Innstilling fra justiskomiteen om lov om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse mv. og i straffeprosesslova
Dette dokument
- Innst. O. nr. 91 (2003-2004)
- Kildedok: Ot.prp. nr. 45 (2003-2004)
- Dato: 03.06.2004
- Utgiver: Justiskomiteen
- Sidetall: 7
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Hovudinnhaldet i proposisjonen
- 2. Bakgrunnen for lovforslaga
- 3. Generelt - bør dei pårørande få utvida rettar i straffesaka?
- 4. Kven bør få nye rettar?
- 5. Kva for rettar bør foreldra få?
- 6. Forholdet til utvida rettar for den fornærma
- 7. Forholdet til målet om hurtigare handsaming av straffesaker
- 8. Økonomiske og administrative konsekvensar
- 9. Merknader frå komiteen
- 10. Tilråding frå Komiteen
Justisdepartementet gjer i proposisjonen framlegg om endringar i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova. Føremålet med forslaga er å styrkje og synleggjere den rettslege stoda for einskilde pårørande i saker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling.
Departementet foreslår at reglar i lov om vidners og sakkyndiges godtgjørelse, òg skal omfatte foreldre som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling. Forslaget inneber at foreldra kan få dekt reiseutgifter etter reiseregulativet i staten, samt at retten kan tilkjenne foreldre dekning for dokumenterte utlegg og tapt arbeidsforteneste så langt det er rimeleg.
I straffesaker der barn er døde som følgje av ei straffbar handling, foreslår departementet vidare at den same personkrinsen får nokre nye og uttrykkjelege straffeprosessuelle rettar:
For det første foreslår departementet at foreldra får ein klår rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det, og uavhengig av om dei fremjar borgarlege krav i saka eller ikkje.
For det andre foreslår departementet at påtalemakta påleggjast ein uttrykkjeleg plikt til å underrette foreldra om at tiltale er teken ut i saka.
For det tredje foreslår departementet at foreldra får den same retten til dokumentinnsyn som ein fornærma har.
Endeleg foreslår departementet at retten får moglegheit til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra forklarer seg - sjølv om det er grunn til å tru at vitnet i alle høve vil gje ei forklaring utan atterhald.
Departementet har vedteke å setje ned eit utval til å sjå nærare på dei fornærma si prosessuelle stilling. Utvalet blir omtala i proposisjonen.
Spørsmålet om dei pårørande sin situasjon i straffesaker har vore omtala i samfunnsdebatten i den siste tida.
Justisdepartementet sendte derfor 7. juni 2002 forslaga om endringar i lova om godtgjersle til vitne og sakkunnige og i straffeprosesslova på høyring til ein rekke institusjonar og organisasjonar. Hovudinntrykket etter høyringa er at eit stort fleirtal av høyringsinstansane ynskjer at dei pårørande skal få nye og uttrykkjelege rettar i straffesaka. Høyringsinstansane er derimot meir splitta i synet på kven av dei pårørande rettane skal gjelde for, og i kva for saker. Det er òg ulike syn på kva for rettar dei pårørande bør få, og den nærare utforminga av reglane. I kap. 3 i proposisjonen omtaler departementet statistikk på området.
Etter gjeldande rett har verken dei fornærma eller dei pårørande til den fornærma stilling som part i ei straffesak, slik den tiltalte har. Dei pårørande har heller ikkje dei same enkeltrettane som den fornærma sjølv har etter lova. Det synest å vere noko uklårt i praksis i kva for mon dei pårørande i straffesaker likevel kan gjere gjeldande dei rettane som den fornærma har. Dei pårørande til den fornærma har heller ikkje krav på å få dekt reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste, slik vitne og sakkunnige har.
I høyringsnotatet tok departementet opp spørsmålet om nokre pårørande bør få nye rettar i straffesaka. Eit stort fleirtal av dei høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet, meiner at dei pårørande bør få nye rettar i straffesaker.
Høyringa har styrka departementet i synet på at ei gruppe av dei fornærma sine pårørande bør få nokre nye rettar i straffesaker. Det bør vere mogleg å leggje opp prosessen slik at dei pårørande blir tekne betre i vare enn i dag. Framlegga i proposisjonen her har opphav i reglar som gjeld dei fornærma og vitne. Spørsmålet er om omsyna bak reglane òg er relevante for dei pårørande det er tale om, slik at det kan vere grunn til å utvide og/eller presisere virkeområdet til reglane. Departementet vil understreke at framlegget gjeld ei lita gruppe pårørande, som eit stykke på veg kan gjere gjeldande desse rettane allereie i dag. For nokre av forslaga er det difor tale om ei synleggjering.
