Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra samferdselskomiteen om lov om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag)

Dette dokument

  • Innst. O. nr. 31 (2003-2004)
  • Kildedok: Ot.prp. nr 17 (2003-2004)
  • Dato: 04.12.2003
  • Utgiver: Samferdselskomiteen
  • Sidetall: 3
  • PDF

Innhold

Til Odelstinget

Ved persontransport mot vederlag må førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma i tillegg til førarkort ha kjøresetel.

Med heimel i lov 18. juni 1965 nr. 4 om vegtrafikk § 24 siste ledd og lov 4. juni 1976 nr. 63 om samferdsel (samferdselsloven) § 13 nr. 3 kunne det stillast krav om kjøresetel for førar ved persontransport mot vederlag.

Reglane er no plasserte i forskrifter om førerkort og førerprøve m.v. av 23. februar 1979 nr. 4 (førerkortforskriften) § 7 nr. 7, og dei har tidlegare vore plasserte i eiga forskrift om kjøresetel.

Styresmaktene kan på nærare fastsette vilkår kalle tilbake, beslagleggje eller nekte tildeling av kjøresetel. Vedtaka blir i dag trefte administrativt av politiet, og vedtaka kan påklagast administrativt eller bringast inn for domstolane ved sivilt søksmål.

Samferdselsloven er nå avløyst av lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (yrkestransportloven).

Justisdepartementet foreslo i Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) Om lov om endringer i vegtrafikkloven m.v. (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn m.v.) at kompetansen til å ta frå nokon retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.v. på grunn av straffbare forhold, skal overførast til dom­stolane og at avgjerda skal treffast i samband med straffesaka. Denne overføringa av kompetanse skal berre gjelde der tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.m. er grunna i straffbare forhold, jf. lovendring 7. april 2003 nr. 77.

Bakgrunnen for forslaget om å overføre kompetansen til å fastsetje tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag frå politiet til domstolane, er basert på fleire argument. Mellom anna ønskje om ein samordna reaksjon, den dømde sitt behov for ei hurtig og samla fastsetting av konsekvensane av ei straffbar handling, auka preventiv effekt ved rask saksbehandling og sikker og forsvarleg saksbehandling. Tilsvarande gjeld òg ved førelegg.

Det blei òg foreslått at tilsvarande reglar skal gjelde for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag (kjøresetel), og at reglane skal flyttast frå forskrift til formell lov.

Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) hadde berre forslag til endringar i vegtrafikkloven. Av den grunn fremmar Samferdselsdepartementet ein eigen odelstingsproposisjon om endringar i yrkestransportloven, slik at reglane for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag på grunn av straffbare forhold får heimel i formell lov.

Forslaget i Ot.prp. nr. 17 (2003-2004) har ikkje vore sendt på eiga høyring, og det blir vist til høyringsrunde i samband med Ot.prp. nr. 52 (2002-2003). Dei fleste høyringsinstansane meiner at reglane om tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag bør fastsetjast i formell lov og ikkje i forskrift som i dag. Grunnen er inngrepet sin alvorlige karakter og at det liknar tap av retten til å føre førarkortpliktig motorvogn m.m. som reaksjon.

Endringane i yrkestransportloven vil i første rekkje få økonomiske og administrative konsekvensar for politi, påtalemakta og domstolane fordi fleire spørsmål om fastsetjing av tap av retten til å føre mo­torvogn ved persontransport mot vederlag må prosederast i samband med straffesaka. Vidare vil endringane få konsekvensar for Samferdselsdepartementet, Vegdirektoratet og Politidirektoratet som må utarbeide nærare retningslinjer, rundskriv og andre administrative tiltak.

Merknader til lovforslaget går elles fram av pkt. 5 i proposisjonen.

Departementet foreslår at forslaget til lovendring i yrkestransportloven trer i kraft frå 1. januar 2004.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Tor-Arne Strøm, fra Høyre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans Gjeisar Kjæstad og lederen Petter Løvik, fra Fremskrittspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, fra Kristelig Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl, og fra Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har merket seg at Regjeringens forslag til endringer i yrkestransportloven har sammenheng med lovendring 7. april 2003 nr. 77 i lov 18. juni 1965 om vegtrafikk, slik at reglene for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag på grunn av straffbare forhold får hjemmel i formell lov.

Komiteen har merket seg at den foreslåtte lovendringen ikke har vært ute på egen høring, men at i forbindelse med behandling av Ot.prp. nr. 52 (2002-2003) var spørsmålet ute på bred høring.

Komiteen har ellers ingen merknader og støtter Regjeringens forslag til endring av yrkestransportloven.

Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjøre slikt

vedtak til lov

om endringar i lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy (domstolsbehandling av tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag)

I

I yrkestransportloven 21. juni 2002 nr. 45 blir gjort følgjande endringar:

Nytt kapittel 7A skal lyde:

Kap. 7A. Kjøresetel

§ 37 a Virkeområde

Førar av drosje, selskapsvogn, turvogn, rutevogn og motorvogn som er spesielt utforma og/eller utstyrt for transport for funksjonshemma, må under persontransport mot vederlag ha kjøresetel i tillegg til førar­kort.

