Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i inkassolova, og om nokre mindre endringar for å klargjere rettstilstanden på enkelte punkt. Endeleg inneheld proposisjonen eit forslag til endring av reglane om vilkår for inkassoløyve for å oppnå samsvar med EØS-avtalen.

Departementet foreslår å innføre krav om at dagleg leiar, styremedlem og eigar som har ein monaleg eigardel i inkassoføretaket, skal vere eigna. Dette vil vere eit generelt vilkår for å utøve inkassoverksemd. Departementet foreslår at skjønet ved vurderinga av om aktørane er eigna, i hovudsak skal knyte seg til tidlegare straffbare forhold og misleg framferd på det økonomiske området. Departementet foreslår også at den daglege leiaren og styremedlemmane må leggje fram politiattest.

Departementet gjer vidare framlegg om ein generell heimel for å setje vilkår i løyve til å drive med ervervsmessig eller stadig inndriving av forfalne pengekrav for andre (framandinkasso). Framlegget i proposisjonen inneber ei klargjering av rettstilstanden. Departementet gjer også framlegg om at fast forretningsstad i ein annan EØS-stat skal likestillast med fast forretningsstad i Noreg. Bakgrunnen for forslaget er omsynet til EØS-retten.

For å drive inkassoverksemd krevst det at føretaket har inkassoløyve, jf. inkassolova § 5 første og tredje ledd. Ved framandinkasso (verksemd som går ut på å drive inn krav for andre) er det i tillegg eit krav at den eller dei som faktisk leiar verksemda, har personleg inkassoløyve. For å kunne få personleg inkassoløyve må den faktiske leiaren "anses skikket" til å vere faktisk leiar for eit føretak som driv med fra­mandinkasso. Endeleg må den faktiske leiaren kunne leggje fram ordinær politiattest og godtgjere at han har heiderleg vandel. Gjeldande inkassolov stiller ikkje krav om at styremedlemmar eller eigarar må vere eigna eller skikka til å drive inkassoverksemd.

I høyringsnotatet frå Kredittilsynet vart følgjande skrive om behovet for å stille krav om å vere eigna til å eige eller drive inkassoverksemd:

"Selv om Kredittilsynet mener at det skal gode grunner til for å gi ytterligere pålegg til selskaper underlagt tilsyn, har vi etter en helhetsvurdering kommet til at det er et behov for å foreta en egnethetsvurdering av aktørene i inkassobransjen."

Vidare har Kredittilsynet vurdert kva for aktørar som bør vurderast nærmare for å sjå om dei er eigna til å eige eller drive slik verksemd:

"Daglig leder og styremedlemmer kan utvilsomt øve en betydelig innflytelse på foretakets virksomhet. Kredittilsynet er derfor av den oppfatning at begge disse gruppene bør underlegges egnethetsvurdering ... Etter mønster fra verdipapirhandelloven og verdipapirfondloven bør disse avkreves politiattest.

Når det gjelder inkassoforetakets eiere, er det ikke like åpenbart at disse har den samme muligheten for (uheldig) innflytelse … Hensynet til proporsjonalitet … taler for at egnethetsvurderingen av eiere ikke trenger å være like omfattende som prøvingen av styremedlemmer og daglig leder. Kravet om politiattest kan sløyfes for denne gruppen ..."

Kredittilsynet foreslo vidare eit system med melding til Kredittilsynet ved endringar på eigarsida som innebar at melding skulle sendast om ein eigar fekk minst ti prosent av aksjekapitalen eller stemmene. Deretter skulle melding sendast før erverv som gjorde at eigardel eller stemmer nådde opp til eller steig over 20 pst., 33 pst. eller 50 pst. I høyringsnotatet argumenterte Kredittilsynet for at brot på plikta til å ha eigna leiarar og eigarar bør vere sanksjonert.