Departementet drøfta i høyringsnotatet først kva for pårørande som bør få nye rettar i høyringsnotatet. Straffesaker hvor den fornærmede er død på grunn av den straffbare handlingen står i en særstilling, og saker hvor barn og unge er drept, peker seg særlig ut. I disse sakene kan de pårørende ha et sterkt ønske om å delta aktivt eller i alle fall være til stede under hele rettssaken. Samtidig har de ved tapet av den unge blitt påført så store lidelser at det er rimelig at de blir gitt en prosessuell særstilling.
Departementet uttala seg òg kven som skal reknast som barn og unge. Sammenhengen i lovverket kan derfor tilsi at grensen bør settes til 18 år. På den annen side bor mange barn fortsatt hjemme hos foreldrene også etter at de har fylt 18.
Departementet reiste òg spørsmålet om kven av dei etterlatne som skal få rettane og uttala at behovet er størst for foreldrene til offeret. Foreldrene er barnets nærmeste pårørende, og de har vanligvis den sterkeste interessen i å følge saken. Retten til å få dekket utgifter bør trolig bare gjelde den avdødes foreldre.
Endeleg blei høyringsinstansane bedne om å uttale seg om i kva for saker dei pårørande bør få nye rettar. Departementet sondra ikkje i høyringsnotatet mellom dei nye rettane, men lét den same avgrensinga gjelde for alle dei nye rettane.
Alle dei høyringsinstansane som meiner at dei pårørande bør få nye rettar sluttar seg til departementet sitt syn om at straffesaker der den fornærma er død som følgje av den straffbare handlinga, står i ei særstilling. Vidare er fleirtalet av desse høyringsinstansane samd i at saker der barn og unge er drepne, peikar seg særleg ut.
Det er noko større usemje blant høyringsinstansane i spørsmålet om kven som skal reknast som barn og unge.
Når det gjeld spørsmålet om kven av dei etterlatne som skal reknast som pårørande i denne samanhengen, meiner dei fleste høyringsinstansane som har uttala seg om spørsmålet og som ikkje ynskjer ei meir utvida ordning, at berre den avlidne sine foreldre, eventuelt føresette, bør omfattast.
Høyringsrunda har styrkt departementet i sitt syn på at i spørsmålet om kva for pårørande som bør få nye rettar, står straffesaker der den fornærma er død som følgje av den straffbare handlinga, i ei særstilling, og at saker der barn og unge er drepne, skil seg særleg ut.
Departementet har vore noko i tvil om kven som skal reknast som barn og unge i denne samanhengen. Departementet har kome til at hovudregelen bør vere 18 år, og legg vekt på at fleirtalet av høyringsinstansane har støtta denne grensa. Atten år er den allmenne myndigalderen, og aldersgrensa er fleire stader i lovverket avgjerande for borgarane sine rettar og plikter. Det bør opnast for unnatak etter ei konkret vurdering, av di ei skarp grense kan lede til urimelege resultat i praksis. Departementet foreslår difor at òg pårørande til barn over 18 år kan få rettane når særlige forhold ligg føre. Med uttrykket særlige forhold siktast typisk til tilfelle der den avlidne framleis budde heime hos foreldra etter å ha fylt 18 år. I andre tilfelle må nærleiken mellom den avlidne og dei pårørande vere særleg stor før unnataket gjeld. Var den avlidne eldre enn 23 år, vil det etter departementet sitt syn normalt ikkje vere grunnlag for å gjere unnatak frå hovudregelen.
I spørsmålet om kven av dei etterlatne som skal reknast som pårørande, held departementet fast ved at foreldra til den avlidne har den største trongen til nye rettar. Dette synet støttast av dei fleste høyringsinstansane.
Departementet har vurdert om nokre andre enn foreldra til barnet bør få dei same rettane. Døme er ei stemor eller ein stefar som barnet har vakse opp saman med, eller fosterforeldra til barnet. Departementet har lagt avgjerande vekt på omsynet til samanhengen i regelverket, og foreslår difor at berre den som har foreldreansvaret etter barnelova omfattast av forslaga her. Etter departementet si oppfatning ligg det ikkje føre tilstrekkelege grunnar til å fråvike den løysinga som er vald for erstatningsansvar, oppreising og påtalerett. Òg rettstekniske omsyn talar for denne løysinga. Har ingen foreldreansvaret, foreslår departementet at verja får rettane.
