1. Samandrag
- 1.1 Innleiing med samandrag
- 1.2 Generelle problemstillingar
- 1.3 Formål og verkeområde
- 1.4 Reglar om namnevern og namnsetjing
- 1.5 Reglar om skrivemåten
- 1.6 Saksbehandlingsreglar for fastsetjing av skrivemåte
- 1.7 Gjenopptaking
- 1.8 Reglar om bruk av stadnamn
- 1.9 Reglar om klage
- 1.10 Andre problemstillingar
- 1.11 Forholdet til internasjonale konvensjonar
Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til lov om endringar i lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn. Formålet med stadnamnloven er å ta vare på stadnamn som kulturminne, gi dei ei praktisk og tenleg skriftform og medverke til kjennskap til og aktiv bruk av namna. Gjeldande lov har vist seg å vere både uklar og lite formålstenleg på fleire punkt, tidkrevjande å praktisere, og det har mangla ein del viktige føresegner. Formålet med lovendringane er såleis både å forenkle saksbehandlinga og å gi klarare og meir høvelege og funksjonelle føresegner.
Det er foreslått endringar på desse områda:
ny formålsparagraf
fleire definisjonar av sentrale omgrep i loven
nye reglar om namnsetjing
ny regel om gjenopptaking av saker
reglane for fastsetjing av skrivemåte
reglane om fleirspråklege namn
reglane om bruk av stadnamn
klagereglane
gebyr for informasjon frå Sentralt stadnamnregister (SSR)
I kap. 2 i proposisjonen om generelle problemstillingar blir spørsmålet om kva for rolle det offentlege skal ha i arbeidet med stadnamn, drøfta. Den enkeltføresegna som har ført til flest klagesaker, spørsmålet om bruk av bunden eller ubunden form, blir foreslått mjuka opp og endra i retning av tidlegare føresegner. Innsamling av stadnamn og normering av kvenske namn blir også teke opp. I kap. 3 blir det foreslått at ein formålsparagraf skal takast inn, og kap. 4 inneheld definisjonar av viktige omgrep i loven. Forslag til ein ny paragraf om namnevern og namnsetjing er omtala i kap. 5. Kap. 6 og 7 omhandlar reglar om saksbehandlinga. Kap. 6 konkluderer med at det skal takast utgangspunkt i den lokale talemålsforma når skriftforma skal fastsetjast, og at primærfunksjonen for namnet skal vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane. I kap. 7 er det foreslått reglar for korleis skrivemåten skal fastsetjast, og det er særleg her at forenklingane i saksbehandlinga kjem inn. Kap. 9 tek for seg særskilde reglar for gards- og bruksnamn. Kap. 10 tek opp bruken av stadnamn, og det er fastsett at offentlege organ skal nytte vedtekne skriftformer av eige tiltak, og at samiske og kvenske stadnamn som blir nytta av folk på staden, skal brukast av det offentlege. Folk som bur fast på staden, omfattar også dei som har næringsmessig tilknyting til staden over lengre tid. Klagereglane er omtala i kap. 11, og det er der fastsett kven som er adressat for ulike klager. Kap. 12 tek for seg ymse andre problemstillingar, som stadnamnkonsulentane, gebyr for informasjon frå stadnamnregisteret, unntak frå loven og forskrifter. Forholdet til internasjonale konvensjonar og avtalar er omtala i kap. 13 og økonomiske og administrative konsekvensar i kap. 14. Merknader til dei enkelte paragrafane er tekne inn i kap. 15.
Stadnamn kom gjennom den tidlege innsamlinga og tolkinga av namna til å spele ei rolle i nasjonsbygginga fordi dei var ein del av den norske kulturskatten.
Det kan likevel spørjast om det er ei oppgåve for det offentlege å gi reglar om korleis namn på privat eigedom skal skrivast, og å gjere vedtak om skrivemåten.
Departementet vil understreke kor viktig det er å ta vare på den delen av kulturarven som stadnamna utgjer, ikkje berre som grunnlagsmateriale for kultur- og busetjingshistorisk gransking, men også ved å gi stadnamn ein formålstenleg skrivemåte på kart, skilt, i register og i andre offentlege samanhengar.
