5. Endring av omgrepet "foreløpig uførestønad"
Etter folketrygdlova § 12-16 kan ein person som har sett fram krav om uførepensjon, få førebels uførestønad før det er gjort vedtak om uførepensjonen dersom det er sannsynlig at pensjon blir gitt.
Etter at tidsavgrensa uførestønad vart innført, er det lett for brukarane å blande saman desse omgrepa. Det blir peika på at ettersom førebels uførestønad vert gitt til personar som det er sannsynleg vil få uførepensjon, er ytinga i realiteten ein førebels uførepensjon. Departementet foreslår derfor å endre terminologien slik at i dei føresegnene i lovverket der omgrepet "foreløpig uførestønad" er nytta, vert dette endra til "foreløpig uførepensjon".
Lovendringane vert foreslått å tre i kraft 1. januar 2005 og har ingen økonomiske eller administrative konsekvensar.
Komiteen har ikke innsigelser mot at begrepet foreløpig uførestønad blir endret til foreløpig uførepensjon.