Departementet held etter høyringsrunden fast ved alternativet "i saker der nokon under 18 år er død som følgje av ei straffbar handling" frå høyringsnotatet. Departementet legg til grunn at denne generelle formuleringa òg vil dekkje tilfelle der barnet er død etter ei straffbar handling som strir mot spesiallovgjevinga.
Pårørande som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling, har i dag ikkje krav på å få dekt reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste. Vitne har derimot etter lov om vidners og sakkyndiges godtgjørelse mv. krav på reisegodtgjersle etter staten sitt reiseregulativ. Retten kan òg, når økonomisk tap er godtgjort, dekkje dei utlegga og den tapte arbeidsfortenesta vitnet har hatt så langt det er rimeleg. Godtgjersle kan bli gjeven for dei dagane som går med til å følgje hovudforhandlinga og ankeforhandlinga, inkludert tap i reisetida og under opphaldet på staden.
Departementet foreslo i høyringsnotatet at dei pårørande skulle få dei same rettane som vitne på dette punktet.
Alle dei høyringsinstansane som er generelt positive til at pårørande får nye rettar i straffesaker støttar framlegget om at pårørande skal få dekt utgiftene sine på lik line med vitne.
Høyringsfråsegnene har vist at det er brei semje om departementet sitt framlegg om at foreldre som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barnet deira er død som følgje av ei straffbar handling, skal få dekt reiseutgiftene og tapt arbeidsforteneste på line med vitne, og departementet held fast ved framlegget.
Bortsett frå retten til bistandsadvokat har ikkje dei pårørande etter gjeldande rett prosessuelle rettar i straffesaker i kraft av å vere pårørande, slik dei fornærma har.
Departementet reiste i høyringsnotatet spørsmål om ikkje foreldre til barn som er døde ved ei straffbar handling, bør få krav på å få nemnt opp bistandsadvokat, uavhengig av om retten meiner det gjeld "særlige tilfelle" som nemnt i straffeprosesslova. Departementet foreslo å føre vidare den gjeldande regelen om pårørande sin rett til advokat for andre tilfelle enn dei det nye framlegget gjeld. Departementet foreslår at dei pårørande som framlegga i denne proposisjonen gjeld, får ein rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det, og viser til grunngjevinga i høyringsnotatet. Høyringa har synt at det er brei støtte til framlegget. Departementet ynskjer å samle reglane om rett til bistandsadvokat for den fornærma og for foreldra til barn som er døde ved ei straffbar handling, i straffeprosesslova § 107 a og viser til at ei slik samling har fått brei støtte i høyringa.
Pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til underretning som den fornærma har etter straffeprosesslova. Departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane sitt syn på om påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, gjeve påtaleunnlating, eller at saka er lagd bort. Høyringsrunda har styrkt departementet i synet på at påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, at saka er lagd bort eller at det er gjeve påtaleunnlating. Ein klår underretningsplikt vil krevje få ressursar, samstundes som retten til informasjon kan ha mykje å seie for dei pårørande.
Dei pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har etter straffeprosesslova. Departementet bad høyringsinstansane om å uttale seg om foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling, bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma. Fleirtalet av dei høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet, er samde i at dei pårørande bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma har. Ein del instansar går likevel imot forslaget.
Departementet held fast ved framlegget om at foreldre bør få same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har. Departementet legg til at retten bør gjelde same om foreldra fremjar borgarlege rettskrav i saka eller ikkje. Og sjølv om dei fremjar slike krav, har departementet funne at det er naudsynt å klargjere retten til dokumentinnsyn for denne gruppa. Departementet foreslår òg at ein advokat som blir nemnd opp for foreldra får same retten som ein fornærma sin advokat har til kopiar av dokument i saka. Foreldre som ikkje krev advokat, kan likevel ynskje å halde seg orienterte i saka.
