2. Opphevelse av skatteloven § 10-5 syvende ledd annet punktum
Reglane om korreksjonsinntekt i skattelova § 10-5 gjer at eit aksjeselskap må inntektsføre ei korreksjonsinntekt når selskapet har delt ut kapital som ikkje er skattlagt eller har gjort avsetjing til slik utdeling. Reglane skal hindre at det vert delt ut utbytte med rett til godtgjering for aksjonærane, utan at inntekta som ligg til grunn for utdelinga er skattlagt på selskapet si hand. Korreksjonsinntekta fører berre til ei framskunding av skattlegginga til tidspunktet for utdelinga, fordi inntekta blir reversert som frådrag i inntekt for seinare år.
Etter skattelova § 10-5 sjuande ledd første punktum er selskap som er særskattepliktige etter petroleumsskattelova § 5 ikkje omfatta av reglane om korreksjonsinntekt i skattelova § 10-5 første til sjette ledd.
Bakgrunnen for reglane om korreksjonsinntekt og unnataket for særskattepliktige selskap i skattelova § 10-5 sjuande ledd er omtalt i punkt 2 i proposisjonen. Der er òg omtale av bakgrunnen for departementet sine vurderinger av om ordlyden i sjuande ledd andre punktum bør utvidast.
Departementet er kome til at regelen bør bli oppheva.
Ein viser for det første til at det ikkje lenger er høve til oppskrivning etter rekneskapslova. Spørsmålet gjeld derfor eit overgangsproblem. Berre eit fåtal særskattepliktige selskap har pr. i dag overkursfond som skriv seg frå tidligare oppskrivningsfond.
Slik regelen i skattelova § 10-5 sjuande ledd andre punktum er utforma, kan den dessutan føre til dobbelt skattlegging. Om den skulle vidareførast, måtte det derfor vurderast nærare korleis regelen skulle utformast for å unngå dobbelt skattlegging. Ei slik vurdering vil vere teknisk komplisert. Mellom anna kan visast til at praktiske problem var ei viktig årsak til at særskattepliktige selskap ikkje vart omfatta av reglane om korreksjonsinntekt.
Eit særskattepliktig selskap som blir skattlagt endeleg med 78 pst. dersom tidligare oppskrivningsfond blir delt ut til aksjonærane, vil truleg i staden velje å behalde fondet i balansen i rekneskapen. Verknaden av at gjeldande ordning vert stramma inn og vidareført, blir i så fall ein innlåsningseffekt på kapitalen. For særskattepliktige selskap gjeld i dag ein regel i petroleumsskattelova § 3 h om skattemessig krav til eigenkapital. Bakgrunnen for regelen er å gje incentiv til at særskattepliktige selskap har ein minstekapital i Noreg for skatteformål. Petroleumsskattelova § 3 h vil eit stykke på veg ivareta omsyna bak skattelova § 10-5 sjuande ledd andre punktum. Så lenge storleiken av det tidlegare oppskrivningsfondet ligg innanfor den kapitalen eit særskattepliktig selskap i alle høve ville ha hatt i verksemda i Noreg i medhald av petroleumsskattelova § 3 h, vil ei oppheving av skattelova § 10-5 sjuande ledd andre punktum få mindre verknad. Som nemnt gjeld problemstillinga også eit svært lågt antall selskap.
Etter ei samla vurdering gjer departementet framlegg om at regelen blir oppheva. Departementet legg til grunn at framlegget ikkje vil ha særlege administrative verknader eller verknader for provenyet, samanlikna med dei reglane som gjeld no. Det visast til framlegg til oppheving av skattelova § 10-5 sjuande ledd andre punktum.
Komiteen slutter seg til forslaget om opphevelse av skatteloven § 10-5 syvende ledd annet punktum med ikrafttredelsesbestemmelse.