Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Norsk konsesjonslovgiving og ervervslova

Konsesjonsplikta etter industrikonsesjonslova frå 1917 gjaldt berre for utanlandske rettssubjekt som erverva fast eigedom, anten det var snakk om eit direkte erverv eller indirekte gjennom erverv av aksjar i selskap som hadde eigedoms- eller bruksrett til fast eigedom. Etter at Noreg slutta seg til EØS-avtalen, var det ikkje lenger lovleg å halde ved lag eit diskriminerande regelverk med berre konsesjonsbehandling av utanlandske bedriftsoppkjøp i Noreg. I tillegg hadde det gamle konsesjonsregelverket vorte umoderne, mellom anna fordi det var tilknyting til fast eigedom som utløyste konsesjonsplikta. Det var derfor behov for å lage eit nytt lovverk betre tilpassa reguleringsbehovet i forhold til eigarskifte i næringslivet. Resultatet vart ervervslova, som tok til å gjelde 1. januar 1995.

Det følgjer av førearbeida til ervervslova at lova først og fremst skal dekkje dei behova styresmaktene har for kontroll og styring med eigarskifte i norsk næringsliv, vere preventiv overfor useriøse investorar, vere med på å halde ved lag sysselsetjing og busetjing i distrikta og sikre informasjon om eigarstrukturen i norsk næringsliv. Lova er basert på eit system med meldeplikt.

Dei tilsette har rett til å uttale seg til departementet innan 30 dagar etter at departementet har motteke ervervsmeldinga. Lova gir ervervar pålegg om å informere dei tilsette om ervervet, og dei har rett til å uttale seg til departementet.

Dersom departementet har grunn til å tru at ervervet kan få vesentlege negative verknader for verksemda, bransjen, dei tilsette eller samfunnet elles, kan ervervet takast opp til ei nærmare prøving. Etter at nærmare prøving er gjennomført, kan departementet godkjenne ervervet, setje vilkår, eller i yttarste konsekvens nekte ervervet. I meldepliktsperioden har ervervar avgrensa råderett over bedrifta.

Sidan ervervslova tok til å gjelde (perioden 1. januar 1995 til 31. desember 2001) har departementet motteke melding om til saman 2 147 erverv. På dei sju åra lova har vore gjeldande, har departementet ikkje nekta å godkjenne nokon erverv. Totalt 13 erverv har vore oppe til nærmare prøving. I åtte av desse ervervssakene har det vorte stilt vilkår for godkjenninga. Det er òg berre i eit fåtal saker at dei tilsette har nytta retten sin til å uttale seg til departementet.

Meldepliktsystemet i ervervslova har gjort departementet til ein aktør ved større eigarskifte og dermed gjort det mogleg for departementet å kommunisere med ervervaren og vere deltakar i ein prosess rundt oppkjøpet. Samtidig har det gitt departementet god førstehandsinformasjon om endringar, trendar og dynamikken i næringslivet.