1. Samandrag
- 1.1 Innleiing og bakgrunn
- 1.2 Gjeldande rett, relevante konvensjonar og lovgivinga i andre land
- 1.3 Helsekonsekvensar av kjønnslemlesting
- 1.4 Høyringa
- 1.5 Dei ulike tema i lovforslaget
- 1.5.1 Generelt om behovet for ei eiga føresegn om plikt til å avverje kjønnslemlesting og om plasseringa av ei slik føresegn i lovverket
- 1.5.2 Når skal avverjingsplikta gjelde?
- 1.5.3 Oppfylling av avverjingsplikta
- 1.5.4 Kven skal avverjingsplikta gjelde for?
- 1.5.5 Forholdet til teieplikta
- 1.5.6 Straffespørsmålet
Helsedepartementet legg i proposisjonen fram forslag til endringar i lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse. For å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting, blir det føreslått ei ny føresegn i kjønnslemlestingslova om plikt til å avverje brot på lova.
Omgrepet kjønnslemlesting refererer til inngrep der større eller mindre delar av det kvinnelege kjønnsorganet blir fjerna, heilt eller delvis. Det blir uttala at kjønnslemlesting er eit diskriminerande og helsefarleg overgrep mot kvinner og eit alvorleg brot på menneskerettane. I Noreg har vi hatt ei eiga lov om forbod mot kjønnslemlesting sidan 1995.
"Handlingsplan mot kjønnslemlestelse" blei lagt fram i desember 2000. Det heiter i forordet til handlingsplanen at arbeidet med å få sett ein stoppar for kjønnslemlesting står høgt på den politiske dagsordenen.
Det blir gjort greie for handsaminga i Stortinget av Dokument nr. 8:93 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 303 (2000-2001) og Dokument nr. 8:50 (2001-2002) jf. Innst. S. nr. 129 (2001-2002).
For å styrkje innsatsen mot kjønnslemlesting blei det i mai 2002 lagt fram ein tiltaksplan med 33 tiltak. I Revidert nasjonalbudsjett for 2002 blei det tildelt nærmare 10 mill. kroner til Regjeringa si innsats mot tvangsekteskap og kjønnslemlesting. Det nasjonale prosjektet "OK-omsorg og kunnskap mot kvinnelig omskjæring" vil samla få tildelt 15 mill. kroner over tre år i perioden 2001-2004.
Helsepersonell på helsestasjonar, i skulehelsetenesta og på ungdomshelsestasjonar har fått nytt informasjonsmateriell som ei støtte i arbeidet med å hindre kjønnslemlesting. Vidare er det sett i gang kartlegging av behovet for kunnskap, og det er etablert nettverksgrupper i alle helseregionane for å auke kunnskapen i ressursgrupper og styrkje helsesektoren i det førebyggjande arbeidet mot kjønnslemlesting. For å intensivere implementeringa av "Veileder for helsepersonell i Norge om kvinnelig omskjæring", gitt ut av Helsetilsynet, er det sett i verk stimuleringstiltak i spesialisthelsetenesta i alle helseregionane.
Det blir gjort greie for ulike typar av kvinneleg omskjering eller kjønnslemlesting. Felles for dei alle er at ein ved inngrepet fjernar ein større eller mindre del av det kvinnelege kjønnsorganet.
Lov 15. desember 1995 nr. 74 om forbud mot kjønnslemlestelse er ei spesiell straffelov som m.a. fastsett at den som forsettleg utfører eit inngrep i ei kvinnes kjønnsorgan som skader kjønnsorganet eller påfører det varige forandringer, straffast for kjønnslemlesting, og at rekonstruksjon av kjønnslemlesting skal straffast på same måte som kjønnslemlesting.
Det følgjer av straffelova § 12 nr. 3 bokstav h at kjønnslemlesting er straffbart etter norsk lov når inngrepet skjer i utlandet, dersom det blir utført av "norsk statsborger eller noen i Norge hjemmehørende person".
Straffealternativa i lov om forbud mot kjønnslemlestelse § 1 første ledd samsvarer med § 229 i straffelova om forsettleg lekamsskading. Departementet legg til grunn at kjønnslemlesting vil påføre ein annan lekamsskade, og såleis blir ramma av § 229 i straffelova.
§ 139 i straffelova set straff for den som lèt vere å prøve å avverje nærmare opplista lovbrot. Det blir uttala at lovparagrafen kan vere relevant ved kjønnslemlesting.
Opplysningar om at ei ung jente er blitt kjønnslemlesta, vil vere underlagde teieplikt etter helsepersonellova § 21. Pasienten (den personen som har ein rett til konfidensialitet) kan gi sitt samtykke til at opplysningar blir gitt vidare. Utan samtykke kan opplysningar berre gis vidare dersom det er uttrykkjeleg fastsett i lov, eller dersom det er ein klar føresetnad at teieplikta ikkje skal gjelde. Etter helsepersonellova § 23 nr. 4 er teieplikta etter § 21 ikkje til hinder for at opplysningar blir gitt vidare når tungtvegande private eller offentlege interesser gjer det rettmessig å gi opplysningane vidare. Departementet tolkar føresegna slik at helsepersonell har ein rett til å melde frå om ei føreståande kjønnslemlesting for å hindre at inngrepet blir gjennomført, men held det for å vere tvilsamt om føresegna gir helsepersonell plikt til å melde frå.
