Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

2. Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Erling Brandsnes, Gunnar Breimo, Mimmi Bæivi, Karin Kjølmoen, Kjell Opseth og Rita Tveiten, frå Kristeleg Folkeparti, Dagrun Eriksen og Randi Karlstrøm, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Fremskrittspartiet, Øystein Hedstrøm, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, og representanten Terje Knudsen, syner til at fiskeressursane våre tilhøyrer det norske folket i fellesskap. Kven som har rett til å fangsta på desse ressursane er regulert gjennom fiskerilovgjevinga vår. Komiteen syner til handsaminga av St.meld. nr. 51 (1997-1998) Perspektiver på utvikling av norsk fiskerinæring der Stortinget uttalte at Noreg skal vera fremst i verda når det gjeld m.a. fiskeriforvalting. Noreg er eit lite land, men ei stormakt når det gjeld fiskeri, her under er me ein av verdas største eksportørar av sjømat. Det er klår samanhang mellom det å lukkast med marknadsarbeidet og at det er tiltru til dei forvaltingsregima me nyttar oss av i Noreg. Det er vidare heilt avgjerande for kvotetilrådingane frå år til år at berekningsmodellane vert fylde med pålitelege og fullstendige data. Uregistrerte uttak gjer eit slikt arbeid umogeleg, noko som er uakseptabelt.

Komiteen minner om at dei levande marineressursane er fornybare, men ikkje uuttømmelege og at hausting og anna verksemd difor må utøvast og regulerast både på kort og lang sikt. Komiteen vil understreka at dette står og fell med haldningane knytt til hausting av levande ressursar i eit langsiktig perspektiv.

I arbeidet med å skjerpa kontrolltiltaka er det bruk for ein del større og mindre endringar i fleire lovar innan fiskerilovgjevinga.

Komiteen legg til grunn at den fiskerilovgjevinga me endar opp med skal ha nødvendig legitimitet og vera av eit omfang og på eit detaljeringsnivå som både sikrar ei berekraftig ressursforvalting, og som er utforma slik at fiskarane har høve til å halda seg innom lova i det som er normal utøving av deira virke. Det same må gjelda øvrige yrkesutøvarar innan fiskerinæringa som t.d. i fiskemottaka.

Komiteen meiner det må takast i bruk eit sett av reaksjonmåtar i arbeidet med å koma fiskefusket til livs, og sanksjonane må stå i forhold til lovbrota. Komiteen er samd i at sanksjonane klårt skal avspegla at kostnadene ved å bryta regelverket er større enn vinsten av slik verksemd.

Komiteen meiner det må nyttast strenge sanksjonar når tillitsbrotet mellom fellesskapet og den einskilde konsesjons- og løyvehavar er av særleg grov karakter. Sanksjonen kan i slike tilfelle også vera at løyve til å kjøpa fisk, driva fiske eller anna tilknytta aktivitet vert inndregne for kortare eller lengre tidsrom eller også på permanent basis.

Komiteen meiner det må arbeidast for at sanksjonsregimer knytt til utøving av fiskeria vert del av inngåtte avtalar mellom flaggstatar og kyststaten, slik at det vert reagert på fiskefusk uavhengig av kvar fiskefartøyet høyrer heime.