Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Omtale av forslag til endringar i vallova

Etter vallova § 5-2 andre ledd bokstav b er det ein føresetnad for registrering av eit politisk parti i Partiregisteret at partiet melder frå om kva personar som er medlemmer av hovudstyret i partiet med rett til å representere partiet sentralt i saker etter vallova. Det sentrale målet har vore at ikkje berre partinamnet, men også opplysningar om kven som har rett til å disponere over partinamnet, nemleg hovudstyret i partiet, skal stå i Partiregisteret. I Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) er det understreka at dette organet ikkje er pålagt andre oppgåver enn å opptre på vegner av partiet i saker etter vallova. Av omsyn til det å ha ryddige forhold før listeforslaga skal leverast inn 31. mars i valåret, er det fastsett at partia må melde frå om endringar i personsamansetjinga i hovudstyret i partiet innan 2. januar i valåret.

I samband med utarbeidinga av ny vallov var departementet i dialog med Brønnøysundregistera, som ønskte at Partiregisteret skulle knytast opp mot Einingsregisteret for å få til ein eintydig identifikasjon av juridiske personar. Det vart derfor lagt ned som ein føresetnad at partiet - før det vart registrert i Partiregisteret - skulle registrerast i Einingsregisteret og få tildelt eit eige organisasjonsnummer. For at systemet skulle vere enkelt og for å leggje til rette for mest mogleg gjenbruk av opplysningar, var det i vallova § 5-5 andre ledd dessutan ein føresetnad at opplysningar om kven som sit i hovudstyret i eit registrert politisk parti, også skulle registrerast i Einingsregisteret. Det vart lagt til grunn at hovudstyret skulle registrerast som "styret" i eininga i tråd med einingsregisterlova § 6 første ledd bokstav c.

I ettertid har det vist seg at ei slik samkøyring likevel ikkje var formålstenleg. Årsaka er at omgrepet "styre" slik det er tolka i samanslutningsretten og einingsregisterlova, ikkje kan ha det same meiningsinnhaldet som omgrepet "hovedstyre" etter vallova.

For å gjere det tydeleg at hovudstyret etter vallova ikkje er noko anna enn eit organ som skal stå for kontakten mellom styresmaktene og partiet sentralt, foreslår departementet å endre vallova § 5-5 andre ledd slik at tilvisinga til Einingsregisteret blir erstatta med ei tilvising til Partiregisteret.

Departementet meiner også at nemninga "hovedstyre" bør endrast og at "Partiregisterutvalget" vil vere ei presis nemning på organet. Det blir derfor fremma forslag om endringar i tråd med dette i vallova § 5-2 andre ledd bokstavane b og c og § 5-5 andre ledd.

Det er naturlig at partiets utøvende organ representerer partiet sentralt i saker etter valgloven. Navnet på partiets utøvende organ er det opp til partiet selv å bestemme.

Komiteen foreslår på denne bakgrunn at "hovedstyre" i valglovens § 5-2 annet ledd bokstav b og c, og § 5-5 annet ledd, endres til partiets utøvende organ.

Komiteen deler departementets vurdering av at Enhetsregisteret bør erstattes med Partiregisteret og støtter forslaget til endring på dette punkt i § 5-5 annet ledd:

"§ 5-5 annet ledd skal lyde:

(2) Partiene skal innen 2. januar i valgåret sende inn oppdaterte opplysninger eller bekreftelse på de opplysninger som er registrert i Partiregisteret, om hvem som er medlemmer i partiets utøvende organ med virkning for valget. Registreringsmyndigheten skal i god tid innen fristen informere partiene om de opplysninger som er registrert i Partiregisteret."

Vallova gir i § 9-5 femte ledd reglar for korleis røyster frå veljarar som røystestyret meiner lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, skal handterast. Slike veljarar skal på valdagen ikkje leggje røysta i urna, men i ein røystesetelkonvolutt. Valstyret skal vurdere røystegivingane. Verken Grunnlova eller vallova seier noko om kva som skal vere grunnlag for forkasting av slike røyster.

Vallovutvalet gav i NOU 2001: 3 uttrykk for at det ikkje burde gjelde spesialreglar for veljarar som nokså opplagt lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Det vart uttalt at slike reglar er uheldige reint prinsipielt og ut frå eit rettstryggleikssynspunkt. Departementet slutta seg i Ot.prp. nr. 45 (2001-2002) til forslaget frå vallovutvalet. På bakgrunn av den klare innstillinga frå vallovutvalet, høyringsrunden og det faktum at det låg føre eit grunnlovsforslag om å oppheve Grunnlova § 50 tredje ledd, gjorde departementet ikkje nærmare greie for kvifor regelen burde opphevast.

