Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra næringskomiteen om lov om skogbruk (skogbrukslova)

Dette dokument

Innhold

Til Odelstinget

Proposisjonen inneheld forslag til ny skogbrukslov. Departementet foreslår at gjeldande lov av 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern ikkje lenger skal gjelde, og at den nye lova erstattar denne. I tillegg til dette inneheld proposisjonen forslag om å oppheve lov 9. juni 1939 om husbrukskog, og lov 9. november 1956 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket.

I proposisjonen foreslår departementet mellom anna:

  • ei endring av namnet på lova. Departementet foreslår at lova skal heite lov om skogbruk for å få fram ei breiare tilnærming til verdiskaping og produksjon av varer og tenester med basis i skogressursane.

  • at formålet med lova skal gi eit viktig signal til dei som driv næringsverksemd i skog og til styresmaktene på ulike nivå om at skogbruksverksemd handlar om å få til ein balanse mellom økonomiske verdiar, miljøverdiar og sosiale og kulturelle verdiar.

  • at lova skal gjelde for all skog og skogmark. Lova gjeld i område som er verna etter naturvernlova og område som etter plan- og bygningslova er lagt ut til eller er regulert til andre formål enn landbruk, med mindre det går fram av verne- eller reguleringsvedtaket eller av føresegner knytt til vedtaket at heile eller deler av lova ikkje gjeld.

  • at departementet skal vere øvste skogbruksstyresmakt. Kommunen skal vere førsteinstans i dei fleste sakene etter lova.

  • at utgangspunktet i lova er at skogeigaren skal ha fridom under ansvar. Skogeigaren har såleis ansvaret for at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med føresegnene i skogbrukslova og forskriftene som blir gitt i medhald av lova. Skogeigaren skal etter forslaget også ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Skogeigaren skal også sjå til at dei som gjer arbeid i skogen rettar seg etter lova og forskriftene. Departementet foreslår ein heimel for forskrift om kva som ligg i skogeigaren sitt miljøansvar.

  • ein ny regel om at den som set i gang registreringar skal ha ei plikt til å informere den enkelte skogeigaren når registreringane blir sett i gang. Ein kan gi forskrift om skogregistrering og skogbruksplanlegging. Det skal ikkje vere eit generelt krav om at alle skogeigarar skal ha skogbruksplanar, men kommunen kan påleggje skogeigar å lage skogbruksplan.

  • at skogeigaren har plikt til å sørgje for forynging av ny skog etter hogst. Skogeigaren skal innan ein frist på 3 år leggje til rette for nødvendige tiltak for å sikre tilfredsstillande forynging. Kommunen skal etter forslaget ha ansvaret for å halde kontroll med at skogeigaren gjer det han skal. Blir det ikkje forynga eller lagt til rette for forynging, skal kommunen ta opp saka og avgjere kva tiltak som skal setjast inn. Når det blir gitt pålegg om tiltak, skal kommunen setje ein frist for tiltaket. Kommunen skal sørgje for at nødvendige tiltak blir utførte dersom skogeigaren sjølv ikkje sett i verk tiltak innafor fristen. Det er nytt i forhold til gjeldande lov at kommunen etter at denne fristen er ute kan sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren sin rekning.

  • ei føresegn som inneber eit generelt forbod mot å byggje vegar til skogbruksformål utan at det på førehand er henta inn løyve frå skogbruksstyresmakta.

  • at utgangspunktet skal vere at den einskilde skogeigar sjølv kan bestemme når, kor og korleis han vil hogge. Kommunen skal likevel til dømes ha moglegheit til å påleggje skogeigaren å rette opp att køyreskadar. Det skal framleis vere heimel for skogbruksstyresmakta til heilt eller delvis å nekte ein hogst som kan redusere eigedommen sitt produksjonsgrunnlag vesentleg eller kan få uheldige verknader for miljøverdiane.

  • at kommunen skal setje i verk dei førebyggjande tiltak som er nødvendige når det er fare for at større skogområde kan bli skadd av insekt- eller soppangrep.

  • at når skogen er skadd som følgje av uheldig skogbehandling, råte, brann, vindfelling, skred, sjukdom, sopp, smågnagar-, hjortevilt eller insektangrep, eller andre forhold som reduserar skogproduksjonen vesentleg, kan kommunen setje i verk dei tiltaka som er nødvendige for å utbetre skadane.

  • at når det er naudsynt for å halde kontroll med praktiseringa av lova kan kommunen eller anna skogbrukstyresmakt fastsetje at det skal vere meldeplikt for all hogst og alle tiltak knytt til forynging og stell av skog.

  • at fylkeslandbruksstyret kan vedta at skog skal vere vernskog.

  • at departementet ved forskrift kan leggje strengare restriksjonar på skogbehandlinga i område med viktige miljøverdiar.

  • at skogeigaren skal setje av middel til skogfondet som er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvalting av skogressursane.

  • at det kan vedtakast ei forskrift med plikt til å svare ei avgift på skogsvirke til å fremme fors­king og utvikling i skogbruket.

  • at kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne.

  • at fylkeslandbruksstyret skal vere klageorgan etter lova.

  • at strafferamma aukar til eitt år.

  • at det blir heimel for å påleggje tvangsmulkt.

I St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, foreslo regjeringa at det skulle utarbeidast ei ny lov om skogbruk til erstatning for gjeldande skogbrukslov. Ein peika på at innhaldet og språket i gjeldande skogbrukslov er forelda, og at nyare prinsipp for saksbehandling og forvaltning burde innarbeidast. I den nye lova ville ein innarbeide klarare føresegner om berekraftig skogbruk bygd på langsiktig ressursforvaltning. Ein ville leggje vekt på skogeigaren sin rett til å nytte skogen etter eigne vurderingar innafor rammene i lova. Næringskomiteen slutta seg i Innst. S. nr. 208 (1998-1999) til dette.

I desember 2003 sende departementet ut eit høyringsnotat der ein gjorde greie for lovforslaget. Departementet foreslo at det blir utarbeidd ei ny lov til erstatning for gjeldande lov om skogbruk og skogvern. På same måte som i gjeldande lov skal den nye lova

  • regulere skogbruk som næring,

  • stimulere til verdiskaping med grunnlag i skogressursane innan dei rammene miljøomsyna tilseier,

  • avgrensast i høve til naturvernlovgjevinga,

  • lovfeste organiseringa på kommune- og fylkesnivå,

  • omfatte tvingande reglar om å setje av deler av inntekta til langsiktige investeringar.

Nytt i høyringsutkastet var det at lova mellom anna gir

  • ein vidare heimel for meldeplikt for tiltak,

  • ei presisering av skogeigaren sitt forvaltaransvar,

  • ei føresegn om forynging etter hogst og heimel for forskrift om forynging,

  • heimel for forskrift om miljøomsyn,

  • heimel for å stille krav til skogeigaren sin internkontroll, og for at styresmaktene kan krevje tilgang til og rapportar frå desse,

  • heimel for tvangsmulkt på same vis som etter reg­lane i jordlova.

Hovudtyngda av høyringsinstansane har slutta seg til dei fleste forslaga. Dette gjeld mellom anna innretting av lova og forslaget til formålsparagraf. Det er også semje om avgrensinga av lova.

I Noreg er det knytt store verdiar til jord-, skog- og utmarksareala. Om lag 37 pst. av Noreg er dekt av skog, 22 pst. av landarealet er "produktiv skog", det vil seie skog som produserer meir enn 0,1 m3 tømmer pr. daa pr. år. Det samla skog- og utmarksarealet er samstundes brukt til anna landbrukstilknytt næringsverksemd. Skogen er ei viktig kjelde til verdiskaping og sysselsetjing, og ein heilt sentral faktor for å ta vare på jord- og vassressursar og biologisk mangfald. Skogen gir samstundes eit positivt bidrag i arbeidet med å løyse klimautfordringane. Skog byr dessutan på verdiar for rekreasjon og friluftsliv. Skogen inneheld også mange kulturminne, og er ein viktig del av landskapsbiletet.

Energibruken står direkte eller indirekte for dei aller fleste miljøproblema. Trevirke krev langt mindre energi både til framstilling og transport enn sa­man­liknande materiale. Ein aktiv bruk av fornybare skogressursar kan såleis medverke til eit meir berekraftig produksjons- og forbruksmønster. Innafor rammene for berekrftig forvaltning er det også eit potensial for å auke utnyttinga av skogen til energiformål. Auka bruk av bioenergi kan medverke til å minske klimagassutslepp og sikre framtidig oppdekking av energibehovet i landet.

Skogbruket skil seg vesentleg frå jordbruket ved at det - i nært samspel med skogindustrien - er ei verdsmarknadsnæring som opererer i frie marknader. Dette er med på å bestemme rammevilkår for næringa og for styresmaktene sine val av næringspolitiske løysingar.

Ved utgangen av 2003 kom nesten alt tømmer som blei omsett i Noreg frå skog som var sertifisert. Sertifiseringa byggjer i all hovudsak på modellar knytt til ISO 14001 og standardane for berekraftig skogbruk som blei laga i samband med Levende Skog-prosjektet. Skogsertifiseringa legg til grunn at den nasjonale skogbrukslovgjevinga og anna relevant lovgjeving skal følgjast. Alle nye føresegner i skogbrukslova blir dermed ein del av sertifiseringa. Det ligg i tenkinga bak sertifiseringa at nivået på ambisjonane for miljøomsyn kan vere høgare enn dei som ligg i lovgjevinga.

Skogen i Noreg blir driven gjennom eit typisk småskala skogbruk. Meir enn 80 pst. av skogen er eigd av privatpersonar, og ein stor del av skogen blir driven i kombinasjon med jordbruk. Det er i alt 120 000 skogeigedommar med over 25 daa produktiv skog i Noreg. Den gjennomsnittlege storleiken på desse einingane er på rundt 500 daa. Eigedomsstrukturen har vore relativt stabil over tid.

Stadig fleire bønder og skogeigarar hentar inntekt frå anna verksemd enn landbruk. Den tradisjonelle utnyttinga av skogressursane på mange eigedommar er redusert i omfang, medan produksjon og sal av andre tenester og produkt enn trevirke frå utmarka spelar ei større rolle enn tidlegare. I enkelte område er det også slik at verdien av bioenergiprodukt, særleg brennved, no er større enn verdien av massevirke til papirindustrien. Realprisen på tømmer er meir enn halvert fra 1950 til 2000. Lågare egeninnsats og fallande realprisar har gitt skogeigarane reduserte inntekter frå skogen. Prisfallet har også ført med seg at store skogareal har gått ut av aktiv forvaltning med tradisjonell skogsdrift.

Småskalapreget i norsk skogbruk har i lang tid vore eit viktig utgangspunkt for samarbeid mellom skogeigarane. I dei seinare tiåra har behovet for slike samarbeidsløysingar vorte større og meir mangesidig. Fleirtalet av skogeigarane samarbeider gjennom skogeigarorganisasjonane. Tradisjonelt har den viktigaste oppgåva for skogeigarorganisasjonane vore å organisere omsetjing av skogsvirke. Oppgåva er like viktig i dag, men ho har endra innhald og form. Før innebar medlemskap i ein skogeigarorganisasjon leveringsplikt for skogeigarane, men no er dette ei frivillig sak. Skogeigarorganisasjonane kan tilby assi­stanse for å gjennomføre hogst og leveransar, og dei kan ta ansvar for at leveransane og skogsdrifta elles er i samsvar med sertifiseringskrava etter standardar for eit berekraftig skogbruk. Utan samarbeidet gjennom skogeigarorganisasjonane ville mykje av dette ikkje vore mogleg å gjennomføre på ein økonomisk og praktisk måte.

Frå resultata frå den første Landsskogtakseringa blei lagt fram i 1925, har både tilvekst og ståande volum i Noreg vorte fordobla. Auken har vore større for lauv og furu enn for gran. Den årlege tilveksten er i dag 24 millionar m3, og avverkinga for sal har dei siste åra vore mellom 7 og 8 millionar m3. Det totale uttaket av virke frå norske skogar er derfor truleg mellom 9 og 10 millionar m3 årleg. Norsk institutt for jord- og skogkartlegging NIJOS har konkludert med at avverkingspotensialet for gran har vore godt utnytta. Furu og lauvtre tåler derimot auka avverking i heile landet.

Etter skogbrukslova kan eit område få status som vernskog. Formålet med å gi skogareala ein eigen status er at ein gjennom meir kontrollert forvaltning kan sikre vekst og livskår for skog i utsette område. Ein gjennomgang av alle vernskogområda i Noreg på starten av 1990-åra viste at om lag 20 pst. av den produktive barskogen er vernskog etter skogbrukslova. I all vernskog er det generell meldeplikt for all hogst, og i fleire område er det også meldeplikt for andre tiltak i skogen.

Eit tenleg skogsvegnett er ein føresetnad for å kunne drive eit stadstilpassa og konkurransedyktig skogbruk. På Sørlandet, Austlandet og i Trøndelag er hovudvegnettet langt på veg utbygd. I dei tidlegare skogsreisingsstrøka derimot, er det nødvendig å halde fram med vegutbygging. Samstundes er bygginga av skogsbilvegar redusert frå ca. 800 km pr. år på starten av 1990-talet til 120 km i 2003. Som en følgje av dette forventar ein at gjennomsnittleg driftsveglengde vil auke til om lag det dobbelte av den lengda har vore dei siste 25 åra. Dette får stor verknad på økonomien ved drift av skogen.

For villmarksprega område er det i dag knytt restriksjonar til vegbygging. I Nord-Trøndelag, Nordland og Troms er om lag 10 pst. av skogarealet påverka av desse reguleringane.

Resultatkontrollen av foryngingsfelt blir utført kvart år på 1 000 felt og i tre sesongar etter avverking på desse felta. Kontrollen viser at det på ca. 25 pst. av det årlege foryngingsarealet ikkje blir gjort god nok tilrettelegging for oppbygging av ny skog med tilstrekkeleg kvalitet. Den delen av foryngingsfelta som ikkje er tilfredsstillande tilrettelagt for ny skog auka frå 2001 til 2002 med 3,5 pst.

Etablert forynging må følgjast opp med nødvendig ungskogpleie. I 2003 blei det gjennomført ungskogpleie på om lag 120 000 daa eller om lag 16 pst. av aktiviteten i toppåra sist på 1980-talet. Tal frå landbruksavdelingane hos fylkesmennene viser behov for ungskogpleie på vel 2 millioner daa. Omfanget av sprøyting har minka kraftig dei siste åra. I 2003 blei det sprøyta vel 6 000 daa. Dette er ei hal­vering sidan 2000.