Etter departementet sitt syn er det ikkje tilstrekkeleg å stille krav berre til "faktisk leder" som i dag. Også daglege leiarar som ikkje er faktiske leiarar, eigarar og styremedlemmar kan øve vesentleg innverknad på drifta av verksemda. Dette talar for at lovgivinga bør stille krav om at også desse aktørane er eigna. Justisdepartementet meiner at Kredittilsynet bør ha kompetanse til å avgjere om aktørane er eigna. Dette er naturleg sidan Kredittilsynet er tilsynsorgan på området. Departementet gjer på denne bakgrunnen framlegg om endringar i inkassolova med sikte på å innføre eit krav om at dei sentrale aktørane i inkassoføretaka må vere eigna til å drive verksemda i tråd med lover, forskrifter og god inkassoskikk.

Når det gjeld spørsmålet om kva for aktørar eignakravet skal gjelde for, har det ikkje kome innvendingar i høyringsrunden mot at kravet skal omfatte dei daglege leiarane og styremedlemmane. Departementet meiner det er nærliggande å krevje at desse skal vere eigna.

Spørsmålet om kravet skal omfatte eigarane, er vanskelegare. Justisdepartementet viser til at tilsvarande reglar er innført for eigarane i eigedoms­meklingsføretak. Det er vel ikkje mindre grunn til å kontrollere eigarane i inkassoføretak enn i eigedomsmeklingsføretak. I tillegg legg departementet vekt på at Kredittilsynet som faginstans meiner at tiltaket er naudsynt. Ut frå dette bør det etter departementet sitt syn stillast krav om at også eigarar av inkassoføretak må vere eigna. Eit slikt krav bør likevel ikkje stillast overfor alle eigarar. Det er først og fremst eigarar med monalege eigardelar i føretaket som har høve til å påverke verksemda. Av den grunn blir det foreslått at kravet om å vere eigna berre skal gjelde for eigarar med "betydelig eierandel".

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at både dagleg leiar, styremedlemmar og eigarar som direkte eller indirekte har ein monaleg eigardel, skal vere eigna.

Departementet gjer framlegg om ei opplysingsplikt som er avgrensa til å opplyse om kven som er dagleg leiar, faktisk leiar, styremedlem og eigar med monaleg eigardel i føretaket. Etter Justisdepartementet sitt syn kan det vere formålstenleg om eventuelle endringar blir opplyst til Kredittilsynet som ein del av dei halvårlege rapporteringane som er heimla i forskrift om rapporteringsplikt for selskap som driv inkassoverksemd. Departementet gjer framlegg om å gi Kredittilsynet heimel til å gi nærmare reglar om gjennomføringa av rapporteringa. Skifte av faktisk leiar skal etter gjeldande rett meldast til Kredittilsynet uavhengig av dei halvårlege rapporteringane. Departementet foreslår å vidareføre dagens praksis.

Departementet har valt å ikkje følgje opp framlegget frå Kredittilsynet om meldeplikt og førehandsgodkjenning ved kjøp av eigardelar i fortaka når eigardelen passerer 10 pst., 20 pst., 33 pst. og 50 pst. Ei ordning med førehandsgodkjenning av kjøp av eigardelar ville innebere ei klar ulempe for kjøparen og seljaren av eigardelen og dessutan eit vesentleg meirarbeid for Kredittilsynet. Etter departementet sitt syn er det heller ikkje naudsynt med ei slik godkjenningsordning for å gjere Kredittilsynet i stand til å vurdere om eigarane er eigna.

Eit krav om at dei sentrale aktørane skal vere eigna, vil måtte vere skjønsmessig. Departementet meiner at Kredittilsynet ved skjønsutøvinga primært bør ta omsyn til tidlegare straffbare forhold og misleg framferd på det økonomiske området. Kredittilsynet må i kvart einskild tilfelle gjere ei samla vurdering av om ein person er eigna til å eige eller drive eit inkassoføretak. Tilsynet må m.a. vurdere om straffbare forhold eller misleg framferd på det økonomiske området gir grunnlag for tvil om vedkomande er eigna til å eige eller drive slik verksemd. Vurderinga kan falle ulikt ut etter kva for posisjon vedkommande har i føretaket.