Imidlertid vedtok Stortinget 26. mai 2003 i samband med behandlinga av grunnlovsforslag fremma i Dokument nr. 12:7 (1999-2000) å vidareføre regelen i Grunnlova § 50 tredje ledd om at det kan fastsetjast særskilde reglar for røysterett for personar som lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Dette vart følgt opp ved at slike reglar vart tekne inn i vallova § 9-5 ved eit nytt femte ledd.

Departementet stiller på denne bakgrunn spørsmål ved om alle relevante forhold var godt nok klarlagde før Stortinget gjorde vedtak om å føre vidare regelen om særskild behandling av røyster frå veljarar som nokså opplagt lir av sjelelig svekking eller nedsett medvit.

Sjølv om det ikkje kjem til uttrykk i lova, må grunngivinga for å ha reglar av denne typen vere at ein ønskjer å hindre at personar som ikkje har ei normal forståing av kva valet går ut på, får høve til å gi ei gyldig røyst. Men det er svært vanskeleg å lage reg­lar som i praksis gjer det mogleg å identifisere desse veljarane.

Sjølv om dei norske reglane formelt ikkje tek røysteretten frå veljarar som lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit, er det dette som reelt skjer.

På bakgrunn av dette meiner departementet at dei beste grunnane taler for å oppheve reglane om særskild behandling av røyster frå veljarar som ein rek­nar med lir av alvorleg sjeleleg svekking eller nedsett medvit. Ein føreslår derfor at vallova § 9-5 femte ledd blir oppheva.

Komiteen er enig med departementet i at valglovens bestemmelser i § 9-5 femte ledd om behandling av stemmer fra velgere som en antar lider av alvolige sjelelig svekkelse eller nedsatt bevissthet, oppheves.

Vallova § 9-5 sjette ledd fastset at

"Velger som har behov for det, kan selv be stemmestyret om å få nødvendig hjelp ved stemmegivningen. Velgeren peker selv ut en hjelper blant de personer som er tilstede i valglokalet. Stemmestyret skal gjøre hjelperen oppmerksom på at vedkommende har taushetsplikt."

Sjølv om det er slått fast i lova at veljarar som har behov for hjelp, sjølv skal peike ut hjelparen, har det i ein del tilfelle vist seg vanskeleg for røystestyret (eller mottakaren av førehandsrøyster) å vurdere om veljaren faktisk ønskjer assistanse av ein hjelpar. Særleg gjeld dette dersom veljaren har språkproblem. Det kan vere situasjonar der ein meir språkkunnig familiemedlem insisterer på å vere med veljaren inn i avlukket, utan at det er mogleg for røystestyret å kontrollere om det verkeleg er det veljaren ønskjer. Slike situasjonar vil opne for at hjelparen kan utsetje veljaren for utilbørleg påverknad, slik at det ikkje blir valet til veljaren som kjem til uttrykk gjennom røystesetelen, men det hjelparen røystar på.

Utgangspunktet når ein skal røyste, er at røystegivinga skal skje i einerom og utan at andre ser kva ein røystar. Vallovgivinga inneheld derfor krav om at røystegivinga skal leggjast slik til rette at også veljarar med ulike typar funksjonshemmingar (til dømes blinde) skal kunne røyste på eiga hand. Det er likevel ikkje alle veljarar som greier å utnytte desse ordningane. For veljarar som må ha hjelp til å røyste, må det lagast ordningar som gjer at også denne gruppa av veljarar får høve til å delta i valet.

Slik departementet ser det, bør det alltid vere ein hjelpar frå dei valansvarlege til stades ved assistert røystegiving. Dette er den einaste måten ein kan sikre at veljarane ikkje blir utsette for utilbørleg påverknad frå den utpeikte hjelparen.

Departementet føreslår endringar i reglane for assistert røystegiving (jamfør §§ 8-4 første ledd og 9-5 nytt femte ledd), slik at det alltid skal vere ein representant frå dei som står for valet (røystemottakar, valfunksjonær eller røystestyremedlem), som gir assistanse til ein veljar med behov for hjelp. Veljarar med alvorleg psykisk eller fysisk funksjonshemming kan likevel peike ut ein ekstrahjelpar etter eige ønske.

