Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

7. Forholdet til målet om hurtigare handsaming av straffesaker

Det arbeidast for tida med å redusere tida det tar å handsame saker i alle ledd av straffesakskjeda. Moglegheita for oppklåring av og domfelling i ei sak betrast ved ei rask handsaming. Vidare er det grunn til å tru at ei hurtig handsaming av straffesaker styrkar verknaden av straffa. Dette er av verdi både for samfunnet som heile og for den fornærma. Og ei raskare handsaming kan dempe påkjenninga for den fornærma og dei pårørande av di dei hurtigare kan leggje saka bak seg.

Departementet legg til grunn at framlegget om økonomisk godtgjersle til foreldre til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, ikkje påverkar handsaminga av straffesaka i nokon mon. Det er framlegga om endringar i straffeprosesslova som reiser spørsmål i forhold til målet om ei raskare handsaming av straffesaker. Departementet trur ikkje framlegga til endringar i proposisjonen vil seinke avviklinga av straffesakene i særleg mon, og viser til at det òg er den rådande oppfatninga i høyringa. Framlegga er langt på veg ei synleggjering av eksisterande rettar, og forslaga gjeld ei svært lita mengd med saker. I alle høve meiner departementet at omsynet til foreldra må vege tyngre enn omsynet til hurtigare handsaming av straffesaker i desse sakene.