At forholda er relevante, inneber ikkje at dei automatisk skal føre til nekting av løyve. Det at ein fysisk eller juridisk person har gått konkurs, er til dømes ikkje i seg sjølv diskvalifiserande. Når det gjeld eventuelle straffbare forhold, er det grunn til å leggje stor vekt på økonomisk kriminalitet. Det må også leggast stor vekt på vald mot person, ikkje minst dersom dette har skjedd i tilknyting til inndrivingsverksemd.

Som etter gjeldande rett bør det ikkje vere automatikk i at ein merknad på ein politiattest gjer at ein person ikkje er eigna til å drive eller eige inkassoverksemd. Samstundes treng ikkje eit plettfritt rulleblad vere tilstrekkeleg, sidan dei økonomiske forholda ved ei vurdering om personen er eigna, åleine kan vere nok til at løyvet ikkje blir gitt eller at retting blir kravd.

I den gjeldande § 5 i inkassolova er det krav om at den faktiske leiaren skal "anses skikket". I høyringsnotatet frå Kredittilsynet er det gjort framlegg om at dagleg leiar, styremedlemmar og større eigarar skal vere "egnet". Etter Justisdepartementet sitt syn ville det vere uheldig om ei og same lov skulle innehalde eit krav om å vere "egnet" for nokre aktørar, og eit krav om å vere "skikket" for andre. Departementet gjer derfor framlegg om at omgrepet i § 5 andre ledd blir endra frå "skikket" til "egnet", slik at også faktisk leiar må vere "egnet".

I samband med overgangen til eit krav om at faktisk leiar skal vere eigna i staden for skikka, gjer departementet også framlegg om at kravet til heiderleg vandel i § 5 andre ledd blir fjerna. Bakgrunnen for dette er i første rekke at departementet meiner det ikkje er naudsynt å vurdere vandelen i tillegg til å vurdere om vedkomande er eigna.

Departementet er samd i at plikta til å ha eigna leiarar og eigarar bør vere sanksjonert. Departementet legg til grunn at Kredittilsynet kan nytte seg av dei eksisterande sanksjonsheimlane i §§ 30 og 31. For å kunne stille krav om retting direkte til ein ueigna eigar, er det naudsynt å gjere endringar i inkassolova. Departementet gjer derfor framlegg om eit nytt siste punktum i § 30 tredje ledd som gir Kredittilsynet kompetanse til å krevje retting av den som har monalege eigardelar i eit føretak som har løyve til å drive inkassoverksemd.

Det følgjer av inkassolova at den som er faktisk leiar av eit inkassoføretak, må leggje fram politiattest. Andre enn den faktiske leiaren treng i dag ikkje å leggje fram politiattest. Plikta gjeld såleis ikkje for styremedlemmar eller for daglege leiarar som ikkje også er faktiske leiarar. I høyringsnotatet foreslo Kredittilsynet at også dagleg leiar og styremedlemmar skulle leggje fram politiattest.

Justisdepartementet foreslår at dagleg leiar og styremedlemmar, men ikkje eigarane, må leggje fram ein avgrensa politiattest. Etter departementets syn er det godt i samsvar med Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 8 å stille krav om politiattest overfor faktisk leiar, dagleg leiar og styremedlemmar, men eit slikt krav er noko meir tvilsamt når det gjeld eigarane. Etter departementets oppfatning er det best i samsvar med EMK å gi heimel til å hente inn ein avgrensa politiattest. Attesten bør då vere avgrensa til straffbare forhold som etter sin art kan svekke tilliten til at personen er eigna til å drive inkassoverksemd. Departementet legg til grunn at det i første rekke er tidlegare økonomisk kriminalitet og vald mot person som er eigna til å svekke tilliten til personen eller føretaket på dette området. Attesten bør avgrensast i samsvar med dette.

Departementet foreslår at alle straffer på det definerte området skal gå fram av attesten, dvs. at det ikkje skal vere noko avgrensing bakover i tid. Slik departementet ser det, er det nødvendig at leiarane i inkassoføretak legg fram politiattestar som ikkje er tidsavgrensa etter dei allmenne reglane i strafferegistreringslova § 6.