Komiteen vil understreke viktigheten av at valghandlinger skjer i enerom og uten mulighet for utenforstående til å påvirke selve valghandlingen. Komiteen deler derfor departementets vurdering av at velgere som trenger bistand til å stemme på grunn av psykisk eller fysisk funksjonshemming eller språkproblemer, som hovedregel skal få hjelp av stemmemottaker i forbindelse med forhåndsstemmegiving eller medlemmer av stemmestyret under det ordinære valget.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Sosialistisk Venstreparti og Kristelig Folkeparti, deler oppfatningen av at det i områder med store innslag av ikke-norskspråklige velgere, vil være formålstjenlig å benytte valgmedarbeidere med samme språklige bakgrunn som velgerne i kretsen.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener at det er tilstrekkelig at valgmedarbeiderne snakker norsk, da det er norsk som er det offisielle språket i Norge. Det må forutsettes at velgere som er bosatt i Norge, som har stemmerett og som velger å delta i landets demokratiske handlinger, behersker landets offisielle språk. Disse medlemmer er derfor av den oppfatning at valgmedarbeidere kun skal benytte norsk som språk i valglokalene.

Komiteen støtter de foreliggende forslag til ny § 8-4 første ledd og § 9-5 femte ledd.

Vallova § 9-7 inneheld reglar om avslutning av røystegivinga på valtinget. Paragrafen lyder slik:

"Stemmelokalet stenges på det tidspunkt som er fastsatt. De velgere som da er til stede i valglokalet skal få avgi stemme."

Departementet meiner at alle som kjem til eit vallokale innanfor den fastsette opningstida, bør få høve til å røyste sjølv om dei skulle stå i kø utanfor røystelokalet når det skal stengjast. Det bør vere eit vilkår at ein har møtt fram til lokalet innanfor opningstida. Ein føreslår derfor at lova § 9-7 andre punktum blir formulert annleis i tråd med dette.

Departementet meiner at det ikkje er nødvendig å fastsetje i lova eller i valforskrifta korleis røystestyra skal gå fram for å sikre seg at ingen som kjem etter den fastsette tida for stenging av vallokalet, får røyste. Dette bør røystestyra kunne ordne utan at dei har ein formell regel å halde seg til.

Komiteen har merket seg at forslaget innebærer en kodifisering av gjeldende rett. Velgere som er kommet til valglokalet før stengetid skal få stemme, også de som står i kø utenfor.

Komiteen ser behovet for en slik presisering og støtter forslaget.

Ved kommunestyreval kan veljarane gi personrøyster til kandidatar som er oppførte på andre vallister, jamfør § 7-2 tredje ledd. Regelen kom inn i lova i samband med stortingsbehandlinga av lovforslaget til ny vallov. I medhald av § 10-6 tredje ledd skal valstyret ved den endelege oppteljinga av røystesetlar og utrekninga av listerøystetal registrere rettingane veljarane har gjort. Listerøystetalet blir brukt ved utrekning av mandatfordelinga i kommunestyret. Men det er ikkje presisert i lova at ein ved denne utrekninga må sjå bort frå kandidatar som ikkje er valbare, slik det i § 11-12 andre ledd er presisert når det gjeld kandidatkåringa ved kommunestyreval.

Departementet har på bakgrunn av høyringsrunden komme til at det vil vere betre å regulere dette spørsmålet i vallova § 7-2 tredje ledd. Departementet føreslår at § 7-2 tredje ledd siste punkt får denne ordlyden:

"Når velgeren gir personstemme til valgbare kandidater på andre lister, overføres et tilsvarende antall listestemmer til den eller de listene disse kandidatene står oppført på."

Denne omformuleringa inneber likevel inga endring av realitetane i høve til forslaget i høyringsnotatet.

Komiteen viser til at den foreslåtte endring innebærer en presisering av at personstemmer til ikkevalgbare kandidater på andre lister ikke vil bli talt med ved kandidatkåringen. Komiteen støtter forslaget.

Vallova § 11-3 regulerer framgangsmåten når stortingsmandata skal fordelast på valdistrikta. Alle mandat skal fordelast av departementet kvart åttande år. Mandata blir fordelte ved at ein finn fordelingstalet for kvart valdistrikt. Dette er kor mange innbyggjarar det var i valdistriktet ved nest siste årsskifte før det aktuelle stortingsvalet, pluss kor mange kvadratkilometer det er i valdistriktet multiplisert med 1,8.

