar. Folketrygdlova § 4-25 første ledd bokstav e bør derfor endrast, slik at ein kan samordne dagpengar under arbeidsløyse med reduserte svangerskapspengar.
For å hindre overkompensasjon foreslår departementet å endre reglane i folketrygdlova § 4-25 bokstav d og § 4-26 bokstav c slik at det blir mulig å samordne dagpengane med redusert uførepensjonen etter at den kvilande pensjonsretten er teken opp att. Departementet foreslår å endre reglane slik at det for kvilande pensjonsrett blir samordna med grunnlag i verknadstidspunktet og ikkje i uføretidspunktet.
Departementet foreslår at det i § 4-3 klart skal gå fram at ein arbeidstidsreduksjon berre kan leggjast til grunn for ein stønadsperiode. I praksis blir § 4-3 andre ledd tolka slik, sjølv om regelen ikkje går direkte fram av lovteksten. Ei slik tolking av folketrygdlova § 4-3 andre ledd motverkar at delvis sysselsette skal kunne ha fleire stønadsperiodar i samanheng på grunnlag av den same arbeidstidsreduksjonen, og styrker med dette insentivet til full sysselsetjing. Tolkinga er etter departementet si oppfatning også fullt forsvarleg ut ifrå intensjonane i folketrygdlova. Departementet meiner likevel at regelen har et slikt materielt innhald at den bør gå klart fram av lovteksten.
Eit hovudvilkår for rett til dagpengar er at medlemen har hatt tilstrekkeleg arbeidsinntekt, jf. folketrygdlova § 4-4. Etter § 4-4 tredje ledd kan ei inntekt berre leggjast til grunn for ein full stønadsperiode. Dette er etter departementet si oppfatning vel grunngitt ut ifrå omsynet til formåla i dagpengeregelverket.
Fastsetjing av vanleg arbeidstid er avgjerande for dei delvis sysselsette sin rett til graderte dagpengar. Dette tilseier at reglar om korleis ein finn fram til kva som reknast som vanleg arbeidstid, bør vere formelt regulerte. Ei formell regulering sikrar i tillegg ein klar og eintydig praksis.
§ 4-3 andre ledd gir ikkje heimel for å gi forskrifter om berekninga av vanleg arbeidstid, og departementet foreslår å ta inn ein slik heimel i loven. Vidare foreslår departementet å utarbeide ei forskrift om fastsetjing av vanleg arbeidstid, kor ein i større grad enn etter gjeldande praksis legg vekt på kor sterkt medlemene har vore knytte til arbeidslivet i tida forut for arbeidstidsreduksjonen. Departementet foreslår å ta ein forskriftsheimel inn i § 4-3 som nytt fjerde ledd.
Departementet meiner det bør gå klart fram av § 4-6 at departementet har heimel til å gi forskrift om dagpengar under deltaking i arbeidsmarknadstiltak, og ikkje berre den generelle nemninga "kortvarig utdanning". Departementet foreslår å endre § 4-6 i samsvar med dette.
Departementet foreslår å endre folketrygdlova § 4-24 og 4-25. Det vil då gjelde dei same reglane for samordning av dagpengar og avtalefesta pensjon med og utan statstilskott, i samsvar med intensjonane i samordningsreglane.
Det har vore intensjonen at dei aktuelle reglane også skulle gjelde personar som har avtalefesta pensjonar i offentleg sektor, da det ikkje ligg føre grunner som taler for at desse skulle behandlast forskjellig frå personar i privat sektor. Det er også slik reglane er forstått og praktiserte i Aetat.
Ferietillegget blei fjerna frå dagpengane ved lovendringa som blei sett i kraft 1. januar 2003. Det er derfor ikkje naudsynt med ein presisering som gjeld ferietillegget i folketrygdlova § 4-12 tredje ledd. Departementet foreslår å ta ut presiseringa.
Folketrygdlova § 22-13 regulerer generelt fristar for å setje fram krav på trygdeytingar og etterbetaling. Sjølv om ein allereie legg til grunn at § 22-13 ikkje gjeld dagpengar etter kapittel 4, foreslår departementet at dagpengar uttrykkjeleg blir unnatekne i nytt sjuande ledd i § 22-13.