Når det gjeld kor lenge attesten eller opplysingane i den kan bli lagra, vil eit naturleg personvernrettsleg utgangspunkt vere at attesten blir returnert til den det gjeld eller makulert når det ikkje lenger er naudsynt for Kredittilsynet å lagre opplysingane. Frå det same tidspunktet bør opplysingane bli sletta hos Kredittilsynet. Departementet gjer framlegg om ein heimel for Kongen til å gi nærmare reglar om handsaming av politiattestane.

Departementet gjer vidare framlegg om at også den attesten som ein faktisk leiar skal leggje fram, skal vere avgrensa.

Hovudregelen vil i praksis vere at det skal leggjast fram norsk politiattest. Etter forslaget er det likevel ikkje krav om at politiattesten må vere norsk. Vilkåret om politiattest kan bli oppfylt ved at det blir lagt fram ein utanlandsk attest, dersom det er tale om ein person som har eller har hatt ei meir permanent tilknyting til eit anna land.

I tilfelle der utanlandske aktørar ønskjer å drive inkassoverksemd i Noreg, vil ein norsk politiattest vanlegvis vere av liten verdi. Kredittilsynet kan i slike tilfelle avslå søknaden om inkassoløyve dersom det ikkje blir lagt fram ein utanlandsk politiattest eller liknande vandelsattest.

Det kan ikkje stillast krav om at utanlandske politiattestar berre skal vise merknader om strafferettslege reaksjonar ved brot på dei særskilte straffeboda som er nemnde i lovforslaget § 5 sjette ledd første punktum. Norsk lovgiving kan sjølvsagt ikkje regulere utferding av politiattestar i andre statar, og ein kan ikkje ta for gitt at alle land har ei ordning med avgrensa politiattestar. Kravet om avgrensa politiattest skal derfor berre gjelde for politiattestar "som utstedes etter lov 11. juni 1971 nr. 52 om strafferegistrering".

Når det gjeld utanlandske attestar, må utgangspunktet vere at dei skal vere minst like omfattande som dei avgrensa norske attestane. Kredittilsynet må her godta attestar som i all hovudsak inneheld same informasjon som dei norske, attestar som inneheld informasjon om fleire typar straffbare forhold, og attestar som ikkje rekk så langt tilbake i tid som dei norske. Det sentrale må vere at personar som har eller har hatt ei meir permanent tilknyting til eit anna land - så langt det let seg gjere - legg frem attestar som svarer til dei norske politiattestane.

Det har tradisjonelt vore større grunn til å stille krav til føretak som driv inn krav for andre (framand­inkasso) enn til føretak som driv inn eigne krav (eigeninkasso). Føretak som skal drive med framandinkasso eller oppkjøpsinkasso, må ha føretaksløyve. Inkassolova stiller noko færre vilkår for å drive med oppkjøpsinkasso enn for framandinkasso.

Kredittilsynet reiste i høyringsnotatet spørsmål om det er naudsynt med ein generell heimel for å stille vilkår for løyve til å drive framandinkasso. Tilsynet viser i den samanhengen til at dagens lov inneheld ei "kan"-føresegn som eit stykke på veg opnar for at vilkår kan stillast. Vidare uttaler tilsynet:

"På den annen side er det vanskelig å forutse enhver situasjon som kan oppstå. En bestemmelse som uttrykkelig gir hjemmel for å stille andre enn lovens vilkår kan dekke et behov for uforutsette situasjoner. (…) Kredittilsynet er på denne bakgrunn kommet til at det kan være hensiktsmessig at det også for fremmedinkassoselskapene gis en uttrykkelig generell bestemmelse som sier at det er mulig å stille vilkår for utstedelse av bevillingen."

