Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om lov om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 6 (2004-2005)
  • Kildedok: Ot.prp. nr. 83 (2003-2004)
  • Dato: 26.10.2004
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 4
  • PDF

Innhold

Til Odelstinget

Kultur- og kyrkjedepartementet legg i proposisjonen fram forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd. Formålet er å leggja til rette for at Norsk språkråd frå 1. januar 2005 skal kunna erstattast av ein ny institusjon som førebels er omtalt som eit kompetansesenter for norsk språk.

Departementet viser til at det ikkje trengst alternativ lovheimel for å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005. Det blir likevel streka under at dette ikkje er til hinder for at spørsmålet om alternativ lovgjeving kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

Gjennom behandling av innstillinga frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om kulturmeldinga, Innst. S. nr. 155 (2003-2004), har Stortinget stadfesta si støtte til skipinga av det nye kompetansesenteret for norsk språk, og det heiter at komiteen ventar på at departementet kjem tilbake til Stortinget med ei sak om dette.

Det går fram av proposisjonen at det førebels ikkje er aktuelt å ta standpunkt til korleis den nye institusjonen bør innrettast, og kva for organisering og styringsordning det bør leggjast opp til på meir varig basis.

Departementet vil leggja opp til at den nye institusjonen formelt blir etablert med verknad frå 1. januar 2005.

Ein føresetnad for å kunna gjennomføra det formelle skiftet frå gammal til ny institusjon frå 1. januar 2005 er at det noverande lovgrunnlaget blir endra. Dette er bakgrunnen for at departementet i denne proposisjonen fremjar forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd.

Departementet vil elles koma tilbake med nødvendige framlegg om formell etablering av den nye institusjonen i samband med budsjettframlegget for 2005.

I Innst. S. nr. 155 (2003-2004) har eit mindretal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemene frå Arbeirdarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vist til at Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved eiga lov, og at også den nye institusjonen derfor må ha ei klar lovforankring. Mindretalet ber Regjeringa koma tilbake til Stortinget med ei vurdering av korleis dette best kan gjerast.

Departementet finn det ikkje formålstenleg å gjera ei endeleg vurdering av lovspørsmålet i denne omgang. Det er ikkje noko formelt krav om lovheimel for å etablera den nye institusjonen. Dette hindrar ikkje at spørsmålet om alternativ lovgjeving i ei eller anna form kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare.

Med utgangspunkt i den lova som no blir foreslått oppheva, finn departementet det rett allereie i denne proposisjonen å drøfta spørsmålet om ei spesifikk lovforankring av den nye institusjonen noko nærmare.

Heimel i lov er nødvendig for å gi statlege styresmakter rett til å gjennomføra tiltak som inneber inngrep i private forhold. Ingen av føresegnene i nove­rande lov om Norsk språkråd har eit innhald som gir rett til den type inngrep som her er nemnde.

Det er på det reine at Norsk språkråd også utan å ha forankring i lov kunne vore tillagt dei same oppgåvene og fullmaktene som i dag. Når Norsk språkråd likevel vart forankra i eiga lov, må det sjåast i samanheng med den spesielle språkpolitiske situasjonen som låg til grunn for at det til slutt vart semje om å skipa eit råd for språkvern og språkdyrking til avløysing av det tidlegare organet Norsk språknemnd.

Dagens språkpolitiske situasjon er annleis enn den gongen Norsk språkråd vart førebudd, og den nye institusjonen er derfor tenkt innretta på ein annan måte. Eit overordna utgangspunkt er at den nye institusjonen skal driva eit meir utoverretta arbeid og leggja stor vekt på haldningsskapande tiltak. Her er det andre verkemiddel enn lovgjeving som først og fremst trengst.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, frå Høgre, Afshan Rafiq, leiaren Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, frå Framstegspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, frå Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og frå Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at Ot.prp. nr. 83 (2003-2004) omhandlar forslag om å oppheva lov om Norsk språkråd og at formålet med dette er å leggja til rette for at Norsk språkråd frå 1. januar 2005 skal kunna erstattast av eit nytt kompetansesenter for norsk språk. Sidan Norsk språkråd i si tid vart oppretta ved ein eigen lov, kan rådet heller ikkje avviklast før denne lova er endra eller oppheva.

Komiteen legg vekt på at den nye institusjonen skal byggja opp gode kontaktar til alle delar av det norske språksamfunnet, noko som krev brei deltaking og ein open prosess i sjølve omdanningsfasen. Komiteen vil streke under at den nye institusjonen må bli eit fleksibelt instrument som raskt kan tilpassa seg nye utfordringar og prioriteringar.

Komiteen viser til proposisjonen når det gjeld bakgrunnen for arbeidet med å omdanna Norsk språkråd og når det gjeld gjennomgang av omdanningsprosessen så langt. Komiteen har merka seg at departementet som del av denne prosessen har sendt eit drøftingsdokument på høyring til meir enn 300 ulike adressatar og at dei innkomne høyringsfråsegnene vil utgjera ein del av grunnlagsmaterialet i det vidare arbeidet med eit strategidokument for den nye institusjonen.

Komiteen har vidare merka seg at departementet meiner det førebels ikkje er aktuelt å ta standpunkt til korleis den nye situasjonen bør innrettast, og kva for organisering og styringsordning det bør leggjast opp til. Komiteen registrerer at departementet av den grunn meiner det ikkje vil være tenleg å leggja fram forslag for Stortinget om dette i løpet av hausten 2004, men at det likevel tas sikte på at den nye institusjonen formelt kan etablerast med verknad frå 1. januar 2005.