Arbeids- og administrasjonsdepartementet fastsette i mai 2000 nye eigennamn på arbeidsmarknadsetaten og dei organa som høyrer til etaten. Den nemninga som no blir brukt om arbeidsmarknadsetaten er "Aetat". Nemninga er også gjennomført i lov 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarknadstenester som mellom anna regulerer verksemda i Aetat.
Departementet meiner at ein bør unngå å seie noko i lovteksten om på kva for eit nivå innanfor Aetat ein skal gjere kva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme noko anna, jf. ovanfor. På bakgrunn av dette foreslår departementet at orda "arbeidskontoret" og "arbeidsformidlinga" blir bytta ut med den nøytrale nemninga "Aetat". Endringane gjeld folketrygdlova § 4-8 første ledd, andre ledd andre punktum og tredje ledd, 4-10 femte ledd og 4-20 sjuande ledd.
Departementet foreslår at endringane skal gjelde alle tilfelle, med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget. Denne endringa gjerast berre gjeldande for nye tilfeller. Behovet for overgangsreglar vil bli vurdert.
Departementet tar sikte på at dei materielle endringane som er omtalte i kapittel 2 i innstillinga, kan ta til å gjelde frå 1. juli 2005.
Dei endringane som er omtalte i kapittel 3 i innstillinga har ikkje noko materielt innhald, og kan ta til å gjelde straks lova er vedtatt.
Endringane som er føreslått vil ha minimale administrative konsekvensar. Endringane vil ha relativt sett små verknader på utbetalingane av dagpengar og dei vil ha ingen eller berre marginale økonomiske konsekvensar med unntak av desse endringane: Inkluderinga av omsorgspengar i dagpengegrunnlaget vil kunne føre til ei auke i dagpengeutbetalingane på om lag 0,5 mill. kroner i 2005 og 3,5 mill. kroner på lang sikt. Endring av graderingsmåter frå veke til meldeperiode vil samla gi ei innsparing i 2005 på om lag 35 mill. kroner. På lang sikt legg ein til grunn ei årleg innsparing under kap. 2541 med 90 mill. kroner. Utvida rett til å ta opp att stønadsperioden i samband med graviditetsrelatert sjukdom inneber ei årleg auke i utbetalingane på om lag 7 mill. kroner i 2005 og om lag 15 mill. kroner på lang sikt.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, fra Høyre, Peter Skovholt Gitmark, Hans Kristian Hogsnes og Kari Lise Holmberg, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ruth Stenersen, og fra Senterpartiet, lederen Magnhild Meltveit Kleppa, viser til at Regjeringens begrunnelse for å fremme denne proposisjonen er endringer på områder som Regjeringen mener det er naturlig at dagpengeregelverket tar hensyn til. Forslagene er et uttrykk for ønsket om en mer effektiv arbeidsmarkedspolitikk. Enkelte forslag er av ren teknisk karakter og vil bidra til å sikre en klar hjemmel for gjeldende praksis i Aetat.
Komiteen vil spesielt peke på at en av de endringer som har konsekvenser, er forslaget om å ta flere økonomiske ytelser med i beregningen av dagpengene og forslaget om å gjøre det mulig for kvinner som har vært syke i forbindelse med svangerskap, å ta opp igjen en dagpengeperiode, selv om avbruddet har vart i mer enn ett år.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet, har merket seg at en mer systematisk oppfølging av arbeidssøkerne har avdekket at reaksjonen på, eller sanksjonen ved manglende oppmøte etter innkalling til Aetat, blir vurdert som for streng. Reaksjoner som ikke virker rettferdige, ender ofte med klager og ender med omgjøring, f.eks. i Trygderetten. Flertallet er enig i at en mildere reaksjon kan gjøre det lettere å bruke de sanksjonene Aetat rår over i mange tilfeller. Det vil stimulere en mer effektiv oppfølging av arbeidssøkerne.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er viktig med sanksjonsmuligheter for dagpengemottakere på forskjellige områder. Disse medlemmer finner det derfor ikke riktig å lempe på tidsbegrenset bortfall av dagpenger. Oppfølging av den enkelte og aktivitetsplikt bør i større grad være fokuset.
