Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

8. Oppfølgning av Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven)

Regjeringa fremma 13. desember 2002 Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven). Forslaget inneheldt også utkast til endringar i mellom anna skattelova og folketrygdlova. Når det gjeld skattemessige forhold, blei det gjort framlegg om at stønaden som nye innvandrarar kan få etter utkastet til introduksjonslova, skal vere skattepliktig som alminneleg inntekt og personinntekt, og at det skal svarast trygdeavgift med låg sats. For ei nærmare utgreiing om forslaget på dette punkt, viser ein til den nemnde proposisjonen.

I Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om lov om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere blei det ikkje fremma forslag om korleis introduksjonsstønaden skal handsamast i forhold til rapportering og skattetrekk. Heller ikkje spørsmålet om arbeidsgjevaravgift blei uttrykkeleg regulert, men det har blitt lagt til grunn at det ikkje er grunnlag for å påleggje introduksjonsstønaden arbeidsgjevaravgift. Det vil vere ei føremon for mottakaren av stønaden å bli stilt ovafor dei same reglane som dei mest truleg seinare vil måtte halde seg til i løna arbeid.

Regjeringa meiner det er mest tenleg at den som utbetaler stønaden, det vil seie kommunen, bør rapportere utbetalinga til skattestyresmaktene på lik line med det som gjeld for løn. Truleg er det allereie heimel for slik plikt til rapportering i likningslova § 6-2 nr. 1 bokstav b. Regjeringa meiner likevel at rapporteringsplikta bør regulerast uttrykkeleg. Det visast til forslag til endring av likningslova § 6-2 nr. 1 bokstav b. Når det gjeld skattetrekk, bør introduksjonsstønaden vere omfatta av reglane om forskottstrekk. Forskottstrekk gjeld mellom anna for løn og pensjon, jf. skattebetalingslova § 5. Konsekvensen av ikkje å innlemma introduksjonsstønaden i reglane om forskottstrekk er at det er reglane om forskottsskatt i skattebetalingslova § 13 føljande som då vil gjelde.

Forskottstrekk vil vere mest tenleg med sikte på å sikre at skatten faktisk blir betalt. Også i tilfeller kor skattytaren har introduksjonsstønad kombinert med anna skattepliktig inntekt, vil ei ordning med forskottstrekk vere best egna til å sikre korrekt betaling av skatten. Det visast til forslag til endring av skattebetalingslova § 5 første ledd bokstav e.

Introduksjonsstønaden er ei yting frå det offentlege for å sikre deltakarane i introduksjonsordninga ei inntekt. Ytinga har ein viss likskap med arbeidsinntekt, då det er ei føresetnad for å få ytinga at ein tek del i eit introduksjonsprogram. Det er neppe heimel for å påleggje arbeidsgjevaravgift på ytinga etter folketrygdlova § 23-2. Regjeringa meiner likevel at det er mest tenleg at spørsmålet om plikt til å svare arbeidsgjevaravgift blir regulert uttrykkeleg. Det blir derfor gjort framlegg om at folketrygdlova endrast slik at det heilt klart går fram at introduksjonsstønaden ikkje er ei arbeidsgjevaravgiftspliktig yting. Det visast til forslag til endring av folketrygdlova § 23-2 nytt femte ledd.

I Ot.prp. nr. 28 (2002-2003) Om introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) blei det gjort framlegg om at introduksjonslova, og endringane i andre lovar, skulle setjast i kraft frå 1. september 2003. Kommunane pliktar likevel ikkje å nytte lova før 1. september 2004, jf. utkastet til ikraftsetjingsregel i § 21. Regjeringa foreslår derfor at endringane blir sett i kraft frå 1. september 2003.

Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag til endring av likningsloven § 6-2 nr. 1 bokstav b, skattebetalingsloven § 5 første ledd bokstav e og folketrygdloven § 23-2 nytt femte ledd samt at folketrygdlovens nåværende § 23-2 femte til tolvte ledd blir nye sjette til trettende ledd.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine merknader og forslag i Innst. O. nr. 103 (2002-2003) vedrørende introduksjonsordning for nyankomne innvandrere. Disse medlemmer viser til at Fremskrittspartiet her fremmet en rekke forslag som ble nedstemt. Disse medlemmer aksepterer imidlertid resultatet og slutter seg på bakgrunn av dette til Regjeringens forslag.

Medlemene i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti vil i tillegg vise til merknader og forslag i Innst. O. nr. 103 (2002-2003).