Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå kommunalkomiteen om lov om lønnsnemndbehandling av arbeidstvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening i samband med tariffrevisjonen 2002

Innhold

Til Odelstinget

Kommunal- og regionaldepartementet legg i proposisjonen fram forslag om at arbeidstvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon (KFO) og Servicebedriftenes Landsforening (SBL) i samband med tariffrevisjonen 2002 skal avgjerast av Rikslønnsnemnda. Departementet legg samtidig fram forslag om at det blir forbode å setje i verk eller oppretthalde arbeidskamp for å løyse tvisten.

Tvisten har oppstått i samband med lønnsoppgjeret 2002 mellom private ambulanseselskap som er medlemer i SBL og ambulansesjåførar som er medlemer i KFO.

Forhandlingar om ny tariffavtale førde ikkje fram, og KFO braut forhandlingane og varsla plassoppseiing 6. september 2002. Riksmeklingsmannen la ned forbod mot arbeidskamp 8. september og innkalla partane til mekling. Meklinga blei avslutta natt til torsdag 26. september 2002 utan resultat.

KFO tok 26. september ut 65 av sine medlemer i Nord-Trøndelag og Nordland i streik.

Streiken blei trappa opp frå 2. oktober då KFO tok ut 58 nye medlemer i streik.

Ytterlegare opptrapping kom 8. oktober 2002. Frå denne datoen var i alt 262 arbeidstakarar omfatta av streiken i til saman 9 fylke: Finnmark, Troms, Nordland, Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Oppland, Hedmark, Telemark og Buskerud.

Kommunal- og regionaldepartementet har fått jamnleg informasjon frå Statens helsetilsyn om verknadene av tvisten og deira vurdering av konsekvensane. I proposisjonen er det gitt eksempel på dette.

Kommunal- og regionaldepartementet kalla partane inn til eit møte måndag 14. oktober kl. 21.30. Statsråden informerte om at Regjeringa på grunnlag av dei konsekvensane streiken no kunne få, hadde vedteke å fremje forslag om å bruke tvungen lønnsnemnd for å stanse konflikten. På oppmoding frå statsråden sa KFO at deira medlemer ville gå tilbake til arbeidet med det same.

Etter ei samla vurdering, særleg med grunnlag i rapporten frå Statens helsetilsyn, har Kommunal- og regionaldepartementet kome til at omsynet til liv og helse talar for at konflikten mellom KFO og SBL no blir løyst utan ytterlegare arbeidskamp.

Kommunal- og regionaldepartementet meiner at eit vedtak om tvungen lønnsnemnd i denne arbeidskonflikten er innanfor ramma av dei konvensjonane Noreg har ratifisert.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigvald Oppebøen Hansen, Reidar Sandal, Karl Eirik Schjøtt-Pedersen og Signe Øye, frå Høgre, Peter Gitmark, Gunn Marit Helgesen og Hans Kristian Hogsnes, frå Framstegspartiet, Torbjørn Andersen og Per Sandberg, frå Sosialistisk Venstreparti, Helge Bjørnsen og Heikki Holmås, frå Kristeleg Folkeparti, Anita Apelthun Sæle og Ivar Østberg og frå Senterpartiet leiaren Magnhild Meltveit Kleppa, er kjend med at det er usemje mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening om i kva grad arbeidsgjevar nytta seg av høvet til å søkja om dispensasjon for akuttberedskap. Komiteen meiner likevel Helsetilsynet sine vurderingar av situasjonen i Nord- og Sør-Trøndelag datert 14. oktober 2002 slik dei kjem fram i proposisjonen, tilseier at det kunne vera fare for liv og helse. Komiteen sluttar seg såleis til lovforslaget frå Regjeringa.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Fremskrittspartiet mener den aktive bruken av tvungen lønnsnemnd som ulike regjeringer bruker mot konflikter i arbeidslivet, gjør at partene ikke i tilstrekkelig grad bestreber seg på selv å finne løsninger i forhandlinger. Dette kan medføre at partene i arbeidslivet spekulerer i at regjeringen griper inn med lønnsnemnd.

Disse medlemmer vil understreke det ansvar partene i arbeidslivet har for å finne løsninger i frie forhandlinger, og mener en mer tilbakeholden bruk av lønnsnemnd ville ha medført et større press på partene for å inngå omforente avtaler.

Disse medlemmer har registrert at det eksisterer en uenighet mellom de Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening om hvorvidt Servicebedriftenes Landsforening unnlot å søke om dispensasjon for akuttberedskap og derigjennom satte liv og helse i fare, eller om dette gjaldt en utvidelse av dispensasjonsadgangen. Det kan innebære at bruk av tvungen lønnsnemnd i denne konflikten kunne vært unngått hvis nødvendige dispensasjoner for å unngå å sette liv og helse i fare hadde blitt gjennomført.

Disse medlemmer mener likevel at de opplysninger som er fremkommet i proposisjonen, bl.a. fra Helsetilsynet, om at situasjonen var svært alvorlig og at det var fare for liv og helse, her må være avgjørende.

Disse medlemmer vil på dette grunnlag slutte seg til innstillingen.

Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Odelstinget til å gjere slikt

vedtak til lov

om lønnsnemndbehandling av arbeidstvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening i samband med tariffrevisjonen 2002

§ 1

Tvisten mellom Kommunalansattes Fellesorganisasjon og Servicebedriftenes Landsforening i samband med tariffrevisjonen 2002 skal avgjerast av Rikslønnsnemnda.

Reglane i lov 19. desember 1952 nr. 7 om lønnsnemnd i arbeidstvistar blir brukt tilsvarande.

§ 2

Det er forbode å setje i verk eller oppretthalde arbeidsstans eller blokade til løysing av tvisten.

§ 3

Lova her tek straks til å gjelde.

Lova gjeld fram til Rikslønnsnemnda har avgjort tvisten.

Oslo, i kommunalkomiteen, den 5. november 2002

Magnhild Meltveit Kleppa Hans Kristian Hogsnes
leiar og ordførar sekretær