Justisdepartementet ønskjer å følgje opp forslaget om ein uttrykkeleg heimel for å stille vilkår i løyve ved framandinkasso. For det første vil ein felles heimel til å setje vilkår skape ein klarare rettstilstand på området. For det andre er det grunn til å tru at det i framtida vil bli ein auka marknadsmessig integrasjon innanfor EØS-området. Dette kan føre til at inkassoverksemdene blir meir internasjonale, og at det kjem utanlandske aktørar på den norske marknaden. Ved tildeling av løyve til utanlandske inkassoføretak som ønskjer å drive inn krav i Noreg, kan det vere behov for at Kredittilsynet stiller tilleggsvilkår utover dei som følgjer av inkassolova. Departementet har på denne bakgrunn gjort framlegg om ein felles heimel for å setje vilkår i løyve til å drive framandinkasso og løyve til å drive oppkjøpsinkasso.

Det følgjer av § 10 andre ledd bokstav f at ei betalingsoppfordring skal opplyse om retten til å krevje handsaming av inkassotvistar i ei eiga klagenemnd (Inkassoklagenemnda). Justisdepartementet skreiv følgjande i høyringsbrevet:

"Retten til nemndshandsaming er avgrensa til tvistar mellom skyldnarar og foretak som driv inkassoverksemd. (…) Etter ordlyden i inkassolova § 10 andre ledd bokstav f gjeld plikta til å opplyse om retten til nemndshandsaming også i tilfelle der kreditor sjølv driv inn kravet. Etter Justisdepartementets syn bør det gå klart fram av lova at denne opplysningsplikta berre skal gjelde når eit krav blir drive inn av eit foretak som driv inkassoverksemd."

Departementet gjer framlegg om ei endring i § 10 andre ledd bokstav f, slik at plikta til å opplyse om klagenemnda skal gjelde for alle inkassoføretak som driv inkassoverksemd på grunnlag av inkassoløyve. Opplysingsplikta vil dermed ikkje gjelde for advokatkontor som driv inkassoverksemd på grunnlag av advokatløyve. Dette heng saman med at det gjeld eigne klageordningar for advokatar. Etter forslaget gjeld opplysingsplikta heller ikkje for kreditorar som driv inn krava sine sjølve, med unntak for oppkjøpsinkassoføretak.

Departementet ønskjer å presisere i lovteksten at Kredittilsynets høve til å stille vilkår om nemndstilknyting ikkje berre gjeld for føretak som driv fra­mandinkasso, men også for føretak som driv oppkjøpsinkasso.

For at eit føretak skal kunne få inkassoløyve, må inkassoverksemda drivast frå ein fast forretningsstad i Noreg. I følgje inkassolova § 4 fjerde ledd kan verksemd som gjeld oppkjøp og inndriving av forfalne krav, drivast utan inkassoløyve av institusjonar som har rett til å drive finansieringsverksemd etter finansieringsverksemdlova. Kva slags institusjonar som kan drive finansieringsverksemd er lista opp i finansieringsverksemdlova § 1-4. I desse tilfella er det ikkje krav om at føretaket må ha fast forretningsstad i Noreg for å drive med oppkjøpsinkasso her i landet.

I høyringsnotatet heiter det:

"EFTAs overvakingsorgan (ESA) har reist spørsmål om kravet til fast forretningsstad i Noreg er i samsvar med EØS-avtalen. (…) Justisdepartementet har vurdert tilhøvet mellom inkassolova § 5 første ledd bokstav b og EØS-avtalen artikkel 36 nr. 1, og har kome til at det kan vere grunn til å endre føresegna. (…) Det kan rett nok vere uheldig dersom norske skyldnarar risikerer å måtte halde seg til utanlandske inkassoforetak som ikkje kan kommunisere på norsk. Kredittilsynet kan på den andre sida stille visse minimumskrav med omsyn til språkkunne ved tildeling av inkassoløyve. Justisdepartementet meiner på denne bakgrunn at den norske reguleringa samla sett vil vere tilfredsstillande, sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd i Noreg kan drivast av foretak som har fast forretningsstad i ein annan EØS-stat."

Dei fleste høyringsinstansane som har uttalt seg om spørsmålet, meiner at det er behov for å endre inkassolova § 5 av omsyn til EØS-retten. Berre Finansdepartementet meiner at føresegna kan bli ståande i si noverande form utan å kome i konflikt med EØS-avtalen. Justisdepartementet har på bakgrunn av høyringa funne grunn til å drøfte spørsmålet noko nærmare.