Gjennom åra har det vore mykje diskusjon om skrivemåten av stadnamn i offentleg bruk. Synspunkta har variert frå ønsket om ein mest mogleg dialektnær skrivemåte til argumentasjon for skrivemåtar som ligg nær opp til skriftspråket, og det er forskjellige meiningar om kva for uttaleform som skulle vere utslagsgivande. Det er ulike årsaker til at synspunkta varierer så mykje, som ulik vektlegging av eigenskapar knytte til skriftformene: identitetsskapande element, det praktiske og formålstenlege, ulike syn på kva som kjenneteiknar stadnamn som kulturminne mv.
Opp gjennom åra er det samla inn mange stadnamn, men det finst inga oversikt over desse samlingane. Før behovet for innsamling kan vurderast, trengst det ei oversikt over stadnamn som alt er samla inn. I kulturmeldinga (St.meld. nr. 48 (2002-2003)) konkluderer departementet med at behovet for innsamling og organisering av stadnamnarbeidet i det heile må greiast ut nærare. Det vil bli vurdert om det nye kompetansesenteret for språk kan koordinere desse oppgåvene når det er på plass.
Eit spørsmål som har fått stor merksemd, er bruken av bunden eller ubunden form. Frå stadnamnloven tok til å gjelde, har om lag 25 pst. av klagesakene dreia seg om eit stadnamn skal skrivast i bunden eller ubunden form; særleg gjeld dette bruksnamn. Dette er i dag regulert i forskrift der det er fastsett at grammatisk kjønn, eintals- eller fleirtalsform og bunden eller ubunden form som hovudregel skal rette seg etter målføret. Regelen har vore praktisert svært strengt, og det er grunn til å tru at ei oppmjuking av regelverket på dette punktet ville spare systemet for mange klagesaker som ikkje er viktige for namneverket.
Departementet meiner at føresegna om bunden eller ubunden form er for kategorisk formulert og slik gir rom for ei rigorøs tolking det ikkje er tungtvegande grunnar til å halde oppe.
Departementet har vurdert om dette bør regulerast i loven, sidan denne problemstillinga fører til såpass mange klager, men har kome til at det er ei problemstilling av teknisk karakter, og at det derfor er naturleg at ho framleis blir regulert i forskrifta. Det er likevel nødvendig med ei presisering, slik at dette kjem klart til uttrykk: bunden form skal gjennomførast i alle naturnamn dersom den bundne forma er i levande bruk i talemålet.
Departementet er samd i at dei skogfinske stadnamna ikkje skal følgje finske rettskrivingsprinsipp, og legg ikkje opp til endring i den praksis som hittil har vore følgt, dvs. at desse namna kan tilpassast norske rettskrivingsprinsipp. Når det gjeld om kvensk kan sjåast som eit eige språk og ikkje som ein finsk dialekt, er saka no til behandling i departementet. Om kvensk skal reknast som ein finsk dialekt eller eit eige språk, er ikkje avgjerande for endringane i stadnamnloven.
Departementet legg fram forslag om ein ny § 1 som skal regulere både formålet med loven, verkeområdet og reglar for når loven gjeld. Årsaka til at departementet foreslår å ta inn ein formålsparagraf, er at loven skal brukast av alle nivå i offentleg forvaltning. Formålsparagrafen skal gi uttrykk for intensjonen og verkeområdet og vil kunne hjelpe brukarane til betre å forstå kva det skal leggjast vekt på i saksbehandlinga.
Departementet meiner at det geografiske verkeområdet for loven ikkje skal endrast. Omsynet til forholdet til utanlandske styresmakter og internasjonale avtalar inneber at loven ikkje kan gjerast gjeldande for Svalbard, Jan Mayen og dei norske bilanda, den norske kontinentalsokkelen og Noregs økonomiske sone.
Departementet foreslo i høyringsnotatet ei føresegn om namnevern og namnsetjing som ny § 3. Formålet med dei nye reglane er å ta vare på eksisterande namnetradisjonar og samtidig sikre at gamle namn ikkje urettmessig blir brukte i kommersiell verksemd, t.d. ved at eit kjent namn blir brukt på ein ny stad som ikkje har tilknyting til det opphavlege namneobjektet, t.d. for å auke marknadsverdien til den nye staden. Elles må det visast varsemd ved bruksnamn med omsyn til eigarens/festarens ønske og rettar.
Etter departementets syn er det usikkert om mangelen på reglar om namnevern og namnsetjing i praksis utgjer ein trussel mot stadnamn som kulturminne eller på annan måte er eit problem av noko omfang. Det er likevel eit samrøystes ønske frå det namnefaglege miljøet.