Det er to hovudutfordringar knytt til miljøarbeidet i skogpolitikken. Det er viktig å sikre miljøomsyn i næringsverksemda. Vidare er det viktig å auke dei positive miljøbidraga frå skogsektoren. Desse miljøtema er særleg sentrale:

  • biologisk mangfald og genetiske ressursar,

  • kulturminne, kulturlandskap og andre kulturverdiar,

  • opplevings- og rekreasjonsverdiar,

  • miljønytte ved auka bruk av trevirke.

Landbruks- og matdepartementet har lagt til rette for utvikling av eit standardisert og godt dokumentert registreringsopplegg knytt til biologiske miljøverdiar. Slike miljøregistreringar er ein del av skogbruksplanane til skogeigarane, og eit viktig grunnlag for miljøarbeidet i skogbruket. Om lag 15 millionar daa er så langt registrert etter MiS-metodikk.

Fleire av dei internasjonale naturvernavtalene (konvensjonane) som Noreg har slutta seg til, omfattar mellom anna forpliktingar til vern og berekraftig utnytting generelt, og med særskilt merksemd omkring sikring av trua artar. Det enkelte medlemsland må, for å følgje opp desse konvensjonane, mellom anna ha oversikt over bestandssituasjonen for dei artane som er omfatta av avtalene. På den norske raudlista blei om lag 3 000 artar i 2000 omtala som trua, sårbare eller omsynskrevjande. Nær halvparten av dei lever i skog. Bevaring av genetiske ressursar går inn som eit av ledda i Konvensjonen om biologisk mangfald som Noreg har ratifisert. Konvensjonen forpliktar Noreg til m.a. å bevare den biologiske diversiteten som finst, og til å utvikle nasjonale strategiar for slik bevaring.

Landbruks- og matdepartementet har sett i gang eit prosjekt som siktar mot å lage eit registreringsopplegg for kulturminne i samband med skogbruksplanlegginga. Kulturminneregistrering utført av skogbruksplanleggjarar i samband med skogtakst synest så langt å vere ei kostnadseffektiv og påliteleg kulturminneregistrering.

Det har vore ein lang periode med sterk vekt på å innarbeide miljøomsyn i alt skogpolitisk regelverk, og det er også gjennomført store samarbeidsprosjekt mellom skognæringa og miljøvernorganisasjonane. Trass i endringane i skogpolitikken og den innsatsen skognæringa sjølv har gjort, har det ut over 1990-talet vore ei sterk fokusering på mogelege negative effektar av skogbruk, spesielt i høve til biologisk mangfald. Natur- og miljøvernorganisasjonar, og i aukande grad marknadsaktørar og forbrukarar, stiller stadig større miljøkrav til skogbruksverksemda. Det er ei viktig utfordring framover å finne gode løysingar som sikrar aktivitet og næringsverksemd med grunnlag i skogressursane. Ei ny skogbrukslov bør vere ein reiskap som samstundes skal gi gode rammer for framtidig næringsverksemd og klare standardar for forvaltninga av ressursgrunnlag og miljøkvalitetar.

Etter gjeldande lov skal skogeigaren betale inn ei skogavgift, som er ein tvungen fondsavsetnad. Plikta til å setje av skogavgift gjeld ved alt sal av tømmer og biobrensel. Siktemålet er å sikre nødvendige langsiktige investeringar i vedkommande skog. Avsetnaden gir skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere eit berekraftig skogbruk. Per 1. januar 2004 var det 694,7 mill. kroner inneståande på skogsavgiftskonti.

Meldeplikt for skogbrukstiltak etter gjeldande lov har vore aktuelt i vernskog og i skog der det er fastsett forskrift etter § 17 b, eller når meldeplikt er innført etter § 19. Meldeplikt vil seie at ein skogeigar må melde frå til skogoppsynet før han skal hogge, eller gjennomføre andre tiltak som det er innført meldeplikt for. Det er innført meldepeleikt i all skog som er vernskog. Skogsområda i Oslo og nærliggande kommunar (Oslo-marka) er det mest kjende området med forskrift etter § 17 b. Heimelen til å innføre meldeplikt i § 19 har berrre vore nytta i nokre få tilfelle opp gjennom åra.

Det er dei siste åra gitt rammer for tilskot til formål i skogbruket over statsbudsjettet og over jordbruksavtalen gjennom Landbrukets utviklingsfond. Sidan tidleg på 1990-talet er tilskota samla sett reduserte år for år. Verkemiddelbruken i skogpolitikken blei endra i 2003. Frå 2004 er tilskot til skogbruk i all hovudsak flytta frå jordbruksavtalen til ein annan post på statsbudsjettet. Det er ikkje føresegner i gjeldande lov om statlege tilskot. Forskriftene om tilskot er for ein del fastsett med heimel i jordlova og delvis fastsett med bakgrunn i Stortinget sine årlege budsjettvedtak.

Skogspørsmål kom høgt på den internasjonale dagsorden i samband med førebuingane og gjennomføringa av FN-konferansen om miljø og utvikling i Rio i 1992. Oppfølginga har skjedd i arbeidet med FN sitt mellomstatlege skogpanel, FN sitt mellomstatlege skogforum og seinare i Skogforumet i FN som blei oppretta i 2000. Skogforumet er i dag eit organ som er direkte lagt inn under FN sitt sosiale og økonomiske råd. Det er forhandla fram eit fleirårig program for arbeidet, under dette ein handlingsplan.

Skog er eit viktig element i Konvensjonen om biologisk mangfald og Klimakonvensjonen. Partane i konvensjonen om biologisk mangfald vedtok på det sjette partsmøtet i 2002 eit utvida arbeidsprogram for biologisk mangfald i skog.

I Europa har det sidan 1990 vore eit aktivt skogpolitisk samarbeid knytt til oppfølginga av Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa. Dette regionale samarbeidet har i stor grad teke opp dei globale skogpolitiske problemstillingane, og søkt å finne løysingar på desse i forhold til dei spesifikke forholda og utfordringane vi har i Europa.

Den første lova i Noreg som omhandla korleis ein skal skjøtte og nytte skogressursane blei vedteken i 1863. Lova var eit resultat av ei sterk utnytting av skogen over lengre tid. For ein stor del hadde dette si årsak i at tømmerhandelen blei frigitt i 1836. "Lov om Værnskogens Bevarelse og mot Skogenes Ødeløggelse" blei vedteken i 1893. Denne lova fanga likevel ikkje opp skogkommisjonen sitt forslag om ei plikt til å gjennomføre skogkultur. Derfor sto jamvel lova av 1893 fram som ei vedtektslov som i hovudsak gav lokale myndigheiter høve til å fastsetje vedtekter om avgrensingar i hogsten.

Skogkonsesjonslova frå 1909 fastsette at det måtte søkjast konsesjon for kjøp av skogeigedom over ein viss storleik. Skogkonsesjonslova var, saman med ei rekkje andre konsesjonslover, forløparen til ei meir generell konsesjonslov for kjøp av fast eigedom i 1974, jf. lov 28. november 2003 som gjeld i dag.

Skogvernlova av 1932 blir sett på som den viktigaste hendinga i historia til norsk skogbruk. Lova gjorde ende på ein tradisjon gjennom hundre år med å drive eit haustingsskogbruk. Skogbruksdrifta blei bygd opp om ein planmessig skogproduksjon der plikta til å drive skogkultur er eit sentralt element.

Med utgangspunkt i arbeidet til Skogkommisjonen av 1951 la departementet i 1962 fram forslag til ei ny lov om skogproduksjon og skogvern. Lova blei vedteken i Stortinget i 1965, og er med seinare endringar den lova som gjeld i dag. Formålet med lova var å fremme skogproduksjon, skogreising og skogvern.

Skogtilhøva i Noreg, Sverige og Finland liknar mykje på einannan. Dette kjem også til uttrykk i lovgjevinga. Samstundes er det viktige skilnader i korleis dei skogpolitiske verkemidla er sett saman. Lovgjevinga i Sverige og Finland er derfor omtala særskilt i proposisjonen.

I St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren, foreslo regjeringa at det skulle utarbeidast ei ny lov om skogbruk til erstatning for gjeldande skogbrukslov. Arbeidet skulle ha som mål at den nye lova skal innehalde klare føresegner om eit berekraftig skogbruk og om langsiktig ressursforvaltning. Ein ønskte at skogeigaren sitt ansvar for å forvalte eigne skogressursar og å ta miljøomsyn skulle stå sentralt i ei ny lov. Føresegnene om å etablere ny skog etter hogst burde sikrast ei utforming som i større grad enn i gjeldande lov sikrar at forynging skjer. I arbeidet ønskte ein både å leggje vekt på verdien av lova som eit nasjonalt verktøy for utviklinga i skogbruket, og som eit middel for å dokumentere hovudlinjene i den norske skogpolitikken utanlands.

Regjeringa foreslo å behalde skogavgiftsordninga omtrent som i dag, men ein viste til at ordninga burde få verknad også i høve til miljøtiltak og i samanheng med verdikjeda. Ein foreslo derfor å utvide ordninga ved å gi ein generell skattefordel for bruk av skogavgift til konkrete definerte miljøfremmande tiltak.

Regjeringa ønskte også å styrkje forsking og utvikling, og foreslo at det blei innført ei FoU-avgift.

I eit overordna perspektiv på verkemiddelbruken meinte regjeringa at ein måtte fokusere på dei mogelegheitene som ligg i skogbrukssektoren, og ein viste særleg til at:

  • Verdiskapinga frå skogbaserte næringar skulle aukast og

  • Skogsektoren skulle vere med på å løyse viktige miljøoppgåver.

Hovudstrategien til regjeringa for å auke den skogbaserte verdiskapinga var å utvikle ein meir heilskapleg politikk for skogbruk og skogindustri. Departementet peika på at det var nødvendig med eit fortsett statleg engasjement i dei langsiktige investeringane i samband med aktiv skogkultur. Ein ønskte, i samarbeid med næringa, å styrkje rettleiing og kontroll omkring skogkultur. Departementet peika elles på at det framleis er behov for å byggje fleire kilometer nye skogsbilvegar i Noreg. Ut over dette viste ein til at regjeringa ville setje i verk eit verdiskapingsprogram for bruk og foredling av trevirke.

Regjeringa la til grunn at skogbruket må ha ei aktiv haldning til miljøutfordringane. Skal ein møte desse utfordringane bør ein ha høg kompetanse, og leggje auka vekt på miljøregistrering og planlegging. Det er òg nødvendig at bruken av verkemidla blir tilpassa produksjonsevna på areala og dei miljøkvalitetane som er på areala. Ut over dette tok regjeringa sikte på å fastsetje ei miljøforskrift med heimel i gjeldande skogbrukslov, og å styrkje satsinga på bioenergi.

Næringskomiteen meinte ved si handsaming av St.meld. nr. 17 (1998-1999), jf. Innst. S. nr. 208 (1998-1999), at lova burde vere ei næringslov som byggjer på prinsippet om fridom under ansvar, og at lova burde gi klare rammer for dei miljøomsyna skogbruket har, og som er ein viktig del av skogeigaren sitt forvaltaransvar.

Komiteen meinte at plikta til å setje av skogavgift bør oppretthaldast. Ordninga med skogavgift burde vere ein grunnpilar i finansieringa av berekraftig skogbruk. Komiteen bad departementet vurdere ei endring av beløpsgrensene i ordninga med sikte på å stimulere til auka investeringar. Komiteen bad om ei vurdering av om skattefordelen kunne utvidast, og om han kunne aukast til 50 pst. Komiteen var samd i at skogavgift med skattefordel burde kunne nyttast til miljøtiltak.

Komiteen heldt fram som mål at investeringane til forsking og utvikling innafor norsk treindustri burde hevast, og stilte seg positiv til ei FoU-avgift. Ressursane burde rettast mot felt som best styrkjer lønsemda i næringa. Fokuset burde endrast frå produksjons- og råvarehandtering til marknads- og brukar­orientering.

Komiteen slutta seg til regjeringa sin hovudstrategi om å auke verdiskapinga gjennom ein meir heilskapleg politikk for skogbruk og skogindustri. Komiteen understreka at potensialet for auka verdiskaping og sysselsetjing er størst innafor foredling. Måla for skogpolitikken som regjeringa hadde stilt opp fanga etter komiteen sitt syn hovudperspektiva i dei utfordringane skogsektoren står overfor. Komiteen peika på at verdiskaping i skogbruket kan ha distriktsmessige konsekvensar, og la til grunn at:

"... det er et mål at skogbruket kan spille en sentral rolle for bosetting og sysselsetting i distriktene. Forutsetningen er at det er lønnsomt og attraktivt å arbeide med skogbasert verdiskaping."

Komiteen slutta seg til at det er viktig å ivareta omsynet til komande generasjonar gjennom aktiv og målretta skogkultur. Eit fleirtal i komiteen sa seg også samd i at det var eit for lågt investeringsnivå og for låg aktivitet i skogkulturen i høve til eit slikt mål, slik at investeringane i skogbruk bør aukast.

Komiteen understreka verdien av at skogbruksverksemda skjer på ein planmessig måte, som femner både skogfaglege vurderingar og omsyn til miljø.

Komiteen var samd med departementet i at skogsvegane er vesentlege for verdiskapinga, og at det framleis er behov for å byggje ut og ruste opp slike vegar. På same tid peika komiteen på at det i rutinane for saksbehandlings- og planleggingsprosessane må leggjast vekt på miljøaspektet ved vegbygginga.

Komiteen meinte at arbeidet med sertifisering vil vere viktig framover, og at det kan fremme skogbruksmessige og miljømessige tilpassingar. Komiteen såg det som ein fordel om skogbruksmyndigheitene sitt regelverk som femner alle skogeigarane, kan leggjast direkte til grunn for sertifisering. Eit fleirtal i komiteen bad departementet utforme forskrifter som kan setje standardar for eit sertifiseringssystem. Komiteen vurderte samarbeidsprosjektet Levende skog som ein konstruktiv dialog om skogspørsmål. Ut frå drøftingar mellom komiteen og ulike partar innafor skogbruket meinte komiteen at det kunne undergrave denne dialogen dersom det blei fastsett ei miljøforskrift. Eit fleirtal i komiteen meinte likevel at ein i samband med utarbeidinga av ny skogbrukslov burde vurdere spørsmålet om miljøforskrift på nytt.

Lågare tømmerprisar og lågare avverking gjer at bruttoverdien av skogsavverkinga er halvert dei siste 10 åra. Nyare undersøkingar tyder til dømes på at berre 5 pst. av skogeigarane hentar meir enn 50 pst. av inntekta frå tradisjonelt skogbruk.