Eit krav om fast forretningsstad i Noreg er ikkje direkte diskriminerande, ettersom kravet også gjeld for norske føretak. Det avgjerande blir om kravet om fast forretningsstad er objektivt naudsynt og ikkje går lenger enn det som er påkravd for å ivareta omsyna bak restriksjonen. Sjølv om ein legg opp til at inkassolova skal gi skyldnarane og kreditorane eit sterkt rettsleg vern, er det etter Justisdepartementets syn vanskeleg å forsvare at eit krav om fast forretningsstad i Noreg er objektivt naudsynt og ikkje går lenger enn det som er påkravd. Departementet legg i denne samanhengen vekt på at dei kontroll- og handhevingsomsyna som ligg til grunn for regelen, langt på veg er varetatt gjennom kravet om at eit føretak må ha norsk inkassoløyve for å drive inkassoverksemd i Noreg, og kravet om at føretaket må vere registrert i Foretaksregisteret. Det må dessutan takast omsyn til at Kredittilsynet ved tildeling av inkassoløyve kan stille krav om at utanlandske inkassoføretak kommuniserer med norske forbrukarar på norsk. Justisdepartementet meiner på denne bakgrunn at den norske reguleringa samla sett vil vere tilfredsstillande, sjølv om ein opnar for at inkassoverksemd i Noreg kan drivast av føretak som har fast forretningsstad i ein annan EØS-stat.

Justisdepartementet har etter dette kome til at inkassolova § 5 bør endrast av omsyn til EØS-retten. Det blir derfor gjort framlegg om å endre § 5 første ledd bokstav b (framandinkasso) og § 5 tredje ledd første punktum (oppkjøpsinkasso) slik at fast forretningsstad i ein annan EØS-stat blir likestilt med fast forretningsstad i Noreg.

Justisdepartementet ser det som særs viktig at inkassoføretaka brukar eit språk som skyldnarane forstår. Bruk av framandspråk kan etter omstenda vere i strid med kravet til god inkassoskikk i inkassolova § 8. Inkassolova gir såleis allereie skyldnarane eit visst vern på dette punktet. I tillegg meiner Justisdepartementet at det ved tildeling av inkassoløyve til utanlandske føretak bør stillast krav om at dei kommuniserer med norske skyldnarar på eit språk som er forståeleg for desse.

Justisdepartementet har vurdert forholdet til EØS-retten på dette punktet og kome til at det neppe vil vere i samsvar med EØS-avtalen å stille eit absolutt krav om bruk av norsk overfor alle skyldnargrupper. I forbrukarforhold stiller dette seg annleis. Justisdepartementet meiner at eit absolutt krav om bruk av norsk overfor skyldnarar som er forbrukarar, er objektivt naudsynt og forholdsmessig etter EØS-retten. Justisdepartementet legg til grunn at Kredittilsynet ved tildeling av inkassoløyve stiller språkkrav innanfor ramma av dei EØS-rettslege reglane.

Forbrukarombodet og Forbrukarrådet har gitt uttrykk for at Kredittilsynet også overfor utanlandske inkassoføretak må stille krav om tilslutning til Inkassoklagenemnda som vilkår for inkassoløyve. Justisdepartementet er samd i dette.

Forslaget om å innføre krav om å vere eigna for dei sentrale aktørane i inkassoføretaka inneber ei lita meirbelastning for føretaka, sidan dei må opplyse om kven som er dagleg leiar, styremedlem og eigarar med monalege eigardelar. Lovforslaget medfører at politiet må utferde nokre fleire politiattestar. Basert på vurderingane gjort av Politiregisterutvalet, skulle dette gi ein ekstra kostnad på om lag 80 000 kroner første året, deretter ca. 20 000 kroner dei følgjande åra. Forslaget inneber noko meirarbeid for Kredittilsynet. Departementet legg til grunn at det ikkje er tale om store kostnader. Meirutgiftene som følgjer av forslaga, skal dekkjast innanfor dei eksisterande budsjettrammene til kvar einskild instans.