Kjøresetelen gjeld for heile landet og blir utferda av politimeisteren eller den han gir myndigheit der vedkommande bur. Det er ikkje nødvendig med ny kjøresetel ved skifte av bustad, jf. § 37 c andre ledd.

Kjøresetel blir utferda for 10 år. For person som er fylt 60 år blir kjøresetelen utferda for fem år, men ikkje lenger enn til innehavar fyller 70 år. Dersom særlege helseforhold tilseier det, skal perioden kjøresetelen er gyldig for setjast kortare.

§ 37 b Søknad om kjøresetel m.m.

Søknad om kjøresetel skal gjerast på fastsett blankett. Legeattest skal leggjast ved søknad om kjøresetel og søknad om fornying av kjøresetel.

Det blir stilt same krav til helse m.m. som for førar­kort klasse D og DE. Dersom innehavar av kjøresetel ikkje lenger fyller dei krava som er sette for syn, hørsel og førleik, pliktar vedkommande å gi melding til politiet.

Politiet skal gi kjøresetelen påteikning om eventuelle avgrensande vilkår.

§ 37 c Vilkår for tildeling av kjøresetel m.m.

Den som skal få kjøresetel, må være fylt 20 år og ha slik vandel at politiet ikkje finn vedkommande uskikka til å virke som førar av slik motorvogn som nemnd i § 37 a.

Politimeisteren eller den han gir myndigheit kan bestemme at det for å få kjøresetel for drosje skal krevjast avlagt prøve som viser tilstrekkeleg kjennskap til løyvedistriktet. Er slikt vedtak sett i verk, gjeld ikkje kjøresetel frå anna politidistrikt utan på­teikning frå politiet om at vedkommande har stått til kjentmannsprøven.

§ 37 d Mellombels nekting av kjøresetel

Blir ein som ikkje har kjøresetel med skilleg grunn mistenkt for straffbart forhold, som kan vere avgjerande for retten til å få kjøresetel, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit bestemme at kjøresetel ikkje skal utferdast før saka er endeleg avgjort, likevel ikkje ut over tre månadar utan orskurd frå tingretten.

§ 37 e Beslag av kjøresetel

Finn politiet at innehavar av kjøresetel med skilleg grunn er mistenkt for straffbart forhold som kan medføre tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, jf. § 37 f andre ledd, kan ein polititenestemann ta kjøresetelen frå innehavaren. Spørsmålet om å oppretthalde beslaget skal så snart som mogeleg leggjast fram for ein tenestemann som tilhører påtalemakta. Avgjerda skal gjerast skriftleg. Dersom den mistenkte ikkje samtykker i beslaget, må spørsmålet om fortsett beslag av kjøresetel innan tre veker sendast tingretten til avgjerd.

§ 37 f Tilbakekalling og tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag

Politimeisteren eller den han gir myndigheit, kan treffe vedtak om å kalle retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag tilbake, dersom vedkommande ikkje er edrueleg eller viser seg å vere upåliteleg eller å ha andre eigenskapar som gjer at han må reknast som uskikka til å vere førar av bil under persontransport mot vederlag.

Blir den som har kjøresetel ilagt straff, kan det i same dom eller ved førelegg fastsetjast tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag for ei bestemt tid eller for alltid, dersom allmenne omsyn elles krev det.

§ 37 g Innlevering av kjøresetel

Ved beslag av kjøresetel, tilbakekalling eller tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag, pliktar innehavaren straks å levere kjøresetelen til politiet.

§ 37 h Klage og unntak

For vedtak treft av politiet er Politidirektoratet klageinstans. I klagesak om krav til helse og førleik for kjøresetel, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Statens helsetilsyn om helsemessige tilhøve. Gjeld klagen krav til førleik som er avgjort av regionvegkontoret, skal politiet byggje på endeleg avgjerd frå Vegdirektoratet. For vedtak treft av regionvegkontoret er Vegdirektoratet klageinstans.

Politidirektoratet kan i særskilde høve gjere unntak frå reglane i kapittelet her.

§ 37 i Forkorting på grunn av etterfølgjande forhold m.m.

Tilbakekalling av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag er ikkje til hinder for at politimeisteren eller den han gir myndigheit utferdar ny kjøresetel dersom dei grunnar som medførte tilbakekallinga ikkje lenger er til stades.

Dersom særlige grunnar talar for det, kan politimeisteren eller den han gir myndigheit forkorte den perioden for tap av retten til å føre motorvogn ved persontransport mot vederlag som er fastsett ved dom eller førelegg, jf. § 37 f. Dersom særs sterke grunner talar for det, kan perioden forkortast sjølv om minstetida etter lov eller forskrift ikkje er gått ut.

II

Loven gjeld frå 1. januar 2004.

Oslo, i samferdselskomiteen, den 4. desember 2003

Petter Løvik Jan Sahl
leder ordfører