Med bakgrunn i dei endra økonomiske premissane for skognæringa, endringane i dei økonomiske verkemidla og reduksjonane i ressursar til rettleiing og oppfølging meiner Landbruks- og matdepartementet det er nødvendig å leggje større vekt på styring gjennom lova. Etter departementet si vurdering vil ei ny lov gi ei betre heilskapleg tilnærming til dei skogpolitiske utfordringane, setje klarare rammer for skogeigarane sitt forvaltningsansvar og vere eit betre verktøy for skogbruksstyresmakta. Samstundes er det lagt avgjerande vekt på at den nye lova ikkje skal auke dei administrative kostnadene knytt til næringsverksemd og verdiskaping i skogsektoren.

Ei god integrering av miljøomsyn er eit viktig element for høg internasjonal og nasjonal tillit til at lovverket sikrar eit berekraftig skogbruk. Styresmaktene regionalt og lokalt kjem oftare og oftare opp i situasjonar der det er vanskeleg å tolke kor langt gjeldande lov rekk og der det må trekkast grenser i høve til miljøomsyn. Det er også eit mål å få meir miljønytte ut av skogen og skogprodukta. Ei ny lov - og dei forskriftene som blir fastsett med heimel i lova - vil etter departementet si vurdering gi eit betre grunnlag for arbeidet med miljøomsyn og høgare miljønytte.

Departementet vurderer resultata frå skogprosessen i FN som viktige i samband med utforminga av ny lov om skogbruk. Vedtak frå dei pan-europeiske Ministerkonferansane for trygging av skogane i Europa, samt det utvida arbeidsprogrammet for biologisk mangfald i skog, har vesentleg relevans for skogbrukslovgjevinga.

Dette bør føre til at serleg følgjande prinsipp og vedtak blir lagt til grunn for ny lov om skogbruk:

  • Retningslinjene for berekraftig forvaltning av skog bør liggje til grunn både for formålet og innhaldet i ei ny norsk skogbrukslov.

  • Det er behov for klare pålegg i lova som kan sikre ny forynging av skog etter hogst, hindre skadar på og øydelegging av skog, og tiltak for å bøte på skade.

  • Lovgjevinga bør reflektere det internasjonale fokuset på bevaring av biologisk mangfald som eit element i berekraftig forvaltning, og på same tid fremme viktige miljøverdiar og sosiale og kulturelle verdiar i skogen i Noreg.

I høyringsnotatet foreslo departementet at formålet i den nye lova skulle endrast. Bruk av skog og skogen sine funksjonar blir vurdert i eit vidare perspektiv i internasjonale prosessar og debattar enn det som er reflektert i formålet i gjeldande lov.

Med dette som bakgrunn foreslo departementet at lova skulle ha til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen. Omsynet til skogreising blei ikkje foreslått ført vidare i den nye lova. Ein foreslo heller ikkje å føre vidare dei særskilte uttrykte måla om eit tilfredsstillande resultat for næringsutøvarane og å sikre effektiv og jamn tilgang på råstoff til industrien. Dei nye formuleringane om verdiskaping dekkjer likevel opp noko nær det same som omsynet til næringsut­øvarane etter gjeldande lov.

Hovudtyngda av høyringsinstansar støttar forslaget. Nokre gir likevel uttrykk for at næringsaspektet i forslaget er for svakt. Norges Naturvernforbund støttar forslaget, men meinar at berekraftomgrepet ikkje omfattar økonomi eller distriktspolitikk slik departementet synest å leggje til grunn i høyringsnotatet. Næringslivets Hovedorganisasjon peikar på at det er unaturleg å fjerne eit så sentralt mål som omsynet til effektiv og jamn råstofftilførsel for industrien. Noregs Jeger- og Fiskeforbund ber om at jakt og fiske blir nemnt i føresegna, og Norske Reindriftssamers Landsforbund ber om at reindrift blir nemnt særskilt.

Målet om berekraftig forvaltning går mellom anna fram av Grunnlova § 110b der det er lagt til grunn at naturen skal disponerast ut frå ei langsiktig og allsidig tilnærming som tek vare på ressursane for etterslekta. Det bør etter departementet si meining gå fram av ordlyden i lova at målet er å fremme berekraftig forvaltning av skogressursane. Dette fører til at avveginga mellom dei ulike omsyna som skal trekkjast inn ved forvaltninga av skogressursane må byggje på ei langsiktig vurdering knytt til både skog og areal.

Å fremme verdiskaping basert på skogressursane og å leggje til rette for at skogeigaren og forvaltninga tek grunnleggjande miljøomsyn når skogressursane blir utnytta, er dei hovudomsyna som er aktuelle i dag. Dette er omsyn som ligg til grunn for utforminga av forslaga til nye reglar. Lova bør såleis leggje til rette for økonomisk verksemd og samstundes hegne om dei ulike miljøverdiane skogen har. Departementet oppfattar innspela frå høyringsinstansane slik at dei er samde i dette. Departementet meiner det er ønskeleg å nemne desse omsyna direkte i lovteksten.

Departementet meiner at det ikkje lenger bør vere eit eige mål å sikre industrien effektiv og jamn forsyning. Tidlegare sette handelsgrenser og transporttilhøve grenser for omsetjing av tømmer og skogprodukt. Dette gjeld ikkje i same grad i dag, og industrien hentar trevirke frå mange land. Omsynet til industrien må trekkjast inn under og avstemmast i høve til samleomgrepet verdiskaping.

I høyringsinnspela går det fram at det er noko ulike meiningar om kor stor vekt dei ulike omsyna skal tilleggjast i forhold til kvarandre. Mange av høyringsinstansane meiner til dømes at forslaget i høyringsnotatet fører til at omsynet til skogbruksnæringa blir svekt i forhold til føresegna i gjeldande lov, og dei peikar på at dette er uheldig. Departementet meiner formålet må leggje til rette for at det blir lagt vekt på både verdiskaping og miljøverdiar ved forvaltning av skogressursane. Ein er klar over at nærings- og miljøinteressene kan ha ulike syn på når det skal gjennomførast skogbrukstiltak. I dei fleste høva vil det likevel ikkje vere motsetningar mellom desse omsyna når forvaltninga skal vere berekraftig. I dei enkelte føresegnene i lova går det elles konkret fram kva for omsyn som skal takast, og korleis omsyna skal vegast i høve til kvarandre. Avvegingar basert på formålsføresegna aleine vil dermed i liten grad vere avgjerande for den vekta dei ulike omsyna skal ha. Med dette som grunnlag meiner departementet at det er lite tenleg at det i formålet vert lagt fast kor stor vekt dei ulike omsyna skal ha i forhold til kvarandre.

I høyringsnotatet til ny skogbrukslov la Landbruks- og matdepartementet til grunn at den nye lova skulle ha det same virkefeltet som i gjeldande lov. Ein foreslo likevel at lovregelen blei formulert noko annleis enn i gjeldande lov. I forslaget til § 2 første ledd foreslo ein at lova skulle gjelde all skog:

"det vil seie all grunn som produserer skog eller som etter ei samla vurdering er best egna til skogproduksjon."

Departementet vil presisere at det i utgangspunktet ikkje synest å vere behov for å endre innhaldet av virkefeltet i ei ny skogbrukslov i forhold til gjeldande lov. Lova skal gjelde all skog og skogmark, og tilhøvet mellom den nye lova og anna lovverk bør vere det same som i gjeldande lov. Ein oppfattar innspela frå høyringsinstansane slik at dei sluttar seg til dette utgangspunktet. Departementet meiner likevel at det er grunn til å gjere nokre endringar i utforminga av regelen.

Det går fram av kapittel 6.10 at departementet foreslår å oppheve regelen om omdisponering i gjeldande skogbrukslov § 50. Forslaget inneber at unntaket i gjeldande lov § 3 første og andre ledd ikkje blir ført vidare i føresegna om virkefelt for den nye lova.

Departementet legg vekt på dei mange merknadene som er gitt frå høyringsinstansane i samband med forslaget til endringar i språkbruken i høyringsutkastet § 2 første ledd, og har konkludert med at ein er betre tent med å bruke noko nær dei samme omgrepa som finst i gjeldande lov.

Lovutkastet i høyringsnotatet tek ikkje høgde for at vernevedtaket kan gjere at skogbrukslova blir sett ut av kraft. Departementet meiner at det bør gå fram direkte i lova at ny skogbrukslov ikkje gjeld dersom dette går fram av vernevedtaket eller føresegner knytt til vedtaket. Tilhøvet til planar etter plan- og bygningslova bør vidare vere det same i ny skogbrukslov. Ein viser særleg til utsegna frå Miljøverndepartementet om at forslaga i høyringsutkastet gir eit høveleg bilete av avgrensinga mellom ny skogbrukslov og plan- og bygningslova. Landbruks- og matdepartementet meiner at det er ønskeleg å synleggjere tilhøvet mellom dei to lovene i lovteksten som gjeld virkefeltet for ny skogbrukslov og foreslår derfor ei språkleg endring i høve til den lovteksten som blei sendt på høyring.

Departementet viser til innspela frå høyringsinstansane, og meiner at ein også i den nye skogbrukslova bør ha ein regel som gjer merksam på dei rettane reindriftsnæringa har. Regelen er innarbeidd i lovutkastet § 2 tredje ledd.

I høyringsnotatet foreslo departementet at tredelinga av skogbruksstyresmakta skulle førast vidare i ny skogbrukslov og at omgrepet "skogoppsyn" i gjeldande lov blir bytta ut med nemninga "skogbruksstyresmakt". Heimelen i gjeldande lov om at overordna skogbruksstyresmakt kan fatte vedtak i staden for underordna skogbruksstyresmakt skulle oppretthaldast i den nye lova. Regelen om kven som skulle vere skogoppsyn for skog som er eigd av kommune eller fylkeskommune skulle også oppretthaldast i den nye lova fordi ein ønskte å unngå at kommunane og fylkeskommunane fekk habilitetsproblem som skogbruksstyresmakt for eigen skog.

Mange høyringsinstansar meiner at ein bør behalde samleomgrepet "skogoppsyn" i lov om skogbruk. Departementet meiner at den offentlege forvaltninga som følgjer av den nye lova ikkje bør ha nemninga "oppsyn". Skogbruksstyresmaktene si rolle er breiare samansett enn dei oppgåvene som er knytt til rein oppsynsverksemd. Mange av oppgåvene er forvaltningsoppgåver. Departementet meiner såleis at samlenemninga for dei organa som har oppgåver etter den nye skogbrukslova bør vere "skogbruksstyresmakt".

Overordna skogbruksstyresmakt må kunne ta avgjerd i saker som må samordnast over kommunegrenser, til dømes saker som gjeld tiltak for å hindre skade på større skogområde (lovutkastet § 9), eller ved innføring av meldeplikt (§ 11) over eit større område. Dette er regelen i dag, og departementet ser det som nødvendig å føre regelen vidare i den nye lova, ikkje minst av miljø- og ressursmessige grunnar. I nokre høve har også kommunane bedt om at departementet fattar rettleiande vedtak i nye sakstilfelle der nasjonale interesser er sentrale. Departementet foreslår etter dette at føresegna blir ført vidare i ny skogbrukslov, men endra slik at ho berre gjeld dersom saka må samordnast over kommunegrenser, eller der viktige nasjonale omsyn tilseier det. Ein oppfattar at ei endring i samsvar med dette er i samsvar med fellesuttala frå dei nemnde kommunane. Føresegna er teken inn i § 3 andre ledd i lovutkastet. Departementet ser det no slik at fylkesmannen skal vere skogbruksstyresmakt for skog som kommunane og fylkeskommunane eig.

I gjeldande skogbrukslov § 11 er det lagt til grunn at skogoppsynet sentralt har oppsyn med gjennomføring og etterleving av lova. Gjeldande skogbrukslov har ingen generelle reglar om kva som konkret skal gjerast for å sikre gjennomføring eller etterleving av lova, og heller ikkje generelle føresegner som gjer det mogleg for skogbruksstyresmaktene å krevje opplysningar om drifta.

I høyringsnotatet la departementet til grunn at kontrollfunksjonane i skogbruket må vere slik at dei samla sett fungerer mest mogleg kostnadseffektivt. Dette gjeld både dei private i form av sertifiseringsløysingar, og den offentlege resultatkontrollen. Ein foreslo på dette grunnlaget at kommunen skulle ha til oppgåve å føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne. I høyringsnotatet foreslo ein at departementet også skulle kunne fastsetje forskrifter om internkontrollar i skogbruket og om rapportar frå desse. Fylkeslandbruksstyret burde halde fram som klageinstans over vedtak fatta av kommunane, om ikkje departementet hadde bestemt at fylkesmannen skal vere klageinstans. Ein foreslo vidare at departementet eller den departementet har gitt mynde skal vere klageinstans for vedtak gjort av fylkeslandbruksstyret eller fylkesmannen.

Hovudinntrykket av innspel frå høyringsinstansane er at forvaltningsorgana har merknader til kommunane og fylkesleddet si rolle knytt til tilsyn og rapportering, medan organisasjonane i hovudsak har merknader til forslaget om ei forskrift om internkontroll.

Departementet foreslår at dei fleste oppgåvene knytt til tilsyn, behandling av søknader, pålegg og oppfølging og kontroll blir lagt til kommunane direkte i lova. Departementet vil kome tilbake til omfanget av kommunen sine tilsyns- og rapporteringsoppgåver når forskrifta blir sendt på høyring.

Departementet legg ikkje opp til nye kontrollrutinar for næringa, men meiner det er behov for ein heimel som gjer det mogleg å samordne den offentlege kontrollen som blir gjennomført av kommunane og fylkesmennene og den interne sertifiseringskontrollen som blir gjennomført av næringa sjølv. Ein slik heimel kan venteleg føre til at både den offentlege kontrollen og den private kontrollen kan bli meir effektiv og kanskje også betre. Slik kan skogbruksstyresmaktene hente informasjon frå den private kontrollen i staden for å gjennomføre parallell kontroll av om lag dei same tilhøva. Heimelen gjer det dess­utan mogleg for departementet gjennom forskrift å gi retningslinjer for rapportering til styresmaktene frå sertifiseringskontrollen som næringa gjer. Forslaget går fram i lovutkastet § 20 andre ledd.

I høyringsnotatet foreslo departementet at retten i gjeldande lov til å bestemme over drift av eigen skog, utforma slik at skogeigaren sjølv har rett til å blinke og stelle skogen, skulle førast vidare i ny skogbrukslov. Ein foreslo likevel at ordlyden i lovutkastet § 4 første ledd skulle omfatte det overordna ansvaret skogeigaren har for å administrere og følgje opp tiltak i skogen. I forslaget la ein opp til at skogeigaren har ansvar for at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med føresegnene i lova og med forskrifter gitt i medhald av lova. Skogeigaren står innafor desse rammene fritt til å forvalte skogen sin ut frå eigne mål. Departementet meinte at denne formuleringa viser at lova er ei næringslov der det er markert tydeleg at skogeigaren har fridom under ansvar.

