Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

Sosial- og helsedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i

  • lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere

  • lov 6. juli 1957 nr. 26 om samordning av pensjons- og trygdeytelser

  • lov 3. desember 1951 nr. 2 om pensjonstrygd for skogsarbeidere

Pensjonstrygda er ei ordning med tidlegpensjon, som i dag gir alderspensjon frå 60 til 67 år.

Fiskarpensjonen kan løpe ved sida av inntekt frå arbeid i yrket, som for denne aldersgruppa ofte vil vere redusert i høve til tidlegare. Ordninga er omfatta av samordningslova og er tilpassa folketrygda. Fiskarpensjonen fell mellom anna bort for dei som har uførepensjon frå folketrygda for full uførleik.

Departementet foreslår å oppdatere fiskarpensjonslova, slik at dei reglane der det går fram at trygdekontora er dei lokale organa for pensjonstrygda for fiskarar no blir oppheva. Ein foreslår at Rikstrygdeverket skal halde fram med å ha det overordna ansvaret for pensjonstrygda, og at det blir lovfesta å gi reg­lar om den daglege administrasjonen ved kongeleg resolusjon. Garantikassa for fiskarar i Trondheim, som mellombels tok over oppgåvene til trygdekontora frå 1. januar 1996, kan såleis halde fram med den daglege administrasjonen av pensjonstrygda.

Hovudregelen er at fiskarar og fangstmenn som er førte på blad B i fiskarmanntalet har plikt til å vere medlemer i pensjonstrygda for fiskarar, jf. fiskarpensjonslova § 1 første ledd. Det er dei som har fiske som hovudyrke som er førte på blad B i manntalet.

Departementet foreslår òg å oppheve reaksjonsregelen om å stryke yrkesfiskarar som ikkje betaler medlemspremie til trygda frå blad B i fiskarmanntalet.

Reaksjonsregelen har jamleg vore kritisert sidan regelen blei innført. Kritikken har mellom anna kome frå einskilde fiskarar og organisasjonar i fiskerinæringa. Det blir hevda at reaksjonen med å stryka fiskarar frå manntalet er for streng fordi det får følgjer på område som ikkje har noko med fiskarpensjonen å gjere. Det blir òg hevda at reaksjonsregelen gjer det vanskeleg å administrere fiskarmanntalet.

I staden blir det gitt ein regel om at krav på medlemspremie er tvangsgrunnlag for utlegg. Departementet ønskjer vidare å forbetre ordninga med å leggje saman medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn for å nå minstekravet på 750 veker for å få fiskarpensjon.

Dei fleste av høyringsinstansane ønskjer å ta bort koplinga mellom betaling av medlemspremie til pensjonstrygda for fiskarar og retten til å stå på blad B i fiskarmanntalet.

Det har vore kritisert at fiskarpensjonen blir samordna med blant anna uførepensjon frå folketrygda. Departementet finn det vanskeleg å oppheve samordninga særskilt for ei ordning som er ein del av det statsgaranterte trygdesystemet. På den andre sida er det lite tenleg å halde fram med ei ordning som fiskarane sjølve er misnøgde med. Departementet vil difor ta initiativ til å setje ned eit utval til å greie ut alternative løysningar til ei meir individretta ordning. (Jf. statsråd 14. september 2001.)

Departementet foreslår å oppheve ordninga med å leggje saman medlemstid etter samodningslova for pensjonstrygda for fiskarar, samstundes som ordninga held fram når det gjeld å leggje saman med medlemstid i pensjonstrygda for sjømenn. Kravet til medlemstid i pensjonstrygda for fiskarar for å kunne yte pensjon ved å leggje saman medlemstid blir foreslått sett ned til 52 premieveker.

Utvidinga av retten til å få pensjon ved å leggje saman medlemstid vil omfatte om lag 10 medlemer i året.

Pensjonstrygda for skogsarbeidarar er under avvikling. Framlegget om endring i skogsarbeidarpensjonslova er ei teknisk justering som gjeld tidspunktet for avviklinga.

Det blir foreslått at endringane trer i kraft 1. januar 2002.