Fordelingstalet for kvart valdistrikt blir dividert med 1 - 3 - 5 - 7 osv. Dei kvotientane ein da får, blir nummererte fortløpande, og representantplassane blir fordelte på valdistrikta på grunnlag av kvotientane. Representantplass nr. 1 går til det valdistriktet som har den største kvotienten. Representantplass nr. 2 går til det valdistriktet som har den nest største kvotienten, osv. Dersom to eller fleire valdistrikt har same kvotient, går representantplassen til det valdistriktet som har det høgaste fordelingstalet.

Departementet gjekk i høyringsnotatet ut frå at det var ei forgløyming at ikkje vallova har ein regel om korleis ein skal gjere det dersom to eller fleire valdistrikt har både same kvotient og same fordelingstal.

Departementet føreslår at lova § 11-3 blir endra slik at det går fram korleis ein skal løyse den situasjonen der to eller fleire valdistrikt både har same kvotient og same fordelingstal. Det skal i så fall avgjerast ved loddtrekking kva for eit valdistrikt representantplassen skal gå til.

Dessutan går departementet inn for ei språkleg justering av lova § 11-3 tredje ledd, slik det går fram av høyringsnotatet.

Komiteen støtter forslaget om å lovregulere fremgangsmåten ved fordeling av stortingsmandater på valgdistriktene dersom to eller flere valgdistrikt skulle få samme kvotient og samme fordelingstall og anser den foreslåtte løsning som tilfredsstillende.

Vallova § 11-6 andre ledd fastset at riksvalstyret skal fordele utjamningsmandata mellom partia i medhald av Grunnlova § 59. I andre ledd i paragrafen er det fastsett at dei skal fordelast på grunnlag av St. Laguës modifiserte metode:

Det samla røystetalet partia har fått på landsbasis, skal dividerast med 1,4 - 3 - 5 - 7 osv., og alle stortingsmandata blir fordelte på partia i høve til kor store kvotientane er. Det mandattalet som kjem fram for kvart enkelt parti, er summen av dei distriktsmandata og utjamningsmandata partiet skal ha.

Departementet føreslår at det blir fastsett i lova at dersom to eller fleire parti har same kvotient ved fordelinga av utjamningsmandata, går mandatet til det partiet som har størst røystetal. Dersom dei også har same røystetal, blir fordelinga avgjord ved loddtrekking.

Ein føreslår å ta reglane inn i lova § 11-6 andre ledd som nytt andre og tredje punktum.

Komiteen deler departementets vurdering av behovet for regler for fordeling av utjamningsmandater dersom to eller flere partier har samme kvotient ved mandatfordelingen.

Det følgjer av vallova § 13-2 første ledd at ved kommunestyre- og fylkestingsval kan alle som har røysterett, klage over "forhold i forbindelse med forberedelsen og gjennomføringen" i den kommunen eller det fylket vedkommande er manntalsført. Departementet er klageinstans, jamfør fjerde ledd. Det går ikkje fram av regelen kva som skal til for at departementet skal erklære valet for ugyldig. Etter vallova § 13-4 andre og tredje ledd skal fylkestinget eller kommunestyret i samband med kontrollen av valet erklære valet for ugyldig dersom det er gjort feil som ein meiner kan ha hatt innverknad på fordelinga av mandata mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette opp. Ein må gå ut frå at eit tilsvarande vilkår gjeld i høve til den kompetansen departementet har til å erklære valet for ugyldig i samband med klagebehandlinga.

Departementet føreslår derfor at § 13 2 (4) blir endra slik at regelen får ei ny setning om at valet skal kjennast ugyldig dersom det er gjort feil som ein meiner kan ha hatt innverknad på fordelinga av mandata mellom listene, og som det ikkje er mogleg å rette. Ei slik formulering svarer til andre og tredje ledd i vallova § 13-4 som regulerer kva som krevst for at eit fylkesting eller eit kommunestyre skal erklære eit val for ugyldig.

Komiteen er enig med departementet i at det er behov for å lovregulere vilkårene for når valg til fylkesting eller kommunestyre skal erklæres ugyldig, og støtter forslaget til ny § 13-2 fjerde ledd.