Skogeigaren sitt ansvar skulle etter forslaget mellom anna femne plikt til å ha kunnskap om og følgje utviklinga på skogareala og miljøverdiane i skogen i ulike fasar. Departementet foreslo at det burde gå fram av lova at skogeigaren pliktar å ha oversikt over og å ta omsyn til miljøverdiane ved alle tiltak i skog. Skogeigaren sitt miljøansvar kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje kan gjennomførast og at skogeigaren må la enkelte areal stå urørte utan at dette gir rett til erstatning. Departementet foreslo vidare at skogeigaren bør ha ansvar for at dei som gjer arbeid i skogen rettar seg etter lovgjevinga, og at dette bør gå fram av lovteksten. I § 4 andre ledd foreslo departementet ein eigen heimel for å fastsetje forskrift om miljøomsyn knytt til ulike tiltak i skogbruket. Ein slik heimel kan sikre eit målretta miljøarbeid på alle nivå.

Hovudtyngda av innspel (fleire enn 90) gjaldt kommentarar til forslaget om heimel for miljøforskrift. Innspela viser at det er ulike meiningar om behovet for miljøforskrift, når ei slik forskrift eventuelt bør innførast og kva ei forskrift bør innehalde. Om lag 2/3 av dei høyringsinstansane som har sendt inn ei uttale har tilrådd at ein innfører slik forskrift. Nok­re høyringsinstansar viser til at forskrift ikkje er nødvendig. Andre meiner at ei forskrift vil kunne undergrave det frivillige arbeidet som blir lagt ned i sertifiseringsordninga.

NORSKOG ser forslag om miljøforskrift i samanheng med Levende Skog. Organisasjonen viser til at også sentrale styresmakter har gitt uttrykk for at prosessane med Levende Skog har vore tilfredsstillande. Det å fastsetje miljøforskrift vil underkjenne at næringa sjølv tar ansvar, og det kan øydeleggje for sertifiseringsarbeidet. Skogindustrien, representert ved Prosessindustriens Landsforening og Treforedlingsindustriens Bransjeforening, støtter også dette synet. Miljøverndepartementet, Direktoratet for naturforvaltning og miljøvernorganisasjonane meiner det er behov for ein heimel for miljøforskrift. Mange gir gjennomgåande uttrykk for at miljøforskrift er ein føresetnad for å akseptere lovutkastet som det dei oppfattar som ei ramme- og fullmaktslov.

Departementet meiner at spørsmål som gjeld ei mogleg miljøforskrift må sjåast i samanheng med skogbruket si miljøsatsing elles. Gjennom miljøprosjektet Levende Skog blei det i 1998 fastsett standardar for eit berekraftig skogbruk. Desse standardane blei innarbeidd i eit sertifiseringssystem som no femner mellom 90 og 100 pst. av avverkinga i det norske skogbruket. Departementet er svært tilfreds med den innsatsen næringa legg i miljøomsyn ved drift og forvaltning av skogressursane. Departementet meiner likevel at det er ønskjeleg at skogeigaren sitt miljøansvar også går fram gjennom utfyllande forskrifter til lova. Det er eit offentleg ansvar å gi næringa klare rammer for miljøomsyna i verksemda. Ein legg til grunn at dei som er tilslutta gjeldande sertifiseringsordning vil tilfredsstille dei krava som blir sett i lova, og som vil følgje av den komande forskrifta.

Når departementet no kjem attende til spørsmålet om miljøforskrift er det ei klar oppfølging av Stortinget sine merknader i samband med handsaminga av Skogmeldinga sommaren 1999. Ei skogbrukslov anno 2004-2005 som ikkje har slike særlege miljøføresegner ville vere eit brot med norsk skogpolitikk til no, og dessutan ei svært annleis løysing enn det ein finn i dei fleste land det er aktuelt å samanlikne med. Miljøforskrifta bør fastsetjast i samband med iverksetjinga av ny skogbrukslov. Det førebuande arbeidet med forskrifta er sett i gang. Forskrifta bør sendast på høyring på vanleg måte så snart evalueringa av Levende Skog ligg føre, og Stortinget har tatt stilling til den nye lova.

I gjeldande skogbrukslov kapittel V finst det reg­lar om skogbruksplanar og skogregistreringar. Statleg tilskot til skogbruksplanlegging blir i hovudsak gitt i samband med registrering i eit større område eller for ein heil kommune, men også til enkelte skogeigarar eller til fleire skogeigarar i eit område som foretek ei registrering på same tid. Sju høyringsinstansar meiner at det bør utarbeidast reglar med obligatorisk krav om skogbruksplan i ei eller anna form.

Kor mykje skogeigaren vil avverke, og andre prioriteringar som gjeld drift av skogen bør etter departementet si meining byggje på eigaren sin råderett over eigen grunn. Næringa har sjølv gjennom oppfølging av miljøprosjektet Levende Skog, og gjennom ulike løysingar knytt ordninga med sertifisering ut­vik­la omfattande registrerings-, planleggings- og dokumentasjonsrutinar som reduserer behovet for generelle offentlege pålegg om skogbruksplanar. Departementet har i lys av dette kome til at det ikkje er rett å stille eit krav om obligatoriske skogbruksplanar for skogeiegedommar.

Etter departementet si meining bør skogbrukslova innehalde den plikta skogeigarane har etter reglane i miljøinformasjonslova. Ein slik regel i skogbrukslova synleggjer skogeigaren og forvaltninga sine plikter. Regelen har såleis ein viktig informasjonsverdi. Dette er innarbeidd i lovutkastet § 4. Miljøopplysningane som kjem fram gjennom skogregistreringa bør også vere offentleg tilgjengelege. Dette går fram av lovutkastet § 5 andre ledd tredje punktum.

Sams reglar om innhaldet i skogbruksplanar og reglar om korleis data frå denne verksemda skal handterast kan auke samfunnsverdien av den investeringa som ligg i registreringa. Føresegner med eit slikt innhald er i dag gitt i forskrifter. Departementet meiner at det er grunn til å ha ein slik heimel der ein særleg bør ta sikte på å fastsetje korleis ein skal forvalte data som blir samla inn.

I høyringsutkastet § 5 tredje ledd har departementet foreslått at heimelen for å påleggje skogeigaren å utarbeide skogbruksplan blir gjort generell. Eit pålegg om å utarbeide plan kan vere tenleg til dømes der styresmaktene har fatta vedtak etter lovutkastet § 9.

Departementet foreslo i høyringsnotatet å føre vidare omsyna til skogen sin framtidige produksjon og forynging som dei viktigaste elementa. Ein foreslo samstundes at søknadsplikta ved hogst av yngre tilfredsstillande barskog blei oppheva. Departementet foreslo vidare at skogbruksstyresmakta, som i gjeldande lov, bør kunne gripe inn når det blir planlagt eller gjennomført hogster som vil vere til vesentleg ulempe for eigedommen eller miljøverdiar. Ein la til grunn at kommunen skulle fatte slike avgjerder. Gjeldande reglar om måleplikt vart foreslått vidareførte, og ein forslo ein heimel for departementet til å gi forskrift om registrering og oppgåveplikt.

Departementet meiner at skogeigaren i utgangspunktet bør ha rett til å drive eigedommen sin som han sjølv finn det mest tenleg. Lova bør synleggjere rammer for korleis skogeigaren bør planleggje og gjennomføre hogst. Ein foreslår ei føresegn om at det ved hogst skal takast omsyn til skogen sin framtidige produksjon og forynging.

Skogeigaren skal også ta omsyn til miljøverdiane i skogen. Departementet foreslår derfor ein ny regel om at kommunen kan påleggje skogeigaren å rette opp køyreskader og andre skadar etter tiltak. Ein har sakna ein slik klar heimel i gjeldande skogbrukslov.

Departementet meiner en bør ha måleplikt fordi tømmermåling i dag er nært knytt opp mot ordninga med skogavgift (i forslaget til ny lov kalla skogfond). Målinga gjer det lettare for skogbruksstyresmakta å praktisere reglane om skogfond ut frå samfunns- og næringsmessige behov.

Gjeldande skogbrukslov inneheld reglar om forynging, skogkultur og skogreising.

Innsatsen innan skogkultur er redusert, og låg innsats på dette feltet kan få negative konsekvensar for verdiskapinga i skogbruket i framtida. Ein foreslo difor i høyringsnotatet at målet for forynging i § 17 første ledd og skogeigaren si plikt etter § 27 første og andre ledd burde bli slått saman, og at skogeigaren si plikt bør vere å sørgje for tilfredstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. I samband med denne tydeleggjeringa foreslo departementet ein frist for skogeigaren til å leggje til rette for forynging innan 3 år etter at hogsten er skjedd. Dette er nytt i lovforslaget.

Høyringsutkastet § 6 fjerde ledd inneheld ein heimel for å gi forskrift om forynging og stell av skog, om skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog, og om frø- og planteforsyninga i skogbruket. Heimelen for å gi forskrift om frø- og planteforsyninga er ei vidareføring av gjeldande lov. Ut over dette er forskriftsheimelen ny. Ein ba særleg om høyringsinstansane sine merknader til forskriftsheimelen, og stilte mellom anna opp konkrete forslag til berekning av ei nedre grense for tilfredsstillande tettleik.

Høyringsinstansane har gitt ei rekkje kommentarar til behovet for forskrift, og innhaldet i ei slik forskrift. Det er eit generelt inntrykk at høyringsinstansane oppfattar forslaga til frist og saksbehandlingskrav som ei skjerping av plikta til forynging, og at mange meiner at ei slik skjerping er rett. Frå næringa si side, og frå nokre kommunar, blir det peika på at slik skjerping er uheldig i ei tid da dei økonomiske rammeføresetnadene er dårlegare enn før, og tilskota er borte.

I Skogmeldinga gjekk det fram at innsatsen i skogkultur viser ei utvikling som vil kunne føre til lågare produksjon og kvalitet på tømmer i framtida. Med grunnlag i kravet om langsiktig berekraftig forvaltning av ressursane, og med tanke på inntekt og nytte for framtidige generasjonar, er det viktig å stille krav i dag om at inntekter frå hogst fører med seg eit ansvar for den langsiktige ressursforvaltninga. Departementet meiner derfor at det er nødvendig å endre lova slik at skogeigaren sitt ansvar for god forynging kjem klarare fram. Ein meiner dessutan at ein må gi meir konkrete retningslinjer for kva som skal reknast som tilfredsstillande forynging.

Kommunen har etter lovforslaget § 20 ei plikt til å føre tilsyn med at reglane i lova blir følgde. Dersom skogeigaren ikkje gjer sitt for å sikre forynging innan fristen på tre år, meiner departementet at lova bør påleggje kommunen ei plikt til å vurdere om det bør setjast inn tiltak for å sikre fornying, og kva for tiltak som skal setjast inn. Det er grunn til å halde fast ved reglane om reaksjonar overfor skogeigarar som ikkje følgjer kommunen sine pålegg. Kommunen har såleis plikt til å sørgje for at tiltak blir utførte for skogeigaren si rekning.

Departementet foreslår at forskriftsheimelen for frø- og planteforsyninga i skogbruket blir ført vidare i den nye lova. Reglane i gjeldande lov om skogreising og kommunen sitt ansvar i denne samanhengen blir ikkje ført vidare i den nye lova. Reglane blei tekne inn i lova på eit tidspunkt da dei norske skogane var sterkt uthogne, og fattige på virke. Tilhøva er no annleis, skogen har mykje ståande kubikkmasse, og mange areal utan skog er viktige for kulturlandskapet og andre interesser. Det er derfor ikkje behov for reglar om skogreising.

Gjeldande skogbrukslov har i § 17 a føresegner om vegar og andre anlegg i samband med skogbruk. Departementet foreslo i høyringsnotatet § 7 å føre vidare føresegna om at vegar til skogbruksformål ikkje kan byggjast utan at det på førehand er innhenta løyve frå skogbruksstyresmakta. Ein foreslo å gi klare føringar i lova om kva for vurderingar som bør liggje til grunn for behandlinga av vegsøknadene, og dessutan å føre vidare heimelen til å fastsetje forskrift for planlegging og bygging av vegar i skog. Det var ein føresetnad at ei vegforskrift etter den nye lova skulle ha same innhald som tidlegare. Departementet har ikkje fått høyringsinnspel som tyder på at det er behov for å endre vesentleg i høve til dei gjeldande reg­lane knytt til planlegging og godkjenning av landbruksvegar.

Ei føresegn om meldeplikt gir etter departementet si meining kommunane ein reiskap til å skjøtte oppgåva si som rådgjevar og kontrollør i høve til forvaltning og drift av skogen, og bør oppretthaldast i den nye skogbrukslova. Departementet sitt forslag til føresegn går fram av lovutkastet § 11, og er i hovudsak ei vidareføring og forenkling av gjeldande regel i skogbrukslova § 19.

Departementet meiner at det ikkje bør innførast ei generell meldeplikt for hogst eller for andre skogbrukstiltak. Dette, saman med at kommunane bør ha stor grad av handlefridom med tanke på korleis dei vil skjøtte oppgåva si som skogbruksstyresmakt, taler for at kommunane sjølv må kunne velje om det skal innførast meldeplikt eller ikkje. Meldeplikt bør kunne innførast generelt dersom kommunen meiner det er behov for å få betre kontakt med skogeigarane, eller halde kontrollen med praktiseringa av føresegnene. Departementet er såleis ikkje samd med Næringslivets Hovedorganisasjon som meiner at føresegna berre bør kunne innførast reint unntaksvis.

Mange høyringsinstansar meiner at skogeigaren bør kunne setje i gang tiltaket dersom kommunen ikkje har gitt tilbakemelding innan ein viss tid. Departementet sluttar seg i hovudsak til dette. Ein foreslår derfor at meldinga, på same måte som etter gjeldande lov, skal vere skriftleg, og at innmeldte tiltak kan setjast i verk dersom kommunen ikkje har gitt tilbakemelding innan 3 veker rekna frå den dagen meldinga kom fram til kommunen.

I høyringsnotatet foreslo departementet å føre vidare ein heimel for å kunne vedta at visse skogområde skal ha status som vernskog, og forvaltast etter særlege retningslinjer. Nokre av høyringsinstansane meiner at vedtak om at skogen skal vere vernskog bør bli fastsett sentralt for heile landet, ikkje av fylkeslandbruksstyret. Vidare er det fleire som meiner at hovudregelen i føresegna bør vere at det er meldeplikt i vernskog.

Departementet meiner at ei ny skogbrukslov bør føre ordninga med vernskog vidare. Reglane kan førebyggje skade på annan skog eller gi vern mot naturskadar. Dei kan også gi skogbruksstyresmaktene ein reiskap for å redusere skadepotensialet på skogområde som er sårbare på grunn av biologiske eller klimatiske forhold. Forslaget til føresegn har fått ein noko annan oppbygging enn det forslaget som blei sendt på høyring. Departementet har søkt å få fram at eit område ikkje i seg sjølv er vernskog før det er fatta særskilt vedtak om det.

