Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Generelt - bør dei pårørande få utvida rettar i straffesaka?

Etter gjeldande rett har verken dei fornærma eller dei pårørande til den fornærma stilling som part i ei straffesak, slik den tiltalte har. Dei pårørande har heller ikkje dei same enkeltrettane som den fornærma sjølv har etter lova. Det synest å vere noko uklårt i praksis i kva for mon dei pårørande i straffesaker likevel kan gjere gjeldande dei rettane som den fornærma har. Dei pårørande til den fornærma har heller ikkje krav på å få dekt reiseutgifter eller tapt arbeidsforteneste, slik vitne og sakkunnige har.

I høyringsnotatet tok departementet opp spørsmålet om nokre pårørande bør få nye rettar i straffesaka. Eit stort fleirtal av dei høyringsinstansane som uttalar seg om spørsmålet, meiner at dei pårørande bør få nye rettar i straffesaker.

Høyringa har styrka departementet i synet på at ei gruppe av dei fornærma sine pårørande bør få nokre nye rettar i straffesaker. Det bør vere mogleg å leggje opp prosessen slik at dei pårørande blir tekne betre i vare enn i dag. Framlegga i proposisjonen her har opphav i reglar som gjeld dei fornærma og vitne. Spørsmålet er om omsyna bak reglane òg er relevante for dei pårørande det er tale om, slik at det kan vere grunn til å utvide og/eller presisere virkeområdet til reglane. Departementet vil understreke at framlegget gjeld ei lita gruppe pårørande, som eit stykke på veg kan gjere gjeldande desse rettane allereie i dag. For nokre av forslaga er det difor tale om ei synleggjering.