Retten kan avgjere at den sikta/tiltalte skal forlate rettssalen medan eit vitne blir avhøyrt, dersom det er særleg grunn til å frykte at forklaringa elles ikkje vil bli gjeven utan atterhald. Denne regelen gjeld òg for den fornærma sine pårørande som gir vitneforklaring. I høyringsnotatet blei høyringsinstansane bedne om å uttale seg om reglane i straffeprosesslova bør endrast slik at retten gis adgang til å pålegge den siktede eller andre å forlate rettssalen når foreldre til barn under 18 år som er drept ved en straffbar handling, forklarer seg - selv om det er grunn til å tro at vitnet uansett vil gi en uforbeholden forklaring. De fleste høyringsinstansane meiner at moglegheita til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, vitnar, bør vere den same som for den fornærma. Departementet har kome til at det bør gjerast framlegg om endringar, og har lagt avgjerande vekt på omsynet til dei pårørande.
Departementet ba i høyringsnotatet høyringsinstansane vurdere om dei pårørande burde få same eller nokre av dei rettane dei fornærma får - på vilkår av at dei fornærma skulle få utvida rettar. Av di departementet har kome til at eit utval bør greie ut spørsmålet om ei styrking av den fornærma si stilling nærare, finn ikkje departementet grunn til å gå inn på høyringsfråsegnene på dette punktet. Men fråsegnene vil vere ein del av det grunnlagsmaterialet utvalet skal leggje til grunn for arbeidet sitt, og utvalet vil òg bli bede om å vurdere dei pårørande si stilling.
Det arbeidast for tida med å redusere tida det tar å handsame saker i alle ledd av straffesakskjeda. Moglegheita for oppklåring av og domfelling i ei sak betrast ved ei rask handsaming. Vidare er det grunn til å tru at ei hurtig handsaming av straffesaker styrkar verknaden av straffa. Dette er av verdi både for samfunnet som heile og for den fornærma. Og ei raskare handsaming kan dempe påkjenninga for den fornærma og dei pårørande av di dei hurtigare kan leggje saka bak seg.
Departementet legg til grunn at framlegget om økonomisk godtgjersle til foreldre til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, ikkje påverkar handsaminga av straffesaka i nokon mon. Det er framlegga om endringar i straffeprosesslova som reiser spørsmål i forhold til målet om ei raskare handsaming av straffesaker. Departementet trur ikkje framlegga til endringar i proposisjonen vil seinke avviklinga av straffesakene i særleg mon, og viser til at det òg er den rådande oppfatninga i høyringa. Framlegga er langt på veg ei synleggjering av eksisterande rettar, og forslaga gjeld ei svært lita mengd med saker. I alle høve meiner departementet at omsynet til foreldra må vege tyngre enn omsynet til hurtigare handsaming av straffesaker i desse sakene.
Dei endringane departementet gjer framlegg om, vil i første rekkje gje konsekvensar for domstolane, politiet og påtalemakta.
Framlegget om at foreldra til barn som er døde som følgje av ei straffbar handling skal få dekt reiseutlegg og eventuelt tapt arbeidsforteneste som vitne når dei følgjer hovudforhandlinga i straffesaka vil gje det offentlege auka kostnader. Departementet reknar med at framlegget vil kunne gje det offentlege årlege auka utlegg i storleiken kr 500 000-600 000. Men talet er uvisst sidan det ikkje finnast ei total oversikt over saker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling.
Når det gjeld framlegget om ei utviding av ordninga med bistandsadvokat reknar departementet berre med at det vil ha små økonomiske og administrative konsekvensar.
Forslaga elles vil kunne føre til noko meir arbeid for politiet og påtalemakta. Framlegga er eit stykke på veg ei synleggjering av gjeldande rettar, så meirarbeidet blir ikkje så stort.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, Carsten Dybevig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Unni Hennum Lie, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, er fornøyde med at Regjeringen nå har lagt frem forslag til endringer i loven om godtgjøring til vitner og sakkyndige, og i straffeprosessloven.
Komiteen støtter at pårørende gis økte rettigheter i saker hvor mindreårige dør som følge av en straffbar handling. Komiteen ser dette som en forbedring i forhold til dagens ordning, og en oppfølging av innspill fra pårørende som har opplevd slike tragiske hendelser.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartietog Sosialistisk Venstreparti vil videre vise til den innsats som blant annet Stine Sofies stiftelse har bidratt med, ikke minst ved gjennomføring av en samling for 15 pårørende i Grimstad i mars 2002. Disse medlemmer er også tilfreds med at departementets støtte gjorde dette mulig.