Departementet foreslår at fylkeslandbruksstyret skal kunne vedta at skog skal reknast som vernskog. I samband med dette må fylkeslandbruksstyret fastsetje grensene for det aktuelle vernskogområdet og gi reglar for korleis forvaltninga av skogen skal vere. Departementet meiner at vedtaket bør skje nære dei som er kjende med areala, og ikkje på sentralt hald. Forenklingane i føresegna om vernskog vil kunne gi eit betre verkty regionalt for å kunne fatte nye vernskogvedtak og gjere justeringar i gjeldande vedtak og retningslinjer.

Departementet foreslo i høyringsnotatet å føre vidare ein heimel til å gi forskrifter om skogbehandlinga i skogområde som har særs viktige miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv eller kulturminne.

Dei fleste kommentarane frå høyringsinstansane gjeld kor tungtvegande miljøverdiane bør vere for at det bør kunne fastsetjast forskrift. Vidare er det fleire som har meiningar om kor langt ein bør kunne gå med restriksjonar i slike område.

Departementet meiner at den nye lova, som gjeldande lov, bør gi skogbruksstyresmaktene, og særleg kommunane, verkemiddel for å regulere gjennomføringa av næringsretta tiltak i område der det er særleg viktig å ta vare på miljø- eller friluftsverdiar. Føresegna kan gjerast noko enklare enn i gjeldande lov, både med omsyn til detaljeringsgrad og oppbygging. Ein oppfattar innspela frå høyringsinstansane slik at dei sluttar seg til dette. Departementet legg til grunn at heimelen for restriksjonar i praksis dekkjer det same etter den nye lova som etter gjeldande § 17 b. Departementet foreslår såleis å føre vidare regelen om at restriksjonane i ei slik forskrift kan gå ut over dei restriksjonane lova elles gir heimel for.

Departementet foreslo i høyringsnotatet ein vesentleg forenkla ordlyd i høve til i gjeldande lov. Høyringsinstansane har ikkje hatt merknader til dette. Meininga er at føresegna skal ha det same grunnlaget som etter gjeldande lov til å kunne gripe inn med tiltak mot insekt- og soppskadar og andre skadar. Detaljane om kva for tiltak som kan påleggjast, og korleis sakene skal behandlast har ein førelått å ta ut av sjølve lova. Departementet foreslår i staden ein heimel til å gi forskrift om slike tiltak, og om korleis utgiftene skal dekkjast.

Departementet legg derfor til grunn at kommunen skal ha ansvaret for overvakinga av helsetilstanden, og kommunen skal setje i verk nødvendige tiltak.

I høyringsnotatet viste departementet til at ein hadde drøfta om det burde fastsetjast ein heimel i den nye skogbrukslova som kunne gi høve til å setje ei grense for dei skadane av skogen som beitinga kunne føre til. Eit forslag til utforming blei teke inn som § 9 andre ledd i høyringsutkastet.

50 høyringsinstansar, mellom dei 34 kommunar og 9 fylkeslandbruksstyre, meiner at det er behov for ei føresegn som gir kommunen heimel for å fastsetje ei tålegrense for beitetrykket. 24 høyringsinstansar, mellom dei Miljøverndepartementet, Direktoratet for naturforvaltning, Norges landbrukshøgskule og NORSKOG meiner at det ikkje er ønskeleg å innføre ei slik føresegn i den nye skogbrukslova.

Departementet vil peike på at beiteskadar på skog i visse område reduserer den framtidige verdiskapinga frå skogen fordi ein ikkje får opp ny kvalitetsskog. Ein har derfor kome til at ein vil fremme forslag om ei føresegn i den nye skogbrukslova som sikrar at viltlova blir vurdert teken i bruk når det kjem opp spørsmål om beiteskadar frå hjortevilt på skogen. Viltlova og skogbrukslova må saman sørgje for ei balansert forvaltning med omsyn til både vilt og skog. Forvaltning av begge lovene er lagt til kommunane. Ein må rekne med at dei fleste tilfelle der det oppstår konfliktar mellom omsynet til viltet og omsynet til skogen vil kommunen sørgje for ein balansert skjøtselsplan.

Gjeldande skogbrukslov § 22 gjeld tiltak knytt til skadar etter brann, vindfelling, skred og smågnagar- eller insektangrep. I slike høve kan inntil 30 pst. av forsikringsselskapet si utbetaling takast i bruk av skogbruksstyresmaktene til eventuelle tiltak. § 23 gjeld tiltak mot skadar som følgje av uheldige hogster, råte eller mangel på oppfølging frå skogeigaren sin side. Det sentrale i begge føresegnene er at det etter ein stor skade kan påleggjast plikt til å gjere noko aktivt for å leggje til rette for tilfredsstillande forynging av skogen. Mynde etter dei to føresegnene ligg i hovudsak til fylkeslandbruksstyret.

I ei ny skogbrukslov er det også behov for særlege verkemiddel for å rette opp skadar og sørgje for at det blir lagt til rette for høveleg forynging. Ein må sjå føresegna i samanheng med andre reglar om forynging, til dømes § 6. Departementet foreslår å slå saman alle tilfelle av skade på skog i ei føresegn, og gi kommunen ansvaret for å fatte vedtak med pålegg om å utføre opprettande tiltak, jf. § 10. Tiltaka det er aktuelt å påleggje går ut over den plikta skogeigaren har etter § 6 til forynging.

I lovforslaget § 6 er det sett ein frist på 2 år frå kommunen kjem med eit pålegg om tiltak. Etter departementet si meining er det da uheldig å setje ein kortare frist for å hogge eller leggje til rette for tilfredsstillande forynging etter ein skade.

Forsikringsordningar for skog er no så godt innarbeidd at det ikkje lenger er ei oppgåve for det offentlege å regulere korleis ein skogeigar og eit forsik­ringsselskap skal ordne seg etter til dømes ein skogbrann.

Lov 5. mars 2004 nr. 12 om konkurranse mellom foretak og kontroll med foretakssammenslutninger inneheld i § 10 forbod mot bruk av avtaler mellom foretak som kan vere konkurranseavgrensande, og i § 11 forbod mot utilbørleg utnytting av ei dominerande stilling. Slik lova og forskriftene gitt med heimel i lova er utforma, kan føresegnene mellom anna få verknad for skogeigarorganisasjonane si verksemd, særleg i samband med kjøp og sal av tømmer.

Reglane i konkurranselova blei vedtekne etter at departementet sendte ut forslag til ny skogbrukslov på høyring.

Departementet ser det slik at samarbeidet i og mellom skogeigarforeiningane med oppkjøp og sal av tømmer er ein tenleg måte å kanalisere tømmer frå mange små produsentar til industrien på. Slik konkurranselova og forskrifta til lova er utforma kan det lett bli eit behov for unntak frå konkurranselova § 10 for det samarbeidet som skogeigarforeiningane gjennomfører.

Etter departementet sitt syn bør dette behovet løysast ved at det blir teke inn i ny skogbrukslov ein heimel for forskrift der departementet kan fastsetje at skogeigarane og organisasjonane deira skal ha rett til å samarbeide om produksjon og omsetjing av landbruksprodukt. Formålet med forskriftsheimelen er å sikre at skogeigarne gjennom samarbeidet blir gitt høve til å sikre sine interesser gjennom slike avsetjingsvilkår som høver med måla i skogpolitikken. Forslaget går fram av lovutkastet § 18.

Etter gjeldande lov skal skogeigaren betale inn skogavgift. Avgifta er ein tvungen fondsavsetnad, som gjeld ved alt sal av tømmer, ved og hogst av virke til bioenergi med vidare. Siktemålet er å sikre nødvendige langsiktige investeringar i vedkommande skog. Gjeldande skogbrukslov har eit eige kapittel VIII med 9 føresegner om skogavgift, §§ 41-49, inklusive føresegna om bruken av rentemiddel frå skogavgifta, § 48. Føresegnene er svært detaljerte, og fleire av dei er blitt uaktuelle på grunn av endringar i anna lovverk og politiske føringar gjennom dei siste åra. Storleiken på avgifta blir fastsett for kvart driftsår av Kongen etter at skogbruket sine økonomiske organisasjonar er gitt høve til å uttale seg.

Departementet foreslo i høyringsnotatet å endre nemninga skogavgift til skogfond. Ein foreslo vidare å samle alle reglane om skogfond i 3 føresegner, ei om innbetaling til skogfond (§ 4), ei om bruk av skogfond (§ 15) og ei om renter av skogfondmiddel (§ 16). Forslaga innebar store endringar i oppbygging og ordlyd, men det var ikkje tilsikta nemnande endringar. I opprekninga av kva skogavgifta skal kunne nyttast til foreslo departementet å ta inn "tiltak som tar sikte på å sikre viktige miljøkvalitetar i skogen". Dette er nytt i høve til gjeldande føresegn.

Både frå forvaltninga og organisasjonar er det gitt kommentarar om at fondet må kunne brukast til vegbygging. Nokre høyringsinstansar seier at kommunane bør kunne bestemme meir når det gjeld korleis midla skal brukast. Enkelte meiner at det er behov for å presisere nærare kva for tiltak det er som tek sikte på å sikre viktige miljøkvalitetar. Gjennom høyringa er det også kome fram spørsmål om det er tenleg å føre vidare føresegnene om rentemiddel.

Ordninga med skogavgift har gjennom mange år vore eit berande element i bruken av verkemiddel i skogpolitikken. Endringa gjer det klart at ordninga er bygd opp om ein tvungen fondsavsetnad og at det ikkje dreier seg som ei avgift til staten. Plikta til forynging av skogen etter hogst har lang tradisjon i den norske skoglovgjevinga, og departementet foreslår at denne plikta blir ført vidare i lovforslaget § 6.

I forslaget til ny lov er talet på føresegner om skogfond korta ned i høve til gjeldande lov. Ein har no berre teke med dei grunnleggjande prinsippa for ordninga, og det som krev lovheimel i høve til skogeigaren. Departementet foreslår slik som i høyringsnotatet 3 føresegner om skogfond, ei om innbetaling (§ 14), ei om bruk (§ 15) og ei om renter av skogfondmiddel (§ 16).

Satsane for skogavgifta blir etter gjeldande reglar fastsette i forskrift, og er for 2004 innafor eit valfritt intervall på 4-40 pst. I den nye lova foreslår departementet at satsane skal fastsetjast av departementet, men ein fører ikkje vidare regelen om at dette skal skje for kvart driftsår.

Vegbygging er eitt tiltak blant mange andre i samband med skogproduksjon, og det skal sjølvsagt framleis vere mogeleg å bruke av skogfondet til dette. Med sikte på å gjere dette tydeleg, er vegbygging nemnt i lovforslaget § 15. Det er nytt i høve til gjeldande lov at skogfondet kan brukast til tiltak som tek sikte på å ta vare på viktige miljøkvalitetar. Fleire av høyringsinstansane har gitt uttrykk for at dei er positive til dette. Spesifiseringa av kva for tiltak som er aktuelle vil bli fastsett i forskrift.

Rentemiddelordninga er ei gammal ordning som har eksistert like lenge som skogavgifta og har blitt brukt til desse formåla sidan 1932. I den seinare tida har renta blitt mykje lågare samtidig som kostnadene knytt til administrasjon, tapsavsetjingar og andre aktuelle tiltak ikkje har blitt tilsvarande lågare. På denne bakgrunn vil departementet vurdere om det er tenleg å føre vidare ei ordning der skogeigarane ikkje får renteinntektene frå skogavgifta. Departementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag knytt til bruken av rentemidla og finansiering av dei tiltaka som er nemnde her.

Når lova trer i kraft vil departementet fastsetje ei samla forskrift om skogfondsordninga, der dei mer detaljerte reglane vil bli gitt.

Det er fleire statlege tilskotsordningar som gjeld skogbruk. Etter at jordlova blei vedteke i 1995 har alle tilskotsforskrifter innafor landbruket blitt heimla i § 18 i jordlova. I høyringsnotatet foreslo departementet å ta inn ei eigen føresegn i den nye skogbrukslova som gir heimel til å gi forskrift om tilskot til nærings- og miljøtiltak i skog etter slike rammer som Stortinget gir. Det er ingen av høyringsinstansane som har innvendingar mot dette.

Tilskotsmidlar vil bli fastsett direkte over statsbudsjettet som tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og til skogbruksplanlegging. Med unntak av middel som er knytt til kompetansehevande tiltak, blir midla fordelt frå departementet til fylkesmennene, og vidare til kommunane ut frå kommunevise strategiar.

Departementet foreslår å innarbeide ei ny føresegn i lova med ein klar heimel til å fastsetje forskrifter om forvaltning, fordeling av og vilkår for statlege tilskot, og om den kontrollen styresmaktene på ulike nivå skal føre. Departementet meiner at ein forskriftsheimel i den nye lova vil gi forskriftene ei binding til lova som gir skogbruksstyresmaktene eit betre grunnlag for å vurdere tilskotsforvaltninga i samanheng med formålet i lova og dei andre reglane i lova.

I lov om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket fastsett 9. november 1956 går det fram at skogeigarar kan bli kravd for ei avgift. Etter at lova frå 1956 tok til å gjelde blei det kravd inn avgift i driftsåret 1956-1957.

I St.meld. nr. 17 (1998-1999) Verdiskaping og miljø - muligheter i skogsektoren (Skogmeldingen), blei det teke til orde for å nytte lova på ny. Grunngjevinga var at departementet i forståing med skogeigarane sine organisasjonar ville styrkje den økonomiske innsatsen i eit program for verdiskaping i skogsektoren. Dette blei sett i verk etter forskrift fastsett 10. april 2000. Avgifta blei sett til kr 0,50 pr. fastkubikkmeter skogsvirke. Skogeigarorganisasjonane er samde om at det bør vere ei slik avgift i nokre år.

Ein foreslår etter dette ei føresegn som inneber at departementet framleis kan krevje inn ein avgift til fremme av forsking og utvikling i skogbruket. Departementet meiner at føresegna også må innehalde ein heimel til å gi forskrift om nærare reglar om innbetaling, bruk og forvaltning av avgifta, og for kor lang periode ho skal krevjast inn.

Etter gjeldande lov § 52, kan brot på lova straffast med bøter. Det er berre skogoppsynet som kan krevje at brot på reglane blir påtalt. I nokre tilfelle kan brotet straffast etter føresegner i anna lovverk som kan ha andre, og til dels mykje strengare strafferammer. I høyringsnotatet foreslo departementet å skjerpe strafferamma slik at det blir heimel for både bøter og fengsel i inntil eitt år for den som bryt reglane i den nye skogbrukslova. Departementet foreslo elles at føresegna om at påtale må skje av skogoppsynet skulle opphevast. Ut over dette foreslo ein å innføre ein heimel for pålegg om tvangsgebyr slik ordninga er i jordlovsaker, jf. § 20 i jordlova.

