Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i menneskerettslova (inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen)
Dette dokument
- Innst. O. nr. 91 (2004-2005)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 90 (2004-2005)
- Dato: 19.05.2005
- Utgiver: Justiskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om å inkorporere protokoll nr. 13 til den europeiske menneskerettskonvensjon (EMK) om avskaffing av dødsstraff i eitkvart høve i norsk rett, ved å ta han inn i lista i menneskerettslova § 2 nr. 1 over dei protokollane til EMK som gjeld som norsk lov. Departementet gjer også framlegg om å endre menneskerettslova slik at det går fram at det er EMK som endra ved protokoll 11 og 14 som gjeld som norsk lov. Protokoll 14 gjer endringar i kontrollsystemet til konvensjonen, og vart ratifisert av Noreg 10. november 2004.
Protokoll nr. 13 inneber ei folkerettsleg plikt for dei statane som er partar i protokollen, til å avskaffe alle former for dødsstraff, både i freds- og krigstid. Det følgjer av artikkel 1 at dødsstraff skal avskaffast og at ingen må bli dømd til slik straff eller avretta. Artikkel 2 slår fast at forbodet mot dødsstraff ikkje kan fråvikast etter reglane i EMK artikkel 15, dvs. heller ikkje under krig eller annan offentleg naudtilstand som truar nasjonen.
Sidan Noreg allereie har oppheva dødsstraffa og er folkerettsleg bunden til å ikkje innføre slik straff igjen, vil det gjere liten rettsleg skilnad om protokoll nr. 13 vert inkorporert i norsk rett. Norsk ratifikasjon og inkorporasjon vil likevel gi eit nytt politisk signal om at Noreg ser på dødsstraff som ein prinsipielt uakseptabel form for straff. Departementet gjer derfor framlegg om å inkorporere protokollen i menneskerettslova.
Protokollen gjer fyrst og fremst endringar i føresegnene om sakshandsaminga til Den europeiske menneskerettsdomstolen, og kom i stand for å sette Domstolen betre i stand til innan rimeleg tid å handtere den store mengda av klagemål over brot på konvensjonen. Dei viktigaste endringane av EMK som protokoll nr. 14 vil føre med seg når han tek til å gjelde, kan samanfattast slik:
Det vert høve til at ein dommar, med bistand av rapportørar, kan avvise klagar som klårt ikkje oppfyller vilkåra for å bli prøvd.
Det vert høve til at komitear på tre dommarar samrøystes kan ta avgjerd i saker som ikkje reiser nye rettslege spørsmål.
Det vert høve til at Domstolen kan avvise saker der klagaren ikkje har lidd nokon ulempe av eit visst omfang.
Både handsaminga av spørsmålet om avvising og handsaminga av realitetane i saka skal som hovudregel skje samstundes i eitt kammer.
Ministerkomiteen får høve til å vedta at det skal vere fem dommarar i kvart kammer, i staden for sju, slik som i dag.
Ministerkomiteen får høve til å leggje spørsmålet om tolkinga av ein dom fram for Domstolen.
Ministerkomiteen får høve til å leggje fram for Domstolen spørsmålet om ein stat har krenka si plikt til å etterleve krava fastsett i ein dom.
Dommarane ved Domstolen skal veljast for ein periode på ni år utan høve til attval.
Eventuelle ad hoc-dommarar skal veljast av Domstolens president frå ei liste utarbeidd av statane.
Kommissæren for menneskerettar i Europarådet får høve til å intervenere i enkelte saker.
Det slås fast at EU kan tiltre EMK.
Protokoll nr. 14 vil ikkje ha nokre direkte konsekvensar for det materielle innhaldet av menneskerettsreglane i EMK slik dei er inkorporert i norsk rett. Protokollen inneheld berre endringar av sakshandsaminga ved Den europeiske menneskerettsdomstol. Dersom norske borgarar vil fremje ein klage for Domstolen, må dei innrette seg etter dei nye sakshandsamingsreglane.
Når protokollen tek til å gjelde, vil sakshandsamingsreglane i sjølve EMK artikkel 22 følgjeleg bli endra i tråd med føresegna i protokoll nr. 14. Det vil seie at den eksisterande tilvisinga i menneskerettslova § 2 nr. 1 til "Europarådets konvensjon 4. november 1950 om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter som endret ved ellevte protokoll ..." vil vere misvisande etter at protokoll nr. 14 har teke til å gjelde. Det vil derfor vere nødvendig å vise jamvel til protokoll nr. 14 for å gjere det klart at det er menneskerettskonvensjonen slik den lyder etter endringane gjennomført ved denne protokollen, som skal gjelde som norsk lov. Departementet foreslår derfor at det blir teke inn ei slik tilvising til protokoll nr. 14 i menneskerettslova § 2 nr. 1.
Det er likevel ikkje før protokollen blir sett i verk at endringane av sakshandsamingsreglane i EMK vil ta til å gjelde. Departementet foreslår derfor at Kongen får høve til å fastsetje at denne endringa av menneskerettslova § 2 nr. 1 ikkje blir satt i verk før protokoll nr. 14 har teke til å gjelde.
Norsk rett og praksis tilfredsstiller allereie krava i protokoll nr. 13 til EMK. Inkorporasjon av protokollen vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for Noreg. Inkorporasjon av protokoll nr. 14 vil ikkje ha administrative eller økonomiske konsekvensar for norske styresmakter.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, lederen Trond Helleland, Linda Cathrine Hofstad og Ingjerd Schou, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Harald Espelund, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til den fremlagte proposisjonen om lov om endringer i menneskerettsloven og inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske menneskerettskonvensjonen.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, støtter innholdet i proposisjonen og har ingen ytterligere merknader.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det kan være andre synspunkt som gjør seg gjeldende i forhold til dødsstraff i krig og krisetid, enn i fredstid. Disse medlemmer vil dog ikke gå imot å innta også protokoll 13 i menneskerettighetsloven på dette tidspunkt. Disse medlemmer vil likevel presisere at menneskerettighetsloven ikke har grunnlovsrang og dermed kan omgjøres gjennom lovvedtak med alminnelig flertall. Disse medlemmer vil ta forbehold om at endrede forhold kan tilsi at en ønsker en annen rettstilstand på dette punktet.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i menneskerettslova (inkorporasjon av protokoll nr. 13 og 14 til den europeiske menneskerettskonvensjon)
I
I lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av menneskerettighetenes stilling i norsk rett vert det gjort følgjande endringar:§ 2 nr. 1 skal lyde:
1. Europarådets konvensjon 4. november 1950 om beskyttelse av menneskerettighetene og de grunnleggende friheter som endret ved ellevte protokoll 11. mai 1994 og fjortende protokoll 13. mai 2004, med følgende tilleggsprotokoller:
a. Protokoll 20. mars 1952,
b. Fjerde protokoll 16. september 1963 om beskyttelse av visse rettigheter og friheter som ikke allerede omfattes av konvensjonen og av første tilleggsprotokoll til konvensjonen,
c. Sjette protokoll 28. april 1983 om opphevelse av dødsstraff,
d. Syvende protokoll 22. november 1984,
e.Trettende protokoll 21. februar 2002 om avskaffelse av dødsstraff under enhver omstendighet,
II
Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset. Kongen kan fastsetje at dei ulike endringane skal ta til å gjelde til ulik tid.
Oslo, i justiskomiteen, den 19. mai 2005
Trond Helleland | Gunn Karin Gjul |
leder | ordfører |