7. Jordbruksfrådraget
Finansdepartementet gjer framlegg om at inntekt frå produksjon av biomasse til energiformål kan gå inn i jordbruksinntekta og dermed gi grunnlag for utrekning av jordbruksfrådrag. Omlegginga vil gjelde frå og med inntektsåret 2004.
Departementet meiner at jordbruksfrådrag i hovudsak skal vere knytta til inntekter frå jordbruksproduksjon. Frådrag på grunnlag av reine kapitalinntekter er ikkje rimeleg. Det vil derfor vere prinsipielt riktig å stramme inn dette. Departementet vil likevel ikkje foreslå dette no, mellom anna fordi det er behov for å utgreie nærare føremålstenlege avgrensningar.
Utan omsyn til dette vil ein likevel foreslå at produksjon av biomasse til energiformål kan takast inn i grunnlaget for jordbruksfrådraget.
Departementet legg til grunn at bioenergi er energi produsert ved omdanning av biomasse. Biomasse kan til dømes vere planteprodukt, gjødsel, skogavfall og anna biologisk avfall som slakteavfall. Som biobrensel reknar ein tilverka biomasse som inngår i produksjon av bioenergi. Endringane vil i hovudsak omfatte produksjon av brensel basert på trevirke. Ved dette vil også delar av skogbruksinntekta for ein bonde danne grunnlag for jordbruksfrådrag. Departementet meiner at rein skogbruksinntekt etter føresetnaden ikkje skal gi rett til jordbruksfrådrag på grunnlag av biobrenselproduksjon. Det må derfor være eit krav at det vert drive jordbruksverksemd for at inntekter frå produksjon av biobrensel skal gi rett til jordbruksfrådrag.
Om biobrensel er eit produkt av jordbruksverksemd eller skogbruksverksemd, er i dag avgjerande for den skattemessige handsaminga. Dette er slik fordi skogbruket ikkje vert omfatta av jordbruksfrådraget.
Mindre inntekter frå produksjon av biobrensel i form av planteprodukt, gjødsel og slakteavfall inngår i dag i jordbruksinntekta, og gir grunnlag for jordbruksfrådrag. Dette gjeld òg sal av brensel frå trevirke i jordbruket, til dømes frå grøfte- og randvegetasjon. Dersom bonden utviklar verksemd med produksjon av biobrensel i noko større omfang på basis av slike produkt, vil dette kunne vere eiga næring. Er omsetnaden av slik produksjon under 30 000 kroner, vil inntekta i høve til forskrift av 5. oktober 1970 nr. 2 § 3 likevel kunne inngå i jordbruksinntekta som ei biinntekt og dermed gi grunnlag for jordbruksfrådrag.
Inntekt ved produksjon av skogvirke til bioenergiproduksjon går i utgangspunktet inn i skogbruksinntekta. Skogbruksinntekta gir ikkje grunnlag for jordbruksfrådrag, og må skiljast frå jordbruksinntekta på grunn av gjennomsnittslikning. Når no vedsalsdelen av slik skogbruksinntekt skal kunne inngå i grunnlaget for jordbruksfrådraget, oppstår det nokre særskilte problemstillingar som er drøfta nedanfor.
Produksjon av bioenergi levert som ferdig varme som del av landbruksverksemda skjer i dag i særs lite omfang, og i den grad det skjer vil dette vere eiga næring. Departementet finn det derfor ikkje føremålstenleg å foreslå at inntekt frå produksjon av energi levert som ferdig varme basert på biobrensel, skal kunne gå inn i grunnlaget for jordbruksfrådrag ut over det som allereie gjeld.
Departementet vil foreslå at også nettoinntekter frå biobrenselproduksjon som er basert på innkjøpt virke skal gi grunnlag for jordbruksfrådrag. Det vil mellom anna vere kontrollmessige problem knytt til ei sondring mellom virke frå eige bruk og virke som er innkjøpt. Det må vere ein føresetnad at det innkjøpte virket blir handsama på bruket, altså at det skjer ei form for produksjon i tilknyting til verksemda elles. Rein grossistverksemd, til dømes i form av vidaresal av innkjøpt ferdig kappa/kløyvd virke, vil altså ikkje gi grunnlag for jordbruksfrådrag. Produksjon av heilt virke for vidaresal til biobrenselproduksjon bør gi grunnlag for jordbruksfrådrag. Det same gjeld inntektsfordel av ved til eige bruk.
Ei omlegging som foreslått vil krevje ei avklaring av spesielt tre forhold. Dette gjeld skogavgifta av vedsalsinntekter mv., fastsetjing av kostnader og nettoinntekt knytt til biobrenselproduksjon og om inntekta skal førast som direkte likna jordbruksinntekt eller som gjennomsnittslikna skogbruksinntekt.
Når det gjeld ordninga med avsetning til skogavgiftskonto for seinare skogkulturtiltak, legg departementet til grunn at det også i fortsetjinga bør vere mogleg å avsette ein del av inntekta frå biobrenselproduksjon, og at avsetninga kan nyttast ved uttak til skogkulturtiltak med skattefordel. Dette gjeld mellom anna fordi ein er pliktig til å avsette til skogavgiftskonto også ved avvirking til vedproduksjon.
Fordi berre nettoinntekta av vedsalet skal inn i grunnlaget for jordbruksfrådrag, vil det vere nødvendig å fastsetje kostnadene ved produksjonen. Det er ikkje mogleg i praksis å skilje kostnadene knytta til produksjon av ved frå kostnader ved anna skogbruksproduksjon. Departementet meiner derfor at det vil vere føremålstenleg at desse blir rekna ut sjablonmessig som ein viss del av bruttoinntekta frå vedsalet. Dette bør kunne regulerast nærare i forskrift, jf. forskriftsheimelen i skattelova § 8-1 sjette ledd. Ved fastsetjing av sjablon må det takast omsyn til at det administrative systemet må vere så enkelt som mogleg.