Komiteen er klar over hvor vanskelig det er for pårørende å videreføre sitt daglige liv i etterkant av at ens egen familie har mistet et barn. Komiteen mener derfor det er viktig med en gjennomgang av dagens regelverk, slik at berørte parter ikke opplever endringer av økonomisk karakter som en tilleggsbyrde. I den anledning forutsetter komiteen at søknad om voldsoffererstatning, eller søknad om forskudd på slik erstatning, behandles snarest og uten unødig opphold. Komiteen er kjent med at saksbehandlingstiden vedrørende voldsoffererstatning er redusert vesentlig, men vil likevel påpeke at saker av denne karakter må gis prioritet.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, ser også viktigheten av å fortsette arbeidet med å utvikle en "pårørendeomsorg" og ber departementet fortsette dette arbeid i samarbeid med aktuelle organisasjoner.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet ser også viktigheten av å fortsette arbeidet med å utvikle en "pårørendeomsorg" og ber departementet fortsette dette arbeid i samarbeid med Stine Sofies Stiftelse.
Komiteen vil i denne anledning vise til Riksadvokaten som i sin høringsuttalelse blant annet sier:
"Det har vært stor oppmerksomhet omkring politiets kontakt med og behandling av pårørende i alvorlige straffesaker, ikke minst i forbindelse med drap og forsvinningssaker. Riksadvokaten er enig i at relasjonene til rammede familier er svært viktig, og alltid må søkes ivaretatt på beste måte."
Komiteen slutter seg til Riksadvokatens vurdering.
Komiteen har videre merket seg Justisdepartementets vurdering av hvilke saker som skal kunne gi pårørende utvidede rettigheter. Komiteen slutter seg til at det skal gjelde straffbare forhold hvor barn og unge blir drept. Komiteen slutter seg også til at det er det spesielle forholdet mellom barn og foreldre som er hovedgrunnen for disse økte rettighetene.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti ber Regjeringen også sørge for at foreldre gis økonomisk anledning til å støtte og følge sine barn, i saker hvor barn er tilkjent bistandsadvokat. Dette under forutsetning av at foreldrene selv ikke er part i saken. Videre kan etterlatte søsken ha stort behov for å følge rettssaken, og disse bør heller ikke utelukkes gjennom streng praktisering av regelverket.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at proposisjonen kun omhandler den situasjonen som skisseres der foreldre får rett til bistandsadvokat uavhengig av om de fremmer erstatningskrav. Flertallet ber Regjeringen sørge for at utvalget som skal settes ned av Justisdepartementet og som skal se på fornærmedes straffeprosessuelle stilling, også vurderer problemstillingen vedrørende pårørende for barn med rett til bistandsadvokat.
Komiteen registrerer at det er en viss uenighet om avgrensingen av hvem som skal regnes som barn og unge. Komiteen slutter seg til innspill fra Barne- og familiedepartementet, Riksadvokaten, Politidirektoratet, Agder politidistrikt, Oslo politidistrikt og Barneombudet som alle tar til orde for en grense på 18 år som hovedregel, men at det bør kunne gjøres unntak etter en konkret vurdering i særskilte tilfeller, typisk når barn fremdeles bor hjemme hos foreldrene etter dette tidspunkt. Komiteen er fornøyd med at også Justisdepartementet nå slutter seg til at det skal kunne gjøres unntak når særlige forhold tilsier det.
Komiteen ser viktigheten av at departementet avklarer hvem som skal regnes som pårørende i forbindelse med at disse skal gis nye og økte rettigheter. Komiteen slutter seg til at dette i utgangspunktet kun bør gjelde foreldrene, men at også andre kan gis slik bemyndigelse. Komiteen har stor forståelse for POD som uttaler:
"Dette vil være aktuelt i tilfeller hvor foreldrene selv ikke orker å møte og andre ønsker å være til stede, eller hvor aleneforeldre ønsker å ha med seg en nærstående."
Videre viser komiteen til Riksadvokaten som blant annet sier:
"Mange barn vil bare ha en forelder, og denne kan ønske å ha med seg noen ved tunge dager i retten, for eksempel en annen slektning eller nær bekjent. Det vil også kunne tenkes at foreldrene overhodet ikke makter å møte i retten, slik at en annen - for eksempel eldre søsken - ønsker å være til stede isteden. Dette bør det etter en konkret vurdering være adgang til."