Etter helsepersonellova § 33 andre ledd har helsepersonell plikt til å gi opplysningar til barnevernet når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det blir uttala at føresegna kan vere relevant ved kjønnslemlesting, men at det er uklart i kva grad ein etter føresegna er pliktig til å gi opplysningar til barnevernet for å hindre omskjering utanom i dei mest alvorlege situasjonane, som også blir omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.
Etter helsepersonellova § 31 har helsepersonell plikt til å varsle politiet dersom det er nødvendig for å hindre alvorleg skade på person. Det blir uttala at denne lovparagrafen kan vere relevant der det er fare for at ei kjønnslemlesting skal bli utført, men at det er uklart om føresegna gjeld ved alle typar av kjønnslemlesting.
Det følgjer av andre ledd i barnehagelova § 23 at barnehagepersonalet utan hinder av teieplikta av eige tiltak skal gi opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen eller det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt. Det blir uttala at det er uklart om tilsette i barnehagar etter føresegna har ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege tilfella, som også vil vere omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.
Etter barnevernslova § 6-7 tredje ledd kan barnevernstenesta gi opplysningar til andre forvaltningsorgan når det er nødvendig for å fremje oppgåvene til barnevernstenesta eller for å førebyggje vesentleg fare for liv eller alvorleg skade for helsa til nokon. Det blir uttala at føresegna vil kunne gi barnevernstenesta heimel til å gi opplysningar til politiet om ei føreståande kjønnslemlesting.
Det blir uttala at opplæringslova § 15-3 kan vere relevant ved kjønnslemlesting. Opplysningsplikt til barnevernet vil mellom anna vere aktuelt der omskjering har skjedd, og jenta må reknast for å vere fysisk eller psykisk skadd, utan at foreldra syter for at ho får nødvendig helsehjelp. I slike tilfelle kan det i samsvar med barnevernslova § 4-10 gjerast vedtak om medisinsk undersøking og behandling. Det blir uttala at det er uklart i kva grad føresegna gir tilsette ved skular ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege situasjonane, som også vil vere omfatta av straffelova § 139.
Det går fram av sosialtenestelova § 8-8a at personell som arbeider innanfor ramma av lova, i arbeidet sitt skal vere merksame på forhold som kan føre til tiltak frå barnevernstenesta si side. Det følgjer av andre ledd i lovparagrafen at personellet utan hinder av teieplikta av eige tiltak skal gi opplysningar til barnevernstenesta når det er grunn til å tru at eit barn blir mishandla i heimen, eller at det ligg føre andre former for alvorleg omsorgssvikt, eller når eit barn har vist alvorlege åtferdsvanskar. Personalet har også plikt til å gi slike opplysningar etter pålegg frå dei organa som er ansvarlege for gjennomføringa av barnevernslova. Det blir uttala at det er uklart om det etter føresegna ligg føre ei plikt til å gi opplysningar til barnevernet for å avverje kjønnslemlesting, utanom i dei mest alvorlege tilfella, som også er omfatta av opplysningsplikt etter straffelova § 139.
Det følgjer av FNs konvensjon om barnerettane artikkel 19 at staten skal verne born mot fysisk eller psykisk mishandling, forsømming eller utnytting av foreldre og andre omsorgspersonar. Etter artikkel 24 har born rett til å få best mogleg medisinsk behandling og rehabilitering. Etter artikkel 24 tredje ledd skal deltakarlanda setje i verk effektive og veleigna tiltak med sikte på å avskaffe tradisjonsbestemte skikkar som er skadelege for helsa til born. Det er internasjonal semje om at kjønnslemlesting blir omfatta av artikkel 24.
Artikkel 12 i FNs kvinnekonvensjon omhandlar kvinner sin rett til helse. Tilsynsorganet for kvinnekonvensjonen, CEDAW-komiteen, har i fleire av dei generelle rekommandasjonane sine uttalt at kjønnslemlesting er ein praksis i strid med artikkel 12. Det blir uttala at lovforslaget er eit tiltak i tråd med dei pliktene Noreg tok på seg i samband med ratifiseringa av konvensjonen.
Det blir gjort greie for lovgivinga i Sverige og Danmark.
Stadig fleire afrikanske land har eksplisitt lovforbod mot omskjering. Det gjeld Burkina Faso (innført i 1995), Den sentralafrikanske republikken (innført i 1996), Djibouti (innført i 1995), Elfenbeinskysten (innført i 1998), Ghana (innført i 1994), Senegal (innført i 1999), Tanzania (innført i 1998) og Togo (innført i 1998). I mange andre land finst det anten dekret som seier at kvinneleg omskjering ikkje skal utførast (Egypt), eller det er generelle føresegner i straffelova som er relevante.
