Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

9. Forslag til retting av lovtekst - skatteloven § 6-40 fjerde ledd

Ved lov 21. desember 2000 nr. 111 blei det vedteke endringar i skattelova § 4-31 som førte til at tidlegare første ledd i skattelova § 4-31 blei erstatta med nye lovføresegner som blei inntekne i skattelova § 4-31 første til tredje ledd. Tidlegare andre og tredje ledd i skattelova § 4-31 blei samstundes ført vidare i skattelova § 4-31 nye fjerde og femte ledd.

Lovføresegna i skattelova § 6-40 fjerde ledd viser mellom anna til lovføresegna i skattelova § 4-31 tredje ledd. Ved ein feil blei jamføringa i skattelova § 6-40 fjerde ledd til skattelova § 4-31 tredje ledd ikkje retta i samband med lovendringa 21. desember 2000 nr. 111. Rett jamføring skal vere til skattelova § 4-31 femte ledd. Regjeringa foreslår at skattelova § 6-40 fjerde ledd endrast i samsvar med dette.

Regjeringa foreslår at endringa blir sett i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2003.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av skatteloven § 6-40 fjerde ledd.