12. Skatteloven § 11-21 - konserninterne overføringer
Etter skattelova § 11-21 kan Finansdepartementet fastsetje forskrift om og gjere enkeltvedtak om at næringsaktiva kan overførast frå eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap til eit anna aksjeselskap eller allmennaksjeselskap, utan at overføringa skattleggast direkte. Skatteposisjonar knytt til vedkommande aktiva vil følgje overførte næringsaktiva uendra. Reglane kan berre nyttast dersom selskapa høyrer til same konsern og morselskapet eig meir enn 90 pst. av aksjane når transaksjonen gjennomførast og har 90 pst. av dei stemmene som kan gis på generalforsamlinga.
Dei gjeldande reglane om konserninterne overføringar har fått kritikk. Mellom anna blir det hevda at reglane er mindre tenlege når målet med konserninterne overføringar er å legge til rette for endringar i eigarstrukturar.
I Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) ga Regjeringa ein omtale av reglane om konserninterne overføringar, og varsla at ein tok sikte på å legge fram eit høringsutkast med forslag til eit enklare regelverk innan årsskiftet 2002/2003.
Da Stortinget drøfta Ot.prp. nr. 1 (2002-2003) uttalte finanskomiteen i Innst. O. nr. 19 (2002- 2003) kapittel 15:
"Finansdepartementet arbeider med et høringsutkast om regelendringer som vil kunne foreligge rundt årsskiftet og komiteen anser dette som et viktig arbeid som bør gis prioritet, og regner med at Regjeringen kommer tilbake til Stortinget med forslag til lovendringer om nødvendig. Komiteen ønsker at Regjeringen senest i forbindelse med Revidert nasjonalbudsjett 2003 orienterer Stortinget om fremdrift og status for arbeidet med regelendringer som nå pågår."
Arbeidet med reglane om konserninterne overføringar har vist at det er mange og til dels motstridande omsyn på området. Såleis er det viktig at arbeidet gjennomførast på eit så breitt grunnlag som mogleg. I Skatteutvalget si innstilling, NOU 2003:9, er skattlegging av personar og selskap drøfta. Desse reglane vil ha innverknad på korleis konserninterne overføringar skal skattleggast. Innstillinga er no sendt på høyring og vil bli følgd opp i ei stortingsmelding til hausten. Arbeidet med enklare reglar for konserninterne overføringar vil vere avhengig av korleis skattlegginga av personar og selskap blir utforma. Etter Regjeringa sitt syn bør arbeidet med høringsnotatet om konserninterne overføringar knytast til oppfølginga av Skatteutvalget si innstilling og bygge på dei løysingane for skattlegging av personar og selskap som kjem ut av denne oppfølginga.
Komiteen tar dette til orientering.