Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Samandrag

Det vert i dokumentet gjort følgjande framlegg:

"I

I lov 13. desember 1991 nr. 81 om sosiale tjenester m.v. (sosialtjenesteloven) vert følgjande endring gjort:

Ny § 10-3 andre led skal lyda:

Fylkesmannens avgjørelse i tvistesak kan bringes inn til prøving for domstolene. Alle sider av avgjørelsen kan prøves.

II

I lov 17. juli 1992 nr. 100 om barneverntjenester vert følgjande endring gjort:

Ny § 8-3 andre led skal lyda:

Fylkesmannens avgjørelse i tvistesak kan bringes inn til prøving for domstolene. Alle sider av avgjørelsen kan prøves.

III

Lova tek til å gjelde straks."

Som bakgrunn for framlegget viser forslagsstillarane til at fleire domstolsavgjerder på underrettsnivå i den seinare tid har lagt til grunn ei forståing av lovene om barnevernstenester og sosialtenester som seier at kommunane ikkje kan få prøvd fylkesmannen sitt vedtak om refusjonsplikt for domstolane. Det blir uttala at dette ikkje synest å vera i tråd med Stortinget sine intensjonar, og at det er eit inngrep både i rettstryggleiken til kommunane og i kommunane si stilling i høve til staten. Det blir peika på at fylkesmannen sitt vedtak om refusjonsplikt kan påleggja utgifter for ein kommune til klienttenester i millionklassen årleg, og at kommunane ikkje kan få prøvd vedtaket ved klage til departementet.

Det vert i dokumentet gitt døme på situasjonar der kommunar kan vera usamde om kven som skal yta tenester, og der det etter lova er fylkesmannen som skal avgjera tvisten.

Forslagsstillarane meiner at sosialtenestelova og barneverntenestelova er slik å tyde at domstolane skal kunne prøva avgjerdene til fylkesmannen, men uttalar at i og med at det er døme på at domstolar ikkje ser dette på same måten, så bør dette klargjerast i lova.

Det vert påpeika at det er konstitusjonell sedvanerett at domstolane kan prøva avgjerder gjorde av forvaltinga, og at korkje sosialtenestelova eller barneverntenestelova seier noko om innskrenking i prøvingsretten til domstolane.

Forslagsstillarane nemner fem grunnar som tilseier at domstolane skal kunna prøva avgjerdene frå fylkesmannen: For det første er det slik at avgjerdene frå fylkesmannen ikkje kan påklagast til overordna forvaltingsorgan, og at utan høve til domstolsprøving vil førsteinstansvedtaket vera endeleg. For det andre tilseier omsynet til rettseinskap overprøving da det elles kan utvikla seg rettsulikskapar fylkesmennene imellom. For det tredje bør ikkje kommunane stå svakare overfor staten enn kva andre rettssubjekt gjer. For det fjerde tilseier prinsippet om det kommunale sjølvstyret at avgjerdene frå fylkesmannen skal kunna prøvast for domstolane. For det femte uttalar forslagsstillarane at det truleg vil vera i strid med konvensjonen om lokalt sjølvstyre at kommunane ikkje får prøva slike statlege avgjerder rettsleg.