Jordbruksinntekt og skogbruksinntekt vert likna kvar for seg. Sidan ein del av skogbruksinntekta no skal danne grunnlag for jordbruksfrådrag, må ein avklåre nærare korleis dette skal handterast.
Departementet finn det ikkje rett at vedsalsinntekt mv. frå skogbruket både skal inngå i gjennomsnittslikninga der og samstundes gi grunnlag for jordbruksfrådrag. Det bør vere ein føresetnad for dei inntektene som blir frådragsgrunnlag eit år, at dei fullt ut er skattepliktige for det året frådraget har verknad. Den utsetjinga av faktisk skattlegging som gjennomsnittslikninga fører med seg, bør derfor avskjere inntekta frå frådragsgrunnlaget. Teoretisk kunne ein tenkje seg ei løysing der den delen av eit jordbruksfrådrag som skriv seg frå gjennomsnittslikna skogbruksinntekt, vert ført i skogbruksdelen av likninga, slik at frådraget fekk faktisk verknad i same takt som den inntekta som skipar frådraget. Men dette er ingen farbar veg i det praktiske rekneskaps- og likningsarbeidet for jord- og skogbruksinntekter.
På den andre sida kan det verke uheldig å ta vedsalsinntekter mv. generelt ut av gjennomsnittslikninga for skogbruksinntekt, berre av di inntekta kan gi grunnlag for jordbruksfrådrag. Det vil vere tilfelle der maksimalt frådrag er oppnådd allereie på grunnlag av andre inntekter, og tilfelle der jordbruksfrådrag er heilt uaktuelt, til dømes på grunn av manglande busetjing på bruket. Då kunne ei pliktig utskiljing av vedsalsinntekta mv. frå gjennomsnittslikninga i nokre tilfelle kunne bli ei skatteskjerping for bonden. Departementet foreslår i staden at bonden skal kunne velje mellom å skilje vedsalsinntekta mv. ut frå gjennomsnittslikninga, for å få denne inntekta med i grunnlaget for jordbruksfrådraget, eller å behalde gjennomsnittslikninga for heile skogsinntekta, men då ikkje få frådragsgrunnlag av vedsalsdelen mv. Valet må omfatte heile vedinntekta for det enkelte år. Det bør altså ikkje vere mogleg å overføre berre delar av denne til jordbruksinntekta. Ein viser til utkast til lovføresegn, jf. skatteloven § 14-81 første ledd ny bokstav d.
I femte punktum i skatteloven § 8-1 sjette ledd om jordbruksfrådraget er det oppstilt eit krav om busetting på driftseininga. I praksis har dette bustadkravet reist enkelte særskilte spørsmål.
I Ot.prp. nr. 1 (2000-2001) er det gjort greie for at dette kravet i enkelte tilfelle bør praktiserast med lempe. Eit døme på dette er at det i ein periode kan liggje føre faktiske bustadhindringar. I Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) har departementet mellom anna likevel uttalt at "en slik lempelig praktisering av bustadkravet er forutsatt begrenset til tilfeller som omtalt i proposisjonen og mulige tilsvarende situasjoner i forbindelse med generasjonsskifte." Departementet har på bakgrunn av enkelte konkrete tilfelle vurdert det slik at det kan være sterke grunner til å praktisere bustadkravet med ein viss lempe også utanfor generasjonsskiftetilfella. Eit slikt tilfelle kan til dømes vere at ein forpaktar av jordbrukseigedom er forhindra frå å bu på denne fordi bortforpaktaren sjølv bur i husa eller at eigedomen ikkje har hus eigna som bustad. Forpaktaren bør då likevel kunne krevje jordbruksfrådrag, men under den føresetnad at han buset seg rimeleg nær jordbrukseigedomen og ikkje gjer krav på jordbruksfrådrag for andre bruk som han eig eller forpaktar. Ein legg til grunn at ein bonde som er busett på eige bruk som ikkje oppfyller vilkåra for jordbruksfrådrag, vil kunne få dette dersom vilkåra er oppfylte for eigedom han forpaktar, eventuelt for heile driftseininga dei to bruka utgjer til saman.
Ut ifrå grunngjevinga for jordbruksfrådraget og det forhold at bihald- og pelsdyrnæringa er omfatta av jordbruksavtalen, er det i praksis lagt til grunn at også inntekt av slik verksemd gir rett til jordbruksfrådrag. Dette gjeld også der bihald (honningproduksjon) og pelsdyroppdrett vert drive utan å vere knytt til alminneleg jordbruk. I slike tilfelle vil næringa si art føre med seg at bustadkravet i femte punktum blir lite treffande, slik at det her vil vere behov for ei lempeleg praktisering.
Forslaget om at inntekter frå produksjon av biobrensel skal inngå i grunnlaget for jordbruksfrådraget kan på usikkert grunnlag gi eit provenytap på om lag 15 mill. kroner i 2004.
Forslaget vil ikkje medføre vesentlege administrative konsekvensar.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at Fremskrittspartiet tidligere har vært kritisk til innføringen av dette fradraget. Disse medlemmer kan heller ikke se at Regjeringen har greid å synliggjøre behovet og hensiktsmessigheten av at produksjon av biobrensel skal inngå i grunnlaget for jordbruksfradraget.
Disse medlemmer vil på bakgrunn av dette gå mot forslaget fra Regjeringen.