Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

3. Avgrensning av retten til å trekke fra underskudd fra NOKUS-selskap

Etter skattelova §§ 10-60 til 10-68 gjeld det særskilte reglar for skattlegging av eigarar av selskap under norsk kontroll i land med låg skattlegging, såkalla NOKUS-selskap. NOKUS-reglane går ut på at norske eigarar skattleggjast direkte for sin del av selskapets nettoresultat i selskap under norsk kontroll i land med låg skattlegging. Resultatet til selskapet fastsetjast etter reglane i norsk skattelovgjeving som om selskapet var skattytar. Formålet er å sikre ei viss løpande norsk skattlegging av slike selskap.

Dette inneber at norske aksjonærar skattleggjast direkte for sin del av selskapets overskot. Går selskapet med underskot, kan norske aksjonærar trekkje frå sin del av underskotet frå selskapet i alminneleg inntekt. Underskot kan dermed redusere norske aksjonærars skattepliktige inntekt i underskotsåret, også den inntekta som stammer frå norske kjelder. Retten til å trekkje frå underskot er avgrensa av ei frådragsramme som svarar til frådragsramma for kommandittistar.

Samanlikna med tilsvarande reglar i andre land er dei norske reglane for frådrag for underskot liberale. Dei gunstige reglane kan gjere det mogleg å utnytte regelverket til skattemotiverte tilpassingar.

Regjeringa foreslår derfor å endre NOKUS-reg­lane slik at underskot frå NOKUS-selskap ikkje lenger skal kunne trekkjast frå direkte i anna inntekt, men berre skal kunne framførast mot seinare overskot i same selskap.

Det visast til forslag til endringar i skattelova §§ 8-15, 10-61, 10-66 og 10-68. Regjeringa foreslår at endringane blir sett i kraft straks med verknad frå og med inntektsåret 2003.

Provenygevinsten av å avskjere den løpande frådragsretten bereknast til om lag 500 mill. kroner påløpt i 2003, og om lag 500 mill. kroner bokført for 2004. Vidare vil forslaget innebere store administrative forenklingar ved at dei til dels kompliserte berekningane av over- og underpris ved ervervet fell bort.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet, slutter seg til Regjeringens forslag til endringer i skatteloven §§ 8-15 andre ledd siste punktum, 10-61, 10-66 og 10-68.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet går mot forslaget om å endre reglene for beskatning av selskaper i lavskatteland, de såkalte NOKUS-reglene.

Disse medlemmer er opptatt av at næringslivet har stabile og forutsigbare rammevilkår. Mange norske bedrifter har de siste årene investert i utlandet på grunnlag av de rammevilkårene som eksisterte på investeringstidspunktet. Ved at Regjeringen nå foreslår å endre NOKUS-reglene i negativ retning, attpåtil med tilbakevirkende kraft, vil dette medføre at mange investeringer plutselig fremstår som mindre gunstige enn de fremsto på investeringstidspunktet.

Disse medlemmer viser også til at konsekvensene av denne endringen i liten grad er utredet og at endringen heller ikke har vært sendt ut på høring slik regjeringens utredningsinstruks tilsier. Hvilke konsekvenser dette forslaget vil få bl.a. når det gjelder norsk investeringsvilje i utlandet, er derfor høyst usikkert.

Disse medlemmer vil derfor stemme mot denne endringen.