I samband med arbeidet med ny skogbrukslov har skogbruksstyresmaktene lokalt og regionalt etterlyst klarare og meir omfattande moglegheiter for sanksjonar. Oppbygging av kunnskap for skogeigarane og den tekniske utviklinga knytt til planlegging for skogbruk, har ført til at alle som eig skog, eller jobbar i skogen no har langt betre moglegheit for å unngå tiltak som skader den vidare utviklinga av skogen eller viktige miljøverdiar. Departementet meiner på dette grunnlaget at det er behov for å styrke reglane om sanksjonar i høve til gjeldande lov.

Føresegna om straff bør etter departementet sitt syn i første rekkje gjelde brot på føresegner om skogbrukstiltak. Dette kan sikre at lova blir følgd. Behovet for ein straffesanksjon er til stades dersom nokon bryt føresegna om forynging, jf. lovutkastet § 6, om vegbygging, jf. lovutkastet § 7, hogst og måling etter § 8, og dersom skogeigaren ikkje sender inn melding der kommunen har innført meldeplikt etter lovutkastet § 11. Føresegna om straff bør også gjelde brot på føresegner om forvaltninga av vernskog og brot på forskrift gitt etter § 13 for område med høgt prioriterte miljøverdiar. I slike høve er brotet på lova til skade for viktige ressurs- og miljøomsyn. Føresegnene bør dessutan gjelde avsetjing og bruk av skofgondmiddel og manglande avsetjing av avgift til forsking og utvikling i skogbruket. Etter departementet si meining bør strafferamma hevast til bøter eller fengsel inntil 1 år.

Forslaget er uttrykk for at skade på natur bør ha ein høgare straff enn tidlegare, samstundes som straffeutmålinga sjølvsagt må stå i høve til skaden eller den vinninga som er oppnådd ved brot på lova.

§ 52 i gjeldande lov har ein regel om at brot på lova ikkje kan påtalast utan etter krav frå skogbruksstyresmakta. Departementet viser til at straffebodet etter dei liner som ein har gjort greie for ovanfor, i første rekkje blir knytt til tiltak som er til skade for miljø og naturressursar. Ein meiner på bakgrunn av dette at avgrensinga av påtaleretten ikkje er tenleg, og heller ikkje i samsvar med omsyna til open forvaltning, innsyn og medverknad.

Departementet foreslår vidare ei føresegn om tvangsmulkt etter same lest som i jordlova § 20. Ei slik føresegn har blitt etterlyst av skogbruksstyresmaktene lokalt og regionalt. Forslaget er teke inn i lovutkastet § 23.

§ 50 i gjeldande skogbrukslov regulerer omdisponering av skogmark til andre formål enn skogproduksjon. I høyringsnotatet foreslo departementet at den nye lova ikkje skal innehalde føresegner om omdisponering av skogsmark. Nokre av høyringsinstansane meiner at forslaget er godt, og at det fører til klarare og enklare reglar om omdisponering. Andre meiner det vil vere uheldig at reglane blir tekne bort i ny skogbrukslov, fordi reglane gjer synleg at arealdisponering er ein viktig del av skogforvaltninga.

Det er eit mål i arbeidet med ny skogbrukslov å forenkle reglane der dette er mogleg, og der ikkje viktige nasjonale omsyn blir skadelidande. Departementet meiner at ein kan oppnå forenkling ved at både søknadsplikt og meldeplikt ved omdisponering etter gjeldande skogbrukslov blir oppheva. Denne forenklinga representerer etter departementet si vurdering liten fare for skogbruksressursane, fordi behova for å kontrollere omdisponering av skogmark i all hovudsak er dekt gjennom anna lovgjeving. Departementet foreslår etter dette at reglane i gjeldande lov §§ 50-51 ikkje blir ført vidare i den nye lova, og heller ikkje blir flytta til anna lovverk.

Lov om husbruksskog av 9. juni 1939 nr. 17 hadde til formål å gi eigarar av jordbruk moglegheit for å sikre seg nødvendig trevirke til eige behov, jf. § 1.

I samband med fastsetjinga av gjeldande skogbrukslov i 1965 blei det bestemt at det ikkje skulle kunne opprettast nye husbruksskogar etter 1. januar 1966, jf. § 19 i husbruksskoglova. Det er no berre ein husbruksskog igjen i Noreg.

Departementet foreslår at lova blir oppheva. Til trygd for at den eksisterande husbruksskogen har eit regelverk å byggje drifta si på vert det foreslått at ein i overgangsføresegna i ny skogbrukslov fastset at lov om husbruksskog skal gjelde for Nystaul og Finsbu husbruksskog fram til denne skogen har fått ei ny eigarform.

Departementet meiner at lova bør setjast i kraft frå den tid Kongen avgjer.

Den nye skogbrukslova erstattar lov 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern. I § 17 har departementet også teke inn ein forskriftsheimel for å krevje ei slik avgift som er omhandla i lov 9. november 1956 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak for skogbruket. Forslaget til forskriftsheimel erstattar såleis denne lova. Departementet har elles foreslått at lov 9. juni 1939 om husbruksskog blir oppheva. Denne lova vil såleis bli oppheva ved iverksetjinga. Det er såleis tre lover som heilt ut blir oppheva dersom lovutkastet til ny skogbrukslov blir vedteke.

Det er fastsett ei rekkje forskrifter og fatta vedtak etter dei tre lovene som blir oppheva. Eit døme på slike vedtak er vedtak om vernskog. Departementet foreslår at forskriftene og vedtaka skal gjelde fram til eventuelt nye forskrifter og vedtak blir fastsett i medhald av den nye lova. For meldeplikt (lovutkastet § 11) og vernskog (lovutkastet § 12) er mynde etter den nye lova lagt til kommunen og fylkeslandbruksstyret. I slike tilfelle bør vedtaket kunne endrast av vedtaksorganet som er fastsett i den nye lova.

Når proposisjonen blir fremma, finst det ein husbruksskog igjen. Departementet meiner at reglane i lov om husbruksskog bør gjelde for denne skogen fram til eigarane har funne ei løysing på endringar i eigarform.

Etter departementet si vurdering kan det oppstå spørsmål om overgangsordningar når gamle forskrifter eller vedtak blir fastsett på nytt etter den nye lova. Dette er likevel spørsmål som kan løysast gjennom regulering i dei nye forskriftene utan at det er særskilt fastsett i den nye lova. Ein ser etter dette ikkje behov for ein slik generell heimel for å fastsetje overgangsordningar og forskrifter som blei foreslått i høyringsnotatet.

Forslaget til ny skogbrukslov fører til at det blir nødvendig å gjere endringar i dei lovene som enten nyttar omgrep som ikkje blir ført vidare i den nye lova, eller som viser til gjeldande lov eller til enkelte føresegner i gjeldande lov. Endringane har ikkje konsekvensar for realiteten.

I kapittel 6.3.1.3 foreslår departementet at omgrepet skogoppsyn blir endra til skogbruksstyresmakt. Dette omgrepet er brukt i følgjande lover, og blir endra med forslaget til ny lov:

  • lov 28. juni 1974 nr. 58 om odels- og åsetesretten § 63,

  • lov 21. desember 1979 om jordskifte o.a. § 93,

  • lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-6 andre ledd andre punktum.

I kapittel 6.7.1 foreslår departementet at omgrepet skogavgift blir endra til skogfond. Dette omgrepet er brukt i følgjande lover, og blir endra med forslaget til ny lov:

  • lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-6 andre ledd andre punktum,

  • lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-8 første ledd,

  • lov 26. mars 1999 om skatt av formue og inntekt § 8-1 (2) a og b,

  • lov 20. desember 2002 om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt VI til § 8-2 andre ledd bokstav a.

Det er vist til tittelen på gjeldande skogbrukslov i servituttlova § 14, i statsallmenningslova § 2-8 første ledd, og i vannressursloven § 12 fjerde ledd og § 20e. Også desse tilvisingane må endrast. I vannressursloven § 20e må også tilvisinga til § 17a endrast til § 7.

I nokre få høve er det vist til enkelte føresegner i gjeldande lov. Dette gjeld servituttlova § 14 første ledd som viser til gjeldande lov §§ 2, 17 og 50. Rett tilvising etter forslaget til ny lov blir §§ 2 og 6. I bygdeallmenningslova § 5-3 er det vist til gjeldande lov kapittel VIII om skogavgift. Rett tilvising etter forslaget til ny lov blir kapittel 4, skogfond. I statsallmenningslova § 2-8 første ledd er det vist til gjeldande skogbrukslov § 41 siste ledd. Etter forslaget til ny lov blir tilvisinga på same vis kapittel 4, skogfond.

I St.meld. nr. 19 (2001-2002) blei det lagt til grunn at kommunane i større grad skulle ha myndigheit til å avgjere ei rekkje saker innan landbrukslovgjevinga. Som ledd i gjennomføringa av dette blei det 8. desember 2003 fastsett nye reglar om overføring av myndigheit til kommunen, fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen, Statens landbruksforvaltning og Bergvesenet. I dei nye reglane blei det mellom anna fastsett at kommunen frå 1. januar 2004 skulle ha myndigheit i alle saker som gjeld konsesjon etter den nye konsesjonslova, og i saker om deling og omdisponering etter jordlova.

Det viser seg at ordlyden i odelslova i nokre få høve stemmer dårleg med dei nye reglane om at kommunen skal avgjere dei aktuelle sakene og at fylkeslandbruksstyret er klageinstans. Dette gjeld der det i odelslova er fastsett at fylkeslandbruksstyret skal ha godkjent kjøp av tilleggsjord, sjå §§ 16 siste ledd siste punktum og 31 andre ledd og at fylkeslandbruksstyret skal gi samtykke til frådeling, sjå §§ 24 første punktum og 54 første ledd.

Dei aktuelle reglane i odelslova må etter departementet si meining tolkast slik at der lova viser til at fylkeslandbruksstyret skal ta avgjerd, vil det vere nok at kommunen har avgjort saka. Departementet meiner likevel at det er lite ønskjeleg med ein ordlyd i odelslova som er eigna til å forvirre. Departementet foreslår derfor at reglane blir endra slik at lovteksta viser til landbruksmyndigheitene, ikkje til fylkeslandbruksstyret, jf. jordlova § 3. Forslaget fører ikkje til noko realitetsendring.

Forslaget til ny lov om skogbruk tek i første rekke sikte på å klargjere skogeigaren sitt forvaltaransvar. Lova skal vidare gjere skogbruksstyresmakta betre i stand til å følgje opp om tiltak i skogen blir planlagde eller gjennomførte på ein slik måte at skogressursane eller miljøverdiane kan bli skadelidande. Forslaget til ny lov vil også føre til ei vesentleg forenkling av saksbehandlinga for enkelte sakstypar, og kommunane får større mynde som skogbruksstyresmakt i første instans.

Den nye lova skapar ikkje behov for endringar i organiseringa av skogbruksstyresmakta i kommunane, på fylkesnivå eller sentralt.

I forslaget til ny lov er det ikkje lagt nye oppgåver til skogbruksstyresmakta. Gjennom dei heimlane kommunane får i den nye lova til sjølv å velje korleis dei vil utøve kontroll med skogbruket i kommunen, kan dei likevel få nokre fleire oppgåver.

Departementet meiner at forslaget til ny skogbrukslov ikkje fører til auka kostnader for skogbruksstyresmakta. For skogeigar vil det heller ikkje bli nye kostnader.

Om den nye lova blir vedteke slik departementet foreslår, vil det etter noko tid bli fastsett nye forskrifter til erstatning for dei som er heimla i gjeldande lov. Departementet tek sikte på at dei nye forskriftene også skal føre til forenklingar som kan gi både administrative og økonomiske innsparingar.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Pål Berrefjord, Grethe Fossli og Aud Gaundal, fra Høyre, Silja Ekeland Bjørkly, Ivar Kristiansen og Michael Momyr, fra Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm og Lodve Solholm, fra Sosialistisk Venstreparti, Åsa Elvik og Inge Ryan, fra Kristelig Folkeparti, May-Helen Molvær Grimstad og Einar Steensnæs, og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, viser til at det i Ot.prp. nr. 28 (2004-2005) Skogbrukslova blir foreslått at eksisterende lov av 21. mai 1965 om skogbruk og skogvern ikke lenger skal gjelde, og at den nye lova erstatter denne. Proposisjonen foreslår også å oppheve lov av 9. juni 1939 om husbrukskog, og lov av 9. november 1956 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak i skogbruket. Komiteen understreker at dette er en oppfølging av St.meld. nr. 17 (1998-1999), jf. Innst. S. nr. 208 (1998-1999).

Komiteen viser til nødvendigheten av å endre loven både i forhold til innhold og språk. Loven blir også klarere i forhold til saksbehandling og forvaltning.

Komiteen viser til lovens omfattende innhold, som er godt og oversiktlig beskrevet.

Komiteen understreker at skognæringa fortsatt skal være en næring med frihet under ansvar.

Komiteen viser til skogens betydning for næringsutvikling og rekreasjon.

Komiteen viser til beskrivelsen i proposisjonen når det gjelder fornying av skog. Det er bekymringsfullt at skogplantesalget har gått så mye tilbake de siste åra, og at omfanget av tilplanta areal i 2002 var på nivå med tilplantinga midt på 1950-tallet.

Komiteen viser til at departementet nå foreslår en frist på 3 år for at skogeieren skal legge til rette for nødvendige tiltak for fornying.

Komiteen viser også til at det er en årlig tilvekst på 24 millioner kubikk skog, mens det nå tas ut bare 7 til 8 millioner kubikk.

Komiteen viser til at dette er bekymringsfullt. Det trengs en langsiktig strategi i denne næringa, samtidig som en har en dagsaktuell utfordring i å skaffe råstoff fra skog til både treindustrien og annen industri. Komiteen mener det må være et mål å øke uttaket for å sikre næringsvirksomheter råstoff, slik at vi kan nå opp mot 10 millioner kubikk, som var et normalt uttak for noen år tilbake.

Komiteen viser til at dette er avhengig av at skogeierne ser det lønnsom å drive skogen, både som leverandør av råstoff og som miljøforvalter.

Komiteen viser til behandlingen av stortingsmelding om Rikets Miljøtilstand hvor også skog fikk en bred behandling sett fra et miljøperspektiv.

Komiteen vil påpeke at næringa er helt avhengig av fremtidig rekruttering av skogeiere som vil skape verdier i et bredt spekter fra skogen. Komiteen har merket seg at kvinner nå i langt sterkere grad er engasjert i denne debatten. Organisasjonen "Jenter i skogbruket" har i høringene påpekt at det skal legges til rette for arbeid og inntekt for både kvinner og menn. Komiteen slutter seg til denne intensjonen.