Det blir uttala at kjønnslemlesting kan ha vidtrekkjande konsekvensar for både den fysiske og psykiske helsa til born og kvinner. Døme på konsekvensar som kan følgje straks etter ei kjønnslemlesting, er sjokk, bløding, smertefull vasslating, infeksjonar og psykisk sjokk på grunn av inngrepet. Døme på etterfølgjande og meir langsiktige komplikasjonar er problem i form av smerter ved menstruasjon, underlivssmerter, kronisk underlivsbetennelse, eventuelt med barnløyse til følgje, invalidiserande vasslatingsproblem, komplikasjonar i samband med svangerskap og fødsel, smerte ved samleie og andre seksuelle problem.
Helsedepartementet sende i mars 2003 ut eit høyringsforslag om endringar i lova om forbod mot kjønnslemlesting.
Helsedepartementet har teke imot svar frå 70 høyringsinstansar:
Det blir uttala at 50 høyringsinstansar uttaler seg positivt om den innsatsen departementet gjer i kampen mot kjønnslemlesting, av desse uttaler 29 høyringsinstansar uttrykkeleg at dei støttar lovforslaget. Sju høyringsinstansar uttaler at dei ikkje støttar lovforslaget i den forma det ligg føre i høyringsnotatet. Åtte høyringsinstansar uttaler at dei ikkje støttar forslaget om straffesanksjonar.
Det blir peika på at vi i dag ikkje har noka særskild føresegn som eksplisitt pålegg nokon ei plikt til å prøve å avverje ei kjønnslemlesting, og at føresegnene i straffelova, helsepersonellova, barnehagelova, barnevernslova, opplæringslova og sosialtenestelova som kan vere relevante ved kjønnslemlesting, er generelt utforma og ikkje gitt spesielt med tanke på kjønnslemlesting.
Slik departementet ser det, er det viktig at vi i lovverket har ei avverjingsplikt som omfattar alle typar av kjønnslemlesting, slik at det ikkje skal vere nokon tvil omkring dette spørsmålet. Departementet meiner ei føresegn om avverjingsplikt kan medverke til å sikre eit betre vern for jenter som kan bli ramma av kjønnslemlesting.
Slik departementet vurderer det, bør ei lovbestemt plikt til å avverje kjønnslemlesting takast inn i den same lova der ein finn sjølve straffebodet, ettersom det er den beste måten å gjere føresegna effektiv på. Departementet kan ikkje sjå at det er tenleg å ha strafferegelen i éi lov (kjønnslemlestingslova) og avverjingsplikta i ei anna lov (straffelova). Departementet legg likevel til grunn at innføring av ei avverjingsplikt i kjønnslemlestingslova no, ikkje er til hinder for ei eventuell seinare overføring av føresegnene i kjønnslemlestingslova til straffelova.
Etter departementet sitt syn bør avverjingsplikta gjerast gjeldande når vedkomande yrkesutøvar har kunnskap som inneber at det er mest sannsynleg (meir enn 50 prosent) at ei kjønnslemlesting vil bli utført. Departementet går altså inn for at eit alminneleg krav til forsett skal gjelde.
Slik departementet ser det, vil ei avverjingsplikt innebere at vedkomande yrkesutøvar har plikt til å handle, det vil seie plikt til å setje i gang og/eller medverke til ein tiltaksprosess der siktemålet eller målet for handlingane/tiltaka er å avverje at kjønnslemlestinga blir gjennomført.
Det blir understreka at ei avverjingsplikt ikkje er det same som ei plikt til å melde saka til politiet, og at ein bør prøve å få til samarbeid med foreldra til jenta før ein tyr til maktmiddel for å stoppe ei kjønnslemlesting. Departementet meiner ein bør prøve å hindre kjønnslemlestinga gjennom informasjon, samtale og førebyggjande arbeid, der yrkesutøvarar (barnevernspersonell, barnehagepersonell, helsepersonell, lærarar, prestar/forstandarar i trussamfunnet jenta tilhøyrer osv.) samarbeider om tiltak, før ein eventuelt melder saka til politiet.
Departementet vil ta initiativ til at det blir utarbeidd rettleiingsmateriell som i større grad klargjer meldelinjer og kven som bør melde frå om kva og til kven.
Departementet føreslår at avgrensinga av avverjingsplikta blir nærmare presisert i lovteksten. Det blir føreslått at avverjingsplikta skal gjelde yrkesutøvarar og tilsette i barnehagar, barnevernet, helsetenesta, sosialtenesta, skular, skulefritidsordningar og trussamfunn. Vidare blir det føreslått at avverjingsplikta skal gjelde forstandarar og religiøse leiarar i trussamfunn.
Departementet vurderer det slik at omsynet til å avverje kjønnslemlesting veg tyngre enn omsynet til teieplikta når ei jente står i fare for å bli kjønnslemlesta.
Departementet reknar med at eit trugsmål om straff kan medverke til å effektivisere avverjingsplikta. Departementet føreslår derfor at det å la vere å oppfylle avverjingsplikta, blir straffesanksjonert.
Den føreslåtte strafferamma for å la vere å avverje ei kjønnslemlesting svarer til strafferamma i straffelova § 139. Departementet meiner at graden av alvor i ei kjønnslemlesting må jamstellast med alvoret i dei overgrepa denne føresegna gjeld.