Komiteen viser til at forslagene i proposisjonen gjelder både materielle endringer, lovfesting av gjeldende praksis og mindre tekniske endringer i lovteksten. Komiteen er tilfreds med at flere av lovendringene vil medvirke til å bedre den kjønnsmessige likestillingen.
Komiteen har merket seg at høringsinstansene gjennomgående er positive til endringsforslagene. Det er kommet noen skeptiske kommentarer til endringer som fører til at noen kommer dårligere ut økonomisk enn etter de gjeldende regler. Komiteen registrerer at Arbeids- og sosialdepartementet likevel har valgt å ikke gjøre endringer i forslagene i proposisjonen etter høringen. Unntaket er forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget, som er noe justert i forhold til høringsforslaget. Komiteen er enig i denne vurderingen.
Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, viser til at departementet foreslår å endre folketrygdloven § 4-13 slik at kravet om arbeidstidsreduksjon blir beregnet i forhold til arbeidstida i en 14-dagersperiode (meldeperiode) isteden for ei uke.
Flertallet viser til at fra 1. januar 2003 må reduksjon i arbeidstid være minst 50 pst. for å gi rett til dagpenger. Flertallet gikk imot innstrammingen i ytelser til delvis arbeidsløse og påpeker det usosiale i slike kutt, og at det for mange vil bli helt umulig å greie sine økonomiske forplikteleser når retten til dagpenger blir innskrenket.
Flertallet viser til at Regjeringen begrunner behovet for endring med at mange delvis sysselsatte nå ikke formelt fyller vilkåra for rett til dagpenger, sjøl om arbeidstida faktisk er tilstrekkelig redusert, og at den praksisen Aetat legger til grunn for personer med nøyaktig 50 pst. arbeidstidsreduksjon ikke har tilstrekkelig støtte i lovens ordlyd.
Flertallet viser til at det er beregnet innsparing på endringen på 35 mill. kroner i 2005 og ca. 90 mill. kroner på sikt. Dette viser at lovendringen i realiteten vil ramme flere enn den hjelper og at den er nok en innstramming i retten til å få dagpenger.
Flertallet er imot innstramminger i retten til dagpenger. Flertallet foreslår at regelverket endres slik at en kan benytte både en uke og 14 dager som beregningsgrunnlag for arbeidstidsreduksjonen og at det regelverk som er til gunst for den arbeidsledige skal benyttes.
Flertallet foreslår derfor følgende:
"§ 4-13 nytt femte ledd skal lyde:
Arbeidstidsreduksjonen etter denne paragraf beregnes i forhold til en uke når dette gir gunstigere resultat for medlemmet."
Komiteens medlemmer fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti viser til at formålet med departementets forslag til endring av beregningsmåte er å sikre at personer som faktisk har hatt en arbeidstidsreduksjon på minst 50 pst. blir kompensert for tapt arbeidstid og -inntekt. Disse medlemmer mener også at personer som arbeider så mye at arbeidstidsreduksjonen faktisk ikke fyller lovens minstekrav på 50 pst., ikke bør få dagpenger. Jo lengre periode man vurderer, desto riktigere bilde får man av den enkeltes faktiske arbeidsomfang.
Disse medlemmer vil også understreke at det innebærer en administrativ forenkling at dagpenger vil kunne graderes i forhold til samme tidsintervall som gjelder for attføringspenger. En bedre tilnærming av det ytelsesregelverket som forvaltes av samme etat, vil også være mer brukervennlig.
Disse medlemmer støtter proposisjonens forslag til beregningsmåte for arbeidstidsreduksjon, og vil stemme imot forslaget til § 4-13 nytt femte ledd.
Komiteen vil spesielt understreke viktigheten av forslaget om å gi en forskriftshjemmel til folketrygdlovens § 4-13. En slik forskriftshjemmel vil åpne for anledningen til å fravike gjeldende regelverk for graderte dagpenger dersom arbeidsinntekt fra utøvelsen av politiske tillitsverv, utøvelse av tillitsverv i visse typer allmennyttige organisasjoner eller omsorgsarbeid som gir rett til kommunal omsorgslønn, fører til at dagpengene blir redusert med et større beløp enn denne inntekten. Komiteen er enig med departementet i at det er viktig at et medlem kan fortsette med sine tillitsverv og lignende engasjementer, mens han/hun mottar dagpenger. Komiteen er også enig i at de spesielle graderingsreglene skal praktiseres restriktivt. Komiteen har merket seg at alle høringsinstansene som har uttalt seg, støtter forslaget.