Komiteen har merka seg at departementet si vurdering er at den nye loven vil gi en helhetlig tilnærming til de skogpolitiske utfordringene, klarere rammer for skogeieren sitt forvaltningsansvar og være et bedre verktøy for skogbruksmyndighetene. Likeså at de administrative kostnadene knyttet til næringsformål og verdiskapning i næringa ikke skal økes med den nye loven.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, mener formålsparagrafen i sterkere grad må gjenspeile den næringspolitiske verdiskapningen som skogen representerer.

Komiteen foreslår at det blir gitt en tilføyelse til § 1 og at formålsparagrafen blir:

"I lov om skogbruk skal § 1 lyde:

Denne lova har til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, viser til at alle som gjennomfører skogsdrifter og tømmeromsetning er miljøsertifisert etter ISO 14001-standarden. Dette for å få markedsadgang. Levende Skog-standarder for bærekraftig skogbehandling er lagt til grunn. Flertallet viser til at alt tømmer som skal omsettes via offentlige kanaler må ha utarbeidet en miljørapport før hver eneste skogsdrift. Den beskriver miljøkvaliteter i driftsområdet og hvordan de skal ivaretas. Miljørapporten fullføres etter skogsdriften, med beskrivelse av hvordan miljøaktivitetene faktisk har blitt ivaretatt. Systemet og rutinene blir kontrollert av et uavhengig sertifiseringsorgan, Det norske Veritas eller Nemko Certifications, minst en gang i året.

Miljøorganisasjonene deltok i avtalen om innholdet i Levende Skog-standardene.

Flertallet viser også til at 70-80 pst. av skogarealet har eiere som har skogbruksplan. I tillegg er det restriksjoner i forhold til skogsbilveier, og det er et mål å verne skogarealer som har stor betydning for ivaretakelse av miljø.

Flertallet mener en miljøforskrift vil gi et dobbeltbyråkrati, med store mengder saksbehandling i kommunene. Dette kan føre til at næringa bremser opp, og mulighetene for å øke hogstkvantum blir vanskeligere.

Flertallet viser til at lovforslaget i § 4 gir hjemmel for en miljøforskrift i skogbruket. Et slikt forslag vil etter flertallets oppfatning gi uheldige signaler i forhold til det arbeid skogbruket selv har lagt ned i sitt miljøarbeid. Flertallet vil minne om at Levende Skog-standarden er implementert og kvalitetssikret gjennom ISO 14001-sertifisering. Videre er Levende Skog-standardene blitt fulgt opp med prosjektet Miljøregistreringer i skog (MIS) som begge må etterleves for å kunne levere sertifisert virke i Norge. Flertallet registrerer at omsetningsleddene for tømmer handler kun miljøsertifisert virke og gir dermed skogbruket den felles miljøprofil som ble etterlyst ved behandlingen av St.meld. nr. 17 (1998-1999) Skogmeldingen.

Flertallet støtter derfor skognæringens ønske om å drive et aktivt miljøarbeid fremfor å innføre en miljøforskrift. Flertallet viser for øvrig til de respektive partiers merknader i Innst. S. nr. 208 (1998-1999) Skogmeldingen.

Flertallet støtter ikke forslaget om at det skal innføres en egen miljøforskrift til loven nå, og mener derfor det ikke nå er behov for en forskriftshjemmel slik Regjeringen har foreslått i nytt tredje ledd. Flertallet foreslår derfor at § 4 tredje ledd utgår.

Medlemene i komiteen frå Høgre, Sosialistisk Venstreparti og Kristeleg Folkeparti viser til at Landbruks- og matdepartementet meiner at skogeigaren sitt miljøansvar, slik det er formulert i § 4 første ledd, også vil gå fram gjennom utfyllande forskrifter til lova. Dette fordi ein meiner det er eit offentleg ansvar å gi næringa klare rammer for miljøomsyna i verksemda. Desse medlemene er samd i dette. Desse medlemene har merka seg at departementet samstundes legg vesentleg vekt på ikkje å legge nye byrder på skogeigarar som aktivt følgjer opp skogbruksnæringa sitt arbeid med miljøomsyn og miljøsertifisering. Ei forskrift må utformast slik at ho sikrar nødvendige minstekrav utan å svekke den motivasjon næringa har for frivillige miljøomsyn, og heller ikkje medfører byråkrati og svekka forutsigbarheit for næringa. Desse medlemene har merka seg at departementet legg til grunn at dei som er tilslutta sertifiseringsordning vil tilfredstille dei krav som vert sett i lova, og som vil følgje av den komande forskrifta. Mange av høyringsinstansane til lova støtta ein heimel for miljøforskrift.

Desse medlemene meiner det er viktig at forskrifta vert sendt på høyring, og at innspel frå næringa vert tillagt vekt.

Desse medlemene fremmer forslaget i proposisjonen til § 4 tredje ledd.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til § 6 Fornying og stell av skog. Her foreslår departementet en frist på tre år for skogeieren for å legge til rette for nødvendige tiltak for å sikre tilfredsstillende fornying.

Flertallet mener at det normalt skal være tre år, men at klimatiske og lokale forhold kan være grunnlag for å utsette fristen med forynging fra tre år. Flertallet foreslår derfor at fristen for forynging kan utsettes til fem år der det ut fra klimatiske og lokale forhold er forsvarlig og fremmer følgende forslag.

"I lov om skogbruk skal § 6 nytt annet ledd lyde:

Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg."

Proposisjonensforslag til annet, tredje og fjerde ledd blir tredje, fjerde og femte ledd.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet og Senterpartiet, registrerer at forslaget til ny lov om skogbruk er en næringslov som bygger på prinsippet om at skogeierne skal ha frihet under ansvar.

Dette flertallet viser til de siste årenes lave aktivitet i skogbruket. Investeringene faller blant annet på grunn av lavere avvirkning, reduserte inntektsmarginer og usikkerhet til fremtidige inntekter samtidig som konkurransen øker. Dette flertallet mener det derfor er viktig i størst mulig grad å unngå ytterligere offentlige reguleringer som kan virke aktivitetshemmende. Dette flertallet vil på denne bakgrunn motsette seg enkelte bestemmelser i lovforslaget som kan svekke mulighetene for rasjonell drift.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at forslaget til skjerping av foryngelsesplikten betyr å bevege seg bort fra prinsippet om frihet under ansvar. Disse medlemmer vil understreke betydningen av at det gis tilstrekkelig fleksibilitet til ulike strategier for forvaltningen av den enkelte eiendom, samtidig som det er sentralt å ha sanksjonsmuligheter overfor de som åpenbart ikke følger opp foryngelsesansvaret. Disse medlemmer mener derfor at regelen om absolutt foryngelsesplikt etter tre år er for streng.

Disse medlemmer fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"I lov om skogbruk skal § 6 første ledd andre punktum lyde:

Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal normalt setjast i gang innan 5 år etter at hogsten er skjedd."

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, har merket seg at kommunenes rett til å avbryte planlagte tiltak ikke er tidsbegrenset i lovforslaget. Flertallet mener det skal settes en tidsbegrensning på kommunenes mulighet til å avbryte tiltak slik at det ikke skapes unødvendig usikre rammebetingelser for skogeieren som kan virke aktivitetshindrende.

Flertallet fremmer på denne bakgrunn følgende forslag:

"I lov om skogbruk skal § 11 tredje ledd lyde:

Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen, eller gjort vedtak med heimel i §§ 6 tredje ledd, 8 andre ledd eller forskrift i medhald av §§ 4 eller 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk i samsvar med dei reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Tillatelsen gjeld for 10 år."

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Ventreparti fremmer proposisjonens forslag til § 11 tredje ledd.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener at eksempler har vist at slutthogst som ikke har vært del av en godkjent plan, i enkelte tilfeller har ført til uønsket hogst. Disse medlemmer foreslår derfor at all slutthogst som ikke er en del av en godkjent plan, skal meldes til og godkjennes av skogbruksmyndighetene. Godkjente planer skal gjøres offentlig kjent.

Disse medlemmer mener at det er viktig med åpen og demokratisk deltakelse i utformingen av skogpolitikken. Befolkningen må derfor gis anledning til innsyn og deltakelse i alle planer og tiltak som kan virke inn på skogens miljøverdier.

I forbindelse med forynging vil disse medlemmer vise til problemer med spredning av ulike typer skog til områder hvor de ikke hører naturlig hjemme. Det skal utvises varsomhet med å plante arter som ikke hører naturlig hjemme i området.

Disse medlemmer fremmer derfor følgende forslag:

"I lov om skogbruk (skogbrukslova) gjøres følgende endringer i forhold til forslaget i proposisjonen:

§ 4 nytt fjerde ledd skal lyde:

All slutthogst som ikkje er ein del av ein godkjent plan, skal meldes til og godkjennast av skogbruksmyndigheitene. Godkjente planer skal gjerast offentleg kjent.

Ny § 12 skal lyde:

Befolkninga skal gis høve til innsyn og deltaking i alle planer og tiltak som kan virke inn på skogens miljøverdier."

§§ 12 til 26 blir §§ 13 til 27.

Forslag fra Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti:

Forslag 1

I lov om skogbruk skal § 4 tredje ledd lyde:

Departementet kan gi nærare forskrifter om omsyn skogeigaren skal ta i høve til miljøet.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 2

I lov om skogbruk skal § 6 første ledd tredje punktum lyde:

Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal normalt setjast i gang innan 5 år etter at hogsten er skjedd.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

I lov om skogbruk (skogbrukslova) skal følgende bestemmelser lyde:

§ 4 fjerde ledd:

All slutthogst som ikkje er ein del av ein godkjent plan, skal meldes til og godkjennast av skogbruksmyndigheitene. Godkjente planer skal gjerast offentleg kjent.

§ 11 tredje ledd:

Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen, eller gjort vedtak med heimel i §§ 6 tredje ledd, 8 andre ledd eller forskrift i medhald av §§ 4 eller 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk i samsvar med dei reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan kommunen avbryte fristen ved å gi melding om dette.

§ 12:

Befolkninga skal gis høve til innsyn og deltaking i alle planer og tiltak som kan virke inn på skogens miljøverdier.

§§ 12 til 26 blir §§ 13 til 27.

Komiteens tilråding § 6 nytt annet ledd fremmes av Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet.

Komiteens tilråding § 11 tredje ledd fremmes av Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Senterpartiet.

Øvrige paragrafer og ledd fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om skogbruk (skogbrukslova)

Kapittel 1 Innleiande føresegner

§ 1 Formålet med lova

Denne lova har til formål å fremme ei berekraftig forvaltning av skogressursane i landet med sikte på aktiv lokal og nasjonal verdiskaping, og å sikre det biologiske mangfaldet, omsyn til landskapet, friluftslivet og kulturverdiane i skogen.

§ 2 Virkefeltet for lova

Denne lova gjeld for all skog og skogmark. Med skogmark forstår ein i denne lova grunn som er skogproduserande, eller som etter ei samla vurdering er best eigna for skogproduksjon, og som ikkje er nytta til andre formål.

Lova gjeld sjølv om eit område er verna etter naturvernlova eller i plan etter plan- og bygningslova er lagt ut til andre formål enn landbruk, så sant ikkje anna følgjer av verne- eller planvedtaket eller av forskrifter knytt til vedtaket.

Lova kan ikkje nyttast i strid med dei rettane reindriftssamane har til trevirke og brensel.

§ 3 Skogbruksstyresmakt

Departementet er øvste skogbruksstyresmakt. Departementet kan overføre mynde til andre forvaltningsorgan. Fylkeslandbruksstyret, fylkesmannen og kommunen har slikt mynde som følgjer av føresegnene i lova, forskrift fastsett av departementet og andre avgjerder om overføring av mynde.

Dersom saka krev samordning over kommunegrenser, eller viktige nasjonale omsyn tilseier det, kan oppgåver som i eller i medhald av lova er lagt til kommunen behandlast av departementet eller anna skogbruksstyresmakt.

Fylkesmannen er skogbruksstyresmakt for skog som kommunen eller fylkeskommunen eig.

§ 4 Skogeigaren sitt forvaltaransvar

Skogeigaren skal sjå til at alle tiltak i skogen blir gjennomførte i samsvar med lov og forskrift. Skogeigaren skal ha oversikt over miljøverdiane i eigen skog og ta omsyn til dei ved gjennomføring av alle tiltak i skogen. Slike omsyn kan føre til at nokre tiltak i skogen ikkje kan gjennomførast. Innafor desse rammene står skogeigaren fritt til å forvalte skogen ut frå eigne mål.

Skogeigaren skal sjå til at dei som gjer arbeid i skogen rettar seg etter lova og forskriftene.

Kapittel 2 Skogbrukstiltak

§ 5 Skogregistrering og skogbruksplan

Skogbruksplanlegginga omfattar skogregistreringar som gir oversikt over skog- og miljøressursane på eigedommen og ein plan for forvaltninga av desse.

Skogregistreringar kan gjennomførast i eit område jamvel om ikkje alle skogeigarane har tinga skogbruksplan. Alle skogeigarar skal ha melding om at registreringa blir gjort. Oversikter over miljøverdiane som kjem fram gjennom skogbruksplanlegginga skal vere offentleg tilgjengelege, jf. lov 9. mai 2003 nr. 31 om rett til miljøinformasjon og deltakelse i offentlige beslutningsprosesser av betydning for miljøet.

Kommunen kan gi skogeigaren pålegg om gjennomføring av skogregistreringar og utarbeiding av ressursoversikt eller skogbruksplan. Departementet kan gi forskrift om skogregistrering og skogbruksplanlegging med mellom anna krav til innhaldet i planen og reglar om korleis data som blir samla inn skal forvaltast.

§ 6 Forynging og stell av skog

Skogeigaren skal sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter at hogsten er skjedd.

Fristen for forynging kan utsettes til 5 år der det ut frå klimatiske og lokale forhold er forsvarleg.

Dersom skogeigaren ikkje rettar seg etter dette, avgjer kommunen om skogeigaren skal påleggjast å setje i verk tiltak for å sikre at arealet blir forynga. Tiltaket må setjast i verk innan ein frist som maksimalt kan vere på 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rekning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen kan krevjast dekt frå middel som er avsett i skogfondet. Kostnadene er tvangsgrunnlag for utlegg.

Dersom kommunen finn det nødvendig for å hindre store negative effektar på miljøverdiane, under dette ureining av viktige vassførekomstar, kan kommunen nekte skogeigarar å plante i skoglause område, å skifte treslag, å grøfte, gjødsle eller bruke plantevernmiddel. Kommunen kan også setje vilkår i slike høve.

