4. Gjeldande lov i Noreg og i nokre andre land
Den første lova i Noreg som omhandla korleis ein skal skjøtte og nytte skogressursane blei vedteken i 1863. Lova var eit resultat av ei sterk utnytting av skogen over lengre tid. For ein stor del hadde dette si årsak i at tømmerhandelen blei frigitt i 1836. "Lov om Værnskogens Bevarelse og mot Skogenes Ødeløggelse" blei vedteken i 1893. Denne lova fanga likevel ikkje opp skogkommisjonen sitt forslag om ei plikt til å gjennomføre skogkultur. Derfor sto jamvel lova av 1893 fram som ei vedtektslov som i hovudsak gav lokale myndigheiter høve til å fastsetje vedtekter om avgrensingar i hogsten.
Skogkonsesjonslova frå 1909 fastsette at det måtte søkjast konsesjon for kjøp av skogeigedom over ein viss storleik. Skogkonsesjonslova var, saman med ei rekkje andre konsesjonslover, forløparen til ei meir generell konsesjonslov for kjøp av fast eigedom i 1974, jf. lov 28. november 2003 som gjeld i dag.
Skogvernlova av 1932 blir sett på som den viktigaste hendinga i historia til norsk skogbruk. Lova gjorde ende på ein tradisjon gjennom hundre år med å drive eit haustingsskogbruk. Skogbruksdrifta blei bygd opp om ein planmessig skogproduksjon der plikta til å drive skogkultur er eit sentralt element.
Med utgangspunkt i arbeidet til Skogkommisjonen av 1951 la departementet i 1962 fram forslag til ei ny lov om skogproduksjon og skogvern. Lova blei vedteken i Stortinget i 1965, og er med seinare endringar den lova som gjeld i dag. Formålet med lova var å fremme skogproduksjon, skogreising og skogvern.
Skogtilhøva i Noreg, Sverige og Finland liknar mykje på einannan. Dette kjem også til uttrykk i lovgjevinga. Samstundes er det viktige skilnader i korleis dei skogpolitiske verkemidla er sett saman. Lovgjevinga i Sverige og Finland er derfor omtala særskilt i proposisjonen.