Komiteen er enig i forslaget om å utvide unntaksregelen i folketrygdlovens § 4-16, som er en oppfølging av endringene i likestillingsloven 1. juli 2002, og innebærer et styrket vern for gravide. Komiteen fastslår at endringene vil gjøre det mulig å gjenoppta et stønadsforhold etter reglene i folketrygdlovens § 4-16, selv om det er gått mer enn 52 uker, dersom dette har sammenheng med sykdom som følge av graviditet.
Komiteen viser til forslaget om å endre samordningsreglene for dagpenger og uførepensjon/tidsavgrense uførestønad etter folketrygdlovens §§ 4-25 og 4-26. Her blir den hvilende pensjonsretten samordnet med utgangspunkt i virkningstidspunktet og ikke i uføretidspunktet. Komiteen registrerer at Funksjonshemmedes fellesorganisasjon har gått imot endringen på prinsipielt grunnlag. Komiteen mener imidlertid, også på prinsipielt grunnlag, at det ikke bør være mulig å kunne oppnå mer enn full kompensasjon for tap av inntekt, sammenlignet med andre. Komiteen har også merket seg at det i praksis er svært få som mottar delvis uførepensjon og graderte dagpenger samtidig.
Komiteen registrerer også de nye forslagene om terminologiske endringer i folketrygdlovens kapittel 4, og støtter de fremlagte forslag.
Komiteen er enig i at Aetat stadfestes som navn på arbeidsmarkedsetaten, slik det ble fastsatt av det daværende Arbeids- og administrasjonsdepartementet i mai 2000. Dette er senere også gjennomført i lov av 10. desember 2004 nr. 76 om arbeidsmarkedstjenester som bl.a. regulerer virksomheten i Aetat. Komiteen er også enig i at det ikke er nødvendig å si noe i lovteksten om hvilket nivå innenfor Aetat som skal gjøre hva, så lenge Aetat har fullmakt til å bestemme noe annet.
Komiteen er også enig i at de foreslåtte endringer i loven skal gjelde i alle tilfeller, dog med unntak for forslaget om å utvide dagpengegrunnlaget. Denne endringen skal kun gjøres gjeldende for nye tilfeller. Komiteen er også enig i at behovet for overgangsregler blir vurdert.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (dagpengar under arbeidsløyse m.m.)
I
I lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd blir følgjande endringar gjort:§ 4-3 nytt tredje og fjerde ledd skal lyde:
En arbeidstidsreduksjon kan bare legges til grunn for én full stønadsperiode.
Departementet kan gi forskrifter om fastsetting av vanlig arbeidstid.
§ 4-6 første ledd, nytt tredje strekpunkt skal lyde:
-
deltakelse i arbeidsmarkedstiltak
Gjeldande strekpunkt nr. tre blir nr. fire, nr. fire blir nr. fem osv.
§ 4-11 andre ledd tredje punktum skal lyde:
Dagpenger under arbeidsløshet etter dette kapittel, sykepenger etter kapittel 8, omsorgspenger, pleiepenger og opplæringspenger etter kapittel 9 og fødselspenger, svangerskapspenger og adopsjonspenger etter kapittel 14 tas også med i dagpengegrunnlaget når rett til stønad er opptjent som arbeidstaker.
§ 4-11 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Inntekten justeres i forhold til endringene i grunnbeløpet i tiden frem til han eller hun søker om dagpenger.
Inntekt over seks ganger folketrygdens grunnbeløp regnes ikke med i dagpengegrunnlaget.
§ 4-12 tredje ledd skal lyde:
Dagpenger inklusive barnetillegg kan ikke utgjøre mer enn 90 prosent av medlemmets dagpengegrunnlag.
§ 4-13 andre til femte ledd skal lyde:
Graderte dagpenger ytes bare når vanlig arbeidstid i meldeperioden (se § 4-8) er redusert med minst 50 pst. i forhold til medlemmets vanlige arbeidstid (se § 4-3 annet ledd).