Komiteen støtter denne uttalelsen, og fremmer derfor følgende endring vedrørende hvem som bør få nye rettigheter i forbindelse med mulighet til å følge straffesaken. Komiteen foreslår derfor følgende:
"I lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse skal § 1 nytt andre ledd tredje og fjerde punktum lyde:
Den som hadde foreldreansvaret eller var verge kan i stedet peke ut en annen person som kan fremme krav. Hvis bare én hadde foreldreansvaret eller var verge, kan vedkommende peke ut en annen person som også kan fremme krav."
Komiteen slutter seg ellers til de fremlagte forslag til endringer i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosessloven.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt
vedtak til lov
om endringar i lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. og i straffeprosesslova
I
I lov 21. juli 1916 nr. 2 om vidners og sakkyndiges godtgjørelse m.v. gjerast følgjande endring:§ 1 nytt andre ledd skal lyde:
I straffesaker hvor noen under 18 år er død som følge av en straffbar handling, har den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede og som følger hovedforhandlingen, krav på godtgjørelse som for vitner. Det samme gjelder dersom fornærmede hadde fylt 18 år på handlingstidspunktet og særlige forhold foreligger. Den som hadde foreldreansvaret eller var verge kan i stedet peke ut en annen person som kan fremme krav. Hvis bare én hadde foreldreansvaret eller var verge, kan vedkommende peke ut en annen person som også kan fremme krav.
II
I lov 22. mai 1981 nr. 25 om rettergangsmåten i straffesaker (straffeprosesslova) gjerast følgjande endringar:§ 28 første ledd skal lyde:
Utskrift av rettsbøker og andre dokumenter i en straffesak som retten har avsluttet behandlingen av, kan kreves av
a)den fornærmede,
b)den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede i saker som nevnt i § 107 a annet ledd første og annet punktum, og
c) enhver annen som det har rettslig interesse for.
Kapittel 9 a skal lyde:
Kap 9 a. Rett til avdokat for den fornærmede mv.
§ 107 a nytt andre ledd skal lyde:
I saker hvor noen under 18 år er død som følge av en straffbar handling, har den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede, rett til hjelp fra advokat dersom han eller hun ønsker det. Det samme gjelder dersom fornærmede hadde fylt 18 år på handlingstidspunktet og særlige forhold foreligger. I andre tilfeller hvor den fornærmede er død eller av andre grunner ikke er i stand til å begjære advokat oppnevnt, kan retten i særlige tilfelle oppnevne advokat til å vareta hensynet til fornærmede og fornærmedes nærmeste. Er advokat oppnevnt og fornærmede dør før saken er avgjort, avgjør retten om oppnevningen skal stå ved lag. Reglene i kapitlet her gjelder tilsvarende så langt de passer.
Gjeldande andre, tredje og fjerde ledd blir nye tredje, fjerde og femte ledd.
§ 107 b fjerde ledd blir oppheva.
§ 242 første ledd første punktum skal lyde:
Mistenkte, hans forsvarer, fornærmede og den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede i saker som nevnt i § 107 a annet ledd første og annet punktum skal på begjæring gis adgang til å gjøre seg kjent med sakens dokumenter såfremt det kan skje uten skade eller fare for etterforskingens øyemed eller for tredjemann.
§ 245 første ledd nytt femte punktum skal lyde:
Det samme gjelder ved avhør av den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede i saker som nevnt i § 107 a annet ledd første og annet punktum.
Gjeldande femte punktum blir nytt sjette punktum.
§ 264 a nytt fjerde ledd skal lyde:
Reglene i paragrafen her gjelder tilsvarende for den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede i saker som nevnt i § 107 a annet ledd første og annet punktum.
§ 284 første ledd nytt sjette punktum skal lyde:
Det samme gjelder ved avhør av den som hadde foreldreansvar eller var verge for fornærmede i saker som nevnt i § 107 a annet ledd første og annet punktum.
Gjeldande sjette punktum blir nytt sjuande punktum.
III
1. Lova trer i kraft frå den tid Kongen fastset. Dei einskilde føresegnene i lova kan tre i kraft til ulik tid.
2. Føresegna om bistandsadvokat gjeld ikkje i saker som er brakt inn for retten når føresegna trer i kraft.
Oslo, i justiskomiteen, den 3. juni 2004
Trond Helleland | Jan Arild Ellingsen |
leder | ordfører |