Departementet kan fastsetje nærare forskrifter om forynging og stell av skog, under dette krav til tilfredsstillande forynging, skifte av treslag, bruk av utanlandske treslag, grøfting i skog, gjødsling av skog, bruk av plantevernmiddel i skog og frø- og planteforsyninga i skogbruket.

§ 7 Vegbygging i skog

Bygging og ombygging av vegar til skogbruksformål kan berre gjennomførast etter løyve frå kommunen.

Planlegging, bygging og ombygging skal skje på ein måte som tek omsyn til viktige miljøverdiar og som sikrar landbruksfaglege heilskapsløysingar. Det skal leggjast vekt på å oppnå eit rasjonelt vegnett, der det også blir teke omsyn til den nytten vegen kan få for anna næringsverksemd knytt til landbrukseigedommane.

Departementet kan gi nærare forskrifter om planlegging, godkjenning og bygging av skogsvegar og av andre anlegg og tekniske inngrep knytte til skogbruk.

§ 8 Hogst og måling

Ved hogst skal det takast omsyn til skogen sin framtidige produksjon og forynging samstundes som det blir teke omsyn til miljøverdiane. Det skal sørgjast for at bruk av stigar, løyper og andre ferdsels­årer ikkje blir unødig vanskeleggjort for allmenta etter at hogsten er avslutta. Kommunen kan påleggje skogeigar å rette opp køyreskadar eller andre skadar etter tiltak i skogen.

Om ein hogst blir planlagt eller skjer i strid med denne lova, reduserer eigedommen sitt produksjonsgrunnlag vesentleg, eller kan få uheldige verknader for miljøverdiane, kan kommunen nekte hogsten eller setje vilkår for korleis den skal gjennomførast.

Når ikkje anna er fastsett av departementet skal kjøpar og seljar sørgje for at alt skogsvirke som blir hogd til foredling, sal eller eksport blir målt. Departementet kan gi nærare forskrifter om registrering og oppgåveplikt i samband med slik måling.

§ 9 Førebyggjande tiltak

Når det er fare for at større skogområde kan bli skadd av insekt- eller soppangrep skal kommunen setje i verk dei førebyggjande tiltak som er nødvendige. Dette kan mellom anna vere pålegg til skogeigarar. Dette gjeld også for skog og tre i område som er utanfor virkefeltet i § 2. Departementet kan fastsetje nærare forskrifter om slike tiltak, og korleis utgiftene skal dekkjast. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen er tvangsgrunnlag for utlegg.

Der beiting av hjortevilt fører til vesentlege skadar på skog som er under forynging, eller der beitinga er ei vesentleg hindring for å overhalde plikta til å forynge skog etter § 6 i denne lova, skal kommunen som viltorgan vurdere om det er behov for å regulere bestanden av hjortevilt slik at beitetrykket blir redusert.

§ 10 Tiltak etter skade på skog

Når skogen er skadd som følgje av uheldig skogbehandling, råte, brann, vindfelling, skred, sjukdom, sopp-, smågnagar-, hjortevilt- eller insektangrep, eller andre forhold som reduserer skogproduksjonen vesentleg, kan kommunen påleggje skogeigaren å setje i verk dei tiltak som er nødvendige for å rette opp skadane. Kommunen skal setje ein frist for slike tiltak. Fristen skal ikkje vere lengre enn 2 år. Blir ikkje tiltaka utførte innan fristen, skal kommunen sørgje for at tiltaka blir utførte for skogeigaren si rek­ning. Kommunen sine kostnader i denne samanhengen er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 11 Meldeplikt

Når det er nødvendig for å halde kontroll med at lova blir følgt, kan kommunen eller anna skogbruksstyresmakt gjere vedtak om at skogeigarar skal ha plikt til å melde inn planar om hogst og tiltak knytt til forynging og stell av skog. Denne meldeplikta kan gjelde ein eller fleire skogeigarar i heile eller delar av kommunen.

Meldinga skal vere skriftleg og gi opplysningar om dei planane eigaren har for hogst eller tiltak. Meldinga skal sendast til kommunen seinast 3 veker før hogsten eller tiltaket skal setjast i verk.

Har kommunen ikkje gitt svar på meldinga innan 3 veker frå den dagen da meldinga kom fram til kommunen, eller gjort vedtak med heimel i §§ 6 tredje ledd, 8 andre ledd eller forskrift i medhald av §§ 4 eller 7, kan det meldte tiltaket setjast i verk i samsvar med dei reglane som gjeld etter lova. Om kommunen treng meir tid for å ta stilling til tiltaket, kan fristen forlengjast med inntil 14 dagar. Tillatelsen gjeld for 10 år .

Kapittel 3 Vernskog og område av særleg miljøverdi

§ 12 Vernskog

Fylkeslandbruksstyret kan gi forskrift om at skog skal vere vernskog når skogen tener som vern for annan skog eller gir vern mot naturskadar. Det same gjeld område opp mot fjellet eller ut mot havet der skogen er sårbar og kan bli øydelagt ved feil skogbehandling.

Forskrifta skal leggje fast grensene for vernskogen og gi reglar for forvaltninga av skogen. Det kan også fastsetjast reglar om meldeplikt.

Kommunen skal sørgje for at eigarar av vernskog blir gjort kjent med vernskogvedtaket og dei reglane som blir fastsette, og skal kunngjere vedtaket i dei aviser kommunen elles nyttar til kunngjeringar.

§ 13 Skogområde av særleg miljøverdi

Departementet kan ved forskrift leggje strengare restriksjonar på skogbehandlinga i skogområde av særleg miljøverdi knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv eller kulturminne enn det lova elles gir heimel for når skogbehandlinga kan føre til vesentleg skade eller ulempe for desse verdiane.

Kapittel 4 Skogfond m.m.

§ 14 Innbetaling til skogfond

Skogfond er ei tvungen fondsavsetjing som skal gi skogeigaren eit betre grunnlag for å finansiere tiltak med sikte på ei berekraftig forvaltning av skogressursane.

Skogeigaren skal setje av middel til skogfondet ved sal, oreigning eller anna overdraging av hogd eller framdrive virke eller av tre på rot, ved skogeigaren sin bruk av virke for vidare sal eller anna overdraging. Plikta gjeld ikkje skogeigaren sin bruk av virke til eige behov i samband med jord- og skogbruksverksemd på eigedommen.

Fylkesmannen kan frita ein skogeigar frå plikta til å innbetale til skogfond etter første ledd dersom det er urimeleg å krevje slik innbetaling, og skogeigaren kan vise til at det blir utført investeringsarbeid i skogen som minst svarar til den innbetalinga som er pliktig.

Inneståande skogfondsmiddel følgjer eigedommen ved overdraging til ny eigar, og inneståande middel kan ikkje skiljast frå eigedommen ved pantsetjing, tvangsfullføring eller på annan måte.

Departementet kan gi forskrifter om ordninga med skogfond, og fastset kor stor fondsavsetjinga skal vere. Avsetjinga skal ikkje vere lågare enn 2 prosent av bruttoverdien av virket.

Ved manglande innbetaling til skogfondet er krav frå kommunen tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 15 Bruk av skogfondet

Skogfondet skal brukast til langsiktige investeringar til fordel for den skogen som virket kjem frå, eller til fordel for annan skog som skogeigaren har i same kommune. Med godkjenning frå kommunen kan middel på skogfondet også førast over til annan skog som skogeigaren har.

Skogfondet skal i første rekkje brukast til skogkultur, skogbruksplanlegging, skogproduksjon, skogsvegar og tiltak som tek sikte på å sikre viktige miljøverdiar i skogen.

Departementet kan gi nærare forskrifter om bruken av skogfondet, mellom anna reglar om frigjeving av fondsmiddel dersom det ikkje er behov for investeringar i skogen.

§ 16 Renter av skogfondsmiddel

Skogeigaren har ikkje krav på renter av inneståande middel på skogfond.

Rentene av skogfondet skal nyttast til administrasjon av skogfondsordninga, og til å dekkje eventuelle tap i samband med innkrevjing av pliktig innbetaling til skogfondet. Renter som ikkje blir brukt til desse formåla, skal brukast til ulike skogbruksformål etter nærare forskrifter fastsett av departementet.

§ 17 Avgift på skogsvirke for å fremme forsking og utvikling i skogbruket

Departementet kan ved forskrift vedta at det skal svarast ei avgift på skogsvirke til å fremme forsking og utvikling i skogbruket og fastsetje nærare reglar om innbetaling, bruk og forvaltning av denne avgifta, og for kor lang periode ho skal krevjast inn.

Kapittel 5 Avsluttande føresegner

§ 18 Konkurranseavgrensande verksemd

Departementet kan fastsetje i forskrift at skogeigarane og organisasjonane deira skal ha rett til å samarbeide om produksjon og omsetjing av landbruksprodukt.

§ 19 Tilskot

Departementet kan fastsetje forskrifter om fordeling av og vilkår for utbetaling av tilskot til nærings- og miljøtiltak i skog etter slike rammer som Stortinget gir. Forskriftene kan innehalde reglar om å krevje tilskot tilbake dersom vilkåra for tilskot ikkje er oppfylte.

§ 20 Tilsyn, kontroll og rapportering

Kommunen skal føre tilsyn med at føresegnene i lova blir haldne, og kontrollere at vedtak med heimel i lova blir gjennomførte. Departementet kan gi forskrift om kommunane sin rapportering og resultatkontroll.

Ved tilsyn har skogbruksstyresmakta rett til tilkomst til skog og utmark, også ved bruk av motorkjøretøy.

Ved utarbeiding av oversikter over skog- og virkesutviklinga, har skogbruksstyresmakta rett til innsyn i sertifiseringsrapportar og liknande oversikter som blir utarbeidd av skogeigarorganisasjonane eller av organ knytt til desse.

§ 21 Klage

Vedtak kommunen gjer etter denne lova kan påklagast til fylkeslandbruksstyret om ikkje departementet har fastsett at fylkesmannen skal vere klageinstans.

Departementet eller den departementet har gitt mynde er klageinstans for vedtak gjort av fylkeslandbruksstyret eller fylkesmannen i første instans.

§ 22 Straff

Den som forsettleg eller aktlaust bryt eller medverkar til brot på føresegnene i §§ 6, 7, 8, 11, 12, 13, 14 eller 15, forskrifter gitt med heimel i desse paragrafane eller vedtak i medhald av desse føresegnene eller forskriftene, blir straffa med bøter eller fengsel i inntil eitt år.

Den som forsettleg eller aktlaust bryt eller medverkar til brot på forskrifter gitt med heimel i §§ 4 tredje ledd eller 17 eller vedtak i medhald av desse forskriftene, blir straffa på same måte.

Straff etter første og andre ledd kan berre nyttast når brotet er vesentleg.

§ 23 Tvangsmulkt

For å sikre at føresegnene i lova og vedtak fatta med heimel i lova blir gjennomførte, kan kommunen påleggje skogeigaren tvangsmulkt. Tvangsmulkta kan krevjast inn frå den fristen kommunen har sett for retting av forholdet. Tvangsmulkta kan også fastsetjast på førehand. Det kan fastsetjast at tvangsmulkta aukar så lenge det ulovlege forholdet varer ved.

Tvangsmulkta er tvangsgrunnlag for utlegg.

§ 24 Iverksetjing

Lova tek til å gjelde frå den tid Kongen fastset.

Frå same tid held desse lovane opp å gjelde:

a) Lov 9. juni 1939 nr. 17 om husbruksskog.

b) Lov 9. november 1956 nr. 4 om avgift på skogsvirke til fremme av fellestiltak for skogbruket.

c) Lov 21. mai 1965 nr. 21 om skogbruk og skogvern.

§ 25 Overgangsreglar

Forskrifter og vedtak med heimel i dei lovane som er nemnde i § 24 andre ledd skal gjelde fram til departementet gjer nye vedtak eller fastset nye forskrifter med heimel i lova her.

Føresegnene i lov 9. juni 1939 nr. 17 om husbruksskog skal gjelde for Nystaul og Finsbu husbruksskog i Kilen i Telemark fram til eigarane av skogen har vedteke ein annan organisering av drifta av eigedommen.

§ 26 Endringar i andre lover

Frå den tida Kongen fastset blir det gjort slike endringar i anna lovgjeving:

1. I følgjande lover skal omgrepet «skogoppsyn» endrast til «skogbruksstyresmakt»:

  • lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten § 63,

  • lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 93,

  • lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-6 annet ledd annet punktum.

2. I følgjande lover skal omgrepet «skogavgift» endrast til «skogfond»:

  • lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger § 1-6 annet ledd annet punktum,

  • lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-8 annet ledd,

  • lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt § 8-2 (2) annet ledd,

  • lov 20. desember 2002 nr. 99 om endringer i lov 26. mars 1999 nr. 14 om skatt av formue og inntekt VI til § 8-2 annet ledd bokstav a.

3. Tilvisinga til tittelen på gjeldande skogbrukslov endrast til tittelen på den nye lova i følgjande lover:

  • lov 21. desember 1979 nr. 77 om jordskifte o.a. § 93,

  • lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene § 2-8 første ledd,

  • lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann § 12 fjerde ledd.

4. I lov 29. november 1968 um særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) skal § 14 første ledd tredje punktum lyde:

For skoglaus mark gjeld dette likevel berre så langt marka er rekna for skogmark etter skogbrukslova § 2.

5. I lov 19. juni 1992 nr. 59 om bygdeallmenninger skal § 5-3 første ledd annet punktum lyde:

Avgiften skal dekke skogfond etter skogbrukslova kapittel 4, samt allmenningsstyrets utgifter i forbindelse med utvisningen og til nødvendig skogkultur for så vidt det ikke dekkes av skogfondmidler og offentlige tilskudd.

6. I lov 19. juni 1992 nr. 60 om skogsdrift m.v. i statsallmenningene skal § 2-8 første ledd lyde:

Når virkesretten utøves ved utvisning etter § 2-7, skal skogfond etter skogbrukslova kapittel 4 innbetales til Statens skogforvaltning eller til allmenningsstyret innen en frist som fastsettes i forbindelse med at den virkesberettigede underrettes om tildelingen.

7. I lov 24. november 2000 nr. 82 om vassdrag og grunnvann skal § 20 første ledd bokstav e lyde:

e) er godkjent med hjemmel i forskrift etter skogbrukslova § 7 eller jordlova § 11.

8. I lov 28. juni 1974 nr. 58 om odelsretten og åsetesretten skal omgrepet «fylkeslandbruksstyret» endrast til «landbruksmyndigheita», i § 16 fjerde ledd annet punktum, § 24 første punktum, § 31 annet ledd og § 54 første ledd.

Oslo, i næringskomiteen, den 3. mars 2005

Øystein Hedstrøm Aud Gaundal
fung. leder ordfører