Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

5. Kva for rettar bør foreldra få?

Pårørande som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barn og unge er døde som følgje av ei straffbar handling, har i dag ikkje krav på å få dekt reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste. Vitne har derimot etter lov om vidners og sakkyndiges godtgjørelse mv. krav på reisegodtgjersle etter staten sitt reiseregulativ. Retten kan òg, når økonomisk tap er godtgjort, dekkje dei utlegga og den tapte arbeidsfortenesta vitnet har hatt så langt det er rimeleg. Godtgjersle kan bli gjeven for dei dagane som går med til å følgje hovudforhandlinga og ankeforhandlinga, inkludert tap i reisetida og under opphaldet på staden.

Departementet foreslo i høyringsnotatet at dei pårørande skulle få dei same rettane som vitne på dette punktet.

Alle dei høyringsinstansane som er generelt positive til at pårørande får nye rettar i straffesaker støttar framlegget om at pårørande skal få dekt utgiftene sine på lik line med vitne.

Høyringsfråsegnene har vist at det er brei semje om departementet sitt framlegg om at foreldre som følgjer hovudforhandlinga i straffesaker der barnet deira er død som følgje av ei straffbar handling, skal få dekt reiseutgiftene og tapt arbeidsforteneste på line med vitne, og departementet held fast ved framlegget.

Bortsett frå retten til bistandsadvokat har ikkje dei pårørande etter gjeldande rett prosessuelle rettar i straffesaker i kraft av å vere pårørande, slik dei fornærma har.

Departementet reiste i høyringsnotatet spørsmål om ikkje foreldre til barn som er døde ved ei straffbar handling, bør få krav på å få nemnt opp bistandsadvokat, uavhengig av om retten meiner det gjeld "særlige tilfelle" som nemnt i straffeprosesslova. Departementet foreslo å føre vidare den gjeldande regelen om pårørande sin rett til advokat for andre tilfelle enn dei det nye framlegget gjeld. Departementet foreslår at dei pårørande som framlegga i denne proposisjonen gjeld, får ein rett til bistandsadvokat dersom dei ynskjer det, og viser til grunngjevinga i høyringsnotatet. Høyringa har synt at det er brei støtte til framlegget. Departementet ynskjer å samle reglane om rett til bistandsadvokat for den fornærma og for foreldra til barn som er døde ved ei straffbar handling, i straffeprosesslova § 107 a og viser til at ei slik samling har fått brei støtte i høyringa.

Pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til underretning som den fornærma har etter straffeprosesslova. Departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane sitt syn på om påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, gjeve påtaleunnlating, eller at saka er lagd bort. Høyringsrunda har styrkt departementet i synet på at påtalemakta bør påleggjast å underrette foreldre til barn under 18 år som er død som følgje av ei straffbar handling om at det er teke ut tiltale, at saka er lagd bort eller at det er gjeve påtaleunnlating. Ein klår underretningsplikt vil krevje få ressursar, samstundes som retten til informasjon kan ha mykje å seie for dei pårørande.

Dei pårørande har i utgangspunktet ikkje den same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har etter straffeprosesslova. Departementet bad høyringsinstansane om å uttale seg om foreldre til barn under 18 år som er døde ved ei straffbar handling, bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma. Fleirtalet av dei høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet, er samde i at dei pårørande bør få same rett til dokumentinnsyn som den fornærma har. Ein del instansar går likevel imot forslaget.

Departementet held fast ved framlegget om at foreldre bør få same retten til dokumentinnsyn som den fornærma har. Departementet legg til at retten bør gjelde same om foreldra fremjar borgarlege rettskrav i saka eller ikkje. Og sjølv om dei fremjar slike krav, har departementet funne at det er naudsynt å klargjere retten til dokumentinnsyn for denne gruppa. Departementet foreslår òg at ein advokat som blir nemnd opp for foreldra får same retten som ein fornærma sin advokat har til kopiar av dokument i saka. Foreldre som ikkje krev advokat, kan likevel ynskje å halde seg orienterte i saka.

Retten kan avgjere at den sikta/tiltalte skal forlate rettssalen medan eit vitne blir avhøyrt, dersom det er særleg grunn til å frykte at forklaringa elles ikkje vil bli gjeven utan atterhald. Denne regelen gjeld òg for den fornærma sine pårørande som gir vitneforklaring. I høyringsnotatet blei høyringsinstansane bedne om å uttale seg om reglane i straffeprosesslova bør endrast slik at retten gis adgang til å pålegge den siktede eller andre å forlate rettssalen når foreldre til barn under 18 år som er drept ved en straffbar handling, forklarer seg - selv om det er grunn til å tro at vitnet uansett vil gi en uforbeholden forklaring. De fleste høyringsinstansane meiner at moglegheita til å påleggje den sikta eller andre å forlate rettssalen når foreldra til barn under 18 år som er døde som følgje av ei straffbar handling, vitnar, bør vere den same som for den fornærma. Departementet har kome til at det bør gjerast framlegg om endringar, og har lagt avgjerande vekt på omsynet til dei pårørande.