Stortinget gjorde 23. november 2004 vedtak i samsvar med tilrådinga frå kontroll- og konstitusjonskomiteen i Innst. S. nr. 33 (2004-2005):

"Stortinget ber Regjeringen fremme forslag til endringer i valgloven, blant annet basert på at Riksvalgstyret er klageorgan samt foreta en vurdering av eventuelle økte ressursbehov."

Det går fram av vallova § 4-4 at Kongen i det året det blir halde stortingsval, skal setje ned eit riksvalstyre. Oppgåva til riksvalstyret er å fordele utjamningsmandat, jamfør første ledd. Det går fram av andre ledd at Riksvalstyret skal ha minst fem medlemmer med varamedlemmer. Ved tidlegare val har Riksvalstyret vore samansett av éin representant for kvart av partia som er representerte på Stortinget.

Komiteen seier ikkje noko om korleis ein tenkjer seg at sekretariatsfunksjonen for Riksvalstyret bør organiserast. Departementet vil derfor føreslå at departementet - på same måten som departementet førebur saker om fordeling av utjamningsmandat for Riksvalstyret - også førebur klagesakene for Riksvalstyret. Ei slik ordning vil vere ei vidareføring av systemet vi har i dag med at departementet førebur klagesakene for Stortinget.

Fordelen med at departementet legg til rette klagebehandlinga, er at departementet er operativt heile valåret og sit inne med den nødvendige valekspertisen på lovsida. Departementet kan dermed sørgje for ei rask og sikker saksbehandling, også i sommarferiemånadene, slik at ei klage blir avgjord så raskt som råd, og slik at avgjerda til Riksvalstyret kan leggjast til grunn av dei lokale valansvarlege. Omsynet til rask saksbehandling i desse klagesakene er svært viktig for å førebyggje tvil om at stortingsvalet er gyldig.

Vallova § 13-1 gjeld klage ved stortingsval. Fjerde ledd i paragrafen må endrast slik at det går fram at Stortinget berre skal vere klageinstans for klager som gjeld røysterett og retten til å røyste. Når det gjeld dei andre klagene, skal Riksvalstyret vere klageinstans. Riksvalstyret skal sende vedtaka sine i klagesakene til Stortinget.

Slik departementet ser det, vil ikkje det auka ressursbehovet i Riksvalstyret og departementet vere så stort at dette ikkje kan dekkjast innanfor den gjeldande budsjettramma for kapittel 502 Valutgifter, post 1.

Komiteen viser til Stortingets vedtak i Innst. S. nr. 33 (2004-2005) hvor Regjeringen ble bedt om å fremme forslag i valgloven, blant annet basert på at Riksvalgstyret skulle være klageorgan. Komiteen konstaterer at vedtaket er fulgt opp ved utformingen av ny § 13-1 fjerde ledd og støtter forslaget til formulering.

Det følgjer av vallova § 7-2 første ledd at veljarane ved stortingsval kan stryke kandidatnamn. Dette gjer ein ved å setje ein strek over namnet. Lova opnar ikkje for å stryke kandidatar på andre måtar.

Ein del kommunar og fylkeskommunar bruker optiske lesarar ved oppteljinga. Departementet er gjort merksam på at lovregelen slik han er forma, kan gjere slik oppteljing av røystesetlane vanskeleg. Det er fordi ikkje alle typar optiske lesarar greier å registrere overstryking av namn. Men dei klarer å registrere strykingar som er gjorde med eit merke i ein eigen rubrikk for strykingar ved sida av namnet.

På bakgrunn av dette fremmar departementet forslag til endring i § 7-2 første ledd som inneber at stryking av kandidatnamn skal skje ved at veljaren set eit merke utanfor namna på kandidatane. Lovteknisk skjer dette ved at ein tek inn i lova ein regel om at veljaren kan stryke kandidatnamn ved å gå fram slik det er forklart på røystesetelen, jamfør tilsvarande i vallova frå 1985 § 44 nr. 4. Departementet vil i forskrift fastsetje nærmare krav til utforming av ei rettleiing som skal trykkjast på røystesetlane, for å få gjennomført ei slik ordning på ein formålstenleg måte.

Komiteen konstaterer at forslaget innebærer at man bare skal kunne stryke kandidater på listene ved å følge prosedyren som angis på stemmeseddelen. Komiteen har merket seg at prosedyren vil bli regulert i forskrift og slutter seg til forslaget.