Dagpengene utgjør en så stor del av fulle dagpenger som reduksjonen i arbeidstiden utgjør i forhold til medlemmets vanlige arbeidstid (se § 4-3 andre ledd).
For medlem som har uregelmessig arbeidstid i meldeperioden, men regelmessig arbeidstid i en periode som er lengre enn en meldeperiode, beregnes dagpengene etter reduksjonen i arbeidstid i denne perioden.
Arbeidstidsreduksjonen etter denne paragraf beregnes i forhold til en uke når dette gir gunstigere resultat for medlemmt.
Departementet kan i forskrift fastsette regler om gradering av dagpenger. Det kan for spesielle grupper fastsettes regler som fraviker bestemmelsene i denne paragrafen.
§ 4-16 andre ledd første punktum skal lyde:
Dersom avbruddet skyldes deltakelse i arbeidsmarkedstiltak, avtjening av verneplikt eller sykdom på grunn av graviditet, gjelder bestemmelsene i første ledd selv om det er gått mer enn 52 uker siden medlemmet fikk dagpenger sist.
§ 4-20 fjerde ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller bort i
a) åtte uker første gang et forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd inntreffer,
b) tolv uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd, eller i § 4-10 første ledd har inntruffet to ganger innenfor de siste tolv måneder,
c) seks måneder dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav a til d eller andre ledd, eller i § 4-10 første ledd har inntruffet tre ganger innenfor de siste tolv måneder.
§ 4-20 nytt femte ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller bort i
a)fire uker første gang et forhold som nevnt i første ledd bokstav e inntreffer,
b)åtte uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav e har inntruffet to ganger innenfor de siste tolv måneder,
c)tolv uker dersom forhold som nevnt i første ledd bokstav e har inntruffet tre ganger innenfor de siste tolv måneder.
Gjeldande femte ledd blir nytt sjette ledd, gjeldande sjette ledd blir nytt sjuande ledd osv.
§ 4-24 ny overskrift skal lyde:§ 4-24. Medlem som har fulle ytelser etter folketrygdloven eller avtalefestet pensjon§ 4-24 andre ledd bokstav e skal lyde:
e) fødselspenger, adopsjonspenger eller svangerskapspenger etter lovens kapittel 14,
§ 4-24 tredje ledd skal lyde:
Retten til dagpenger faller også bort når medlemmet mottar full avtalefestet pensjon.
§ 4-25 ny overskrift skal lyde:§ 4-25. Samordning med reduserte ytelser fra folketrygden, eller redusert avtalefestet pensjon§ 4-25 første ledd bokstav d og e skal lyde:
d) uførepensjon etter lovens kapittel 12, når denne er gitt med virkningstidspunkt i inneværende år eller innenfor de to siste kalenderår før dagpenger tilstås,
e) fødselspenger, adopsjonspenger eller svangerskapspenger etter lovens kapittel 14,
§ 4-25 tredje ledd skal lyde:
Dagpengene reduseres tilsvarende når medlemmet mottar redusert avtalefestet pensjon (AFP).
§ 4-26 første ledd bokstav c skal lyde:
c) redusert uførepensjon frå offentlig pensjonsordning, når denne er gitt med virkningstidspunkt i inneværende år eller innenfor de to siste avsluttede kalenderår før dagpenger tilstås,
§ 22-13 nytt sjuande ledd skal lyde:
Bestemmelsene i andre til sjette ledd gjelder ikke for dagpenger under arbeidsløshet etter kapittel 4.
I § 4-8 første ledd, annet ledd annet punktum og tredje ledd, § 4-10 femte ledd og § 4-20 sjuande ledd skal «arbeidskontoret» og «arbeidsformidlingen» endrast til Aetat.
II
Ikraftsetjings- og overgangsreglar
Endringane gjeld frå det tidspunktet Kongen fastset.
Departementet kan gi forskrift om overgangsreglar.
Oslo, i kommunalkomiteen,den 31. mai 2005
Magnhild Meltveit Kleppa | Hans Kr. Hogsnes |
leder | ordfører |