Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

13. Vurdering av iverksetting av eiendomsskatteloven § 8 for anlegg for overføring og distribusjon av elektrisk kraft

Ved kraftskattereforma 1997 blei det vedteke at eigedomsskattelova § 8 skulle tre i kraft for kraftanlegg og anlegg for overføring og distribusjon av elektrisk kraft (heretter overføringsanlegg). Iverksettinga blei utsett fleire gonger for begge typar anlegg. Eigedomsskattelova § 8 tredde i kraft for kraftanlegg frå og med eigedomsskatteåret 2001. Iverksettinga for overføringsanlegg blei sist utsett til eigedomsskatteåret 2004 ved kgl.res. av 30. november 2001. 

Eigedomsskattelova § 8 slår fast at "Eigedomsskattetaksten skal reknast ut etter verdet (taksten) som eigedomen vert sett til ved likninga året før skatteåret", det vil seie formuesverdien av eigedomen. Ved kraftskattereforma blei det vedteke at formuesverdien i overføringsanlegg skulle setjast til "skattemessig verdi pr. 1. januar i ligningsåret", jf. skattelova 1911 § 37 bokstav a femte ledd, no skattelova § 18-5 åttande ledd.

Den 6. november 2002 sendte departementet ut eit høyringsnotat med sine vurderingar, med høyringsfrist 18. desember s.å. I notatet konkluderte departementet med at føresetnadene for vedtaket om iverksetting av eigedomsskattelova § 8 ikkje lenger var til stades. Departementet kom derfor til at eigedomsskattelova § 8 ikkje bør tre i kraft for overføringsanlegg. Hovudgrunnen til dette er at det er ein føresetnad for ei slik iverksetting at det skjer ei felles verdsetting av overføringsanlegget hos selskapa. Føresetnaden for ei slik verdsetting er at det finnest reg­lar for fordeling av eigedomsskattegrunnlaget. Overføringsanlegga er delt inn i tre nettnivå, sentral-, regional- og distribusjonsnettet. I høyringsnotatet vurderte departementet fleire modellar for fordeling. I praksis vil det vera vanskeleg å få på plass reglar som både fører til enklare reglar i forhold til det takseringssystemet som gjeld i dag, gir ei rettferdig fordeling og ikkje aukar konfliktpotensialet mellom kommunane.

Ti høyringsinstansar ga realitetsutsegn til høyringsnotatet. Fleirtalet støttar departementet sine vurderingar og konklusjonen.

Regjeringa vil halde fast på konklusjonen i høyringsnotatet om at eigedomsskattelova § 8 ikkje bør tre i kraft for overføringsanlegg. Det vil bli gjort framlegg om kongeleg resolusjon om at kgl.res. 17. juli 1998 nr. 614 om delvis ikrafttredelse av lov av 6. juni 1975 om eigedomsskatt, endrast slik at overføringsanlegg ikkje lenger er omfatta av ikrafttredelsesføresegna.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, tar dette til orientering.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at dagens praksis vedrørende taksering av overførings- og distribusjonsanlegg for eiendomsskatteformål gir til dels svært ulike resultater avhengig av hvilket firma som utfører taksten. Det er i tilfelle en uheldig situasjon som innebærer en utilsiktet forskjellsbehandling av nettkunder i ulike områder. Dagens takseringspraksis bør derfor gjennomgås for å vurdere behovet for retningslinjer som i tilfelle kan bidra til en mer enhetlig praksis.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen inkludere en vurdering av taksering av overførings- og distribusjonsanlegg for eiendomsskatteformål i den generelle gjennomgangen av kraftskatter og de konsesjonsbaserte ordninger som redegjort for i Ot.prp. nr. 1 (2002-2003)."