I § 4 første ledd er det foreslått at det ved fastsetjing av skrivemåten skal takast utgangspunkt i den lokale talemålsforma av namnet. Mange faktorar må vurderast når skrivemåten for eit stadnamn skal fastsetjast.
Desse momenta er særleg viktige i normeringsarbeidet:
uttale på staden gjennom tidene der denne er kjend
noverande og tidlegare skriftformer i offentleg bruk
ei eller fleire skriftformer for same namn på same lokalitet/namneobjekt gjennom tidene
kva for omsyn det skal leggjast mest vekt på
I § 4 andre ledd er det foreslått at skrivemåten for namnet i primærfunksjonen skal vere retningsgivande for skrivemåten i dei andre funksjonane når namnet er brukt om fleire namneobjekt på same staden. Regelen må praktiserast med forstand slik at resultata ikkje blir urimelege, og det er naturleg å sjå dei ulike namneobjekta i samanheng i prosessen.
Departementet er ikkje utan vidare samd i at lokal talemålsform som utgangspunkt for skrivemåte for eit stadnamn i bruk av det offentlege vil svekkje namnet som kulturminne, slik det vert hevda i nokre høyringsfråsegner. Kulturminneaspektet ved eit stadnamn er noko anna og meir enn ein bestemt uttale; det er namnet som heilskap, i konteksten, i språkleg utvikling, med tyding og innhald og bruk.
Departementet held fast ved å endre "den nedervde lokale uttalen" til "den lokale talemålsforma". Det skal takast utgangspunkt i den uttalen som har lengst tradisjon på staden når skriftform skal fastsetjast.
Det er vidare teke omsyn til at også skriftpåverka namneformer og nyare namneformer er ein del av norsk namnetradisjon, og i merknadene til § 4 andre ledd i lovendringsforslaget heiter det at når "skriftforma har vore lenge i bruk og er vel kjend og innarbeidd, eller at det knyter seg sterke interesser til denne skriftforma, t.d. av økonomisk karakter", kan det vere særleg grunn til å fråvike gjeldande rettskrivingsprinsipp.
I høyringsnotatet er det foreslått at reglar om fastsetjing av skrivemåten skal regulerast i § 5 og nærmare reglar om saksbehandling blir fastsette i § 6. Saksgangen vil etter forslaget ikkje innehalde vesentleg færre ledd, men sjølve saksbehandlinga vil vere forenkla.
Kommunane skal fastsetje skrivemåte for namn på tettstader, grender, bydelar, gater, vegar, torg, bustadfelt mv., og namn som skal brukast som offisiell adresse.
Fylkeskommunen gjer vedtak om skrivemåte for namn på fylkeskommunale anlegg. Statens kartverk gjer vedtak om skrivemåten for andre stadnamn dersom ikkje anna er fastsett i lov eller forskrift, og for alle namn i statleg samanheng. Talet på vedtaksorgan blir etter dette redusert til kommune, fylkeskommune, Statens kartverk og dei som etter lov eller forskrift skal fastsetje skriftformer.
Forskjellane og dermed innsparingane vil etter framlegget liggje i
at det blir færre vedtaksorgan, som også skal samordne saksbehandlinga
at Statens kartverk skal vere vedtaksorgan i statleg samanheng
at det til vanleg berre vil vere ei tilråding frå namnekonsulentane
at berre eigar/festar skal tilskrivast direkte
at samlevedtak gjer at det ikkje må reisast namnesak for alle namn
Det er semje om dei fleste føresegnene i forslaget til §§ 5 og 6. Usemja gjeld om synspunkta til eigar/festar skal tilleggjast særleg vekt når ønsket deira elles er innanfor rammene til regelverket. Departementet har forståing for innvendinga - det er viktig med vern av stadnamna som kulturminne - men vil likevel leggje til grunn at namn på privat eigedom ikkje berre er offentleg felleseige; dei er ofte svært viktige for eigaren og slekta hans både personleg og kulturelt. Departementet meiner vidare at når det er teke atterhald om at skrivemåten skal liggje innanfor regelverket, er kulturminneomsynet ivareteke.
Gjeldande regelverk har ingen føresegner om gjenopptaking av saker. Når departementet i høyringsnotatet har foreslått å ta inn ein slik regel som ny § 7, er det for å gi ein enkel tilgang til ny behandling av ei sak dersom det kjem fram nye opplysningar som vil kunne påverke vedtaket. Regelen er ikkje meint som ein heimel for ny klageadgang. For at ei sak skal kunne takast opp på nytt, må det vere klart at opplysningane som dannar grunnlag for gjenopptakinga, ikkje vart vurderte førre gongen saka var oppe.