Komiteen registrerer vidare at departementet meiner det ikkje trengst ein ny lovheimel for å etablera den nye institusjonen frå 1. januar 2005, men at dette kan vurderast som eit ledd i den vidare omdanningsprosessen eller seinare. Komiteen viser i samband med dette til Innst. S. nr. 155 (2003-2004) der eit mindretal i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, tok til orde for at også den nye institusjonen må ha ein lovheimel.

Komiteen støtter forslaget om oppheving av lov om Norsk språkråd slik at det nye kompetansesenteret for norsk språk kan etablerast frå 1. januar 2005.

Komiteens medlemmer fraFremskrittspartiet slutter seg til å oppheve lovhjemmelen for Norsk språkråd. Disse medlemmer har respekt for det arbeidet rådet har gjort i den tid det har vært virksomt, men har stilt seg uforstående til enkelte av rådets utspill de senere årene. Disse medlemmer merker seg også at enkelte utspill har avstedkommet betydelig debatt. Disse medlemmer ser ikke behov for lovfestelse av den virksomhet som skal overta rådets oppgaver. Disse medlemmer vil imidlertid understreke at man er skeptisk til at det synes lite avklart fra departementets side hva den nye virksomheten skal drive med.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti støtter opprettelsen av det nye kompetansesenteret for norsk språk som skal komme til erstatning for Norsk språkråd. Dette nye senteret skal ha et helhetlig språklig forvalteransvar og arbeide for språklig kvalitet og videreutvikle norsk språk til et funksjonelt redskap for nordmenn i fremtiden. Disse medlemmer vil understreke viktigheten av at den nye institusjonen må ha en klar lovforankring, men ser at Regjeringen ikke har prioritert å realisere dette nå gjennom behandlingen av Ot.prp. nr. 83 (2003-2004).

Disse medlemmer er meget skeptiske til å skulle oppheve lov om Norsk språkråd for å kunne etablere et nytt språklig kompetansesenter fra 1. januar 2005, uten at dette er forankret i lovs form. Etter disse medlemmers oppfattelse er hjemmel i lov nødvendig for å kunne gi statlige styringsmakter rett til å gjennomføre tiltak og pålegg om endringer og bruke loven aktivt for ønsket politisk styring for å oppnå viktige språkpolitiske målsettinger.

Disse medlemmer viser til Ot.prp. nr. 83 (2003-2004) hvor det står det følgende:

"Dagens språkpolitiske situasjon er annleis enn den gongen Norsk språkråd vart førebudd, og den nye institusjonen er derfor tenkt innretta på ein annan måte. Eit overordna utgangspunkt er at den nye institusjonen skal driva eit meir utoverretta arbeid og leggja stor vekt på haldningsskapande tiltak. Her er det andre verkemiddel enn lovgjeving som først og fremst trengst."

Slik disse medlemmer ser det er det ingen motsetning mellom dette utsagnet og det å skulle sik­re en statlig styringsrett for gjennomføring av ønsket språkpolitikk forankret i lovs form.

Disse medlemmer ønsker ut fra dette å fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen snarest komme tilbake til Stortinget med forslag til lov som sikrer og ivaretar viktige språkpolitiske mål."

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, vil bemerke viktigheten av å opprettholde begge målføre i allmennkringkastingen, både for radio, fjernsyn og offentlige etater etc. Det norske språket står overfor store utfordringer i forhold til det stadig økende presset fra andre språk gjennom kommersielle interesser. For å ivareta og utvikle det norske språket som kulturuttrykk, er det viktig at de programmer som blir produsert også har et aktivt forhold til sidemålet. Gjennom allmennkringkastingen når språklige variasjoner ut til alle som er med på å ivareta vår egen identitet og egenart, som et motstykke til det internasjonale kulturuttrykk.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til merknader under behandlingen av St.meld. nr. 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot 2014, jf. Innst. S. nr. 155 (2003- 2004), der det heter:

"Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti understreker at arbeidsfeltet for det nye kompetansesenteret som skal overta for Norsk språkråd bør ikke bare være "norsk språk", men språk i Norge, herunder minoritetsspråkene. Disse medlemmer etterlyser en grundig utredning om den nye norske språksituasjonen tilsvarende dem som nylig er utført i Sverige og Danmark. En slik utredning kan danne et viktig grunnlag for det nye kompetansesenterets virksomhet."

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet ber Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak med forslag til endeleg organisering av den nye institusjonen så snart funksjonsperioden til det oppretta interimsstyret er avslutta. Desse medlemene ber om at Regjeringa i samband med dette også kjem med ei vurdering av korleis den nye institusjonen kan forankrast i lov.

Desse medlemene gjer framlegg om:

"Stortinget ber Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak med forslag til endeleg organisering av den nye språkinstitusjonen så snart funksjonsperioden til det oppretta interimsstyret er avslutta."

"Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om korleis den nye språkinstitusjonen kan hjemlast i lov."

Forslag frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringa komme tilbake til Stortinget med ei eiga sak med forslag til endeleg organisering av den nye språkinstitusjonen så snart funksjonsperioden til det oppretta interimsstyret er avslutta.

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringa fremme forslag om korleis den nye språkinstitusjonen kan hjemlast i lov.

Forslag frå Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen snarest komme tilbake til Stortinget med forslag til lov som sikrer og ivaretar viktige språkpolitiske mål.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om oppheving av lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd

I

Lov 18. juni 1971 nr. 79 om Norsk språkråd blir oppheva.

II

Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset.

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 26. oktober 2004

Sonja Irene Sjøli Eli Sollied Øveraas
leiar ordførar