Erfaringa viser at mange offentlege organ ikkje tek i bruk dei fastsette skriftformene. I forslaget til ny § 9 første ledd er det derfor teke inn ei føresegn om at alle organ for stat, fylkeskommune, kommune og selskap som det offentlege eig fullt ut, av eige tiltak skal ta i bruk fastsette skriftformer.
Andre ledd inneheld elles særlege reglar for samiske og kvenske namn. I gjeldande reglar § 3 andre ledd (i lovendringsforslaget vidareført i § 9 andre ledd) er det fastsett at samiske og finske namn "som blir nytta blant folk på staden" til vanleg skal brukast av det offentlege. I høyringsnotatet er dette foreslått endra til "som blir nytta blant folk som bur fast på staden".
I utkastet er det vidare foreslått at det skal gjerast samtidig vedtak for parallellnamn på norsk, samisk og kvensk.
Når det gjeld forslaget om samtidig behandling av parallellnamn på norsk, samisk og kvensk, viser høyringsfråsegnene at dette ikkje var vel gjennomtenkt, og føresegna er endra til at det skal reisast samtidig namnesak.
På bakgrunn av høyringsfråsegna er § 9 andre ledd endra. Samiske og kvenske stadnamn skal brukast av det offentlege dersom dei er nytta av folk som bur fast på staden, eller har næringsmessig tilknyting til han.
Forslaget om endring av finsk til kvensk gjeld for kvenske stadnamn i Nord-Noreg.
I høyringsnotatet er det foreslått fleire endringar i paragrafen, tidlegare § 8 no § 10. I første ledd er det foreslått at klager skal grunngivast.
Departementet foreslo også i høyringsnotatet at lokale organisasjonar ikkje lenger skulle ha klagerett. Forslaget var eit av tiltaka som skulle få ned talet på klagesaker; ofte kan organisasjonane vere einaste klagar når alle andre er samde.
Departementet er samd i at lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet også skal ha klagerett. Dette er ei naturleg følgje av retten til å ta opp namnesak. Har dei ikkje klagerett, vil det berre vere eigar/festar og det offentlege som kan klage, slik fleire høyringsinstansar har peika på. Ved at lokale organisasjonar med særleg tilknyting til stadnamnet får klagerett, får innbyggjarane større innverknad over dei lokale stadnamna. Departementet foreslår derfor ei føresegn der klageretten er noko utvida i forhold til høyringsnotatet.
Forslaget om at klager skal grunngivast, blir halde oppe. Dette vil sikre at dei synspunkta og merknadene klagaren har, blir vurderte av klageinstansen.
Departementet foreslår også ei klargjering av kven som skal behandle klager over feil bruk eller manglande bruk av vedteken skriftform, eller over at det ikkje blir gjort vedtak innan rimeleg tid etter at saka er ferdigbehandla.
Då loven vart sett i verk, vart det oppretta eit sentralt stadnamnregister ved Statens kartverk. Alle namnevedtak skal meldast inn til registeret av det organet som gjer vedtaket. For at Kartverket skulle få dekt nokre av utgiftene til informasjon (i tydinga marknadsføring av registeret), uttak og distribusjon frå Sentralt stadnamnregister, foreslo departementet å innføre gebyr for utskrifter, kopiar eller direkte tilknyting til registeret.
Fleire høyringsinstansar har reagert negativt på dette forslaget.
I siste ledd i § 12 er det teke inn ein heimel for at departementet i forskrift kan gi reglar om betaling for informasjon frå registeret.
Internasjonale konvensjonar er særleg relevante i forholdet til dei nasjonale minoritetsspråka.
Kommunal- og regionaldepartementet ber om at det blir teke inn eit tillegg i forslag til stadnamnloven § 1 om at lova skal særskilt sikre hensynet til samiske og kvenske stadnamn i henhold til nasjonalt lovverk og internasjonale forpliktelser.
Kultur- og kyrkjedepartementet er samd med Kommunal- og regionaldepartementet i at samiske og kvenske stadnamn treng eit særleg vern og eit incitament til å ta vare på og nytte dessa namna i samsvar med regelverket. Dette vil også gjelde skogfinske stadnamn. I andre ledd i § 1 i loven er det derfor teke inn ei føresegn som legg vekt på det ansvaret det offentlege har for slike namn.